| Svelgen.no |
|
Nytt liv i Svelgen nærradio Av: Ingrid E. Haugen Det vert no arbeidd med å starte opp Svelgen nærradio igjen og at dette skal skje i eit samarbeid med denne web-sida du no er inne på. Svelgen Nærradio vart starta opp på 80 talet då Calle Cirotzki var pådrivar og eldsjel. Mange var engasjert i radioarbeidet og etter kort tid var det eit hektisk miljø i den eine delen av Messa som vart kalla Hønsehuset (veit du kvifor det heitte Hønsehuset? mail meg ingrid@haugen.no). Ikkje minst vart svelgarane glade i radioen, og serskilt hugsar mange nattsendingane med Elsa-Johanne og Reidun (håper vi får dei med også denne gangen...) Vi ønsker først å starte opp med radio-bingo for å få eit godt økonomisk fundament til drifta. Seinare håpar vi å få skulen med på å gjere radioarbeid til valfag for ungdomsskulen frå hausten av. Det er både interessant og lærerikt, også med tanke på å få lærdom om heimstaden. Tidlegare vart det gong på gong peika på at musikken i nærradioen var upassande for lyttargruppa. Dette hjåper vi denne gongen å løyse med å ha eigne ungdomssendingar på fredagen. Då kan ungdomane sende den musikken dei ønsker å høyre. Vi vil vidare lage ordinære nyhendesendingar om føremiddagane og reprise om kvelden.Svelgen nærradio skal drivast i samarbeid med denne sida; Svelgen.no som du no er inne på. Her vil du i framtida kunne lese om saker som vert tekne opp i Svelgen nærradio, ting som skal opp i politikken i kommunen, vi håpar å få inn mange engasjerte lesarinnlegg. Her kan vi også legge ut link dersom du har di eiga heimeside. Å starte opp att ein radio er ein lang veg å gå. Då Elkem vart kontakta med tanke på å pusse opp lokala, fekk ein til svar at det var ein god idè, men at nærradioen kan ikkje få vere der lenger. Så no må vi finne nye lokalitetar. Har du gode idèar? Mail meg i såfall. I starten vil det utanom meg vere Wenche Leirvik som styrer programma. Ho er sterkt svaksynt og har problem med å gå på grunn av ein medfødt hoftefeil. Ho har imidlertid hatt eigne program i Radio Sør i Kristiansand, og har ei god radiostemme. Det Svelgen Nærradio skal gjenoppstå for er likevel sjølvsagt innbyggarane i Svelgen. Med eigen radio og web-side er vi godt i gang med å få til eit flott mediasenter i Svelgen. På denne sida er det fritt til å sende inn stoff. Men husk at her som elles gjeld regelen om fullt namn dersom du skal namngje andre i det du skriv. |