Svelgen.no

Regulerer området rundt båthamna

Av: Ingrid E. Haugen

Politikarane i Bremanger vil fjerne lagringsplassen like overfor båthamna i Svelgen sentrum og i staden regulere området til forretning og bustadføremål.

Bremanger kommune har lagt fram forslag til reguleringsplan for Svelgen med vesentlege endringar i høve til tidlegare planer for samme område. Endringane er i hovudsak at industriområdet mellom Riseelva og Svelgselva (området ovanfor båthamna i Svelgen sentrum) vert erstatta av område for forretningar, kontor og bustadar.

Området er i dag nytta til mellom anna Motorsykkelklubben sine årlege treff, samt rekreasjon/friluftliv og jonsokfeiring. Det mest iaugnefallande til dagleg er nok likevel lagringsplassen rett overfor Lasses Kro som har vore plassert der fordi det har vore regulert til industriområde. Det er politikarane i Utviklingsutvalet som har foreslått endringane i høve til den opprinnelege planen teknisk etat la fram.

Det er lagt ut eit nytt industriområde på Rise sør for riksvegen.

Planane kan ein sjå ved teknisk etat på Rådhuset i Svelgen og det er frist for merknader innan 18. Mai.



Bilder frå kommunestyret i Bremanger tysdag 24. april:

Ordføraren i Bremanger Einar Kjerpeseth (t.v.) diskuterer revisjonen med økonomisjefen Reidar Håvardstun og revisor Terje Førde.
Gunnar Mundal (t.v.) er leiar i Bremanger Høgre her i munter passiar med gruppeleiar og tidlegare ordførar Roar Førde. Førde tok på møtet til orde for å ta opp att kampen for rassikring i Magnhildskaret. - Det har vore ein øredøvande stillhet om dette dei siste åra, sa Førde med adresse til Einar Kjerpeseth.
Noko så sjedsynt som ei rad svelgarar i kommunestyret - for dei er det langt i mellom. Frå venstre Bjørnar Førde, Grete Hennøy og Randi Svarstad - alle Ap.
KrF si Gro Bakke Abhildsnes tar ein pause frå kommunestyret med ein matbit.