Svelgen.no

Svelgen - ei levande bygd.

Av: Ingrid E. Haugen

1.mai arrangementet i på samfunnshuset viste at Svelgen er ei høgst oppegåande og levande bygd. Under tittelen Kultur mot Rasisme fekk ein heilt fullstappa storsal med store og små, gamle og unge sjå og høyre mykje fint. Det som kanskje likevel trefte hjarterota var talen til Kari Beheim Karlsen. Hennar Spørsmål blir kanskje aldri besvart: Kvifor måtte Arve døy?

Det var Vigdis Tonning som hadde teke initiativet til det som skulle verte ein storstilt kulturkveld og ei tankevekkande oppleving for alle frammøtte. Ho starta med å takke dei to andre eldsjelene Synnøve Sande og Jonvald Naustdal. Ho fekk idèen til 1. Mai arrangementet etter ho hadde sett dokumentarprogrammet om Arve Beheim Karlsen, der ein hadde sagt at " det er ikkje deg det er noko gale med, det er hudfargen din". – Dette var så totalt imot alt eg meiner er rett at eg måtte gjere noko. Og alle har vore positive, sa Vigdis Tonning som med eit blikk kunne stadfeste at også svelgarane sette pris på initiativet.

Kvelden starta med Svelgen skulemusikk som har øvd inn Olsenbanen sin kjenningsmelodi. For anledninga hadde dirigent Fay Løvseth lånt vekk dirigentstaven til 11 år gamle Simen Sandvik som var utkledd som sjølvaste Egon Olsen med mørk dress og hatt. Dettte vekte stor åtgaum hjå dei oppmøtte. Skulemusikken spela berre to nummer og avslutta med ei vakker ballade der Sylvi Mari Fløtre spela ein imponerande solo.

Sylvi måtte snart på scena etter at hennar namnlause trio skulle framføre "December Night". Dei to andre Tor Erik Vårdal (gitar) og Kristina Mundal (vokal) gjorte ein flott innsats til stor applaus.

Litt alvor skulle det også ryddast veg for og det sytte seks URKar for, og URK står for Ungdommens Røde Kors. Marte Ytrehus Førde, Frode Bjørkedal, Malin Svarstad, tvillingane Ida og Kirsti Pedersen og Erlend Nesbø hadde kvar sine kloke ord og dele med oss andre.

Etter dette fulgte ein tamilsk dans med to vakkert pynta damer som hadde teke turen frå Florø. Dette var nye takter i Svelgen, og innslaget vakte så stor begeistring at dei to måtte entre scena for å ta i mot stor applaus.

Einar Kjerpeseth måtte kjempe for å få like stor merksemd. Han gratulerte med dagen og håpa det uvanleg store oppmøte på ein 1. Mai ville bli etterfulgt også dei kommande åra.

Bjarne Lunde og Ingunn Sigdestad stod for den litt meir rocka delen av programmet, og har også tidlegare vist at dette er ein samspelt og spennade duo.

Leiaren i Svelgen Kjemiske Arbeiderforening, Bjørgulf Myklebust, var den første Vigdis Tonning lufta idèen for og då han var positiv, lot ho ballen rulle vidare. Myklebust peika serskilt på bruken av vold for å løyse problem, og takka for å få vere med på eit så fantastisk arrangement.

Svelgen Linedance viste fram to dansar dei har øva inn til smektande takter av Shania Twain. Svelgen songlag tona ned med ei vakker salme før Kari Beheim Karlsen fekk ordet. Med imponerande styrke fortalde ho om sonen Arve sin personlegdom og hans liv på ein så innlevande måte at vi alle følte at dette var nokon vi hadde møtt. Difor var det også så sterkt å høyre korleis denne unge guten vart plaga av andre ungdomar av den enkle grunn at han var frå India. Han vart adoptert då han var 2 månader gammal og heime på Hafslo var han ingen annan enn Arve. Ingen der tenkte på hudfarge. Når han seinare som ungdom flytta til Førde vart alt snudd på hovudet. Han vart ein som var annleis. Derfor måtte han dø. Saka kjem opp 21. Mai og to gutar er tiltalt for å ha teke livet av 17 åringen som vart funnen i Sogndalselva 24. April i fjor.

Du skal ikkje tåle så inderleg vel den urett som ikke rammer deg selv. Kari avslutta den kjenslemessige appellen med Arnulf Øverland sine ord og vart møtt med ståande applaus.

Inntektene frå arrangementet går i sin heilskap til Arve Beheim Karlsen sitt minnefond. I tillegg fekk fonden 5000,- kroner av Elkem Bremanger. Pengane skal brukast til haldningsskapande arbeid der alle kan søke.