Svelgen.no

FAKTA OM FASTLANDSSAMBANDET

Av: Ingrid E. Haugen

Å reise den nye vegen skal også vere ei estetisk oppleving. Statens Vegvesen har lagt stor vekt på å gjere naturinngrepa så lite synlege som mogeleg. Dei reisande får også tilgang til å sjå Hornelen frå ein ny vinkel. Her er historia om fastlandssambandet som ein vil bruke 20 år på å fullføre.

Planlegging av veg frå fastlandet til Bremangerlandet starta på 80- talet. Første løyvinga til det 20 kilometer lange vegprosjektet var gitt over statsbudsjettet i 1996, og var då kostnadsrekna til omlag 400 millionar kroner.

Første byggesteg går frå Kolset på ril Rugsundøy. Her er ein no ferdige med brua og i gang med Krakeviktunnelen. Vegen går vidare langs vasslinja på sørsida av øya og fram til Hamnen. På Rugsundøy har ein lagt stor vekt på å skjerme terrenget mot for store inngrep. I staden for fyllingar i sjø vert det til dømes på utsette stadar bygd støttemurar av naturstein og i staden for fjellskjeringar er det valgt tunnel.

Arkeologiske funn i Skatestraumområdet (Statens vegvesen) Hornelen og steinalderfunn
På Gloføykje, som ligg rett mot Hornelen, skal ein lage til stor rasteplass med utsikt mot fjellklippa som ragar opp på andre sida av Skatestraumen. På denne rasteplassen blir dei reisande informert om dei svært rike funna frå steinalderen som vart gjort under dei omfattande utgravingane i forkant av anleggsarbeidet.

Frå Hamnen går den undersjøiske tunnelen som er den første i Sogn og Fjordane. Den går under Skatestraumen til Klubben på Bremangerlandet like under Hornelen. Skatestraumtunnelen blir ein ordinær fjelltunnel og på det lågaste vil den ligge nesten 40 meter nede i fjellet under havbotnen. Ein personbil vil bruke omlag 2 minutt gjennom tunnelen. Massen frå tunnelen blir køyrt til Berlepollen der Bremanger kommune bygger veg til Berleneset. Denne vegen har ikkje noko med fastlandssambandet å gjere, anna enn at ein får bruke fyllmassa frå Skatestraumen. Tunnelen munnar ut på Klubben på Bremangerlandet. Derifrå går vegen til Oldeide og det eksisterande vegnettet på øya.

Fastlandssamabndet skal inngå i ein framtidig kystveg mellom Florø og Måløy. Det er aktuelt å opprette eit nytt ferjesamband frå Rugsundøy til nordsida av Nordfjord og bygge veg derifrå og fram til riksveg 15. Det nye ferjesambandet blir langt kortare enn sambandet Oldeide - Måløy, som då kan leggast ned. Reisetida mellom dei to byane på kysten blir dermed redusert med 20 minuttar.


Les meir om Bremangersambandet her: http://www.vegvesen.no/sognogfjordane/data/vegprosjekt/bremangersambandet/