Når eg skulle vurdere altenativ gardsdrift, tenkte eg meir på frittgåande høns og villbringebær. At eg skulle ende opp med ny lade og flytte fysioterapi-praksisen min til Davik var heilt i det fjerne, fortel Sølvi Joensen – ei odelsjente utanom det vanlege.
I mai opnar Sølvi Joensen (33) fysioterapi-praksisen på lada på Davik etter å ha halde til i Svelgen sidan 1992. For to år sidan tok ho med seg mann og to barn og flytta tilbake til slektsgarden på Davik. Sidan den gang har ho pendla kvar dag, 40 minutt kvar veg. Men no er det slutt.
Fredfullt på Davik
Ja, heldigvis! Det har rett nok gått veldig bra å pendle, men no når eg veit at eg snart slepp, kjenner eg at eg gleder meg veldig. Det var mannen min, Tom, som ville vi skulle flytte til Davik, mens eg holdt igjen. No angrar eg verkeleg ikkje. Her er det stilt og fredeleg og ungane likar seg kjempegodt. Mannen min kjem frå tjukkaste Bergen, men kan ikkje komme seg fort nok derifrå når vi er der på besøk, seier Sølvi og fortel vidare korleis det heile starta:
Brann opp lada
Eg har vore på to odelsjentesamlingar der vi vart oppmoda om å tenke utradisjonelt. Eg innrømmer at eg ikkje tenkte meir originalt enn på frittgåande høns og villbringebær. Det var vel mannen min sin idè å flytte praksisen også. Vi brende ned den falleferdige lada som sto på garden. Det tok brannvesenet seg av. Så tok eg kontakt med Rune Indrehus som er næringslivsrådgjevar i kommunen. Eg tenkte at han kom til å le av meg og syns det heile var eit latterleg påfunn. Men han har verkeleg vore til god hjelp, blant anna med søknader og det å vete det som vetast må. Utan BU-midlar og lån frå SND hadde vi ikkje fått til dette som vi no snart er i hamn med, fortel Sølvi Joensen.
Som om ikkje dette var nok har ho teke til på tre år desentralisert etterutdanning innan psykomotorikk.
Dei to neste åra skal ho reise jamnleg til Oslo for å følge førelesningane. No er ho ei veke i månaden på skule i Førde.
Behandling for kropp og sjel
Psykomotorikk er ei heilskapsbehandling av kropp og sjel. Dersom nokon kjem til meg som fysioterapeut og har vondt i nakke eller musklar, skal eg kunne sjå på heile livssituasjonen til vedkommande. Ikkje minst vil dette vere ein aktuell behandlingsmetode for dei med kroniske smerter, fortel Sølvi Joensen som blir ein av svært få med denne utdanninga i Nordfjord. I staden for å pendle, vil ho dermed i framtida truleg bli oppsøkt av mennesker frå fjern og nær.
Det har vore veldig nyttig å gå skule og praktisere samstundes. Det har gitt meg høve til å trekke paralleller og sjå relasjonar eg ikkje ville gjort om eg ikkje hadde hatt praksisen. Eg syns det er verkeleg kjekt å gå på skule igjen, men eg tek eitt år om gangen. Blir det for travelt tek eg eit års pause, fortel Sølvi som stortrivst på slektsgarden der ho kan sjå kyrkja, bygda og heile fjorden - og ikkje minst få kort veg til arbeid.