Svelgen.no |
Trur på fullføring Av: Ingrid E. Haugen Ordførar Einar Kjerpeset har tru på at heile fastlandssambandet for ytre Bremanger vert ferdigstilt utan opphald. – Berre vi har pengar å starte med, kjem vi i gang, seier han til Fjordabladet. Eit nytt stort steg av sambandet vart teke då siste salva for Krakeviktunnelen gjekk av under påsyn av mellom andre vegsjef Lars Lefdal. Brua over Rugsundet går direkte inn i den 475 meter lange Krakeviktunnelen på Rugsundøy. Etter at siste salva med dynamitt small, kunne ein i gjennomslaget skimte Hornelen rett over sundet. Ingen veg venta på andre sida, men no gjenstår i røynda berre 1.5 kilometer før Bremanger er knytt til fastlands-Norge. Likevel vil vegen vil først opne hausten 2002.
To tunnelar på ein dag - Vi er klar, sa Lefdal To tunnelgjennomslag på ein dag er stort for Bremanger kommune, sa ein strålande opplagt og feststemt ordførar før han igjen måtte brette opp ermane for å ta fatt på arbeidet med å skaffe pengar til gjennomføring av den siste og avgjerande vegparsellen Bortne-Langesi eller Langesjø som vegvesenet no har bestemt seg for å kalle det. Denne delen av fastlandssambandet er ikkje med i vegplanen som gjeld frå 2006, men det såg ikkje ut til å bekymre korkje ordførar eller vegsjef denne dagen. Men det er klart det ville vore ein fordel at få sett i gang denne vegen medan vi har utstyret på plass. Dersom han Einar skaffar pengane er vi klar, utfordra vegsjef Lars Lefdal. |