Svelgen.no

Kjempebursdag i Svelgen

Då rektor Kåre Myklebust fylte 60 år måndag 7. Mai inviterte han like godt heile Svelgen skule på bursdagsfest med is og godord i brevs form.

Her er brevet kvar einskild elev fekk:


I dag er det 7. Mai 2001 og det betyr at det er 60 år sidan eg kom til verda i Ålfoten. Eg har hatt 60 fine år, og er takksam for alle dei gode åra og minna eg kan sjå tilbake på. Sidan 1970 har eg hatt arbeidet mitt her ved skulen, og det har vore 31 gode og spanande år.

Akkurat i dag er eg glad for at eg får lov å vere rektor for deg. Eg håper at eg saman med deg, alle foreldra og dei tilsette ved skulen skal vere med på å gjere skulen til ein god stad å vere. Eg ønskjer at Svelgen skule skal vere ein plass der du trivst er trygg og der du tileignar deg kunnskapar som skal vere nyttige for deg i framtida. Klarer eg å tileretteleggje for eit godt samarbeid mellom alle partane i skulesamfunnet, skal vi nå måla.

På grunn av at det er du som er elev ved skulen, gler eg meg kvar dag når eg går til skulen. Som ein liten takk for at eg har det så godt ynskjer eg i dag å gi deg ein liten is, og håper at den vil smake.

Takk for at du er så snill!

Helsing
Kåre Myklebust