Svelgen.no

Nye arbeidsplassar:
Svelgen Hotell oppgraderer

Svelgen Hotell AS skal gjennomføre renovering av kjøkkenet sitt med nytt og moderne utstyr. Investeringa vert gjennomført for at hotellet skal kunne ta på seg større oppgåver, og dekke den aukande trafikken. Satsinga på nytt kjøkken vil bety 1-2 nye arbeidsplassar.

Reiselivsnæringa er eit av hovudsatingsområda i Bremanger kommune. Svelgen Hotell har dei siste åra husa mang ei busslast utanlandske turistar, og turoperatørane legg ruta innom Svelgen igjen og igjen. Det som hotellet kanskje har fått mest skryt for er maten, og no er det altså utsikter til ei ytterlegare forbetring til glede både for fastbuande og tilreisande.

KJØKKEN TIL 350 000,-
Kjøkkenrenoveringa vil ha stor betydning for bedrifta sin økonomi og sysselsetting. Hotellet har i dag 14 årsverk fordelt på 25 tilsette.

Satsinga har ein totalkostnad på 350 000,- kroner og det er søkt kommunen om 50 000,- i tilskot. Dette er administrasjonssjefen i kommunen positiv til og vurderer det slik at potensialet i høve til auka omsetnad vil bidra til auka tal på arbeidsplassar.

VIL YTE "KJØKKENTENESTE"
Svelgen Hotell AS har vore med i fleire ulike prosjekt med Bremanger VeKsT. Dette har vore prosjekt som skal vere med å styrke verksemda sjølv og prosjekt der Svelgen Hotell som ein av dei store reiselivsaktørane i kommunen, er med å bidra til auka aktivitet i heile næringa. Mellom anna vert det arrangert båtturar for bussturistane til Kafè Vest på Kalvåg, der ein kan få eit heilt anna inntrykk av distriktet enn Svelgen.

Svelgen Hotell AS er i positiv utvikling og ei renovering av kjøkkenet vil vere med å førebu verksemda på den aka trafikken ein forventar. Renovering vil og styrke hotellet sin kapasitet og høve til å tilby "kjøkkenteneste" til andre verksemder i framtida.

Politikarane skal seie sitt på møte 15. Mai.