Svelgen.no

Reisebrev frå Naomi i Equador

Gutta på tur (klikk for større bilde)

Knena verker og vi hiver etter pusten. Øyvind takler ein motspiller og "sleiver" ballen videre til Frode som skyter ballen i mål. Det er ein hard kamp med masse fart og spenning, men vi må fort berre erkjenne att litt trim gjer godt, sjølv for oss. Vi befinner oss på Beachen i Bahia De Manta på fotballtrening i lag med tjue securitasvakter, som til dagleg står med avsagde "Ecuadorproduserte" pumpehagler og sørger for ro og orden rundt om i Manta. At vi har havna i dette "kompaniet" kan vi takke Pablo for.

Pablo som er ein av securitasvaktene i Bahia De Manta yacht klubb, meiner att trim er bra for kropp og sjel, og inviterte oss med på fotballtrening. Pablo var godt fornøgd med seg sjølv, når han etter fleire dagers overtalelse kunne presentere tre seglande nordmen for sine tjue spansktalande kolegaer. Den første kampen starta litt forsiktig, men etter kvart steig temperaturen, publikumsmengden og innsatsviljen, Det var tydeleg at tre stromplande nordmenn på fotballtrening med 20 securitasvakter var eit eksotisk innslag, og det vart etterkvart ein heil del tilskodarar til den norsk-equadoriske fotballtreninga.

Vi ankom Bahia De Manta I Ecuador for ei veke sidan, etter "historiens" seinaste seglas frå Panama. Sju døgn, inkludert eit 20 timers opphald på perleøyane var tida det tok å segle dei 550 mila ned hit til Manta. Det var difor nokre lykkelege karar som kunne "plante" beina på fast grunn og begynne å utforske kva denne fiskarbyen hadde å by på.

Den opprinlege planen med vårt Equador-besøk var utforma ut fra dei snevre oplysningane ein får av å sjå i eit sjøkart. Vi viste difor ingenting om Manta før ankomst. Planen var å stoppe eit par dager her i Manta, for så å gå 140 mil lenger sør til Salinas og avslutte med å ta oss opp ei stor elv som går 60 mil inn i landet. Vi har no endra på planane ut fra nye opplysningar og opplevingar vi har hatt her i Manta.

Manta er ein kosleg plass med svært gjestfrie og imøtekommande folk så tida berre flyr avgårde. Vi har blant anna blitt kjent med bartender Tony og hans relativt store omgangskrets. Fleire gonger har vi lessa båten full av folk og ankra opp utanfor den flotte stranda dei har her i byen. Naomi er blitt reine "At lera å simma" båten då det er forbusande få som kan denne "kunsten" fra før. Vi sliter litt med komunikasjonen då det meste foregår på spansk men vi snapper opp eit ord her og der, og drar fram orboka om ting blir heilt på "tryne".

Her om dagen stod det tre (senortitas) studenter på kaia med Engelsk-Spanske skulebøker i hendene. Dei hadde høyrt at det var komne tre engelsktalande seglerar til byen, og ville benytte sjangsen til å praktisere og forbedre sine engelskunskaper.. Vi holdt difor skule på dekk. Frode var rektor, Øyvind tok seg av det skriftlege og Jostein engelsk muntlig som han sjølv opnådde karakteren LITE GODT i ved avsluttande eksamen ved svelgen skule.

Dei tre lærevillige studentane var så godt fornøgd med undervisninga att dei lurte på om vi hadde mulighet til å ta fleire undervisning timar. (Vi satte dei difor opp til ny time neste dag).

Til tross for stor trivsel her i Manta innser vi att vi snart må sjå til å komme oss vidare vestover om vi skal ha mulighet til å rekke over stillehavet før orkansesongen setter inn.

Vi går først dei 550 mila ut til Galapagos, før vi må ta ein endeleg avgjørelse på om vi skal gå vidare sør-vest dei 2000 mil ned til Påskeøya eller gå nesten beint vest 2900 mil til Marquesasøyene.

Problemet med påskeøya er at sidan vi er såpass seint ute i sesongen, kan vi risikere dårlegare ver så langt sør, og i verste fall ikkje komme i land, grunna dårlege ankringsmuligheter.

Vi har fortsatt ei tid å tenke oss på og tar eit skritt i gongen, første stopp er i allefall Galapagos, og så får vi sjå etter kvart.

Om bord i skuta har vi fortsatt litt arbeid på gang. Det er ein kontinuerlig prosess å vedlikehalde ein båt som blir brukt 24 timar i døgnet. For tiden venter vi på nye deler til ankervinsjen. Leif Myklebust i Svelgen har kjøpt nye deler i Norge, dei er no sendt til Tyskland for så å bli frakta vidare ned hit av kona til ein tysk seglar som har båten her i Manta. Vi vil nok reise vidare før ho kjem, så seglarparet skal ta med seg pakken vidare og levere den på avtalt plass på Tahiti om ikkje vi møter dei før (Ei lang reise med andre ord).

Vi har og fått ny antenne på kortbølge-radioen vår, og håper no at vi kan få kontakt med Rogaland radio og radioamatører heime i Norge, samt forbedre lytteforhalda på dei norske utenlandssendingane som blir sent fleire gonger om dagen. Eit anna prosjekt er å skifte forsikringselskap på båten, då det Danske selskapet vi til no har brukt, nyleg har økt premien med 100%. Ellers topper vi skuta med billig vin og mat og "syker" oss opp til å forlate Latin-Amerika og starte på den totalt 8000 mil lange vegen over Stillehavet.

Når det gjeld heimesida vår www.naomi2000.com har vi hatt ein del startproblem då vår Web-master heime i Norge vart ramma av skjukdom. Allan Dyrstad som er komen heim att til Svelgen har no tatt over arbeidet med å legge ut reisebrev og bilder. Vi kan difor love god oppdatering framover og vil sende heim nye reisebrev og bilder så ofte vi kan slik att intereserte kan følge med i "galskapen". ( Har nyleg sent heim reisebrev og bilder fra Isla Margarita til Equador).

Ellers er det flott at Svelgen har fått si eiga nettavis. Det er greit å følge litt med kva som skjer i bygda i tillfelle vi skulle klare å rote oss heim att ein gong.

Vi vil tilslutt ønske alle Svelgarar ei god 17 mai feiring og ein etterfølgande solfylt sommer.

Helsing gutta på tur
Jostein, Øyvind og Frode.