| Svelgen.no |
|
17. MAI I SVELGEN: Elevar held 17. Mai talen i Svelgen. 17. mai komiteen har også i år lage eit programhefte for dagen som vi fekk i posten måndag. Ta godt vare på det og ta det med på den store dagen! I heftet fin du mellom anna programmet for heile dagen og allsongane som skal nyttast. Ei endring vi kan glede oss over er at skulemusikken i år vil spele til flaggheisinga klokka 0800 ved samfunnshuset. Årets familiefest er dessverre avlyst i år, Dette på grunn av lite frammøte ved årets 17.mai komite. Ei anna ending er at togrutene er kortare enn tidlegare. Dette på grunn av mange nye unge aspirantar. Svelgen skulemusikk har også i år teke på seg ansvaret for sal av kaffi, kaker og andre forfriskningar i småsalen. Ja, kva skulle vi gjort utan skulemusikken 17. Mai? Årets komitè takkar for seg og ønskjer lukke til! Og vi i nettavisa legg til at alle på merke seg at det er elevar frå Svelgen skule som skal holde tale for dagen v/ samfunnshuset etter folketoget Leikar for store og små vert det klokka 12. Blir det styggever vert leikane flytta til Idrettshuset.
|