Svelgen.no

Ja til blåskjelloppdrett for Gulhaugen   16.05.2001

Av Ingrid Elisabeth Haugen

Tor Kristian Gulhaugen Rådmannen i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen og kona Sylvi, har søkt Bremanger kommune om etablering av blåskjellproduksjon på Isane – nærare bestemt på Engelstad. Det er planlagt ein årleg produksjon på 150 tonn. Plan og utviklingsutvalet sa i går einstemmig ja til planane.

Rådmannen i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen, er ikkje som andre rådmenn. Frå før driv har aktivt sauehald på Isane, og stortrivst tydelegvis i primærnæringa. Han har no søkt kommunen om konsesjon for etablering av blåskjellproduksjon, og fått positiv tilbakemelding etter møtet i plan- og utviklingsutvalet i går.

"ISANE SKJELL"
Gulhaugen sitt prosjekt har fått namnet "Isane Skjell", og ved tildeling har dei tre år på seg for å få produksjonen i gang. Kommunen skriv i ei svært kort utgreiing av saka at "tiltaket er i samsvar med kystsoneplanen, der området er avsett til skaldyproduksjon".

Prosjektet er imidlertid i konflikt med ei anna potensiell nyvinning – nemleg oppdrett av torsk i regi av Havlandet Havbruk AS 600 meter lenger aust.

Det er ordførar Einar Kjerpeset (Sp) som står oppført som sakshandsamar i saka, og han prioriterer Gulhaugen sin søknad ved å skrive at "dersom lokaliteten ved Isane (Engelstadvika) kjem i konflikt med omsøkt skjeldyrking i same område rår ein ikkje til at det vert gjeve konsesjon for denne lokaliteten".

TORSKEOPPDRETT ?
Havlandet Havbruk (HH) har søkt om konsesjon for oppdrett av torsk på heile ni lokalitetar: fem i Frøysjøområdet og fire i Nordfjordområdet.

Giganten K. Strømmen Lakseoppdrett AS er sterkt mot at det vert tildelt så mange lokalitetar som omsøkt. Dei viser til at dei sjølve er ei lokal verksemd og at dei har behov for fleire lokalitetar for å kunne utvide aktiviteten sin. Fleire av dei omsøkte lokalitetane ligg innimellom Strømmen sine etablerte lokalitetar, og vil forvanske utviding for dei.

Plan- og utviklingsutvalet skal ha møte 15. Mai og skal denne dagen også ta stilling til ein konsesjonssøknad frå laksemillionæren si suksessverksemd. K. Strømmen Lakseoppdrett søker om nye lokalitetar for både laks og aure frå Vingelva til Rugsund. Verksemda har i dag konsesjon for seks lokalitetar. I dei tilfella der HH har søkt om lik konsesjon, har administrasjonen tilrådd å støtte den etablerte verksemda til K. Strømmen.