Svelgen.no

Ny snekkerverksemd får støtte   16.05.2001

Bremanger kommune løyver kr. 50 000 i oppstartingstilskot til snekkerverksemda "Plan og Bygg DA" ved Stig Gjerde og Karsten Leirvik. Det bestemte eit einstemmig plan- og utviklingsutval i går.

Stig Gjerde og Karsten Leirvik har gått saman for å etablere Plan og Bygg Da. Dei skal tilby sine kundar å handtere heile byggeprosjektet, frå teikning til utføring. Selskapet vil ha utstrekt samarbeid med lokale bedrifter i supplerande bransjer som rørleggar, elektrikar, grunn- og betongentreprenørar og trelastleveranødørar

I tillegg til å tilby vanlege handverkartenester vil selskapet fokusere på å tilby bygge- og teneste konsept som i dag er dårleg dekka i Bremanger. Selskapet vil aktivt søkje slike nisjar for å utnytte potensialet som ligg her og samstundes bidra til å auke det totale marknadstilbodet innan planlegging og byging i Bremanger.

I samband med oppstart av selskapet har dei eit investeringsbehov på 395 000 kroner.

Stig Gjerde og Karsten Leirvik har begge fleire års erfaring frå byggebransjen og har tilsaman kompetanse som dekker spekteret frå regulering, planlegging, salg til oppføring av bygg. Stig og Karsten har òg arbeidd saman tidlegare. Med bakgrunn i tidlegare erfaring, felles visjonar og idear for utvikling av ny og innovativ bedrift i byggebransjen i Bremanger.