Svelgen.no

Svelgen-vatn til 8 millionar (16.05.2001)

Vi i Svelgen er av dei svært få innbyggarane her til lands som ikkje kan drikke vatn rett frå spingen. Vi er blitt så vant med det at vi heller ikkje drikk vatn frå spingen når vi er på reise heller. Ungane våre er oppdregne til å ikkje drikke anna enn kjøpevatn eller reinsa vatn. Kor lenge har desse u-landstilhøva eigentleg vart? Eller kan vi endeleg spør kortid vil det ta slutt?

I hovudplanen for vatn går det fram at kommunen at tilhøva verkeleg er dårlege – her er det ikkje berre ein eller to feil eller manglar. Lista er lang, og  det vil koste kommunen tilsaman 7.9 millionar kroner.  Etter planen skal nye Svelgen vassverk  vere ferdig i år 2002. Plan- og Utviklingsutvalet vedtok i går hovudplan for vatn for Bremanger kommune slik den låg føre.

For spesielt interesserte, og det er sikkert mange, har vi samla historikk og planar for Svelgen Vassverk.

Eksisterande inntak ligg i Littlevatnet. Dette er eit mindre vatn som ikkje har utvikla sprangsjikt om sommaren. Littlevatnet er ein del av eit større vassdrag med fleire større vatn. Omfattande kraftutbygging gjer at berre ein liten del av dette, omlag 1.5 km2, er det reelle nedbørsfeltet. Men eigaren av reguleringsanlegga, Elkem Bremanger, er gjennom avtaler forplikta til å sleppe vatn forbi reguleringsanlegga slik at det er nok vatn i vasskjelda. Inntaket i Littlevatnet er nytt, bygd hausten 1998.

Riksveg 614 går forbi vasskjelda. Det er ikkje gjennomført klausuleringstiltak eller andre sikringstiltak av vasskjelda og nedslagsfelt.

INNEHELD TARMBAKTERIAR
Det er gjennomført regelmessige analyser av vasskvaliteten ved Svelgen vassverk. Vurdert opp mot krava i "Drikkevassforskrifta" går det fram at vatnet periodevis inneheld tarmbakteriar og har såleis ein dårleg hygienisk kvalitet. Fargetalet ligg mellom 15 og 24, altså periodevis over største lovlege verdi i "Drikkevassforskrifta. Vatnet er  surt og har lite innhald av kalsium. Dette medfører at vatnet vil virke korrosivt på leidningar/armatur av støypejern.

Det er i dag ingen vassbehandling av vatnet før det går ut på nettet.

LEIDNINGSANLEGG FRÅ 1940
Frå inntaket i Littlevatnet blir vatnet overført til forsyningsområdet med sjølvfall. I Olakråa er anlegg for trykkreduksjon installert. Utstyret er gammalt og verkar ikkje tilstrekkeleg godt. Ved vanleg drift blir trykket for høgt i Svelgen sentrum. Ved å la store vassmengder gå gjennom anlegget og vidare inn til Elkem Bremanger aukar friksjonstapet. På denne måten blir trykket redusert med ned til eit akseptabelt nivå.

Frå Olakråa går vatnet vidare ut på fordelingsnettet med forsyning til Langeneset og med sjøleidning til Sandneset.

Mykje av leidningsnettet er gammalt, bygd ut i 40, 50 og 60 åra. Dette er støypejernsleidningar der tilstanden fleire stader er til dels dårleg. Dette gjeld serleg Svelgen sentrum og Langeneset. På Sandneset er leidningsanlegga av nyare og betre kvalitet.

LEKKASJE PÅ 80 PROSENT
Vassmålar er ikkje installert på Svelgen Vassverk.

I samband med utbetringa av forprosjektet for Svelgen vassverk har vassføringa blitt målt i ei periode på 3 veker både i Olakråa og ved uttaket til Elkem Bremanger. Dette viste eit målt forbruk for Svelgen vassverk på 102m3/t. Teoretisk utrekna forbruk i middeldøgn ligg på omlag 14 m3/t.

Dette gir ein lekkasjeandel på over 80 %!

Dei viktigaste problema ved Svelgen vassverk kan altså settast opp på denne måten:

  • Dårleg hygienisk kvalitet på vatnet i lange periodar
  • For høgt fargetal (innhald av humus)
  • Vatnet er korrosivt i høve til leidningsanlegga (kopar og støypejern)
  • Svært store lekkasjer
  • Ikkje høgdebasseng som dekker hovudtrykksona
  • Vassverket er ikkje godkjent i samsvar med § 8 i Drikkevassforskrifta
  • Vasskjelda er ikkje klausulert

FRISKT VATN NESTE SOMMAR!!
Svelgen vassverk er under utbygging og er ferdig utbygd vassverk skal etter planen stå klart sommaren 2002. Kostnaden for heile prosjektet er 7.9 millionar kroner.

Det vert teke sikte på å få behandla vatn frå ny vasskjelde (Elkem Bremanger) ut på nettet i løpet av siste halvdel av 2001 i Svelgen.