| Svelgen.no |
|
Kamskjel for Per Åge Nygård 18.05.2001 Per Åge Nygård, tidlegare aktiv Bremanger-politikar for SV, har søkt om å etablere botnkultur for kamskjel på tre lokalitetar i og i tilknytning til Bremangerpollen. Denne veka fekk han klarsignal frå Bremanger kommune til prøvedyrking. Kamskjel er ei musling-delikatesse der berre ei lita kjerne, lukkemuskelen, på omlag 2 cm i diameter utgjer den store opplevinga. Kamskjel vert selt heilt ferske eller som djupfrosen skjelmat. Dei lever naturleg i Atlanterhavet, Middelhavet og i Nordsjøen opp til Vesterålen. Her i landet får vi kjøpt både norske og importerte kamskjel - eller pecten maximus som det heiter på fint.
15 KVADRATKILOMETER MED KAMSKJEL Det skal settast ut "setteskjel" på 5 cm i inngjerda område på sjøbotnen. Det er seinare aktuelt å søke om permanent konsesjon for mellomkultur for å kunne produsere eigne setteskjel. Når det gjeld botnkultur er havbeitelova vedteken, men det er enno ikkje gjeve føresegner til denne. Fiskerisjefen gjev difor berre mellombels løyve for fem år for slik kultur. Deretter må det søkast på nytt.
MILJØVENNLEG - Omsøkte tiltak er miljøvenleg; det viser berre markeringsbøyer i vassflata og det vert ikkje nytta fôr. I Bremangerpollen er det eit aktivt fiskeri, og etableringa av skjeloppal gjer at fiskeri- og andre interesser må ta omsyn til dette. Dette er ei generell side ved etablering av fiskeoppdretts- og skjelanlegg, og ein meiner det ikkje kan sjåast på som eit vesentleg problem med det omfanget denne søknaden har."
150 000 KAMSKJEL Med den omsøkte storleiken kan ein max produsere 150 000 vaksne kamskjel fordelt på tre ulike lokalitetar. Bremanger pollen har tidlegare vore i fokus i samband med taretråling. Fiskarar og andre i Bremanger meinte den omfattande trålinga tok med seg alt frå havbotnen, og kulturen både i sjøen og langs vasslinja vart øydelagt. Fiskerisjefen meinte det både var plass til fiskeri og taretråling, og sende difor motsegn til kystsoneplanen der ein ville avsette området til fiske. På grunn av dette er ikkje bruken av Bremangerpollen definert, og kommunen står fritt til å prøve ut denne botnkulturen som sikkert vil vere eit nytt argument i kampen mot taretrålinga (som ikkje er driven av trålarar heimehøyrande i Bremanger kommune). |