Svelgen.no

Delegasjon til Hermansverk i dag   21.05.2001

Ein delegasjon frå kommunen og selskapet Kystvegutvikling AS er i dag reist til Hermansverk for å gje ei brei presentasjon av kommunen sine samferdlse prosjektet. Sjebnen for vidareføring av fastlandssambandet og rassikring av Magnhilskaret vert avgjort i Fylkestinget i juni – men i morgon er det eit viktig møte og Kjerpeseth er truleg innstilt på å ta natta til hjelp for aktiv lobbyverksemd.

Ordførar Einar Kjerpeseth seier at fullføring av fastlandssambandet har ein svært høg kostnad/nytteverdi – faktisk høgste verdi av alle kjende vegprosjekt i fylket. Han fortel at omlegging av vegen gjennom Svelgen er ferdig planlagt av vegkontoret og at problemet er mangel på løyving. Det same gjeld rassikring for Magnhildskaret, der det gjekk steinras i helga.

SKAL FORDELE 220 MILL.
I morgon er det møte i Hovudutval for regional utvikling, og i dag er fleire sentrale aktørar frå Bremanger på plass for å snakke sine saker. Både i kveld og i natt vil det truleg pågå intens lobbyverksemd i Leikanger – og representantane frå vår kommune må nok konkurrere om merksemda.

Potten som skal fordelast er på 220 millionar kroner. Ein del av desse vil gå til riksveg 5 mellom Florø og Førde. Resten av kronene vil det verte kamp om. I tillegg til ordførar Einar Kjerpeseth er dagleg leiar i Kystvegutvikling AS, Ragnar Hagen også på plass. Deira oppgåve er å få politikarane til å løyve pengar ferdigstilling av fastlandssambandet. Vegsjef Lars Lefdal har uttalt at det vil vere ein stor fordel å fullføre sambandet no når dei både har mannskap og maskiner på plass.

Den prioriteringsrekkefølga Hovudutvalet for reginonal utvikling vedtek skal seinare gjennom Fylkesutvalet før det vert endeleg vedteke av Fylkestinget i juni.

(Kjelder: Bremangernytt og Fjordenes Tidende)