Svelgen.no | Sport |
6.divisjonskamp tirsdag 22/5 Svelgen - Tempo 1 - 4 Av: Frank Ryland Svelgen: Frank Ryland, Arild Myklebust, Torgeir Vårdal, Frank Ommedal, Stian Blom (Bernt Ole Fiskeseth fra 66 min), Thor Kristian Sortevik (Rogier van Oorschot fra 45 min), Thor Vidar Blix, Stian Bakkemo (Andrè Gjerde fra 78 min), Geir Myklebust, Frank Hatleset og Torbjørn Didriksen.
0 - 1 6 min Tor Solheim Olsen 0 - 2 28 min Arve Trædal 0 - 3 67 min Jan Ove Grindheim 1 - 3 75 min Thor Vidar Blix 1 - 4 86 min Jan Ove Grindheim
Dommar: Sven Erik Midthjell, Eid IL Litt om kampen: Tempo var hakket bedre enn Svelgen i dette toppoppgjeret i 6. divisjon og fekk med seg alle poenga tilbake til Florø. Alt etter 6 minutt fekk STIF seg ein trøkk i trynet då Tempo scora på ein corner. Sjølv om Tempo var et bedre lag vart ikkje STIF utspelt, og hadde periodar der vi spelte bra fotball. Spesielt når ballen vart holdt langs bakken, for elles var det for mykje lange ballar. "Det er av sine eigne ein skal ha det" er et velkjent uttrykk i fotball, og dette gjaldt for STIF i denne kampen. For Tempo scora nemleg dei to utflytta svelgarane Arve Trædal og Jan Ove Grindheim henholdsvis 1 og 2 mål, og var sentrale på det rutinerte Flora-laget som består av fleire rutinerte tidlegare Florø- og Eikefjordspelarar. |