| Svelgen.no |
|
Kjerpeseth i kollisjon med Sp 25.05.2001 Ordførar Einar Kjerpeseth er optimist sjølv om hans eige parti, Senterpartiet ikkje har funne rom for fullfinansiering av Bremanger-sambandet før i 2011. Er du interessert i meir fakta om fastlandssambandet har vi plukka ut nokre hovudmoment frå vegsjefen sitt saksarkiv. Der står det mellom anna at vegen Kolset-Klubben blir heile 93 millionar kroner dyrare enn først antatt. Senterpartiet har i sitt framlegg til vegløyvingar fram til 2011 sett Dalsfjordsambandet framfor faastlandssambandet for Bremanger. Dalsfjordsambandet står på plassen ovanfor andre byggesteg av fastlandssambandet med henholdsvis 180 og 177 milionar kroner kvar.
"STEINGAMLE DALSFJORD-KALKYLER" - Vårt samband er planlagt og kostnadane utrekna, dermed er vi klar den dagen politikarane gjev oss midlar, legg Kjerpeseth til. Nettavisa Svelgen.no har leita litt i vegsjefen sine arkiv og funne følgande interessant stoff om fastlandssambandet: 93 millionar dyrare: Kostnadsoverslag (alle beløp i mill. 2002-kr): Opphavleg overslag: 238,5 mill kr År: 1997 Overslag i St. prp. nr 1 (2000-2001): 331,5 mill kr Siste overslag 331,5 mill kr Endring i høve til opphavleg overslag +93,0 mill kr Pst: + 39 Endring i høve til St. prp. nr 1 (2000-2001): 0,0 mill kr Pst: 0
Prosjektomtale I Krakevik- og Haukedalstunnelen vil det gå føre seg arbeid med betongportalar og oppbygging av vegbane. I Skatestraumtunnelen vil siste del av dei tekniske installasjonane bli montert. Heile anlegget blir ferdig og opna for trafikk i 2002. Veg og prosjektnamn: Rv 616 Langesi – Kolset Kostnadsoverslag (alle beløp i mill. 2001-kr): Opphavleg overslag (St. meld. nr 34, NVVP 1994-97): 104 mill. kr Siste overslag: 200 mill. kr Endring i høve til opphavleg overslag: + 96 mill. kr
Prosjektomtale Det opphavlege overslaget var basert på eit usikkert plangrunnlag frå 1992. Sidan den tid har det vore ei generell standardheving på veg- og tunnelbygging, miljøkrava har auka og administrasjonskostnadane er no med i overslaget. Vi har ført opp 200 mill. kr til rv 616 Langesi – Kolset, som er ei fullføring av fastlandssamband til Ytre Bremanger. Då Stortinget vedtok oppstarting av første etappe, parsellen Kolset – Klubben skreiv departementet i St. prp. nr 1 (1996 – 97) side 117: ”...Full nytte av investeringene får en først når hele sambandet står ferdig med veg fra Kolset til Langesi på rv 614, det vil gi en innkorting på 33 km for trafikken mellom Ytre Bremanger og Svelgen, og medfører at ferjen mellom Smørhamn og Kjelkenes kan legges ned.”
DÅRLEG EFFEKT Vegsjefen ser det som viktig å få full nytte av fastlandssambandet til Ytre Bremanger så snøgt råd er, og fører opp fullføring av anlegget i perioden 2006 – 2011.
SJØFUGL OG STEINALDER På rv 616 Kolset-Klubben er det også registrert nærføring til 29 kulturminne. Dette gjeld buplassar frå steinalderen, som er undersøkt og frigjeve i tilfelle inngrep frå vegbygginga. |