Svelgen.no

FØRSTE STEINLAST GÅTT FRÅ DYRSTAD   26.05.2001

Ein viktig milepæl vart nådd i Bremanger fredag. Då vart den første lasta på 4000 tonn stein skipa frå steinbrotet på Dyrstad. Og det er berre den spede byrjinga. 35 arbeidsplassar og utskiping av ein million tonn stein neste år er målet.

- Denne gongen dreier det seg mest om ei prøvekøyring av lasteanlegget, seier driftssjef Rogier van Oorschot i Bremanger Quarry AS.

- Seinare skal langt større båtar brukast enn den som låg fortøya ved Dyrstad denne fredagen, forklarer van Oorschot.

BLIR JERNBANEPUKK
Meininga var at lastinga denne gongen skulle ta 12 timar og at båten skulle stikke til sjøs ut på kveldinga. Men slik det såg ut nokre timar før planlagt avgang, trong dei endå ei stund før dei kunne kaste loss. For heilt sutalaust var ikkje lastinga. Særleg laga rista over inngangen til transportbandet problem av di ho hadde det med å tette seg til. Både handmakt og improvisasjonar måtte til for å få steinen om bord i båten.

Det var Wilson-kontrollerte "Laura Helena" med kypriotisk flagg som fekk æra av å henta den første lasta frå Bremanger Quarry. Som ved framtidige turar, har også denne sett kursen mot Amsterdam for lossing der. Vel framme skal steinmassane knusast og brukast til ulike føremål, mellom anna i asfalt og jernbane-pukk.

60 - 80 MILLIONAR KRONER
Bremanger Quarry AS har investert ein stad mellom 60 og 80 millionar kroner i anlegget på Dyrstad der det er store førekomster av devonsk sandstein. Går det som planlagt, utan ytterlegare forseinkingar, tek selskapet sikte på å skipe ut 650 000 tonn stein i år. I 2002 er målet å passere ein million tonn, for så å doble dette året etter. Når drifta kjem i gang for alvor i fleire skift, vil verksemda gje arbeid til 30 til 35 tilsette, skriv Firdaposten.

(Vil du lese meir om pukkverket sjå www.Firdaposten.no frå 30.03.2001)