Svelgen.no

500 på AmCar treff   27.05.2001

500 betalte billett til Amcar-treffet i Svelgen i helga – noko som er svært bra for ei bygd som tel 1400 innbyggarar! Det kom imidlertid berre 50 amerikanske bilar på besøk, og det brukar å vere langt fleire. Det dårlege veret må ta skulda for dette.

Det var i år 6. gongen Svelgen AmCar club arrangerte treff i Svelgen. Dei amerikanske flagga var tradisjonen tru heist på campingområdet, og dei store utegrillane stod klare til til å ta i mot mykje folk.

  • Tildlegare år har svelgarane brukt å komme innom å ete grillmat sundagen, men i slikt kaldt og småvått ver seier det seg sjølv at det ikkje er serleg fristande, seier Tor Helge Ulvmoen.

GALSKAPEN I KUPA MEST POP

Det som skulle vise seg å trekke mest folk, var galskapen i Kupa. Tor Helge Ulvmoen reknar med at omlag 400 menneske med stort og smått såg på off-roadracet.

  • Det er litt vanskeleg å vite sikkert sidan dei under 10 år gjekk gratis, og dei var det ganske mange av. Men alt i alt selde vi faktisk 500 billettar, og det er etter forholda bra. Ein kan ikkje legge skjul på at veret har mykje å seie på eit slikt treff, men vi har i alle fall konkludert med at sunnmøringane ikkje er så redde for vatn som florøværingane og førdianarane. Det var rett nok mange frå Florø blant tilskodarane, men bileigarane derifrå var mykje fråverande, fortel Tor Helge Ulvmoen som har hatt ei svært travel helg.

Svelgen Amcar club har omlag 40 medlemmer, derav 20 er aktive – anten med eigen bil eller med svært stor interesse utan bil.

DANS MED PEGASUS

  • Når alt kjem til alt er det vel ei hard kjerne på 10-12 personar som er hardt arbeidande under desse treffa, seier Ulvmoen.

Laurdag var det mellom anna både burnout og 4x4. I tillegg fekk nokre av ungdomane i bygda ein tur med ein amerikansk bil. Eit tiltak som vart sett stor pris på.

  • Ja, dette er noko vi må diskutere til neste gang. Dersom det er fint ver bør vi legge opp til at ungane får vere med ein tur. Det var nokon som spurte og fekk seg ein tur og det tykte dei var stor stas, fortel Ulvmoen.

Laurdagskvelden var det dans med Svelgen-gruppa Pegasus, som etterkvart har fått høg status i distriktet. 192 selde billettar gjorde storsalen passeleg oppfylt. Ein del gjestar pendla mellom Trolloftet og samfunnshuset. Trolloftet stod for skjenkinga begge stadar.

  • I gamle dagar fekk vi gå på dans når vi var 15. No er det ikkje sjanse for å arrangere dans utan skjenkeløyve lenger. Slik er utviklinga, dessverre kan ein nok sei, avsluttar Tor Helge Ulvmoen som samla sett seier seg nøgd med helga.

Vi håpar å komme tilbake med ein del resultatlister som Svelgen AmCar club skal sende oss. Og er det nokon som har digitale bilder frå hendinga i Kupa eller elles frå arrangementet, er vi takksame om du sender det til redaksjon@svelgen.no