Spørsmålet om utskiping av vedlikehaldsavdelinga på Elkem Bremanger i Svelgen skapar debatt i bygda. Svelgen.no har samla artiklar om saka som uansett vil få følger både for Svelgen-samfunnet og verket. Eit nytt selskap på 70 - 80 arbeidsplassar er målet.
FIRDAPOSTEN:
Bremanger Vekst har starta arbeidet med å stable på beina eit nytt selskap, som kan ta opp konkurransen om vedlikehaldsarbeidet ved hjørnesteinsverksemda i Svelgen.
Bakgrunnen er at Elkem Bremanger ynskjer å skilje ut vedlikehaldsavdelinga for å konsentrere seg om produksjonen på smelteverket. Store aktørar som Siemens, ABB og Kogas har allereie meldt si interesse for å overta vedlikehaldsarbeidet.
– I denne samanhengen er det at Bremanger Vekst har teke initiativet til å kartlegge kva sjansar eit lokaleigd selskap kan ha i konkurransen med dei store, fortel Bjørgulf Myklebust, som er hovudtillitsvald i Svelgen kjemiske arbeiderforening.
To av dei tilsette ved vedlikehaldsavdelinga er plukka ut til å vere med i dette arbeidet, som skal vere ferdig til 10. juni. Tanken er at det er dei tilsette sjølve som skal eige og styre det nye selskapet, det er dei som har den kompetansen som trengst for å kunne utføre det vedlikehaldsarbeidet som er naudsynt.
– Dei tilsette har sjølve rett til å velje arbeidsgjevar, men får vi stabla på beina eit lokalt selskap, kan dette kanskje vere eit likeverdig alternativ til aktørane utanfrå, meiner Myklebust.
Spesialkompetanse
Same kva alternativ dei tilsette måtte velje, vil dei vere sikra vidare arbeid. Dette er sikra gjennom spesialavtaler, regelverk og eigne EU-direktiv.
- Kva konkurransefordelar vil eit lokalt selskap ha i høve til store aktørar som Siemens, ABB og Kogas?
- Vi har allereie dei folka og den spesialkompetansen som trengst i eit komplekst silgrain-anlegg, og det er ein stor føremon, seier Myklebust.
- Dei fleste andre smelteverka rundtom er inne i liknande prosessar med å skilje ut dei arbeidsoppgåvene som ikkje har direkte med verdiskapingskjeda å gjere, så dette er ikkje noko spesielt for Elkem Bremanger. Men det må vere eit nederlag å vedgå at dei ikkje lenger har vilje til å ha eigne tilsette til å ivareta anlegget. Når verket satsar på automatisering av drifta, er det viktig å ha eit godt eigarskap til maskinene. Internt vedlikehald som i dag, må difor vere betre enn å skilje det ut til andre, meiner han.
Ny giv i Svelgen
– Utfordringa vår vert no å få dei tilsette ved Elkem Bremanger med på dette prosjektet, seier Geir Gjørsvik, dagleg leiar i Bremanger Vekst.
Han meiner at dette er ein kjempesjanse til å få til utvikling og skape noko lokalt i Svelgen. Det nye selskapet vil sitje inne med stor kompetanse som også kan kome andre enn Elkem til nytte, og dermed vil ei slik etablering også kunne skape ringverknader elles i lokalsamfunnet.
– Dei store aktørane er sentralstyrte frå Oslo og andre storbyar, og resultatet vil dermed forsvinne ut av kommunen. Med ei lokal forankring vert overskotet verande i Svelgen, noko som kan føre til ytterlegare vekst i bygda, meiner Gjørsvik.
Av Annbjørg Hauge Nygård/Firdaposten
FJORDENES TIDENDE:
Elkem Bremanger skal ikkje lenger ha eigne tilsette til å utføre vedlikehald på verket. No arbeider Bremanger VeKsT med å kartlegge sjansane for å danne eit nytt selskap for dei rundt 50 tilsette. På sikt vil det nye selskapet få 70-80 arbeidsplassar.
Anne-Mari Tomasgard
Elkem Bremanger i Svelgen har i dag 260 tilsette. Men verksemda vil kvitte seg med dei 40 til 50 vedlikehaldsarbeidarane sine. I staden vil dei kjøpe tenestene frå andre selskap. ? Vi er i utgangspunktet negative til desse planane. Det er eit nederlag for Elkem å innrømme at dei ikkje kan ivareta anlegget, seier hovudtillitsvald Bjørgulf Myklebust i Svelgen kjemiske arbeiderforening. Han legg til at det viktigaste for ei bedrift er å ha utstyret i orden. ? Vi sit igjen med ei kjensle av at vi er ein kostnad og ikkje ein ressurs. Ei ekstern bedrift vil truleg sjå på oss som ein ressurs og ikkje som ein salderingspost slik Elkem gjer, meiner Myklebust.
FANTASTISK SJANSE
Men trass i at dei tilsette ikkje er einige i måten arbeidsgivaren ønskjer å organisere vedlikehaldsarbeidet, er dei no likevel villige til å engasjere seg for å sjå kva dei kan få til lokalt i Svelgen. Fleire aktørar er på bana for å ta over vedlikehaldsarbeidet. Store selskap som Siemens, ABB og Kogas er interesserte, men Bremanger VeKsT (BV) meiner det er gode sjansar til å danne eit lokalt selskap som kan selje tenestene til verket. ? Dette er ein fantastisk sjanse for Svelgen-samfunnet til å få til noko sjølv. No kan ein sjølv sitje i førarsetet og hauste fruktene, meiner Geir Gjørsvik, dagleg leiar i Bremanger VeKsT. BV har allereie hatt ein forstudie der dei fort såg at det er mogleg å få til eit lokalt selskap basert på dei tilsette som allereie jobbar ved verket. No køyrer dei igang forprosjekt saman med dei tilsette.
SKILT UT TIDLEGARE
Det er ikkje første gong Elkem Bremanger skil ut arbeidsoppgåver frå verksemda. Bygg- og reinhaldservice blei skilt ut i 1997. Då var det13 tilsette i selskapet, men i dag har 22-23 personar arbeidet sitt i verksemda. Når det har gått bra for dette selskapet, skulle ein tru at det var ein motivasjon for vedlikehaldsarbeidarane til å danne sitt eige selskap? ? Nei, eigentleg ikkje. Elkem Bremanger er eitt av dei mest komplekse smelteverka i heile Eurpa. Verket satsar på automatisering og då er det viktig å ha eit godt eigarskap til maskinene, meiner Myklebust. Men sjølv om dei tilsette klarer å etablere eit lokalt selskap, er det ikkje sikkert at Elkem vil inngå kontrakt med dei. Mellom anna vil prisen spele inn, i alle fall til ei viss grad. ? Elkem bestemmer kva type bedrift dei vil inngå kontrakt med, men vi har rett til å velje arbeidsgivar. Difor vil vi køyre avstemming i organisasjonen for å få vite kva dei tilsette vil, seier Myklebust.
AVGJERD TIL HAUSTEN
Uansett kva selskap som får jobben, vil det bli ein vekst i arbeidsplassar i høve til i dag. Men Bremanger VeKsT sin filosofi er ”Kvifor la andre styre, når vi kan styre sjølv”. ? Kompetansen og folka er her. Alt ligg til rette for å starte noko lokalt, meiner Gjørsvik. Prosjektmedarbeidar Tom Joenson i Bremanger VeKsT er oppteken av kvifor ein skal styre frå Oslo, Bergen eller børsen når kompetansen sit i Svelgen. ? Eit lokalt selskap vil gi ein ny giv i Svelgen-samfunnet som vi ikkje ville fått med ein aktør utanfrå, meiner Joenson. Det nye selskapet vil trenge noko kapital for å starte opp, men behovet vil sannsynlegvis vere sterkt redusert sidan dei tilsette allereie er i systemet. Mekanikarane og elektrikarane som ikkje lenger vil vere tilsette i Elkem, sit med stor kompetanse som også kan kome andre til nytte. Eit selskap som eventuelt blir skilt ut, vil også kunne sjå mot andre marknader, til dømes i fiskeindustrien, og ta oppdrag også utanfor smelteverket i Svelgen. Prosjektet til Bremanger VeKsT skal vere ferdig 10. juni, men mykje vil vere avklart allereie i mai månad. Elkem tek avgjerd i tredje kvartal i år.