Svelgen.no

NYTT BUSTADFELT PÅ LANGENESET   31.05.2001

Bremanger kommune planlegg eit nytt stort bustadfelt på Langeneset, det blir plass til 28 tomter. Det er berre to tomter att på Naustneset og i byggefelta på Sande er det inga bygging trass nedsette tomteprisar.


I oktober 1999 starta Bremanger kommune med planlegginga av det nytt bustadfeltet på Langeneset. Bakgrunnen for dette er at bustadfeltet på Naustneset er omlag heilt utbygt etter at det var byggeklart i 1996. Det må difor regulerast og tilrettleggast for nye tomter i Svelgen.

Grunneigar på Langeneset er Elkem Bremanger. Dei har ikkje hatt merkander etter melding om planoppstart for området. Nordplan AS har utarbeidd reguleringsplanen som gjev plass for 28 einebustader. I tillegg er det to byggjeareal på 4 dekar der det ligg til rette for høgare utnytting. Ytste neset og strandsonen er avsett til friluftsområde. Det er også avsett to areal til offentlege leikeplassar.

TILKOMST VIA ERLEVEGEN?
Tilkomsten til området har vore drøfta. Det har vore vurdert tilkomst via Strandvegen (nedste veg), Erlevegen (2. veg ) og Trostevegen (3.veg) på austsida av Langeneset. Alle desse tilkomstvegane fører til trafikk inn på tronge vegar og skaper nye trafikkproblem. Ein har difor vurdert tilkomst via eksisterande avkøyrsel frå riksvegen oppå Langeneset som den minst problematiske, sjølv om tilkomsten vert svingete og stigninga vert 10 %. Kostnadsmessig vil dette alternativet bli noko dyrare enn tilkomst frå Erlevegen, som er det rimelegaste.

Sakshandsamar i saka, Inger Hilde, meiner tomtene på Langeneset vil vere attraktive sjølv om dei ligg 2.5 kilometer frå Svelgen sentrum.

- Dei ligg i eit flott naturområde med god utsikt, skriv ho i si saksutgreiing til politikarane som skal ta stilling til planane 5. Juni.