Svelgen.no

30 tomter på Dyrstad?    31.05.2001

Skal vi få til stabile arbeidstilhøve, er det og ein føresetnad at vi kan tilby tomter. I samband med dette tilbyr vi Bremanger kommune bustadfeltet, heilt eller delvis, til sal.

Dei to grunneigarane Ståle og Roald Dyrstad meiner det er plass til omlag 30 tomter fordelt på 54 dekar. Dei to har også eige kraftverk som bustadfeltet kan forsynast med vatn frå. Utviklinga av steinverksemda Bremanger Quarry er bakgrunnen for tomte-behovet.

På midten av 80 - talet gjennomførte grunneigarane ei regulering av "Dyrstad-langeneset" til bustadfelt. Denne reguleringa vart ikkje gjennomført. I mars 2001 fekk Bremanger kommune brev frå grunneigarane der dei tilbaud dette området for sal til kommunen. Grunngjevinga for at det bør opparbeidast bustadfelt i dette området, er utbygginga av Bremanger Quarry og regulering av industriområde i samband med denne utbygginga. Ståle og Roald Dyrstad har allereie fått spørsmål om tomteland frå 4-5personar som er involverte i denne utbygginga.

SVÆRT FINT OMRÅDE
Området på "Dyrstad-langeneset" er svært fint og ligg godt tilrette for utbygging av bustadar. Området er kompakt og tilgangen på vatn er god. Vatnet kan hentast frå kraftverket som er etablert i området av dei to grunneigarane. Ein vil kunne få opptil 30 tomter i området som totalt er på 54 dekar. Det er ikkje utarbeid kalkyle på opparbeiding av feltet men kommunen reknar med ein kostnad ved kjøp av området på omlag 1 million kroner.

Kommunen sin sakshandsamar i saka, Ole Bjørn Førde, skriv i si vurdering at det er mange stadar i kommunen som ynskje bustadfelt.

GODE ARGUMENT
"Dette er eit forholdsvis nytt prosjekt sjølv om planane har lege der ei stund. Bremanger kommune bør lage ei prioriteringsliste over kvar og når ein ynskjer å etablere bustadfelt. Dette vil gjer det enklare for det politiske systemet, administrasjonen og innbyggarane i kommunen med omsyn til kva ein til ei kvar tid skal planleggje.

På Dyrstad er det stor aktivitet på grunn av etableringa av Bremanger Quarry. I samband med denne etableringa er det sannsynlegvis trong for bustadfelt. Grunneigarane er også i ferd med å utarbeide reguleringsplan for industriområdet i tilknyting til steintaket. Dette er gode argument i forhold til å opparbeide bustadfelt i området.

Ein bør gå gjennom dei planane som vart utarbeidde på midten av 80 –talet på nytt. Dette bør vere ei enkel sak, og det kan forholdsvis snart å få ei vedteken reguleringsplan i dette området" meiner Førde.

Det ligg ikkje ved noko tilråding frå rådmannen til politikarane som skal handsame saka i møte 5. Juni.