Svelgen.no

Risane protesterer:
        31.05.2001
SVELGEN SENTRUM BLIR NYTT - ELLER?

Atle Rise, Inger Rise Halset, Odd Rise og Andreas Riise protesterer på reguleringsplanen for Svelgen sentrum. Den har no lege ute på høyring for 3. gang før fristen gjekk ut 18. Mai. Kommunen har fått inn ei rad merknader. Dei fire grunneigarane på Rise har slått seg saman og sendt eit langt skriv.

Det kyrkjelege fellesrådet vil ikkje ha industriområde nær Svelgen kyrkjegard.

Elkem Bremanger ynskjer i samband med outsorcing av vedlikehaldsavdelinga at areala mellom elvane i sentrum blir opna for lettare industri. Bygg- og reinhaldsservice ber i sin merknad om det same.

Roald Løvfald, Finn Steinset, Bjarne Eikeset, Jon Eikeset og Guttorm Bjørnsen har sendt inn merknader og også Svelgen AmCar club ynskjer at området mellom elvane vert sikra til stemneplass og grøntområde.

Er du interessert i detaljane om korleis framtidas Svelgen er planlagt og kva protestane går ut på?

Les meir og sjå reguleringsplanen Svelgen.no har fått tilsendt frå planleggaren Nordplan AS i dag:

Klikk for større kart

Reguleringsplanen for Svelgen vart lagt ut til offentleg ettersyn for 3. Gang, etter at det vart gjort vesentlege endringar ved handsaminga av planen i Utviklingsutvalet 16. Januar i år.

Grunneigarane på Rise peikar på at plankart og føresegner ikkje stemmer overeins og viser til at planen skal utarbeidast av fagkunnig og gjevast i eintydig form. Det vert vidare klaga på at grunneigarane ikkje har fått delteke aktivt i planprosessen.

Det er Inger Hilde som er sakshandsamar i den etterkvart så kompliserte reguleringssaka av Svelgen sentrum. Ho skriv:

"Det nye industriområdet som er lagt på sørsida av riksvegen på Rise er stort i høve det området ein tok bort mellom elvane. Dei peikar på at industriområdet reduserer høvet til drift på det aktuelle bruket (Andreas Riise) og skjer av stølsvegar. Grunneigarane meiner område til dette føremålet kan flyttast sørom riksvegen ut til Breivika, der dei også eit.

Når det gjeld gangsti til Risevatnet rår grunneigarane til at ålmenta nyttar sti over Kvelve eller tilkomst til Risevatnet via anleggsvegen. Her tilbyr dei forhandling om grunn til parkering.

INDUSTRIOMRÅDE VED ANDREAS RIISE/SVELGEN KYRKJEGARD?
Industriområdet som no er lagt på Rise, bruken til Andreas Riise, er større enn industriområdet mellom elvane. Industriområdet på Rise er tildels bratt, og vil nok ikkje kunne nyttast så godt som dei flate områda mellom elvane. Industriområdet vil likevel ta anslagvis vel fem dekar av innmarka på bruket. Grunneigarane viser til at det kan leggast ut industriområde i Breivika. Området rett vest for Klausen Indstrier er lite, og vanskeleg å nytte. Når det gjeld området nedanfor Statoil er dette eit avgrensa areal, men som vil få god tilknytning til framtidig planlagd kommunal veg ned til Breivika.

TILKOMST TIL RISEVATNET VIA KVELVE?
Grunneigarane meiner stien over Kvelve kan nyttast som tilgjenge til Risevatnet, og at friområda på austsida av Risevatnet bør nyttast ålmenta. Slik ein ser det vil stien over Kvelve ikkje vere tenleg for alle dei gruppene ein ynskjer å tilretelegge for i planen, og heller ikkje kunne tene som god tilkomst til dei områda ein ynskjer å tilrettelegge" skriv Inger Hilde.

Bremanger Kyrkjelege Fellesråd er i mot plassering av industriområde så nær gravplassen i Svelgen. Dei er redde for at det kan bli støyplager, og ynskjer å behalde området som eit fint turområde. Dei bed om at det blir tilrettelagt for buss ved kapellet, og at det blir tilrettelagt slik at gravfølje kan unngå riksvegen.

Til dette kommenterer sakshandsamaren:
"Det er avsett eit mindre grøntområde mellom gravplassen og industriområdet. Det vil vidare vere slik at det ikkje kan tillatast industri med vesentlege miljøulemper i dette området. Industri ved gravplassen vil likevel vere eit nytt inngrep og kunne gjere området mindre attraktivt som turområde. Langs riksvegen er det planlagt gang- og sykkelveg. Det bør sjåast på om det er mogeleg å få til busstilkomst til kapellet.

Elkem Bremanger ynskjer i samband med utskiljing av vedlikehaldsaktivitetar at areala mellom elvane blir opna også for lettare industri. Bygg- og reinhaldsservice AS ber i sin merknad om det samme.

Til dette kommenterer sakshandsamaren:
"Ein ser at det vil vere ein fordel for Bygg- og reinholdsservice å kunne etablere seg i nær tilknytning til Verket, og meiner reguleringsplanen bør endrast slik at det kan leggast til rette for etablering av verkstad og lettare industri som ikkje har vesentlege miljøulemper.

UNDERSKRIFTSLISTER FOR GRØNTAREAL
Roald Løvfald, Finn Steinset, Bjarne Eikeset, Jon Eikeset og Guttorm Bjørnsen viser til tidlegare merknader og underskrifter. Det same gjer Svelgen AmCar club. Dei ynskjer at området mellom elvane vert sikra til stemneplass og grøntområde.

Til dette kommenterer sakshandsamaren:
" Etter tidlegare merknader vart båthamna teken vare på, og indutriføremål gjekk ut. Området mellom elvane ligg på regulert til sentrumsfunksjonar som forretningar/kontor/bustader. "

Fylkeskommunen ved regionavdelinga er positive til den nye reguleringa mellom elvane. Dei peikar elles på at bussterminalen bør ligge nær riksvegen.

RUNDKØYRING I SVELGEN
Til dette kommenterer sakshandsamar:
"Bussterminalen ligg høvesvis nær riksvegen slik denne ligg idag, og ein kan ikkje sjå ei god plassering i tilknytning til framtidig riksvegtrasè. I tilknytning til framtidig rundkøyring vil det vere lite høveleg terrengmessig

Plan- og utviklingsutvalet skal ha saka opp på møte tysdag 5. Juni.