| Svelgen.no |
|
Rådhuset får stort servicekontor 31.05.2001
Bremanger kommune vil løyve ein million kroner til å ombygge hallen i rådhuset til offentleg servicekontor der også kulturseksjonen skal integrerast. Det er venta at prosjektet er ferdig i oktober/ november dersom alt går etter planen. Pengane skal takast frå budsjettet for bygging av veg til Rugsundøy som rådmannen forslår skrinlagt.
Bremanger kommune har engasjert arkitektkontoret Vårdal-Lunde AS til å lage utkast til romløysing for servicekontoret. Dei tre kontora på kulturavdelinga vert bygd om til fire kontor. I tillegg vert det eit kopirom, eit møte/samtalerom og rom for rekvisita. For å få nok areal til det offentleg servicekontoret lyt det i tillegg til ombygging av kulturkontoret lagast ein resepsjon ute i hallen. Store deler av veggen mellom hallen og kulturkontoret skal takast vekk for å få direkte inngang til kontora. Resten av arealet skal verte nytta til ein del bibliotektenester. Prisen for prosjektet er totalt 2 millionar kroner. Plan- og utviklingsutvalet får planane presentert på møte tysdag 5. Juni. Rådmannen foreslår å bruke ein million av pengane som er avsett til veg til Rugsundøy for å finansiere ombygginga. I ei sak på same møte vil han tilrå at vegen til Rugsundøy (Rugsund Handelsstad) vert skrinlagt. Totalkostnad på vegen er utrekna til 9 millionar kroner. Dette prosjektet er aktuelt i samband med at fastlandssamband har gjeve øya samband til Kolset, men tilkomstvegen bort til handelsstanden bli likevel så dyr at administrasjonen frårår kommunen å bruke pengar på det. |