Arkiv Jan 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
FOTBALL

KM-KVALIK ALDERSBESTEMT 2007 31.01.2007

 

    Ta turen til Svelgen Idrettshus den 10 og 11. februar.

    Småjenter, smågutter, jenter og gutter skal i ilden i KM-kvalik.

 

    Les meir på STIF si side  her


Nils Jørgen Sagebø vald til ny leiar i SNR 31.01.2007

På årsmøtet i Svelgen Næringsråd (SNR) onsdag 31. januar vart Nils Jørgen Sagebø vald til ny leiar i SNR. Han avløyser Bjørgulf Myklebust, som var leiar i 2005 og 2006. Myklebust ønskte sjølv avløysing som leiar. Sagebø er tilsett i INC Vedlikehold Svelgen AS, der han er avdelingsleiar på vedlikehold.

 

Les meir på SNR-sida.


Nesten 500 mm nedbør i januar 31.01.2007

I januar fall det 491,4 mm nedbør i Svelgen. Dette er godt over det doble av normalen for januar, som er berekna til 230 mm. Det meste som kom på eit døgn var 53,8 mm.

   

Det var eit døgn utan ein drope i måleglaset i januar, og dette var mellom morgonane 24. og 25. Dermed stoppa den lange nedbørsrekka på 63 døgn på rad.

  

Om det finnast svelgarar som er "vèrsjuke", så er det ikkje så rart, då det i løpet av dei siste 94 døgna berre har vore heilt opplett i to døgn. På desse 94 døgna, sidan om morgonen 30. oktober, har det falle 1786,7 mm. Til samanlikning er årsnormalen for Svelgen er 2570 mm.


Etterlysning:

Skipar forsvann etter Skikarusell 29.01.2007

7 år gamle Joakim frå Ålfoten kom heim utan ski og stavar etter Skikarusellen i Myklebustdalen sist sundag. Er det nokon som har fått med seg eit par for mykje, eller har nokon ide om kvar dei kan ha blitt av, må de ringe 41856959 (Dreyer).

Ledig stilling som reinhalder 29.01.2007

Det er ledige stillingar som reinhaldarar ved Svelgen Bu- og Servicesenter (SBS). Sjå utlysing under Stilling ledig til venstre.

VALENTINERBALL 16. februar 29.01.2007

Lørdag 1 6. februar blir det Valentinerball for dei unge.
STAD:  SVELGEN HOTELL
TID:     21.00 - 24.00
PRIS:   110,- INKLUDERER TACO/PIZZA
                    (ET SÅ MYKJE DU VIL)
  • ALDERSGRENSE: 8. KLASSE - VIDAREGÅANDE
  • H USK PENT ANTREKK
  • RUSFRITT
PÅMELDING TIL SERVICEKONTORET 57796300 INNAN 12. FEBRUAR
TA GJERNE MED VENNER.
ARR: UNGDOMSKLUBBANE I BREMANGER

Liv Marit Wedvik og Kruttrøyk på AmCar festen i år 29.01.2007

Kruttrøyk og Liv Marit Wedvik kjem til Svelgen for å spele opp til dans 9. juni i samband med AmCar-treffet sitt 15 års jubileum.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På nettsida si melder klubben følgjande: Kruttrøyk er kjent frå fylkestoppen og er eit av dei beste country-banda i Sogn og Fjordane og med vokalist Jens Petter Dyrdal som opprinnelig kommer frå Svelgen så garanterer vi fullt trykk i hallen frå første stund ! Liv Marit Wedvik med band  er godt kjent for dei fleste,ho har gitt ut 5 album og solgt over 130000 cder, så vi rekna med at ho har mange godbiter på spillelista si når ho kjem til Svelgen.


Svelgen skule søkjer medarbeidar 29.01.2007

 

Ledig post ved Svelgen skule frå 01.02.07. Les meir.


Vi minner om:

SKIKARUSELLEN 2007 starter søndag 27.01.2007

STAD: KARLSKARDSTOVA (ved skytebana i Myklebustdalen)

DATO: 28.01.07  (søndag)

             11.02.07  (søndag)

  04.03.07 Skisportens dag.

             25.03.07  (søndag)

 

                                        

 

 

                                     Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.

Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.

Deltakarmedalje til alle ved sesongslutt.

Diplom til alle i kvart renn.

Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-.

Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.

 

 

 

Open kiosk.

 

Ålfoten Idrettslag                                        Svelgen Turn og Idrettsforening


Elkem Bremanger utvidar 26.01.2007

Elkem Bremanger utvidar produksjonskapasiteten på det eine silgrainanlegget sitt med 50 prosent, og har dei siste vekene tilsett sju nye driftsoperatørar. No er dei også på jakt etter fleire ingeniørar.

- Det var godt nyhende for oss å få styret si godkjenning på ei utviding på silgrain. Denne utvidinga åleine skapar ikkje nye arbeidsplassar, men den totale produksjonskapasiteten tilseier meir folk, og difor har vi no tilsett sju nye operatørar. I tillegg er vi også i intervjufasen for tilsetjing av to nye ingeniørar, og det må seiast å vere svært positivt, meiner verksdirektør Steinar Talle (bildet). 

Les meir på Firdaposten  sine nettsider.


Unge svømmarar imponerte Gjerde 26.01.2007

Deler av svømmegruppa i STIF hadde treningshelg med Geir Gjerde 19. 20. og 21 januar. Dei svømte bortimot 20 000  meter desse tre dagane.

 

Søndag hadde Geir kontakta nokre av dei gamle svømmeveteranane for eit uformelt stevne.

Det viste seg at veteranane ikkje lenger har noko å stille opp med. Dei unge svømmarane svømte inn til utrulege tider;

 

Torstein Ask svømte 50 fri på tida 26,00

Tor Atle Svortevik sitter fremdeles med klubbrekorden på 25,80 frå 1979.

Torstein svømte dessutan 100 fri på under minuttet.

 

Geir var fornøgd med gjengen og den store innsatsen og med god motivasjon og ser mange framtidige talent.

 

Desse var med: Torstein Ask, Ola Rise, Marcus Teigene, Sebastian Ephithite, Katrine Ask, Frida Sande, Elisabeth Mundal og Nora Caroline Teigene.


Stian heidra for redningsdåd 26.01.2007

Stian Andre Hansen frå Svelgen vart i dag heidra for redningsdåden då han berga ein person frå å drukne 28. mai i 2005.

 

Det var ordføraren i Bremanger som fredag delte ut diplomet frå Carnegies Heltefond for Norge.

 

Stian Andre Hansen arbeidar ved INC-vedlikehold i Svelgen. Bedrifta spanderte kake til alle tilsette i samband med utdelinga.

Hansen redda ein person frå å drukne 28. mai i 2005.

 

Politiet stadfestar at takka vere rask handling så vart personen som køyrde i sjøen mellom Kjelkenes og Svelgen berga frå drukningsdøden. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Elkem tilsette heidra 26.01.2007

Elkem tilsette vart heidra på Svelgen hotell onsdag. Sjå bilde og tekst på Firdaposten.no

 


TAKK! 26.01.2007

Vi   på bu-og servicesentra, SBS og BBS, vil i år også nytte svelgen.no for å nå dykk alle med vår VARME og INDERLEGE TAKK!

Takk til alle lag, organisasjonar og enkeltpersonar som gjennom 2006 gleda oss med besøk, penge- og andre gåver, -blomsterhelsingar og all anna merksemd og omtanke.

Ei særskild takk for minnegåvene, som rører ved oss på ein spesiell måte.

 

Godt nyttår til dykk alle!

 

For takksame bebuarar og personale;

 

Berit O. Frøyen              Anne Karin Svarstad

-driftssjef/SBS-                -driftssjef/BBS-


Musikalsk musikkbasar på søndag 26.01.2007

Basar/konsert i Svelgen Samfunnshus søndag 28.01.07 kl 1730.
 
Loddsal, åresal, kafè
 
Musikalsk underhaldning av Svelgen songlag, Svelgen skulemusikk og Flora-Bremanger BrassBand.
 
Ta ettermiddagskaffien på samfunnshuset denne søndagen, og få flott musikalsk underhaldning attåt!  Mange flotte gevinstar.
 
arr.:  FloraBremanger BrassBand
 

2. runde i Veterans Champions League 26.01.2007

Torsdag vart 2. runde i VCL 2007 spelt, og på STIF-sida kan du sjå resultata frå kampane. Ut frå tabellen kan det sjå ut som eit av laga slit med vedvarande uflaks og manglande motivasjon mot antatt svakare motstandarar, medan laga høgre opp på tabellen har hatt hellet meir på si side. Men dette kan snu seg fort .....

 

STIF-sida


Ikkje råd til veglys i Bremanger 26.01.2007

Veglysa i Bremanger kommune har lenge vore i dårleg stand, og på møtet i plan- og utviklingsutvalet tysdag etterlyste Espen Gulliksen (Ap) framdrifta i den vedtekne planen for utskifting av gamle lysarmatur.

 

– Planen er ferdig den. Med innleigd ekspertise frå SFE og INC har vi fått laga ei detaljert oversikt over kva som må gjerast, og kva vi treng av nytt utstyr. Men vi manglar rett og slett pengar til å setje planen ut i livet, fortel Ole Bjørn Førde i følgje Firdaposten.


Kan vi få til noko slikt i Svelgen??

Suksess for badeanlegg i Høyanger 26.01.2007

Badeanlegget Høyangerbadet opna i august i fjor, med to basseng ute, og tre innandørs. Anlegget har vore omstridd, mellom anna fordi Høyanger har status som Robek-kommune, og slit med dårleg økonomi.

Men mens dei fleste hadde rekna med at beøkstalet ville gå ned ein heil del etter kvart som "nyhendas interesse" byrja å avta, har besøkstala halde seg jamt og trutt, også etter at utebassenga vart stengde for sesongen.

Klarer vi å få til nytt basseng her i Svelgen? Det vert jobba i kulissane med ulike alternativ,  her  er eitt av dei.

Vi har framleis side for lesarinnlegg her på Svelgen.no. Send di meining til redaksjonen@svelgen.no !


PUS HAR NO FUNNE VEIEN HEIM 26.01.2007


Bremanger har fått folkehelsekoordinator 26.01.2007

Åse Iren Korneliussen frå Florø er tilsett som folkehelsekoordinator og rådgjevar for pleie pleie og omsorgstenestene i Bremanger kommune. Den 31.januar deltek ho på pensjonistmøte på Samfunnshuset og orienterar om arbeidsområdet sitt.

Knutholmen med i "HÅNDPLUKKET" 25.01.2007

Over 50 kurs- og konferansesteder søkte om å få delta i Innovasjon Norges markedsføringssatsing Håndplukket. Nå er sju av dem kommet gjennom nåløyet, deriblant Knutholmen på Kalvåg.  

Disse er plukket ut:

Bortistu Gjestegard,
Storlidalen, Oppdal 
Finvåg, Myre i Vesterålen
Harahorn, Hemsedal
Helgaker Gård, Gran
Knutholmen, Kalvåg i Bremanger
Sem Gjestegård, Asker
Walaker Hotell, Solvorn i Luster

 

- En heder Direktør for reiseliv i Innovasjon Norge, Per-Arne Tuftin, betegner det som en hedersbevisning å bli utvalgt som Håndplukket.
- Disse små perlene representerer noen av de beste tilbudene Norge kan by på innen kurs og konferanser, sier han.
 bedriftene skal nå utgjøre et faglig nettverk der de kan videreutvikle og profesjonalisere seg, og samtidig utveksle erfaringer i arbeidet med å markedsføre seg overfor norske bedrifter og organisasjoner/byråer. Målgruppa er kunder som etterspør skreddersydde arrangementer på steder av høy kvalitet. Stedene er utvalgt etter kriterier som ekthet, egenart og «sjel», der gjestene skal kunne oppleve kultur og norske tradisjoner på ny og spennende måte. Det stilles strenge krav til kvalitet i alle ledd både for vertskapet og for møtefasiliteter, aktiviteter og kulinariske opplevelser.

 Håndplukket-prosjektet er delfinansiert av Landbruks- og matdepartementet med cirka 1,2 millioner kroner.   

Dette melder Bondebladet på sine nettsider.


Volleyball

Ny runde med grendaturnering torsdag 24.01.2007

Torsdag 25. januar er det klart for 2. runde i Veterans Champions League. Turneringa er i Svelgen Idrettshus kl. 20.30-22.00, og publikum er velkomne til å kike på (forsøka på å få til) volleyballspel.

 

Les meir om VCL på STIF-sida.


Tina spelar til dans på Lasses på fredag 24.01.2007

Lasses Kro satsar frå og med januar på å ha levande musikk siste fredagen i kvar månad. Dette vil vere variert musikk, og ein nemner mellom anna country, blues, irsk, og dansemusikk.

           

Første arrangement vert fredag 26. januar, når Tina spelar til dans. Elles er mellom anna Cowgirls (29/6) og Gil Edwards (langfredag) engasjert.


Friidrett

YIT Leikane med innlagt KM 21.01.2007

  

   Årets første friidrettstevne i Førde huset, søndag 21.januar.

   Svelgen TIF sine utøvara gjorde det kjempe bra.

  

   Les meir på STIF si side    her 


Fire skadde i trafikkulukke 20.01.2007

Fire personar vart laurdag føremiddag lettare skadde i eit trafikkuhell på riksveg 614 mellom Svelgen og Ålfoten.

  

Dei fire var med i ein minibuss som køyrde av vegen på det glatte føret i Myklebustdalen og hamna i elva. Ifølgje politiet har dei fire kome frå det med berre lettare skadar. Tre er sende til sjukehuset på Nordfjordeid for legesjekk, medan ein er send til Sentralsjukehuset for behandling av skadar i andletet.

Fire andre som var i bilen kom uskadde frå hendinga. Les meir og sjå bilder på NRK sine sider.


Besøk av sola 19.01.2007

Etter mykje gråvèr siste tida, klårna det i dag opp på himmelen over Svelgen. Dette førde til at øvre bebyggelse på Sande fekk besøk av sola. Biletet nedanfor vart teke i dag frå skogsvegen på Sande, der sola varma godt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Frank Ryland


Oppkøyring av løyper ved Karlskardstova 19.01.2007

( ill.foto)

Så sant det er snøforhold, vil det bli oppkjørde løyper kvar dag ved Karlskardstova frå måndag 22. januar og ut resten av vinteren.

Det betyr at det vil bli gode forhold til å nytte lysløypeanlegget på kveldstid.

 

Skigruppa S.T.I.F; Per Arne Sæterlid

Skigruppa Ålfoten; Sigmund Midthell


SKIKARUSELLEN 2007 19.01.2007

STAD: KARLSKARDSTOVA (ved skytebana i Myklebustdalen)

DATO: 28.01.07  (søndag)

             11.02.07  (søndag)

  04.03.07 Skisportens dag.

             25.03.07  (søndag)

                                        

                                  Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.

Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.

Deltakarmedalje til alle ved sesongslutt.

Diplom til alle i kvart renn.

Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-.

Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.

 

 

 

Open kiosk.

 

Ålfoten Idrettslag                                        Svelgen Turn og Idrettsforening


Ros til refleksbrukarane 19.01.2007

Vil rose turgåarane i Svelgen for at dei er veldig flinke og bruke refleksvest, trur Svelgarane er flinkast i klassen.

 

Vinter hilsen fra Asbjørn Sande


Verste nedbørsperiode på laang tid 19.01.2007

Medrekna nedbørsmålinga fredag 19/1 har ein ved nedbørsstasjonen til Elkem Energi Bremanger AS i Svelgen målt nedbør i 58 døgn på rad. I denne tidsperioden (t.o.m. måling torsdag morgon) har ein målt 1186,8 mm nedbør.

                  

EEB har oversikt over nedbøren døgn for døgn i Svelgen tilbake til 1/1 1980, og i løpet av dei vel 27 åra sidan har det ikkje falle nedbør i fleire døgn på rad enn det har gjort siste månadane. Nærast var ein periode rundt januar 1989 med 51 døgn i strekk, der det fall 968,5 mm, og ein periode rundt mars 1990 med 51 døgn og 950,9 mm.

                     

Før dei 58 døgna vart påbyrja 22/11 i fjor var det eit einsleg døgn utan nedbør, og før den tid hadde det falle nedbør i 23 døgn på rad (482,5 mm).

                   

Medrekna nedbørsmålinga torsdag morgon denne veka har det så langt i januar kome 375,4 mm nedbør. Normalen for januar i Svelgen er 230 mm. Om ein passerar 500 mm i januar, vert det første gong i EEB sin nedbørsstatistikk at ein har tre månadar på rad med over 500 mm. EEB er Meteorologiske Institutt sin offisielle målestasjon for Svelgen, og ein har nedbørsstatistikk tilbake til 1939.


Hotellet søker servitør 18.01.2007

Svelgen Hotell søker etter servitør. Den som er interessert kan kome innom hotellet og spørre etter Erna eller Helene

Søk etter oljesøl i Bremanger 17.01.2007

Bremanger kommune v/Brannvakta har starta søk etter mulig oljesøl i forbindelse med grunnstøytinga i Hordaland.

 

Observasjon av oljesøl må meldast til vakthavande Brannmeister i Kalvåg, Odd Tore Frøyen på mobil 90831837.

 


Trailer laga krøll i Magnhildskaret 16.01.2007

Ein finsk trailer med fiskefor laga krøll mellom Grov og Svelgen i ettermiddag. Først rundt klokka 20 - over tre timar etter at traileren sette seg fast vart vegen opna for fri ferdsel igjen.

Ved 18-tida vart det mogeleg å passere staden for alle køyrety bortsett frå større vogntog og semi-trailerar. 

 

Årsaka til at traileren fekk problem var at kjettingane vart øydelagde, fortel NRK Sogn og Fjordane.

- Heilt sida klokka 12 skal den finske sjåføren ha prøvd å fått kjetting rundt dekka. Det resulterte i at han spann sund fleire av kjettingane, og til slutt hadde han berre ein igjen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Bakke.

I 18.30-tida kom ein redningsbil til staden.

- At han ikkje hadde fleire kjettingar førte til at bergingsaksjonen tok lenger tid enn vi hadde venta, seier Bakke.

Traileren vart taua til Svelgen, der han vart avskilta.

Les heile saka på NRK sine sider.

(Illustrasjonsbilde frå Magnhildskaret)


Lagerhallar i Birkelia øydelagd av uværet 16.01.2007

Ein lagerhall er jevna med jorda og ein annan har fått eine veggen trykt inn etter kraftig vind natt til i dag. Det er selskapet Bossmann som eig hallane på det gamle bossbrenningsanlegget i Birkelia.

 

Egil Ulvmoen (bildet) har arbeidd med opprydding i heile dag og fortel til Svelgen.no at restane frå lagerhallen var spreidd utover heile området, heilt opp til riksveg 614. Mellom anna har ein ti meter lang stålbjelke blitt slengt fleire meter oppover. Alt materiale er no sikra i tilfelle nytt uvær.

 

Les om saka på NRK Sogn og Fjordane.

 


INVITASJON TIL Å R S M Ø T E 2 0 0 6

FAGFORBUNDET AVD. 537 BREMANGER 16.01.2007

DATO : FREDAG 26. JANUAR 2007

TID       : KL. 19.00

STAD   : HAVLY, BREMANGER

 

 

SAKLISTE:

 

1.          Opning av årsmøtet

2.        Godkjenning av innkalling

3.        Val av ordstyrar, referent og to teljarar

4.        Årsberetning for 2006

5.        Rekneskap for 2006

6.        Retningsliner for blomster og gåver

7.        Honorar til styret / styremedlemmar

8.        Innkjøp av bærbare PC til styremedlemmar

9.        Prosjekt : Koordinerande ledd for opplæring   og yrkestiltak i  

  foreiningane (sak frå fylket)

10.    Handlingsplan 2007

11.    Budsjett 2007

12.    Val etter vedtektene

13.    Løyve til suppleringsval

 

 

Etter årsmøtet, ca. kl. 21.00,   inviterer vi til sosialt samvær og middag m/ dessert og kaffe. Under middagen blir det utdeling av 25 års merket.

Pris pr. pers. kr. 100,- inkl. servering.

 

Fylkessekretær Margun Rygg er invitert til årsmøtet for å informere om medlemsfordelane ein har som LO-favør medlem.

 

Hvis nok påmelde vil det bli sett opp gratis buss frå Svelgen kl. 17.00

(tur og retur).

Påmelding til Marianne Herje, mob.tlf.   98 46 68 24 / 57796300 jobb/ 57793792 privat   innan måndag 23.01.07

 

VEL MØTT!

Helsing Styret


Ledige stillingar i kommunen 16.01.2007

Det er ledige stillingar som psykiatrisk sjukepleiar og personleg assistent i Bremanger kommune. Sjå heile utlysingsteksten under Stilling ledig til venstre.

Firdaposten kuttar fem årsverk 16.01.2007

Firdaposten kuttar fem årsverk og erstattar dei tenestene desse tilsette utførte med å kjøpe dei frå Firda i Førde. Attende i Florø sit redaksjonen og marknadsavdelinga. Dette opplyser avisa på si heimeisde.


Elevar positive til pilotprosjekt 16.01.2007

Elevane ved Svelgen skule skal trimme meir og ha eit sunt kosthald. Som ein av skulane i landet er dei i gong med eit pilotprosjekt.  Trond Hatleset fortel til Fjordenes Tidende at skulen, i samråd med elevane, har teke bort eit del av vareutvalet på kantina. - Vi har teke bort produkt som inneheld sukker, opplyser Hatleset som er ansvarleg for prosjektet.

 

Også friminutta er gjort kortare for å skape plass for nesten ein time med fysisk aktivitet. - Alle elevar i ungdomsskulen får ein time i idrettshallen kvar dag, seier Hatleset. Elevane på barne- og mellomsteget må gjennom ei aktivitetsløype ein gong for veka.

 

- Vi har evaluert tiltaka, og ei undersøking blant elevane viser at over 90 prosent meiner dette er positivt, seier Hatleset. Svelgen skule får eit symbolsk beløp på 25 000,- kroner frå styresmaktene for å gjennomføre tiltaket.


75 operatørar til Elkem Solar 16.01.2007

Rekrutteringen til Elkem Solar går bra, melder Fædrelandsvennen i Kristiansand.

- Før 2007 er omme, skal vi ha på plass 75 prosessoperatører. 25 kommer fra det gamle smelterverket og 23-24 regner vi med at aksepterer tilbud de får fra oss i disse dager, forteller personalsjef Unni Wilhelmsen hos Elkem i Kristiansand.

- Må dere betale mye?

- Elkem skal aldri være lønnsledende, men vi jobber med en attraktiv bonusordning for Solar og et system for å gi den enkelte medarbeider merkbart ansvar. Det skal hjelpe oss til å tiltrekke oss gode folk.

- Gir dere tilbud til andre bedrifters ansatte?

- Vi fisker ikke. Men søker noen hos oss på eget initiativ, ser vi selvsagt på bakgrunnen deres, sier Unni Wilhelmsen.


Realen treng ny TV 15.01.2007

Ungdomsklubben Realen treng TV, og klubbleiar Anita Løver spør på "Kjøp & Salg" sida om nokon har eit å gje bort. Helst 28" eller større.  

Ring i så fall til mob 91302768 eller 57 79 37 05

 


Ungdommens kulturmønstring 3. februar 15.01.2007

 
Den lokale mønstringa vert i år arrangert i
Bremanger fleirbrukshall
laurdag 03.02.07 klokka 16.30.
Det blir song og musikk i tillegg til kunstutstilling.

Sal av kaffi og sveler, pølser og brus.

Som så mange gonger før inviterer vi foreldre, søsken, besteforeldre, bygdefolk og andre intresserte til å ta ettermiddagskaffien i den nye fleirbrukshallen på Hauge denne laurdagen, og få ei flott kultur- og kunstoppleveing i tillegg.

Billett vaksne: kr 50,-
Barn / skuleungdom / pensjonistar: kr 25,-

Arr.: Bremanger skulemusikk - kulturskulen - kulturkontoret
 

En fridag mindre i 2007? 15.01.2007

Som en kuriositet tar vi med følgande artikkel fra Dagbladet.no:

"For første gang på 79 år faller Kristi Himmelfartsdag på samme dag som 17. mai.   Ikke siden 1928 har vi mistet en fridag på denne måten.

Det er en fattig trøst at det ikke er helt uvanlig at fridager blir borte. Dager som 1. juledag, 1. mai og 17. mai lander av og til på en søndag. Da er løpet kjørt, og vi kommer «en i minus».
Likevel er det en astrologisk tilfeldighet av de langt sjeldnere når «Himmelspretten» velger å kollidere med nasjonaldagen. Mens søndagskollisjon skjer (nesten) hvert sjuende år, noe justert for skuddår som lager kluss i regnestykket, så går det i gjennomsnitt 41 år mellom hver gang Kristi Himmelfartsdag og 17. mai slår seg sammen. Likevel er det bare fem år til neste gang Kristi Himmelfartsdag og 17. mai kolliderer.  Men så er det veldig lenge til neste gang igjen – i 2091.    


     Kristi Himmelfartsdag  kommer alltid 40 dager etter påske. Og reglen for påske er at den faller på den første søndagen etter første fullmåne etter første vårjevndøgn. Derfor flytter både påske og Kristi Himmelfartsdag på seg, avhengig av månefasene", melder avisa.


RORBU WEEKEND MED NOKO ATTÅT 15.01.2007

”HAVTREKKJEN” Toraderklubb arrangerer:

KURS FOR TORADAR    2-4 FEBRUAR-07

KURSAVGIFT: Medlemar Kr.300

Ikkje medlem Kr.400

KURSINSTRUKTØRAR BLIR SPELEMENN FRÅ

”HAFSLOBELGEN” og ”LABAKKALAGET”.

Arve Bjørn Røneid,Oddbjørn Ramstad, Karusbakken…..osv

Program:

Fredag: kurs og buskspel utover kvelden

Lørdag: kurs frå kl 10.00

Søndag: oppsummering og avslutning

DET VIL BLI DANS OG BUSKSPELL PÅ KNUTHOLMEN

MED OVERNEMDE GRUPPER .

I Kalvåg er der masse rorbuer som ein kan overnatte i.

Overnatting: tlf til Svein Inge Fosse - 915 86 458

Treng du meir info om kurs:Ring Oddvin – 970 88 925

Havtrekkjen vonar mange tek turen til kystperla Kalvåg og Knutholmen denne helga til eit hyggeleg lag med masse godt humør og god musikk J


Grendaturneringa i Svelgen i gang 14.01.2007

- DET VERT SJÆMPIONS LIG ANNAKVÆR TORSDAG FRÅ KLOKKA HAL NI TIL TI !!!

 

 

 

Torsdag starta grendaturneringa i volleyball i Svelgen idrettshus. Etter at 1. runde av VCL 2007 er gjennomført er det Langeneset og Villabakken som topper tabellen. Sandegjengen måtte i 1. runde bokføre 2 tap for laget sitt, melder STIF på sine heimesider. 

 

 

Denne turneringa krev nok sine "supportera" frå dei ulike grendene, og etter presidenten sitt notat til dei inn- og uvinnvidde å dømme kan dette bli underhaldning av stort format torsdagane framover.

 

Vi tek det difor med i sin heilskap - nesten : )

 

VETERANS CHAMPIONS LEAGUE 2007 - KLART FOR START !!

 

Opplegget for VCL2007 er no klart. PRESIDENTEN har sendt ut oversikt over terminliste osb til alle deltakande lag. Vi er bedne om å gjere merksam på at ein svært gjerne ynskjer publikum på tribuna og at PRESIDENTEN garanterer "ei oppleving i audiovisuelt grenseland"!!

 

 

Kampene vil foregå i samsvar med oppsatte og vedlagte terminliste (Nei, en terminliste er i denne sammenheng ikke en oversikt over fødetidspunkter for gravide !!) Terminlistende viser spilledato, runde nr, kamp nr, bane nr, hjemmelag og bortelag. I tillegg er det oversikt over resultater etterhvert som lagene har spilt sine respektive kamper. Med andre ord kan denne formen for terminliste vise seg å være relativt nyttig dersom man ønsker å følge med !!!

 

Og for (om mulig) å ytterligere forminske risikoen for misforståelser: Dagens treningstider for Old Boys-volley (Oh, hvilket kvinnediskriminerende uttrykk !!) vil annenhver torsdag (fom 11.01.07 - tom 08.03.07) bli benyttet til avvikling av VCL2007.

 

 

PRESIDENTEN gjør avslutningsvis oppmerksom på at

- DET VERT SJÆMPIONS LIG ANNAKVÆR TORSDAG FRÅ KLOKKA HAL NI TIL TI !!!

- Det er ikke lovlig å kjøpe og/eller forhandle om kjøp av spillere før kampene har startet.

- Alle transaksjoner og relaterte forskyvelser må godkjennes av PRESIDENTEN.

- Alle klager/protester/appeller etc må skriftlig oversendes PRESIDENTEN via herværende e-post.

- Alle klager/protester/appeller som ikke bruker utelokkende store bokstaver i ordet PRESIDENT blir automatisk avvist.

Avslutningsvis vil PRESIDENTEN uttrykke håpet om at samtlige managere, kapteiner og priviligerte spillere ved sin spilleutførelse, innsats og sosiale innstilling vil gjøre sitt ytterste for at vår felles målsetning skal kunne oppnåes, nemlig at ALLE LAG SOM DELTAR I VCL 2007 VIL VINNE ALLE SINE OPPSATTE KAMPER !!!!

PRESIDENTEN gjør oppmerksom på at det er anledning for utrente, uinnvidde (og andre) mannskaper å trene/demonstrere slagferdighet torsdager fra kl.20.30-22.00.

Lykke til !!!

 

PRESIDENTEN "

 

På vegne av Svelgen.no sin redaksjon vil vi gjerne tilføye at foto fra første kamp mottas med stor takk på epost redaksjonen@svelgen.no .

 

 

 

 

 

 

 

 


Vinterferien i Svelgen 14.01.2007

Svelgen.no melde i går at det blir tidlig vinterferie. Det viste seg at dette gjeld skuleruta for neste år.

I år blir det blir vinterferie ved Svelgen skule frå  veke 9 (26.02-02.03).

 

Vi ber om orsaking for feilen.


Svelgen skule får ekstra nasjonal støtte 14.01.2007

Svelgen skule og Torvmyrane skule i Flora er plukka ut til å vere nasjonale og regionale modellskular for spreiing av arbeidet med fysisk aktivitet og måltider i skulen.
 
Det er Utdanningsdirektoratet, Sosial- og helsedirektoratet som saman med Fylkes mennene som har funne fram til dei grunnskulane i landet som utmerkar seg på området.
 
Svelgen skule har m.a. markert seg ved å ved å sjå satsinga i nær samanheng med dei nye læreplanane i grunnopplæringa, og Torvmyrane har opparbeidd mykje kunnskap og erfaring etter målretta arbeid i mange år.
 
Modellskulane får kr 10 000,- kvar til arbeidet sitt i 2007 og pliktar samstundes m.a. å ta i mot besøk og delta på spreiingskonferansar.
 
 Det er Fylkesmannen som melder dette på sine sider.

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Hjelpekorpset øva på søk i bygning 11.01.2007

Hjelpekorpset hadde korpsekveld onsdag 10 januar. Les meir på sida til Svelgen Rød Kors

 


Svelgen Røde Kors Besøksteneste

Juletrefest på SBSS 11.01.2007

Den årvisse juletrefesten til Svelgen Røde Kors Besøksteneste på Svelgen Bu og ServiceSenter(SBSS) kan du lese meir om på sidene til Svelgen Røde Kors

Idrettsbana verdt 5000,- 11.01.2007

Bremanger kommune har fastsett verdien av idrettsbana i Svelgen til 5000,- kroner. Teknisk Sjef Ole Bjørn Førde skriv i eit brev til Elkem og STIF:

" Idrettsbana i Svelgen vart etablert i 1960 på utfylt område. Fyllinga var stort sett

slagg/avfallsstoff frå produksjonen ved Elkem. Idrettslaget har sidan den gongen vedlikehalde og utvikla idrettsbana til slik den framstår i dag.

Arealet er regulert til idrettsbane med moglegheiter for utviding av idrettslege aktivitetar.

På bakgrunn av kvaliteten på fyllinga, dugnadsinnsats frå idrettslaget og reguleringsføremålet for dette arealet, vil det vere naturleg å setje verdien på arealet til kr.5.000,-."

 


Ordføraren tek gjenvalg 11.01.2007

Ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) har gitt nominasjonskomiteen beskjed om at han tek gjenvalg for fire nye år. Dette melder Fjordenes Tidende onsdag. Til hausten er det som kjent kommuneval og ifølgje avisa blir det mange nye representantar i kommunestyret neste periode. Over halvparten av representantane som sit i dag har takka nei eller er usikre på gjenval. Berre ni av 23 er sikre på at dei vil halde fram. Einar Kjerpeseth (Sp) er ein av dei som tek gjenvalg og det same gjer Kåre Jarl Langeland (V) og Tore Myklebust (KrF). Fjordenes Tidende fortel også at snittalderen i kommunestyret er 52 år.

 

Ordførar Kåre Olav Svarstad seier han har vore i sterk tvil om å stille til val for fire nye år. - Det er spesielt tre moment som gjorde at eg var starkt i tvil, seier Svarstad og nemner privatliv, langt fråvær frå sin sivile jobb samt mykje pendling. Svarstad brukar 2.5 timar på reise til og frå Svelgen kvar dag.  Når han til slutt sa ja var det fordi han syns jobben som ordførar er utruleg spennande og utfordrande. - Her er mykje å ta tak i, då tenker eg spesielt å kunne gjere grep for å stanse fråflyttinga, skape nye arbeidsplassar og før neste periode er omme skal byggesteg to av fastlandssambandet vere ferdig, seier Svarstad som har site i kommunestyret i 12 år.

 

Bildet er frå ordførarskiftet for fire år sidan, då Einar Kjerpeseth ga frå seg klubbe og ordførarkjede til Kåre Olav Svarstad.


Ryddig festivalsommar 2007 10.01.2007

Festivalarrangørane i fylket har prata ihop og unngår i sommar at fleire arrangement vil gå same helga. Nyleg vart det kjent at Rockweekend gjekk med underskot på 100 000 kroner, mellom anna på grunn av kræsj med DumDum boys konsert i Florø.

 

 

I år vert det difor rock i Bremanger 19. til 22. juli,  helga før det er klart for FotballFlora.

Sommarfesten i Førde, og Glopperock avviklast òg på forskjellige helger i år. Henholdsvis 8.-10. juni, og 14.-17 juni.

 

Og frå Malakoff på Nordfjordeid si nettside les vi at  Amulet (bildet), Rockettothesky, The Lionheart Brothers, Desperado og Waste er klare til  Rockfestivalen 3. og 4. august 2007. Festivalen har femårsjubileum, det vert markert med utvida arrangement, fleire band og internasjonale artistar på plakaten.

 

Planen er at 20 band skal spele på Malakoff Rockfestival til sommaren. Tidlegare har det vore plass til 16 band i løpet av dei to festivaldagane. I 2007 blir det ei mindre scene i tillegg til den store utescena, dermed er det plass til endå fleire band. Begge scenene skal brukast både fredag og laurdag, og dei blir brukte om kvarandre slik at ein slepp å vente når det er omrigging mellom konsertane. Innandørsarrangementet i Valhall vert flytta ut, noko arrangørane reknar med gjev eit endå større billettsal.

 

 

 


Ny kultursjef tok til i dag 08.01.2007

I dag tok den nye kultursjefen i Bremanger kommune til i jobben Espen Frøysland har kjøpt seg hus på Langeneset saman med kona Christine. Dei har ei dotter på tre år, og ventar eit nytt barn i slutten av februar, fortel dei til Fjordenes Tidende.

 

- Eg gler meg til å starte i jobben, men vil nok bruke ein del tid på å setje meg inn i rutinar og sjå korleis ting fungerer, seier han. Tidlegare har han arbeidd som kulturkonsulent og rektor ved kulturskulen i Svelvik kommune i Vestfold. Han kjem frå Drammen er 34 år. - Eg veit at mykje av det som skjer innan kulturlivet i Bremanger er basert på frivilig innsats og veit at det er viktig å spele på lag. Derfor vil eg bruke ein del tid på å bli kjent med folk og kva funksjonar dei har, seier Frøysland til Fjordenes Tidende. Han hadde sin første dag på jobben måndag 8. januar.

 

 Les heile saka i papirutgåva fredag. 


Unn fikk kongepokal 08.01.2007

 

I helgen vant Unn Kvendseth (26) sin første seniortittel i volleyball. Svelgen-jenta som bor i Kristiansund var sterkt delaktig da Koll slo BSI 3-0. (Foto: Fjordenes Tidende). Det spesielle med den tidligere Svelgen, Tambarskjelvar, og Klepp-spilleren er at hun jobber og bor i Kristiansund, mens hun spiller for Koll i eliteserien.
-Jeg trener med herrelaget til KVBK som er blant landets beste, sier Unn, som også er formann i klubben der samboeren spiller. Etter sesongen 99-2000 flyttet Unn til USA der hun spilte i collegeserien i fire sesonger. -Her hevet jeg meg som spiller. Det var høyt nivå på lagene, og det var et system som virkelig fremelsket toppidrettsutøvere, sier Unn som presiserer at det var et helt annet nivå på skoleserien i California enn det vi har i den hjemlige serien i Norge. Les hele saken i Fjordenes Tidende .


Årsmøte Bremanger Høgre 08.01.2007

                       

Bremanger Høgre held årsmøte onsdag 10.januar 2007 kl.18.15 på Klausen Industrier i Svelgen.

Vi oppfordrar alle, både medlemmar og de som ønsker å bli medlem, til å møte!
Om du ikkje allerede er medlem av Bremanger Høgre vil dette kunne ordnes på møtet.

Årsmelding og rekneskap er tilgjengelig hos styret. 

Styret i Bremanger Høgre


Levende musikk siste fredag i kvar månad

Lasses Kro satsar på levande musikk 08.01.2007

Lasses Kro satsar frå og med januar på å ha levande musikk siste fredagen i kvar månad. Dette vil vere variert musikk, og ein nemner mellom anna country, blues, irsk, og dansemusikk.

           

Første arrangement vert fredag 26. januar, når Tina spelar til dans. Elles er mellom anna Cowgirls (29/6) og Gil Edwards (langfredag) engasjert.

         

Biletet syner Gil Edwards.


Grendaturnering i volleyball 08.01.2007

Torsdag 11. januar startar grendaturneringa i volleyball, "Veteran`s Champions League 2007", opp. Denne turneringa vil foregår annakvar torsdag i Svelgen Idrettshus, i tidsrommet 20.30-22.00. Dei som ønsker å sjå sitt eige grendalag i forsøk på å treffe ballen, er velkomne i idrettshuset. Forutan 11/1, vert datoane som følger: 25/1, 8/2, 22/2, og 8/3.

 

VCL vart også arrangert i 2000, og vart påbyrja etter initiativ frå Olav Ommedal. Han var også PRESIDENT for arrangementet, og etter utallige oppfordringar har den same PRESIDENTEN no teke initiativ til ny grendaturnering. I invitasjonen frå PRESIDENTEN, til kapteinane til laga som vart invitert til å delta, var det mykje humor og ironi. Ein nemner mellom anna at spelarane på laga måtte kunne telle til minst tre, og at spelarane burde kunne treffe ballen på minst to av ti forsøk.

 

Laga som stiller er Sande, Langeneset, Villabakken, "De veltrente", Naustneset, og "De ungdommelige". Etter ryktene som går på bygda har nokre lag førebudd seg med mellom anna høgdeopphald på Sandsegga, strekkmaskin for å auke kroppshøgda/rette ut krøkte ryggar, med "høgdehus" i hagen til spelararane, og utstrakt bruk av "lovens lange arm". Overgangsryktene surrar også for fullt på bygda.

 

Les meir om VCL på STIF-sida, som du finn  her.


Fotball

Spelarmøte for herrelaget til STIF 05.01.2007

Det vert halde møte vedr. A-lag i sesongen 2007

 

Tid:     Tirsdag 9. januar 2007  kl. 20.00

Stad: Svelgen Idrettshus

 

Les meir på STIF-sida.


Ledig stilling som fagleg leiar 05.01.2007

Ved driftseininga Bremanger bu- og servicesenter (BBS) på Kalvåg er det ledig 100 % stilling for fagleg leiar frå 01.04.07. Sjå utlysing på link til venstre.

Cupfinale i volleyball på NRK

Unn på TV på laurdag 04.01.2007

Mest sansynleg vil vi svelgarar kunne sjå Unn Kvendseth i aksjon på TV laurdag 6. januar, under cupfinalen for kvinner i volleyball. Kvendseth sin klubb, Koll, møter BSI. Kampen sendast direkte på NRK2 kl. 13, og ein kan og sjå opptak frå cupfinalane for damer og herrar på NRK1 kl. 17-17.45. I finalen for herrar er Førde eit av laga på bana. Les meir om TV-sendinga her. 

 

Svelgen.no kjenner ikkje heilt sikkert til om Kvendseth stiller i cupfinalen. Men dette er svært sansynleg då ho har vore den spelaren som har slått inn flest poeng for Koll i fleire av kampane ho har spelt, etter at ho gjorde come back i norsk toppvolleyball eit stykke ut i årets sesong.

 

Svelgen.no oppmodar svelgarane om å følge med på TV laurdag, og nyttar høvet til å ønske Kvendseth lukke til i cupfinalen.

 

Korleis det går i kampen kan du lese her,  her,  her og her.


BREMANGER ARBEIDARPARTI ÅRSMØTE 04.01.2007

Bremanger Arbeidarparti held årsmøte fredag 09.februar 2007 på ”Dampen”  i Davik kl 18.00.

 

Saker til Årsmøte må styret ha i hende innan 26.01.2007

 

Styret


Bremanger vil ha kompetansesenter 04.01.2007

Bremanger kommune er ein av fem kommunar i fylket som innan tidsfristen har søkt om å få bli vertskommune for regjeringas nyskaping, Kompetansesenter for Distriktsutvikling. I vårt fylke får dei konkurranse frå fire andre kommunar; Førde, Flora, Gloppen og Eid. 

Ordførar i nyttårsintervju:

Næringsutvikling viktigast 04.01.2007

Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad ser næringsutvikling og samarbeid på kysten som nokre av ei aller viktigtaste sakene å arbeide for i 2007 – som også er eit valår.

Les heile nyttårsintervjuet i Firdaposten .



STIF

Aerobic 02.01.2007

 

   Det vert aerobictrening 

   onsdag 03. januar kl.19.30!


Den nye desemberrekorden vart 645,7 mm

216 mm nedbør over årsnormalen 02.01.2007

Ved månadskiftet oktober/november skreiv Svelgen.no at ein måtte ha "uoppnåelege" 1008 mm nedbør på dei to siste månadane for å nå årsnormalen for Svelgen (2570 mm). Men ettersom november gav den nest høgste månadsverdien nokon gong (577,9 mm mot normalt 318 mm) og desember gav ny nedbørsrekord (645,7 mm mot normalt 293 mm), kom årsnedbøren opp i 2785,9 mm. Dette er 215,9 mm over årsnedbøren. Høgste døgnverdi i 2006 vart målt om morgonen 6. februar, då ein målte 67,3 mm.

 

Som nemnt fall det heile 645,7 mm nedbør i desember 2006. Dette er høgste desember-verdi sidan ein byrja med nedbørsstatisktikken i 1939. Det meste som kom på eit døgn i desember var 62,3 mm, og ingen døgn var heilt utan nedbør.

 

Pr. 2/1 har det kome nedbør i 42 døgn på rad i Svelgen. Frå den 21/11 kl. 7 til 22/11 kl. 7 var det eit einsleg døgn utan nedbør, og før den tid hadde det falle nedbør i 23 døgn på rad. I følge 7-dagarsvarselet for Svelgen er det lite som tyder på at neste nedbørsfrie døgn er nært foreståande.


Tor Hjalte har vore med sidan starten i 1981

Pegasus med 25-årsjubilèum i Florø 02.01.2007

Firdaposten skriv mellom anna: "Dei starta i Svelgen for 25 år sidan. Fredag 30. desember 2006 spelte dei for ei stappfull Haavebu og billettane vart nok ein gong utselt fleire veker i forvegen.

           

Tor Hjalte er den einaste som har vore med sidan orginaloppsetninga. Leiaren i Florø Rockeklubb fortel at Pegasus er eit heilt anna band i dag enn dei var i 1981 då fem svelgarar såg mot stjernene og skapte Pegasus. I dag har Pegasus blitt den største garantisten for rockeklubben, rett og slett på grunn av at dei alltid spelar for fulle hus. Og fredag var stemninga høgre oppunder taket enn nokon gong.

     

Tor Hjalte starta som bassist i bandet. Åsmund Nesbø og Norvald Rogne spelte gitar, Jarle Djuvsland var pianist og Frank Igland var førstemann på trommer. No er det berre Hjalte igjen og han har sidan 1984 spelt gitar. Sidan 1981 har bandet opplev mykje. Det har vore diverse konstellasjonar og på midten av 80-talet opplevde Pegasus si første storheitstid. Dei investerte i bilar og i eigen PA og hadde sin eigen kjendis i frontfigur Arild Kristoffer Standal alias Chris Q. Han fronta bandet og skreiv låtane." 

  

Biletet ovanfor syner Tor Hjalte i 1981, då Pegasus vart starta. Den gong var Hjalte også ein uvanleg talentfull fotballspelar både på STIF sine yngre lag, og på Trostevegen sitt suverene gatelag.

  

Les heile saka og sjå bildene til Firdaposten her.


GODT NYTT ÅR!! 01.01.2007

 

Så skriv vi 2007, og redaksjonen ynskjer alle lesarar eit godt nytt år med desse bildene frå rakettoppskytinga på Sande nyårskvelden.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars  April