Arkiv April 2014

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
 

Laurdag 03.05 på Svelgen Hotell

KOKKEN TOR

- ein hyllest til norsk rock –

Kokken Tor er eit av Noregs mest populære og etterspurte band til å presentere norsk rock på norsk.

Kokken Tor er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som består av det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hitkonsert med låtar frå Dum Dum Boys, deLillos, Jokke og Valentinerne, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget m. fleire. Bandet består av musikarar med bakgrunn frå mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren kuttar straumen!

Bandet har de siste årene jobbet seg opp et rykte for å være det "galneste" og "råeste" norskrock partybandet som ruller langs norske veger.

Kokken Tor er :

Vokal/gitar : Torbjørn Gran

Gitar : Kim Arin Schei

Bass : Thomas Lillerovde

Trommer : Jan Otto Hovden

Spesialpris for overnatting!!

Enkeltrom kr 400,-

Dobbeltrom kr 600,-

(frokost inkludert)

cover kr 200,-

Frå kl 22.00

18 års aldersgrense




Bakarhuset held stengt 30.04.2014

 

Bakarhuset held stengt fredag 02.mai.

 


Ottar Befring til Svelgen Pensjonistlag sitt 40-års jubileum 29.04.2014

Tidligare statssekretær og Fylkesmann, Ottar Befring er invitert som gjest og talar til Svelgen Pensjonistlag sitt 40-års jubileum, som skal feirast i morgon, onsdag 30. april. Les meir om arrangementet på Keipenstova si side.

Ottar Befring  (født   19. november   1939  i   Stardalen  i   Jølster ) er en norsk offiser,   bonde ,   Ap-politiker  og   embedsmann .

Ottar Befring startet i   Forsvaret  (1959), tok   krigsskolen  (1966) og   stabsskolen . Han virket som   offiser  i   hæren  til 1978 da han overtok familiens gard i Stardalen. Befring var president i   Norges Forsvarsforening  2005–13.

Han har sittet i   kommunestyre  og   fylkesting , og hatt vervet som styreleder ved   Sogn og Fjordane Teater . Befring var   statssekretær  i   Landbruksdepartementet  (1992–1997) under   Gunhild Øyangen  og   Dag Terje Andersen  (1992–1998), landbruksdirektør i   Møre og Romsdal  (1998-2002) og var   fylkesmann i Møre og Romsdal  fra 2002 til 2009.

Han er bror til professor Edvard Befring . (Wikipedia)


Tur til Keipen 1. mai 29.04.2014

Turen til Keipen vil gå fra Førdedalen 1. mai. Oppmøte ved Sørdalsvann kl 0900 så kjører vi til Førdedalen - det er for lite snø ved søre Hjelmevatn.
Turleiarar Kjell Morten Langedal tlf 99742288 og Svenn-Petter Kjerpeset tlf 95898565


Konsert med Sigrid Moldestad m/band i Botnane. 29.04.2014

Laurdag 14. juni 2014, kl.16.00, er Sigrid Moldestad og musikarane hennar attende i Botnane for å halde konsert med songane dei spelte inn i grendahuset der i fjor haust. «Brevet til kjærleiken» heiter CD-en med tekstar av Jan-Magnus Bruheim, som har fått berre 5- og 6-arar i lokal- og riksaviser og radio.

 

- «Haustkveld ved havet» har alt som skal til.

Bergens Tidende

  - Det er som om ordene er skrevet til hennes melodier.

Dagbladet

- Nok eit meisterverk,

Sogn Avis

  - Vellykket kjærlighetsprosjekt,

Aftenposten

  Det vert utekonsert bak grendahuset i Botnane der Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) budde i sju år, frå 1978 til 1985. – Sju gode år, sa han sjølv om åra i Botnane. Han kom dit etter eit intervju med journalisten Magni Øvrebotten 1. november 1978. Han fortalde at han alltid hadde hatt lyst til å bu ved kysten, men det hadde aldri laga seg. Den 12. desember flytta Bruheim frå Skjåk til Botnane.

 

Der vart han svært godt motten.   Han vart "Bruheimen" for alle, og diktinga hans tok preg av at han budde der. Totalt gav Jan-Magnus Bruheim ut 45 lyrikk-, prosa- og barnebøker, og elleve av dei kom ut medan han budde i Botnane.  

 

15.februar 2014 var det 100 år sidan Jan-Magnus Bruheim vart fødd i Skjåk. I det høve kom det ut ei ny "Dikt i utval 1941-1988", med Ove Eide som redaktør. Og CD-en «Brevet til kjærleiken» med Sigrid Moldestad. Fyrste konserten var i ei fullsett Midtgulen kyrkje 16. februar, og Moldestad og musikarane hennar turnerte både i Sogn og Fjordane og Hordaland for fulle hus i vekene etterpå. Like eins var det i Oslo.

 

- Men alt då vi var i Botnane og spelte inn CD-en visste vi at vi ville attende dit med ein konsert, seier Sigrid Moldestad. – Det var noko heilt eige med å spele inn CD-en der han hadde budd, henta motiv   og skrive fleire av dei dikta som vart songar, seier Moldestad.   

 

Det er Botnane og Årebrot grendalag som står som arrangørar av konserten 14. juni, og grendalaget var det fyrste som løyvde pengar til å gje ut ein CD med tekstar av Jan-Magnus Bruheim. Den er elles støtta av Bremanger kommune, Skjåk kommune, Norsk kulturråd, Fond for Lyd og Bilde, Fond for Utøvende kunstnere og Vennelaget for Jan-Magnus Bruheim.

 

Sjå elles: www.janmagnusbruheim.no

Her er link til kjøp av bilett:  pay.ebillett.no/velg_antall.php


Sesongstart Svelgen A-lag 29.04.2014

Fotballkamp Svelgen - Florø  den 29.04. kl. 19.00

Svelgen  sitt A-lag opnar sesongen med heimekamp mot Florø 4 på Svelgen stadion

tysdag den 29. April kl. 19.00.

Fjordårets sesong var dårleg med store tap mot dei fleste, og kun 1 

seier.

                           I år er laget forsterka og har trent godt.

                           Møt opp på Svelgen stadion og støtt laget til ein heimesiger.



Fotballkamp 28.04.2014

Gutar 13/14 spelar kamp mot Sandane  på Svelgen stadion den 28.april 

kl. 19.00.        

 

Vel møtt ! 


Eld/bål i Bremanger kommune

Det er no totalforbod mot eld/bålbrenning i heile Bremanger kommune grunna tørke.

Fobodet gjeld hovudsakleg i skog og utmark, men vis også varsomheit ved gilling ved privat bustad.


Forbodet gjeld til anna melding vert gjeve.




Svelgen kino 25.04.2014

The Amazing Spider-Man 2

          Søndag 27.april kl.20:00

               0


Barnetrim på bana i dag 25.04.2014

 

 

Sidan det er så fin vèr, vert barnetrimmen på bana i dag kl.16.45.

 

Kom og bli med!


Vatnet på Sande kjem attende! 24.04.2014

På grunn av to brot på hovudvassledninga på Sande har heile Sande vore utan vatn store delar av dagen i dag.

Skadane er no retta opp i og vatnet vert skrudd på at.

Det kan ta litt tid før vatnet kjem i kranene.

 

Brotet har skjedd rundt Sandevegen/Solvegen og rundt Sandevegen/Hjortevegen.

Teknisk avdeling oppfordrar bebuarane på Sande til å opne kranene og la dei stå ei stund, slik at det fortare fyller seg opp att med vatn.

Vi beklagar alle problem dette har medført.



Årets "Tour de Bremanger" vert arrangert laurdag 24. mai 22.04.2014

Årets "Tour de Bremanger", som vert det 8. i rekka, skal etter planen arrangerast laurdag 24. mai. Så set av denne datoen.

 

"Tour de Bremanger" er ein sykkeltur (IKKJE eit sykkelløp) rundt Bremanger kommune via Bremangersambandet, med start og avslutning i Svelgen. I år om i fjor vert det båt frå Kavåg til Svelgen på returen.  Meir informasjon vil kome etterkvart, men det er berre å få unna vårpussen av sykkelen og førebu kroppen på det som skal skje. Det er Per Arne Sæterlid med gode medhjelparar som står bak denne populære sykkelturen. 

Biletet nedanfor er frå eit tidlegare år.





Elkem Bremanger

Utslepp til luft hjå Elkem Bremanger 22.04.2014

På grunn av tekniske utfordringar med avsugsvifter i røykrenseanlegget vil røyk frå Omn 5 gå til friluft utover ettermiddag og kveld.

Spørsmål som er knytt til utsleppet kan rettast til Leo Cirotzki 950 30 381


Svelgen seniordans 22.04.2014

Påskeferien er over - og seniordansen startar opp igjen . Same tid og same stad!



Storm.no sitt påskevêr for Svelgen 16.04.2014


Minner om betaling av medlemskort og treningsavgift til STIF 16.04.2014

Alle som deltek på treningar i Svelgen Idrettshus og på Svelgen Stadion skal betale medlemskort og treningsavgift til STIF.

   

Fylgjande satsar gjeld for treningsåret 2014:

   

Medlemskort:                                               Treningsavgift:
0 - 7 år    100 kr                                              0 - 7 år    150 kr

8 - 17 år  200 kr                                              8 - 17 år  500 kr

18 - 59 år  300 kr                                           18  og oppover 800 kr

Over 60 år 100 kr (livslangt).                        Kvart 3.barn gratis (gjeld kun treningsavgift).

  

Gjest 300kr (gjeld dei som er heime kun i feriar og ynskjer å trene).

  

Betal til kontonummer 3776.30.11462.

  

Hugs å merke betalinga med namn og alder på den/dei innbetalinga gjeld.

 

STIF ynskjer alle gamle og nye medlemmar velkommen!

 

Derom det er noko du lurer på, ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth tlf. 905 80 055. 

 





Bakarhuset kafe

 

Opningstider i veke 16

 

Tirsdag 15. april: 10.00 - 14.00

 

Onsdag 16. april: 10.00 - 11.30

 

God påske!


Vær obs på snø i Grytadalen 14.04.2014

 

 

Vær obs på at det er snø både i Grytadalen og Myklebustdalen mandag morgon 14. april (kl. 07.10), dersom du har lagt om til sommardekk. Følg med på webkamera øverst i høgre hjørnet her på Svelgen.no


Spinning i påska 13.04.2014

 

Det vert spinning søndag 13.april kl.19.00 og tysdag 15. april kl.20.00.

 

Det vert ikkje spinning skjærtorsdag og 1.påskedag.

 

Vibeke.




Svelgen kino 12.04.2014

 

              Rio 2

  Søndag 13.april kl.17:00

 

                       0


Svelgen kino 12.04.2014

            

             Divergent

  Søndag 13.april kl.20:00

            0


        Bakarhuset kafe

 

Opningstider i veke 16

 

Tirsdag 15. april: 10.00 - 14.00

 

Onsdag 16. april: 10.00 - 11.30

 

God påske!



Aksel får vite at han er finalist gjennom Nytt på Nytt-gjengen 10.04.2014

  


Jostein fekk haik over fjorden 09.04.2014

Jostein Eimhjellen fekk ikkje plass på ferja over til Stårheim. Det løyste han galant med å kjøre bilen opp på ein påhengar som var ledig ombord. Les heile historia på NRK!



ELKEMKOPP TIL INGUNN, LIV OG LIV
Elkemkoppane for mars er trekte. I mars vart det då kopp til Ingunn Nesbø (nr. 88) på Gulebrystet, Liv Nybø (nr. 1245 Risevatnet 3,5) og Liv Sigdestad Brekke på Knekkevatnet. GRATULERER.

No i april skal vi trekke koppar på Moldahytta, Risevatnet 3,5 og på Sandsegga. I mai skal vi trekke på Knekkevatnet, Omvendeskaret og på Gulebrystet . 

  KEIPEN TURLAG FJELLTRIMMEN




MANGE TURGLADE BORN OG FORELDRE TIL MOLDAHYTTA 6/4
 
40 born møtte opp og var med på tur til Moldahytta idag. Keipen Turlag hadde åpa hytte. Det var quiz langs stien både til vaksne og born. Blant borna som hadde alt rett vart det trekt ut 3 heldige vinnere som fekk kvar sin premie (Turbobamse, drikkeflaske og turkopp). Alle borna som deltok på turen fekk kvar sin refleks.  Blant dei vaksne vart det trekt ut ein vinner som fekk boka Lek og Lær (bok om tips til aktiviteter for born ute i naturen)
Vertskapet på Moldahytta serverte kjeks/saft og suppe til oss. Tusen takk til alle som møtte opp idag. Vi blir veldig glade når det er så mange som blir med oss på tur.
 
Det er no lagt ut fjelltrimbok for Barnas Turlag på Moldahytta og det kjem ei på Ivervann også. Det vil her bli trekt ut eit barn på Moldahytta og eit barn på Ivervann kvar måned- den heldige vinn ein elkemkopp. Idag vart det trekt ut to på Moldahytta - dette var Anja Hatleset og Idun Lind Håøy - vi GRATULERER!
 
Vil du melde barnet ditt inn i Barnas Turlag (0-12 år)så kan du gå inn på turistforeningen.no/keipen - trykk så på medlem. For eit barn koster det 115kr i året og alt går til Keipen Turlag.
 
Barnas Turlag indre


Svelgen kino 03.04.2014

          Glassdukkene

   Søndag 6.april. Kl.20:00 -  Kinopremiere 4.april

                   0


Åpe hus på Moldahytta søndag 06.04 02.04.2014

.
Keipen turlag ynskjer velkommen til åpe hus på Moldahytta søndag 06.04 frå kl.12.00 til 15.00.Servering av suppe,saft,kaffi og kaker.Vegen finn du sjøv på merka sti frå Langeneset,Rise eller Ytrehus. VELKOMMEN.

Info. Telefon 91102654     

KEIPEN TURLAG


BARNAS TURLAG TIL MOLDAHYTTA 03.04.2014

 
På søndag er det åpa hytte på Moldahytta, og då vil vi i BT indre ta turen opp.
Vi starter frå Tiurveien kl 1130. Det vil bli hengt opp quiz langs stien - her er spørsmål både til born og vaksne. Alle barn som deltar får premie - i tillegg til at det vert trekt ut 1 vinner blant dei vaksne og 3 blant borna som har alt rett på quizen. Desse får då ein ekstra premie. Ta med deg litt mat og drikke, sitteunderlag. Ta gjerne med ei ekstra par sokker då det er litt vått i stien(evt goretexsko)
Håper mange barn og foreldre tar turen. Vi gler oss
 
Barnas Turlag v/Inger Lise Langedal   mob 47063543



Historisk og vittig fra Lahlum på Svelgen-besøk 03.04.2014

I kveld har Svelgen hatt besøk av ein av dei mest profilerte personane her til lands for tida, nemleg Hans Olav Lahlum.   Det var langt frå fullsett storesal, men Lahlum tok ei rask kviskrande opptelling for seg sjølv før han annonserte at Svelgen – eller Bremanger som han insisterte på – var det best besøkte arrangementet på denne miniturnèen. - Prosentvis i høve til folketalet i kommunen, understreka han.   Han takka biblioteket i Svelgen for invitasjonen og rosa dei for gjennomføringa.

Utgangspunktet hans var 1814 og grunnlova. Med mange merksnodige sidespor tråkla han seg gjennom dei siste 200 åra i kjent stil. Mellom anna fekk vi vete at ingen frå Nord-Norge fekk vere med på Eidsvoll fordi posten med innbydinga ikkje kom fram før ein månad etter grunnlova var ferdig og stempla.

Han fortalde om skiljet mellom høgre- og venstreblokkene i norsk politikk – som var skarpt i mellomkrigsåra. Dei gjekk i kvar sine mai-tog, las kvar sine aviser, budde på kvar si side av byen og handla aldri på same plass. Mellom anna hadde ein konservativ redaktør uttalt at «Samvirkelag omtales bare om de brenner ned».   Han fortalde om Israels statsminister Golda Meir som var misunneleg  på Einar Gerhardsen si regjering, som ikkje vart valt – men gjenvalt. Det skal ho ha fortalt til Haakon Lie, som Lahlum mange år seinare skreiv biografien til.

Lahlum er også veldig interessert i kvinnene sine kampar opp gjennom åra. Norge var 4. landet med allmenn stemmerett for kvinner. Nyleg fekk Saudi Arabia, som siste stat i verda, også denne retten.   – Pluss at dei får lov å sykle. Innafor eit avgrensa område, dersom dei er heilt tildekt og i følgje med ein mannleg slektning, la Lahlum tørt til.

I tillegg til å vere historikar har han gitt ut fire kriminalromanar, ein ungdomsroman, ei quizbok og fleire biografiar. Han er sjakkentusiast, politikar og ein tørrvittig humorist som fekk folket i Svelgen til å bryte ut i latter mange gongar gjennom dei to timane arrangementet varte.

Vi seier takk for besøket og velkomen tilbake.


Førehandsvarsel 1. mai - arrangement på Samfunnshuset 03.04.2014

1. mai blir det arrangement på Samfunnshuset i regi av fagforeningane på Elkem. Det blir servering, underhaldning og tale ved Nils A. Støyva. Set av dagen, så kjem vi tilbake med meir informasjon seinare.




  • Anleggsområdet for det nye omsorgssenteret skal no gjerdast inn.

På området ligg der:

                                  - T o hengarar

                                    - Ein del VA-leidningar  

                                    - 4 stk. båtar

 

Er det nokon som eig/ eller kjenner til kven som eig dette utstyret så er det fint om de kan melde ifrå til Servicekontoret eller Frank Husevåg.

Mail: post@bremanger.kommune.no eller tlf. 57796300


Asfaltering i Svelgen sentrum i vår 02.04.2014

No ser det ut til at det blir asfaltert i Svelgen sentrum. Fjordenes Tidende skriv; Så snart snøen er borte og telen ute av bakken er Statens vegvesen og fylkeskommunane klare for vedlikehaldsarbeid på slitne vegdekker både på veg og gang- og sykkelvegar.

Det er planlagt å vedlikehalde vegdekket på over 3.360 kilometer i 2014, og bruke 2,2 millionar tonn asfalt her i landet denne sommaren.

Mellom anna asfaltering på Fv 614 Svelgen sentrum.


Pilates avlyst torsdag 02.04.2014

 

Det vert ikkje pilates i morgon, torsdag 03. april.

 

Bjørg.


Sosialtrening for hund!

Det vert sosialtrening for hund torsdag klokka 19.00 ved Svelgen oppvekst.

Ta med deg hund, hundeposer og godbiter til hunden.

 

Ingen hund er for liten, eller for stor. 

 

 

Vel møtt.


Overfølsam fiber stansar TV og Internett i Svelgen 01.04.2014

Dei som er tilknytt Enivest sitt fiber, vil i løpet i dag eller morgon oppleve brot på Internett og eventuelt TV-signal. Grunnen er truleg at fiberen ikkje er lagt djupt nok, i følgje dagleg leiar Nandor Helgheim (pressefoto).

Godvêret siste dagane har ført til fleire sprekker i fiberen, og Enivest fryktar fullt brot dersom veret held fram.

Svelgen.no kontakta Enivest på grunn av hakkete TV-signal og ustabilt nett, og fekk stadfesta at det er oppdaga bristar fleire plassar.

-          -  Våre kundar i Svelgen må førebu seg på at fiberen ikkje vil fungere nokre veker framover, i og med at vêrmeldingane er så gode denne veka også. Det er berre å beklage. Samstundes er vi glade for at det som har skjedd i Svelgen har gitt oss ein peikepinn på at vi kanskje må legge fiberen djupare andre plassar, seier Nandor Helgheim.

Internett og TV i Svelgen vil ligge nede ei vekes tid framover for å finne ut feilen.

På spørsmål om det let seg reparere, svarar Helgheim at dei ikkje har vore ute for tilsvarande problem tidlegare.

Satsa på asfaltering

-           -   Vi kan ikkje heilt forstå kvifor dette har skjedd akkurat i Svelgen og ikkje andre stadar. Eitt poeng kan kanskje vere at vi la kabelen litt høgare i delar av Svelgen, i og med at vi hadde fått beskjed om at det skulle asfalterast like etter vi hadde lagt ned fiberen.   No melder Statens Vegvesen at det ikkje vil bli asfaltert i Svelgen før i 2016, opplyser Nandor Helgheim.

-           I tillegg ligg Svelgen i ei slags «gryte» som gjere at solsteika i det siste har ført til ei overoppvarming av fiberen, legg han til.

Den eksakte årsaka til at det fiberen i Svelgen truleg vert øydelagt, veit Helgheim ikkje.

-           Nei, det er eit mysterium. Eventuelt eit samantreff av fleire uheldige omstende som vi ikkje rår over.

- Vil kundane i Svelgen bli knytt opp til vanleg nett medan utbetringane pågår?

 

Kan bli dyrare for kundane

 

-           - Vi  kan ikkje knytte oss til andre leverandørar sine nett. Det seier seg sjølv. Og fiberkundane i Svelgen har i avtale med oss sagt opp andre nettløysingar.

-           -    Vil kundane få kompensasjon?

-           - Tvert om vil dette føre til store meirkostnadar for oss. Vi skal gjere vårt beste for at rekninga ikkje vert høgare enn fastsett for kundane i Svelgen, men det kan vi ikkje garantere, seier Helgheim. Kor mykje høgare rekninga vil bli for Svelgen-kundane vil han ikkje ut med.

-         - Det dreier seg berre om nokre få 1000-lappar, seier han.

-        - Det vil bli varmare i løpet av våren og sommaren. Har ikkje Enivest tatt høgde for det?

-           - Som sagt, trur eg dette er eit resultat av Svelgen sin geografi og vi er svært glade for å kunne bruke denne kunnskapen vi no har fått vidare i utbygginga i for eksempel Høyanger, seier Nandor Helgheim.

-            - Men du må rekne med at kundar i Svelgen vil protestere mot å betale for ei vare som ikkje blir levert?

-           Svelgen har våre mest trufaste kundar, så eg trur dei både forstår at kostnaden kanskje blir litt høgare enn estimert og at vi vil bruke litt tid på å ordne opp i dette. Så får vi berre håpe at veret framover ikkje blir fullt så bra, sånn at fiberen held, avsluttar dagleg leiar i Enivest, Nandor Helgheim.

 

 

Fakta om fiber: Ein fiberoptisk kabel formidlar lyssignal i staden for straumpulsar. Dette betre hastigheit og kapasitet, samanlikna med tradisjonelle kablar som tidlegare har vore nytte til telefon- og kabel-TV-signal


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars