Det var ein interessert flokk av investorar, leverdørar, representantar frå offentlege instansar og moglege kundar som vart viste om på det nyopna anlegget i Breivika i Svelgen tysdag. Anlegget, som held til i eit nybygg på 2.000 kvadratmeter like ved vasskanten, har kosta 30 millionar kroner så langt – og det er lite samanlikna med kva andre yngelprodusentar har investert, slo ein av investorane, Yngvar Aagaard, fast. Han styrer med oppdrett nord i landet, i selskapa Balsfjord Havbruk og Tysfjord Havbruk, og står klar til å ta imot yngel frå Bremanger-verksemda.

Som Lofotfiske

Han er mellom dei som har store forventningar til den produksjonen som har starta opp i Svelgen. Det blir rekna med at oppdrett av torsk kan bli minst like stort som laksenæringa.

– I 2010 snakkar vi om 100 tusen tonn, det vil seie i klasse med eit lofotfiske, så dette har dimensjonar, slår han fast.

Administrerande direktør i NMY, Helge Osland, deler optimismen. No er produksjonen i gang i verksemda der det er henta inn det fremste av tilgjengeleg teknologi og kunnskap frå heile verda. Det gjer at NMY ligg heilt framme når det gjeld alle slags løysingar, fortel han.

Det nye anlegget er fleirdelt og omfattar alt frå stamfisk, som leverer egg, til larveklekkeri og tankar på rekkje og rad for yngel. Produksjonen går kontinuerleg, og storleiken varierer frå den eine tanken til den neste, alt etter kor mange dagar dei har levd. Dei minste er så små at du knapt ville lagt merke til dei om dei sumde rundt i vassglaset ditt. Men dei er glupske og aukar vekta si med 25 prosent om dagen, så etter nokre veker har dei blitt såpass at dei faktisk liknar fisk. Menyen består i hovudsak av levandefôr i form av småorganismar som hjuldyr og algar, som også blir produserte ved anlegget.

Stor yngel

Det er som sagt yngel som er verksemda sitt produkt. Denne kan bli levert i ulike vektklassar alt etter kva marknaden vil ha – frå fem gram til 60-70 gram og meir. Ikkje minst av omsyn til verdiskapinga i verksemda, er det ein fordel å få levere så stor yngel som mogeleg. Verksemda har også søkt om 11 konsesjonar for oppdrett og har så langt fått innvilga to konsesjonar for stamfisk.

Det var SND-direktør Halvor Flatland som stod for den høgtidelege og offisielle opninga av anlegget. Det gjorde han ved å helle ei mugge med fôr ut i eine yngeltanken. I talen sin sa Flatland at NMY er å sjå på som et nasjonalt prosjekt som legg grunnlag for stabile leveransar av torskeyngel i stor skala. Det er eit innovativt anlegg som vil bli ein betydeleg aktør i marknaden, meinte Flatland. SND har gått tungt inn med finansiell støtte til NMY med seks millionar kroner i tilskot og endå meir i lån. - SND kan ikkje gjere så tunge løft i framtida, sa Flatland som mante til samarbeid nettverkbygging med andre aktørar i næringa.

Varmtvatn

Noko av føresetnaden for at NMY kunne etablere seg akkurat i Svelgen, er leveransane av varmtvatn frå Bremanger Smelteverk. Det såg ei stund spøkje ut med omsyn til dette vatnet, men no når Omn 5 ved smelteverket er sett i ny drift, er vassproblematikken løyst. Verksemda har 11 tilsette og er såleis ein viktig tilvekst til næringslivet i Svelgen.

Styreleiar Mons Alfred Paulsen reknar med at drifta vil vere i normalt gjenge i løpet av dette året. Med normal drift meiner han då også lønsam drift, presiserer han