Dette ifølgje Konkurransetilsynet si liste over landsdekkande kraftleverandørar. Prisane er rekna ut etter eit gjennomsnittsforbruk på 20.000 kWh i året.

Sogn og Fjordane Energi har sett prisen ned til 43,50 øre (medrekna fastprisen) og er dermed på tredjeplass på denne lista.

Prisane for dei ti billegaste landsdekkande varierer mellom 42 og vel 48 øre pr. kWh.

Lista ser slik ut:

1. Hydro Texaco 42,15 øre pr. kWh

2. Forbrukerkraft AS 42,78 (forskotsbetaling)

3. SFE Kraft AS 43,50

4. Lier Everk AS 43,90

5. Shell 44,95

6. Gudbrandsdal Energi 45,14

7. Fitjar Kraftlag PL 46,50

8. Ustekveikja Energi AS 47,25 (forskottsbetaling)

9. Lyse AS 47,70

10. NorgesKraft As 48.49

Transportutgiftene (nettleiga) kjem som vanleg i tillegg, slik at prisen innom veggen til vanleg hushald blir mellom 65 og 70 øre pr. kWh. Ein periode i vinter måtte ein til samanlikning ut med rundt kr. 1,20 pr. kWh.