Byggjesteg 2 på Rv 616 Kolset-Sørdalen er kostnadsrekna til 268 millionar 2001-kroner. Utrekningar som Firdaposten har fått frå Kystvegutvikling AS, viser at nedlegging av ferja på strekninga Smørhamn-Kjelkenes som følgje av ovannemnde utbygging, vil gje ei innsparing på 160,7 millionar over ein periode på 25 år. Når den norske Regjeringa no opnar for alternativ bruk av ferjetilskot, gjev dette ny optimisme for framskunding av andre etappe av fastlandssambandet.

– Allereie i fjor kom det signal frå samferdselsministeren om at ho var open for ein ny type vegfinansiering, der innsparte ferjesubsidiar inngår som delfinansiering av nye vegprosjekt. I den samanhengen skreiv vi eit brev til departementet, der vi orienterte om byggjesteg 2 på fastlandssambandet. Vi har også hatt god dialog med vegkontoret her i fylket, og tidlegare vegsjef Lars Lefdal, så saka vår er godt kjend både i departementet og hos vegstyresmaktene, fortel dagleg leiar Ragnar Hagen i Kystvegutvikling AS.

Han håpar at når Regjeringa no, også i budsjettsamanheng, går inn for at innsparte statlege kostnader over ferjebudsjettet kan brukast til å gjennomføre utbygging av vegsamband som erstattar tidlegare ferjesamband, så vil dette slå positivt ut for den vidare gjennomføringa av fastlandssambandet til Bremanger.

– Vi arbeider no med å få legge fram vegprosjektet for den nye vegsjefen, og håpar å få til eit møte i nær framtid, seier Hagen vidare.