Dette er gjort ved hjelp av særskilde inntektsføringar og avsetningar i årsoppgjeret.

– Kommunen blir igjen ”redda” av meir eller mindre tilfeldige faktorar, som gjer at vi ikkje går med driftsunderskot, men ser vi på drifta isolert, viser den eit underskot på 5.232.378 kroner. Det betyr at kommunen har eit misforhold mellom inntekter og utgifter, og dette gapet blir større for kvart år. Denne gongen var det nye rekneskapsreglar for pensjon og aksjeføringar som gjorde at kommunen fekk eit godt rekneskapsmessig resultat, fortel økonomisjef Reidar Håvardstun.

Må ta ansvar

Distriktsrevisor Terje Førde meiner at eit overforbruk på 5,2 millionar kroner er eit forholdsvis dramatisk resultattal å ta med seg inn i eit nytt driftsår, og skriv i revisjonsmeldinga si at dette er noko som både administrasjonen, dei ulike driftseiningane og kommunestyret må ta inn over seg, og gjere noko med.

– Ser ein isolert sett på driftssituasjonen for 2002, så viser denne at aktivitetane og det økonomiske nivået på dei tenestene som faktisk vert utført, ikkje står i stil med dei midlane som er tilgjengelege gjennom dei budsjettrammene som kommunestyret har fastlagt. Dette står driftseiningane og administrasjonen ansvarlege for, påpeikar Førde.

Urovekkjande avvik

Han viser til at det er urovekkjande store avvik mellom driftseiningane sine budsjettrammer og rekneskapstala, og at overskridingane i einskilde driftseiningar er av eit slikt omfang at distriktsrevisjonen ikkje kan tilrå godkjenning, med mindre kommunestyret aksepterer meirforbruket og dei disponeringane som er gjort. Distriktsrevisoren stiller også spørsmål kring manglande budsjettjusteringar og konsekvensjusteringar av årsbudsjettet.

– Dersom tenestebehovet er større enn vedtekne rammer tilseier, eller det er reell underbudsjettering, så står Bremanger kommune overfor store utfordringar framover i tid, der også rente- og avdragsbelastningane vil legge stadig større beslag på tilgjengelege driftsinntekter, skriv han i revisjonsmeldinga.

Innsparingsplan

Rekneskapstala for 2002 vart lagde fram for politikarane i finansutvalet tysdag, og rådmann Tor-Kristian Gulhaugen meinte at det no er all mogeleg grunn til å legge seg i selen for å få tenestetilbodet på eit nivå som kan forsvarast økonomisk.

– Vi ser heilt klart at tenestetilbodet er for høgt i høve til den økonomiske evna vi har, og dersom vi ikkje gjer noko no, vil vi om få år vere på kanten av stupet, hevda han.

Fleire av politikarane, mellom dei Roar Førde (H) og John Ove Bratseth, tok også til orde for at det no er naudsynt å gå gjennom drifta av heile kommunen for å finne innsparingar.

– Vi må lage ein innsparingsplan for å få drifta i reell balanse, og ikkje berre på papiret, meinte dei.