Telenor har som kjent lova betre mobildekning i Norddalsfjorden og distriktet ikring. Ein av grunneigarane, Ove Hatleset, har nyleg sagt i Firdaposten at ingen har kontakta han om det spørsmålet, og han er imot at det kjem mobilsendar på Hatlesetnipa.

Telenor har gitt uttrykk for at dei prioriterer saka, og vonar å få sendaren på plass i år.

– Vi vonar verkeleg dette kan realiserast, saman med ei antenne i Sundafjellstunnelen (pluss de to små utafor Førde), slik at det blir god mobildekning på innfartsvegane til Florø, seier Helland.

Det verdfulle med ein sendar på Hatlesetnipa er at den vil gje god dekning til Norddalsfjorden og vegen opp til Magnhildskaret som i dag ligg heilt eller delvis i mobilskugge. Samstundes vil sendaren betre dekninga av Høydalsfjordane og delar av Eikefjorden, og vidare utover i øyane.

– Mobiltelefonen er i dag for folk flest, og ein veldig viktig reiskap for næringslivet, også i form av data og vakttenester, redning og beredskap. Vi vonar som sagt at grunneigarane kan kome i ein god dialog med Telenor, til gjensidig nytte, og ikkje minst til nytte for næringsliv og mobilbrukarar i Flora, seier Helland til slutt.