Medan mange andre berre snakkar om tiltak mot utstøyting av eldre frå arbeidslivet, og samfunnsverdien av å ha seniorane lenge i arbeid, har Bremanger kommune allereie gjort noko konkret med det.

Har handla

Det er snart eitt år sidan Bremanger kommunestyre gjorde vedtaket om ein eigen seniorpolitikk for kommunalt tilsett, truleg som den første kommunen her i fylket.

Hovudvernombod i Bremanger kommune, Monique Levang, som sjølv er senior, er ikkje mindre rosande til ordninga. Den er eit veldig bra tilbod til eldre arbeidstakarar. Eg har høyrt berre godt om den, seier Levang.

Alle tilsette i Bremanger, kommune lærarane medrekna, får ein tusenlapp ekstra i løn i månaden om dei held fram i full stilling etter at dei passerer 62 år. Hittil har 22 personar skrive slik seniorkontrakt. Eit velfortent tillegg, meiner både Bøen og Levang. Dei har enno til gode å høyre misunnelege yngre kritisere ordninga. Eit alternativ er meir tilrettelagt arbeid med fleire fridagar og fleksibel arbeidstid.

Prisar eldre

Målet med det heile er å vise at Bremanger kommune prisar eldre arbeidstakarar, få dei til å stå lengre i arbeid og gjere seg nytte kompetansen dei har.

– Det skal ikkje vere slik at du ikkje kan endre karriereveg når du blir senior. Vi ser at dei som har jobba i kommunen i nokre år har samla seg mykje kunnskap som vil ta langt tid for nye å opparbeide. Seniorane er også veldig stabil arbeidskraft, hevdar personalsjefen.

No utgjer også seniorane ein veldig stor del av dei tilsette i Bremanger kommune. Faktisk er ein femtepart av dei knappe 420 personane som hevar lønna frå Bremanger kommune over 55 år.

Kommunen ville store problem med å rekruttere nok kvalifiserte folk, om mange tidleg skulle velje å gå ut som i pensjonistar.

Kurstilbod

I tillegg til ein tusenlapp ekstra skal kommunen legge opp til samtalar og ei rekkje kurstilbod i samband med at den enkelte passerer visse milepelar i alder. 45 åringane får tilbod om midtlivsseminar og 55 åringane såkalla seniorseminar.

Ved same alder har dei og tilbod om samtalar med næraste sjef om justering av kariereplanar og andre jobbønskje. Ved passert 60 år har alle kommunalt tilsette i tillegg tilbod om kurs som førebur for pensjonsalderen.

Reint generelt skal alle seniorane i kommunen få høve til å utvikle seg gjennom kurs- og vidareutdanning.

– Alt er enno ikkje kome i gang. Men eg trur dette skal gå veldig bra, kommenterer Bøen