Dette viser rapporten som Bremanger Vekst, reiseliv, har lagt fram etter sommarsesongen, som blir karakterisert som god. Vingen-feltet var ope for publikum kvar søndag i juli og august, og det var sett opp faste båtturar frå Leirgulen, med eigne guidar om bord. Ifølgje rapporten fungerte dette godt. Dei fleste som ville vere med, ringde på førehand, og på den måten hadde dei ansvarlege ei viss oversikt over kor mange som ville vere med. Nokre av søndagane var det så mange at båten måtte gå to vender. Guidane Annette Nødset Rosø, Gunnar Skjølberg, Lars Olav Rylandsholm, Håkon Lisæter (på oppsett tur frå Kalvåg til Vingen) og Hildegard Strømmen Nygård rapporterer om interesserte gjester, som viste stor respekt for forboda. Tilbakemeldingane frå publikum var også positive.