Viltforvaltar Rune Indrehus fortel at i oktober i fjor vart ein mindre elgokse sett og fotografert i Dalsbotten og i Berle. 25. juni i år vart ei elgku observert av to fritidsfiskarar ved Gaddeskogvatnet i Vingelven.

I september har hjortejegerar i same valdet sett spor og elgskit, og laurdag 27. september vart det sett elgspor i Myklebustdalen i Midtgulen. Det kan godt vere at det er spor etter same dyret som rypejegaren Hans Arild Berg såg ved riksvegen i Grytadalen søndag morgon.

– Same dagen, rundt middagstida, såg Svein Hatleset ein tretagga elgokse i Vasskaret på Haukåsida, på veg nordover mot Indrehusmarka. Han melde frå til leiaren i viltnemnda, Lars Myklebust, fortel viltforvaltar Rune Indrehus.

– Mi oppmoding er at elgen må få gå mest mogeleg i fred. Til jegerar vil eg seie: Ver varsame, så ein ikkje kjem i skade for å felle elg i hjortejakta, legg han til.

Han ber elles om at folk følgjer opp med nye opplysningar til viltnemnda i Bremanger kommune, anten ved

leiar Lars Myklebust eller viltfagleg ansvarleg Rune Indrehus.

Tidlegare er det også sett elg fleire stader i indre Nordfjord. I indre Sogn er det så mykje elg at det i tre kommunar er gitt løyve til ei avgrensa jakt.

Også lenger ute i Sogn, på sørsida, er det spreidde registreringar, likeins i indre Sunnfjord, bl. a. Førde og Jølster.