Det konstituerande møtet i det nye Bremanger kommunestyre baud ikkje på overraskingar. Med ti stemmer frå Arbeidarpartiet og to frå SV, vart Kåre Olav Svarstad valt til ordførar for dei neste fire åra. Motkandidaten hans, Einar Kjerpeseth (Sp), fekk dei resterande 11 røystene.

Dermed var det duka for eit skifte mellom dei. I ein enkel seremoni, med den høgtidsstemninga som er naturleg ved eit slikt høve, overlet Kjerpeseth plassen sin, samt ordførarklubbe og –kjede, til Svarstad.

Dette var også stunda for dei velvalde orda.

– Vi har hatt ein kjempeordførar og eg føler det som å hoppe etter Wirkola, sa Kåre Olav Svarstad. Han viste til dei to periodane Kjerpeseth har vore ordførar. Det har skjedd mykje i denne tida. Økonomien i kommunen har vore god, men det blir likevel ei stor utfordring å ta over og vidareføre arbeidet, sa Svarstad som bad om eit godt samarbeid med alle.

– Det er viktig å få det nye kommunestyret til å fungere som eit kollegium til beste for kommunen og innbyggjarane.

– Tenk positivt. Får vi det til, vil det også smitte over på innbyggjarane, sa Svarstad vidare. I talen sin lova han også å byggje vidare på det som har blitt kalla Kulturkommunen Bremanger. Samhandlinga mellom kultur- og næringsliv er noko som har blitt lagt merke til i andre kommunar, sa Svarstad som også minte dei andre politikarane om at dei er valde av innbyggjarane og at dei er arbeidsgjevarar for kommunen sine tilsette.

Heller ikkje valet av varaordførar førte til overraskingar. Isak Berle (SV) vart programmessig valt til å fylle dette vervet. Også her var Einar Kjerpeseth motkandidat. Men resultatet var gitt på førehand; Berle vann med 12 mot 11 røyster.