På internettportalen noreg.no har Vestlandsforsking og Statskonsult gjort ei vurdering av offentlege nettstader. Her får Flora fire stjerner (av seks). Medan Flora få godkjent, får nabokommunane Bremanger og Askvoll to stjerner.

Utdatert

I Bremanger kommune (www.bremanger.kommune.no) skortar det mykje med omsyn til oppdatering. Det verste dømet er at under «møteplan» kjem det fram ei oversikt som gjeld for våren 2001. Dei har heller ikkje følgt opp utfallet av kommunevalet og opererer med feil ordførar. I tillegg inneheld oversikta over e-postadresser namn på folk som for lengst har slutta i kommunen. Det er ikkje spesielt imponerande. Det er derimot eit pluss at den kommunale informasjonstrykksaka, «Bremanger-nytt», også blir lagt ut på nettet. Det same gjeld for høyringsutkastet til arealdelen i kommuneplanen. Dette vitnar likevel om ein viss sprik i ambisjonane og viser at kommunen ikkje har ei definert haldning til bruken av heimesidene.

Skal betre seg

Bremangerrådmann Tor-Kristian Gulhaugen seier dei i kommunen er smerteleg klare over manglane. Men meininga er å gjere noko med dei. Administrative intranett-løysingar er under innføring, slik som i Flora, og store delar av dette systemet skal også bli tilgjengeleg på verdsveven. Det er ikkje fastsett ein dato for gjennomføringa, seier Gulhaugen, men han reknar med at mykje skal vere gjort innan utgangen av første kvartal neste år.

Flora

Flora kommune har kome desidert lengst når det gjeld å satse på gode internettløysingar overfor publikum. I Bremanger kommune er nettsidene forelda og lite nyttige.

Det er heilt grunnleggjande årsaker til at Flora kommune (www.flora.kommune.no) har kome lenger enn dei to grannekommunane Askvoll og Bremanger når det gjeld vevløysingar.

Flora har gjort mykje for å integrere det interne saks- og arkivsystemet med verdsveven. Det vil seia at det som blir lagt ut på intranettet også kan gjerast tilgjengeleg for publikum utan at det kostar meir arbeid. Ny og oppdatert informasjon blir såleis rutinemessig lagt ut fortløpande.

Dette gjer at folk flest lett kan følgje med på kva som skjer i kommunen. Det er enkelt å klikke seg fram til listene for inn- og utgåande post. Møteplanar, saklister, ulike skjema og nyttig, praktisk informasjon er også lett å få tak i.

Les meir grundig i papirutgåva.