Då søknadsfristen gjekk ut rett før jul, hadde det meldt seg ni søkjarar. Ein av søkjarane har nytta seg av retten til å vere anonym, men av dei åtte som er offentleggjorde, er det fem kvinner som har søkt på stillinga som ny kultursjef. Søkjarane er som følgjer: Torill Monstad (32) frå Vadsø, Hanne Løkken (39) frå Bryne, Egil Lillerovde (43) frå Bremanger, Geir Arne Solheim (28) frå Ålfoten, Gunhild Berge Stang (29) frå Stongfjorden, Anita Solbakken (40) frå Florø, Tove Løkke-Øwre (32) frå Svelgen og Roy Dorholt (28) frå Bergen.

Kulturkommunen Bremanger har vore utan kultursjef sidan i august i fjor, då Claus Røynesdal slutta etter tre år i stillinga for å bli kommunalsjef i Aurland. Først i desember vart stillinga lyst ut, med søkjarfrist heilt inn i jula. Tidlegare på hausten fekk tidlegare skulesjef Gunnar Skjølberg tilbod om mellombels å bli konstituert i stillinga, men takka nei. På spørsmål om kvifor det tok så lang tid før stillinga vart utlyst, svarar personalsjef Liv Marit Bøen at det alltid er ei drøfting omkring ledige stillingar i kommunen, men at det til slutt vart konkludert med at det rettaste var å lyse ut stillinga og tilsetje ny kultursjef i kommunen.

Personalsjef Liv Marit Bøen startar no arbeidet med å vurdere dei ulike søkjarane, og reknar med å kalle inn aktuelle kandidatar til jobbintervju ein av dei næraste dagane. Tilsetjinga vil skje i slutten av januar eller i byrjinga av februar.