Her skal Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal stå for den offisielle markeringa av sendingane frå fjelltoppen, som opnar opp dei siste større områda for GSM-brukarane i Flora.

Frå fredag av vil heile Norddalsfjorden, store delar av turområdet frå Ålfotbreen og vestover til riksvegen over Magnhildskaret, og i sørleg retning frå Eikefjord og utover til Barlindbotn og Stavang, no vere sikra skapleg mobildekning.

På toppen av Hatlesetnipa vil driftsleiar Martin Ramsdal i Firda Settefisk lokke med kvitvinsdampa blåskjel og laks. Han legg opp til å mate 75 personar, men kjem der fleire skal alle få, men då må porsjonane bli litt mindre, seier Ramsdal. Han har alt sendt ut invitasjonar til eit femtitals personar. Mellom anna til eit par klasser ved Solheim skule i Norddalsfjorden. Men alle er velkomne til markeringa, seier både Ramsdal og ansvarleg for Telenor si mobilnettutbygging, Bjørn Amundsen. Det einaste som kan øydelegge for gildet er dårleg ver. Men førebels er i alle fall meldingane på festarrangørane si side.

Ramsdal var sjølv initiativtakar til sendaren. Ved settefiskanlegget hadde dei basert heile varslingssystemet sitt på personsøkjaropplegget til Telenor. Men fordi dette skulle avviklast no i haust, prøvde han å få kontakt med Telenor for å få GSM-dekning som erstatning. For settefiskbedrifta er eit akseptabelt varslingssystem så viktig at det heile var eit spørsmål om å halde fram å drive i Norddalsfjorden eller ikkje

– Det tok meg faktisk to år å få kontakt med rette ansvarlege.

Men då eg først fekk tak i rette personen, har dette gått veldig fort, både i Telenor og andre instansar. Særleg er det grunn til å rose grunneigarane og Flora kommune for rask ekspedering, seier Ramsdal. Sjølv vernefolket la fort til sides motstanden mot masta som er plassert på fjelltoppen som dei siste åra er blitt eitt av dei store turmåla i Flora.

– No har vi berre nokre få mindre, svarte busette område att i Flora kommune som enno ikkje har akseptabel GSM-dekning. Dette gjeld mellom anna sørsida av somme av øyane, opplyser næringskonsulent Ole Svanøe som har handtert saka for Flora kommune.