Dei vel 400 som hadde funne vegen til stadion fekk sjå ein underhaldande fotballkamp av to lag som ville ha alle tre poenga. Likevel må vi seie oss snytt med tanke på at kampen var "slaget om Sunnfjord" kor både Florø og Førde sto med 23 poeng før dommar Inge Seglem plystra i gong. Den intense rivaliseringa som har vore sjarmen med desse kampane verkar ikkje å ha gått i arv med dei nye spelarane som har kome opp.

Jamt

Kampen sett under eitt var jamn. Førde var det klart beste laget i første omgang, medan heimelaget hadde det meste av initiativet i andre. Stikk i strid med korleis målprotokollen skildra kampen.

Frank Hatleset sette heimelaget i føringa med eit av sine klassiske mål. Dei ti andre i brunt på bana veit no at dei berre kan legge ein lang ball ut mot høgre så blir den nådd opp av lynvingen frå Kringomvegen i Svelgen. Hatleset klarte å markere seg i kampen sjølv om han hadde ein sterk Terje Sørbø i ryggen i 90 minutt. FSK var i føringa, men berre tre minutt etterpå får Førde straffe. Bjørn Henrik Knapstad redda først skotet frå Tore Evensen, men returen vart nikka i nettet. Berre seks minutt seinare kunne Førde kaptein legge på til 1-2 for gjestane.

Klisje

Med berre fem minutt igjen til kvile fekk FSK innkast i frå venstre. Frank Hatleset tok turen på motsett side for å treffe dei brune på første stolpe.

Langt innkast i frå sida, med stuss på første stolpe og aggressivitet mot andreballen, har vore fasiten for mange av måla til Sportsklubben i år. Det var også slik Trond Hatleset scora 1-0 målet sist dei to laga møttest i Førde. Denne gangen var det FSK kaptein Torstein Strømsøy som lukta kor stussen ville komme. Kapteinen banka utlikninga i nota. 2-2 var også stillinga ved sidebytte.

Returane!

Sten Erik Solheim sende Førde i føringa seks minuttar ut i andre omgang. Og for tredje gong i kampen var det ein retur som vart putta i nota bak en utspelt Bjørn Henrik Knapstad i Florømålet. Den mobile førdevingen skulle også vise seg å bli matchvinnar.

For Florø Sportsklubb skulle og returar og kamp om andreballane vere det som senka heimelaget på Florø Stadion. For det var nok av sjansar til at FSK i alle høve kunne berga eitt poeng. Det tidlege målet til Førde i 2. omgang gjorde at gjestane kunne legge Benny Rivedal som einsleg spiss og sikre bakover. FSK var for lite kontante og kyniske i jakta på utlikning, og etter kvart som det vart lite tid att, glapp konsentrasjonen. Småspelet vart for lite presist.

Ikkje ufortent at Førde vann, då dei utanom tre mål hadde to ballar i ramma. Når det er sagt var dommar Inge Seglem ingen populær mann på tribunen i Florø.

Kampfakta:

3. divisjon avdeling 11

Florø Stadion

Florø Sportsklubb – Førde IL 2-3 (2-2)

Tribune: Ca 400

Mål:

1-0 Frank Hatleset (9. min)

1-1 Tore Evensen (12. min)

1-2 Kai Kilnes (18. min)

2-2 Torstein Strømsøy (42. min)

2-3 Sten Erik Solheim (51. min)

Gule kort: Stig Strømsøy, Christian Olsen – FSK, Endre Navarsete Tore Evensen - Førde

Dommar: Inge Seglem - ÅTIL

BB: Stig Strømsøy

FSK: Bjørn Henrik Knapstad, Trond Hatleset, Stig Strømsøy, Torstein Strømsøy, Cristian Nygård, Christian Olsen (Joakim Sundsøy 77. min), Frode Ulltang, Frank Hatleset, Einar Brath (Kurt Kurtzhals 70. min), Vegard Slettvåg Kvammen (Erik Melvær 45. min) Bengt Solheim-Olsen.