NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Full fyr i enebolig i Hyllestad

    Brannvesenet er på plass etter melding om brann i en enebolig i Tauningvegen i Hyllestad kommune. Vest politidistrikt melder at huset står i full fyr, og at det er observert åpne flammer ut av vinduet. Beboerne skal ha kommet seg ut selv.

    Ifølge Bergens Tidende skal det ikke være fare for at brannen sprer seg.

    – Huset skal være frittstående, sier vaktkommandør ved 110-sentralen Helge Lund til BT.

    Politiet fikk første melding om brannen 16.29.

  • Slost med pinnar vegbana i Jølster

    Ein man i 60-åra er tatt med til sjukehus etter å ha slost med pinnar med ein mann 40-åra. Klokka 13.42 måtte politiet rykke ut til Vassenden i Jølster der dei to slost med pinnar i vegbana. Den ein vert opplyst å vere noko blodig i andletet, den andre har smerter i ein fot. Politi har avhøyrt begge dei involverte.

  • MC-førar omkom i kollisjon

    Ein motorsykkel og ein bil kolliderte like etter klokka 14 ved Søfteland i Bjørnafjorden. MC-føraren omkom i ulukka, melder politiet på X.

    Motorsykkelen var på veg mot Os, medan bilen kom køyrande mot Bergen. Berre førar i bilen. Bilføraren, ein mann i 40-åra, hadde smerter i ei hand, men elles uskadd og har fått tilsyn av helse på staden.

    Ulukka har skjedd like ved bomstasjonen og tidlegare Er-An veikro. Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden. Vegen er no stengd og omkøyring mellom Os og Bergen via Lyshorntunnelen.

  • Eldre mann til sjukehus etter ulukke

    Ein mann i 80-åra er flogen til Haukeland universitetssjukehus etter ei ulukke på Stårheim i Stad kommune. Hendinga vart meldt kring klokka 10.40. – Mannen skal ha kome i klem mellom førarhus og eit hjul på ei gravemaskin, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt. Mannen vart funnen av eit familiemedlem, og var medvitslaus då han vart frakta til sjukehus. Politiet kan førebels ikkje seie meir om helsetilstand. Politiet har gjort tekniske og taktiske undersøkingar på staden. Det kommunale kriseteamet vart straks kopla på for å vareta familien.

Fleire nyhende