Svelgen.no Historie 

SVELGEN HISTORIKK

SKRIVE AV MAGNI LOTHE

Svelgen 1920


Til toppen

BUSETNAD - NÆRING

Første spor etter menneske her, er ei steinøks som vart funnen på Sande. Kva tid folk busette seg på Sande og Rise-gardane veit vi lite om. Skriftelege kjelder som set namn på menneska som budde her, finn ein først i 1563. Då viser skattelistene at Ivar på Rise betalte 1 daler i bondeskatt. I den tida det var ein gard på Sande og to på Rise.

Livsgrunnlaget i bygda heilt fram til 1900-talet var husdyrhald, fiske, jakt og ikkje minst skog- og sagdrift. Dei hadde årgangssager (med vassføring heile året) både på Rise og Sande.

I 1603 betalte "Lars i Gulen" 3 daler i skatt av årgangssag og 2 daler i bordskatt av 30 tylfter bord. Fossekrafta i elvane her har såleis vore nytta lenge før den industrielle utbygging tok til.

Sandesaga Vasskrafta i Svelgen vart nytta lenge før industrireisinga tok til. Både Rise- og Sandegardane hadde sagbruk ved Svelgselva som har gjeve staden namn. Svelgselva var ei av dei få elvane i distriktet som hadde vassføring heile året. I tørkebolkar vart tømmer fløytt inn til sagbruka her.

I åra fram mot 1700 vart det truleg teke ut så mykje tømmer at storparten av den tilgjengelege, drivverdige skogen var uthoggen. På 1800 talet vart det skogsdrift i Svelgsdalen. Erik Olsen Nord, Stortingsmann frå Nordfjordeid, er den eldste vi kjenner til som dreiv regulær skogshogst i dalen frå 1830 og utetter.

Skattebøkene viser også at det stundum har vore knapt med pengar for bøndene her.

I 1886 kjøpte til dømes lensmann Edvard Falch sørsida av Svelgsdalen på tvangsauksjon for 25 kroner av grunneigaren på Rise som skulda 7.98 kroner i skatt.

Folketellinga frå 1801 fortel at det då budde 11 menneske på dei to bruka på Sande. På Rise var det fire bruk med ein busetnad på 25. Det var også minst to husmannsplassar her. Ved folketellinga 100 år seinare er folketalet omlag det same. I den tronge fjordbotnen var det ikkje meir dyrkbar jord som kunne gje livsgrunnlag for fleire.


Til toppen

KRAFTUTBYGGINGA

På fjellhyllene i området rundt Svelgen er det mange store og små vatn. Store nedbørsmengder, snøsmelting frå brefonner og det høge fallet ned mot fjorden gjorde staden svært interessant då utbygginga av fossekrafta tok til rundt århundreskiftet. Mellom desse fossane var det Svelgsfossen som har gjeve namnet til bygda.

Overrettssakførar Kristen Faye frå Bergen som også hadde fabrikkverksemd i Stongfjorden, vitja Svelgen i 1906.

Faye fatta stor interesse for staden, og fekk straks i gang forhandlingar med grunneigarane og byrja med kartlegging og oppmålingar. 3. mars 1924 var A/S Bremanger Kraftselskab skipa med ein aksjekapital på 180 000,- kroner og med Faye som ein av dei tre store aksjonærane. Aksjane kostar kr. 1000,- pr. stk. Og det var også mange her i distriktet som teikna seg for ein aksje eller to.

Dette var fyrste steget på den vegen som skulle forandre den vesle isolerte bygda i ein bortgøymd fjordbotn på Vestlandet til ein moderne industristad.


Til toppen

INDUSTRIREISINGA TEK TIL

Under 1. verdskrig var det gode økonomiske tider, aksjekapitalen vart utvida fyrst til 5.4 – så til 7 millionar kroner. Det vart bestemt at krafta skulle nyttast til sinkproduksjon. Våren 1917 kom ingeniør Diderich H. Lund til Svelgen som anleggsleiar.

Folketalet auka frå rundt 40 til omlag 400 på kort tid. Husrom var det lite av, det vart ikkje plass til så mange rundt på dei seks gardane. Til dømes vart stova til Per B. Rise nytta som anleggskontor. Noko av det fyrste storarbeidet som måtte gjerast var å sette opp provisoriske brakker til arbeidsarane. Bygging av permanente bustadhus kom også i gang denne sommaren. Taubanebygginga oppetter bratte fjellier tok til, fyrst til Kneikevatnet og Svelgsvatnet, seinare forlenga til Hjelmevatnet.

Nordfjord 1 Den 12. Juli 1917 kom "Nordfjord 1" ekstratur med turbinrøyr for den provisoriske kraftstasjonen som vart oppsett omlag der garderobebygget står i dag. Dette var det fyrste rutegåande båtstoppet i Svelgen. Fast ruteferdsel vart det ikkje før året etter, då bryggja på Riseøyra vart bygd.

Inntil den tid måtte folk, post og varer hentast på Kjelkenes med motorbåt. Det vart stor stas då dei fyrste elektriske lysstrålane vart sende utover bygda i mai 1918. Det vart då produsert 400 Hk, og fyrste tida var stasjonen i gang berre i arbeidstida. På den tida vart også det fyrste tunnelpåhogget kom i gang noko seinare.


Til toppen

VANSKANE MELDER SEG

Sinksmelteverket skulle plasserast i Breivika og Langeneset, og grunnarbeidet tok til i 1918.

Det vart også bygd familiebustader, brakker, lagerbygg og trekai i Breivika. Fyrste verdskrig tok slutt i november 1918. Trongen for metall på verdsmarknaden vart med eitt minimal. Sommaren 1919 frettest det at det var dårlege tider for sinkprodusentane. Styret for Bremanger Kraftselskab skjøna at sinksmelting ikkje hadde noka økonomisk framtid med dei produksjonsmetodane ein då hadde. Kort tid etter vart arbeidet i Breivika stoppa. Etter ein oppreinskningsperiode vart alt stilt, og folk måtte reise frå staden.


Til toppen

KRAFTPRODUKSJON

Kva skulle dei så nytte den elektriske krafta til? Ålfoten Interkommunale Kraftselskab, skipa i 1918, var i gang med førebuingsarbeidet til kraftanlegget i Ålfoten. Etter drøftingar mellom selskapa i Svelgen og Ålfoten, var det inngått kontrakt om levering av 3.400 kW frå Svelgen for 20 år framover. I økonomiske vanskelege år var denne kraftleiga einaste innkome for selskapet i Svelgen.

Bygging av kraftliner og arbeidet med tunnelen og kraftstasjonen kunne såleis halde fram. Den fyrste vellukka trykktunnelen her i landet (det vil seie ein tunnel utan foring med røyr) vart bygd her.

Kraftstasjonen vart bygd samtundes med at anleggsarbeidet ved Svelgsvatnet dreiv på, og 1. oktober 1921 kom kraftstasjonen i ordinær drift.


Til toppen

STILLSTAND

Ingeniør Jens Kjølberg kom til Svelgen i 1919. Han var oppteken av å finne betre smeltemetodar for produksjon av sink. I 1921 vart det bygd ei forsøkshus i Breivika. Ei tid såg det lovande ut, og fram mot 1924 vart det teke ut fleire patentar, også i utlandet. Men usikre og økonomisk vanskelege tider sette for alltid ein stoppar for sinkproduksjon i Svelgen.

Ulike interessegrupper var og såg på tilhøva i Svelgen, utan at dette førte til konkrete resultat.

Det var stor arbeidsløyse i landet, og ein vona i det lengste at krafta kunne nyttast til å skape fleire arbeidsplassar på staden, ikkje berre til kraftleveransar.


Til toppen

RUJERNSVERKET

Skipsreiar Wilhelm Jebsen, medeigar og styremeldem i AS Bremanger Kraftselskab og direktør for Christiania Spigerverk, Gunnar Schjelderup, kjøpte Rødsand Gruber i Romsdal i desember i 1926 med private midlar. Den unytta krafta i Svelgen skulle brukast til smelting av malmen frå Rausand. Dr. ing. Jørgen H. Andersen var administrerande direktør i selskapet frå 1923. Ein kan vel trygt seie at desse tre var drivkreftene bak det nye interessent selskapet som vart skipa – Bremanger Rujernsverk.

Eit relieff som no heng i gangen framfor storsalen i Svelgen samfunnshus, viser det opphavlege smelteverket og desse tre karane.

Nokre års dvale var over. Allereie tidleg i 1927 byrja førearbeidet til smelteverket som skulle byggast, og etter kort tid var anleggsarbeidet i staden i full gang. Opplæring av driftmannskap til den elektriske smelteomnen gjekk føre seg i Oslo ved Christiania Spigerverk der ingeniørane Georg Tysland og Ivar Hole hadde konstruert ein ny omn. Dei stod her for eit pionerarbeid innan elektrisk rujernssmelting. Dei leia også bygginga av den såkalla Tysland/Hole-omnen i Svelgen. Dette var dei to fyrste teknisk brukbare elektriske rujernsomnane i verda. Omnen i Svelgen var i drift i rundt 30 år.

14. november 1928 vart det fyrste jernet tappa ved fabrikken. Som handelsvare fekk det nye rujernet namnet "VanTit" avdi malmen frå Rødsand Gruber inneheldt vanadium og titan. Det var ny teknologi som her vart utprøvd, difor oppstod det ofte tekniske problem.

Manglande erfaring og kunnskap om virkningane av den nye teknologien var truleg årsak til ein slaggeksplosjon ved omnshuset. Ulukka skjedde den 17. November 1929 og seks mann miste livet.

I den mørkaste depresjonstida på 30 talet var det vanskeleg å marknadsføre eit nytt produkt. Verket kom i økonomiske vanskar, og ved ei refinansiering i 1933 trekte Christiania Spigerverk seg som interessent. Etter hausten 1933 var rujernsverket i drift utan avbrot eller nemneverdige opphald. Salet på verdsmarknaden gjekk lettare, og rekneskapet kom nær i balanse i åra før krigen. I 1936 hadde verket 166 tilsette.


Til toppen

KRIGSÅRA

Svelgen 1940 I løpet av 1938 skjøna leiinga ved verket at ein krig i Europa ikkje var til å unngå, og dei kjøpte difor inn det dei kunne av verkty og råvarer. Men allereie før Norge kom med i krigen 9. april 1940, vart det til dømes mangel på kalkstein, då leia nordover vart sperra. Råstoffmangel og etterkvart dårleg og nedslitt utstyr var problem ein måtte kjempe med. Likevel greidde ein på eit vis å halde hjula i gang opp gjennom dei fem krigsåra.

Tyskarane vart fast stasjonerte i Svelgen frå våren 1941. Særleg første tida førte dei streng kontroll og vakthald med verket. Hovudoppgåva deira, vart det sagt, var å verje kraftstasjonen og rujernsverket.

Dei tronge Gulenfjordane var gode gøymestadar for tyske båtar, og Svelgen vart nytta som konvoihamn. Siste krigsåra var det fleire flyangrep der engelske bombefly freista å senke skipa som la seg tett oppunder land inne i hamnebassenget.

Fjella i området var også gode gøymestadar, og der heldt motstandsrørsla til. Siste krigsåret budde der til dømes folk frå heimefronten i og to Linge-karar i ei hytte ved Sørdalsvatnet.

Då tyskarane kom til Svelgen tok dei over mellom anna Folkets Hus og Hus 8. Dei bygde og brakker på Sande. Bortsett frå ei vart alle straks rivne etter krigen.


Til toppen

ETTERKRIGSTIDA

Maskineri og omnsmateriell ved verket var heilt nedslite då krigen tok slutt i 1945. Attreising og bustadbygging var det som særmerkte fyrste tiåret etter krigen. Kontorbygget vart mellom anna sett opp i denne perioden. Damanlegget ved Hjelmevatnet vart bygd og ein fekk dermed ei jamnare drift i vassfattige år. Christiania Spigerverk hadde vanskar med å skaffe nok billeg kraft og stogga difor rujernsomnen i Oslo i 1947.

Året etter inngjekk dei ei samarbeidsavtale for minst ti år med Årdal Verk og AS Bremanger Kraftselskab om leigesmelting i Årdal.


Til toppen

EIGARSKIFTE

I 1955 gjekk Christianina Spigerverk inn som ny eigar av verksemda i Svelgen og namnet vart endra til Bremanger Smelteverk (BS), avdeling av Christiania Spigerverk. Gunnar Schelderup var då direktør for Spigerverket og mottoet hans var "Stillstand er tilbakegang". Desse orda gjaldt i høgste grad for Svelgen, der ei rivande utvikling tok til.

Det vart straks sett i gang ei storstilt utbygging av både kraft- og fabrikkanlegg. Fram til 1955 hadde verket berre eitt salsprodukt, Vantit. Vasskrafta kunne byggast vidare ut og nyttast til andre smelteprosessar og dermed gje verksemda fleire bein å stå på.

Ved å blåse oksygen inn i det flytande jernet fekk dei ei ny type jern. Bremanger smelteverk gjorde også her eit pionèrarbeid i utviklinga av det nye jernet som vart selt under nemnet BOB (Bremanger Oxygen Blown)

Omn II vart bygd for ferrosilisiumsproduksjon og kom i drift sommaren 1956. Fe-Si var eit nytt og vellukka produkt som selde godt, og sommaren 1963 vart det sett i gang endå ein ny Fe-Si omn. Omn IV, 15 000 kW, var rekna for å vere den største i verda på sitt felt. Gamle omn I vart ombygd i 1955, men produserte for lite og vart riven.

For å dekke den seinare aukande etterspurnaden vart ein ny rujernsomn oppsett, omn III. Den kom i drift i desember 1958, og med e driftsbelastning å optil 24 000 kW, var den då ein av dei største elektro-omnane i verda.

Frå fyrst i 1960-åra driv ein i Svelgen forsøk med framstilling av silisiummetall etter ein ny metode. Forsøka viste gode resultat, og i 1964 vart det set i gang eit anlegg for framstilling av Silgrain som er handelsnamnet på dette produktet.

Om Gunnar Schelderup:

Gunnar Schelderup var 31 år då han tok over sjefsstillinga ved Christiania Spigerverk i 1926, ei stilling han hadde fram til 1961. Han var ein ivrig pådrivar for utviklinga i Svelgen. Som ei påskjøning for det han har gjort for bygda, har hovedgata i Svelgen fått namnet "Gunnar Schelderupsveg".


Til toppen

LANDSKAPET ENDRAR SEG

"Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå", skreiv Ivar Aasen.

Dette stemmer nok for Svelgen sin del og. Bortsett frå fjella, har landskapet i bygda vore i gradvis endring frå utbygginga tok til og fram til i dag. Det var liten plass til utvikling og bustadbygging imellom fjella og fjorden. Manglande tomteareal har heile tida vore eit stort problem. Difor tok ein straks til med utfyllingar.

Masse frå tomteutgravingar, fjellhallar, tunnelar og slagg frå smelteproduksjonen vart tippa i sjøen. Storparten av det som i dag er Svelgen sentrum er bygd på desse utfyllingane.


Til toppen

KRAFTUTBYGGING

Då nedgangstidene melde seg for fullt i 1919, vart alt arbeid på Svelgen II (fallet Hjelmevatn-Svelgen) stoppa. Ein var då komen igang med tilrigging og påhogg på fire tverrslag. Brakker og utstyr vart forlete som det stod.

Dei trudde nok at tidene skulle betre seg og at det ikkje vart så lenge før ein kunne starte opp att. Det skjedde først i 1955, og då kunne ikkje noko av utstyret frå første anleggstida brukast. Det var nye tider og nye teknikkar, og berre to tverrslag kunne nyttast. Kneikevatn og Toppen. Der vart det gjennomslag i 1957.

Vatna på hyllene aust for Hjelmevatn, mot Ålfotbrèen, vart etterkvart overførte til Hjelmevatn. Dei ligg i eit særs vanskeleg terreng. For å kome fram til anleggsstadane måtte det sprengast råder og settast opp stigar. Då dette anleggsarbeidet tok til i 1958, ved overføring av fem vatn med fire tunnelar, vart det nytta helikopter.

Dette var det fyrste større anlegget i Norge som i det heile var basert på helikoptertransport. I den nye kraftstasjonen som var bygd inne i fjellet, vart det montert to aggregat med ei forsyning rekna til 10 millionar kWh.


Til toppen

VIDARE KRAFTUTBYGGING

Vatna i nærområdet vart etterkvart overførte til Svelgen I. Utbygginga av Indrehusanlegget tok til sommaren 1961 og vart sett i drift i 1963. Røyrgata og kraftstasjonen er her innebygde i fjellet og omlag 120 millionar kWh vert årleg overført til verket i Svelgen. Rettane til Nordalsvassdraget vart sikra, og vassdraget vart ferdig utbygd i 1972, med ei årsyting på rundt 250 millionar kWh. Berre på dette anlegget vart det sprengt ut 15 kilometer tunnelar. Samla tunnellengde ved verket sine anlegg er 35 kilometer. I den fyrste anleggstida måtte det meste gjerast med handemakt og arbeidet oppe i fjellet var nok ofte eit blodslit. Erfarne tunnelarbeidarar frå heile landet kom til Svelgen og fekk seg arbeid.

Av desse er 32 kilometer utsprengde etter 1955 då Christiania Spigerverk tok over. Det er bygd 13 damanlegg oppe i fjella, 11 av desse er bygde etter 1955. Den totale kraftkapasiteten er på rundt 625 kWh. Den gamle kraftstasjonen i Svelgen er framleis i drift og fungerer også som fjernstyrings-sentral for alle stasjonane.

I 1972 gjekk Christiania Spigerverk og Elkem-konsernet saman i ein fusjon. Namnet til verket i Svelgen vart endra til Elkem–Spigerverket AS, Bremanger Smelteverk. Seinare er namnet endra til Elkem Bremanger.


Til toppen

NYE UTVIKLINGAR

Produksjon og sal auka år for år. I 1969 tok ei ny anleggstid til. Nytt lager og plateverkstad var ferdig i 1970. Garerobe- og verferdsbygget frå 1960 vart påbygd. På dei to åra, fram til 1972, auka arbeidsstokken frå omlag 420 til del 520. I tillegg hadde entreprenørane over 100 mann i arbeid. Det var mellom anna for å auke produksjonen av Silgrain at ein ny FeSi-omn, Omn V på 45 000 kW, vart bygd samstundes med utbygginga av nytt Silgrain anlegg. Omn V kom i drift i 1971, Silgrain-anlegget året etter.

Omn V var datastyrt og den største smelteomnen i Europa. BS var dei fyrste til å ta i bruk den nye datateknologien. Alt i 1967 fekk ein prosesstyring av ferrovanadiumomnen. Noko seinare vart alle omnane datastyrte.

Silgrainanlegget hadde også eit knuseverk. Under reparasjonarbeid skjedde det den 18. oktober 1972 ein støveksplosjon. Denne ulukka krevde fem menneskeliv og fleire arbeidarar vart hardt skadde.


Til toppen

Rujernsproduksjonen vert nedlagd

Rujernsproduksjonen var starten for industriverksemda i Svelgen i 1928. I mange år var rujern av den spesielle kvaliteten Vantit, einaste produktet.

Med tilgang på billeg kraft var Verket konkurransedyktige på verdsmarknaden.

I utlandet nytta dei store masomnar til jernsmeltinga. Det vart stadig dyrare å ta ut malmen frå Rødsand Gruber, og produksjonen i Svelgen vart for dyr. Noko måtte gjerast, og valet stod mellom å utvide rujernsproduksjonen eller legge den ned. I heile 70 åra vart det arbeidd hardt for å finne ein rimelegare måtar å lage rujern på. Mellom anna vart det laga store planar for å legge om drifta på Rausand for å bygge eit heilt nytt rujernsverk med rulleomnar på Holmaneset utanfor Svelgen.

Det enda med at rujernsomnen vart nedlagt. Den 5. september 1982 kl. 15.46 stoppa rujernsomnen for godt. Ettertida har vist at dette var rett. Men det var eit drastisk vedtak som første til tap av mange arbeidsplassar.


Til toppen

FRÅFLYTTING

I byrjinga på 70 talet hadde vel 520 fast arbeid på Verket. Seinare er talet på tilsette redusert, og er i dag omlag 300. Den største reduksjonen kom då rujernsproduksjonen stoppa i 1982.

Ein del yngre familiar flytta då frå bygda. Ungdomen som vaks opp, var ikkje som tidlegare sikra arbeid ved Verket. Mange var nok pessimistiske ei tid, men med pionèrånd og stå-på-vilje har ein ved BS alltid makta å ligge langt framme i teknisk forsking og produktutvikling. Trass vanskar og konjunktursvingingar opp gjennom åra, har bedrifta i Svelgen vist seg å vere ei av dei mest solide i Elkem-konsernet.

I 1955 var knapt 600 menneske busette i Svelgen. Men med ei rivande utvikling ved BS steig folketalet jamt, og i 1980 var her vel 1700 med fast busetnad, i tillegg til mange vekependlarar.

Omstilling til annan produksjon har saman med automatisering og andre rasjonaliseringstiltak gjort at folketalet i bygda har minka. Dette viser kor viktig denne arbeidsplassen er for Svelgen.

Folketalet ser likevel ut til å ha stabilisert seg noko dei siste par åra. Ved årsskiftet 1994/95 budde det omlag 1325 menneske i Svelgen.


Til toppen

Frå forureining til salsprodukt

Renseanlegg Kupa Røyken frå omnane på Verket kunne ofte vere plagsam. Då omn V kom i drift sleppte han ut omlag 50 tonn støvpartiklar i døgeret, og tilhøva vart reint utrivelege. Det vart difor bygd eit reinseanlegg for omnen i Kupa bak verket. Dette kom i drift i 1978, og seinare er alle omnane tilkopla. Svelgen er no røykfri.

Den fyrste tida var deponering av avfallet frå reinseanlegget eit stort og kostbart problem. Etter kvart viste det seg at røykavfallet, microsilicaen, kunne nyttast i mellom anna betongindustrien. Sidan har dette vorte eit etterspurt salsprodukt. Ved Silgrain-anlegget vart mellom anna tungmetall av ymse slag sloppe ut i fjorden. I mange år vart det forska på korleis utleppa kunne reinsast og avfallet og framstillast til salsprodukt. På dette området og viste verket seg å vere ei pionèrbedrift. Det var ein stor dag då det nye ACH-renseanleggetanlegget, det fyrste i sitt slag, vart offisielt opna 27. mai 1992. I staden for å ureine fjorden, vert avfallsprodukta selde og nytta i prosessane ved vatn- og kloakkreinseanlegg. Men desse produkta er Elkem Bremanger også vorte ein kjemikalieprodusent.

Fotnote: Denne historia om Svelgen vart skriven i 1995. Mot slutten av 90 tallet vart ikkje produksjonen til ACH-anlegget lenger lønsam, og Elkem deponerer i dag ein del av avfallet på Langøya. Dei sel imidlertid fortsatt jernklorid, som er avfallsprodukt frå Silgrainanlegget.


Til toppen

BUSTADBYGGING - STORE PLANAR

Gamle teikningar vise at eigarane hadde storstilte planar for bustadbygginga i Svelgen då anleggstida tok til i 1917. På ein reguleringsplan frå mars 1919 er det teikna inn utfylling i sentrum, minst like store som det dei er i dag. Det var mellom anna teikna inn fleire store bustadkompleks i tre etasjar med over 100 husvære i kvar. Heile Kvelve og Rise var lagt ut til einebustadar.

Ulvesund Privatbank kom på langt at dei sette opp grunnmuren til eit bankbygg, og den stod som eit monument i Breivika heilt fram til byrjinga på 60 talet. Bremanger Kraftselskab engasjerte eigen arkitekt, Leif Rustad, som budde her fram til 1920. Rustadbakken har namn etter han. Ingeniørmessa, Hus 13, var hans private bustad og kontor. Austre fløyen vart nytta til hønsehus fyrste tida. Frå 1985, då Svelgen Nærradio kom i gang med hjelp frå Verket har radioen hatt sine faste sendingar i desse lokala.

(Fotnote: Svelgen Nærradio har ikkje vore i drift sidan 1996)

På Industristadar med mykje anleggsverksemd var det eit tydeleg skilje mellom funksjonærar og arbeidarar. Det vert hevda at dette klasseskiljet ikkje var så markert i Svelgen som på andre typiske industriplassar, men i dag kan vi sjå det på til dømes bustadbygginga frå den tida.


Til toppen

BUSTADBYGGING

Den fyrste permanente bustaden var Hus 1 på Villabakken bygd i 1918. Same året vart det sett opp to arbeidarbustadar med plass til åtte familiar i Tunet i Breivika.

Fyrste åra vart det og sett opp mange provisoriske brakker, men fleire av dei vart nytta til bustadhus heilt fram til 60 åra.

Husmangel var eit sort problem opp gjennom heile anleggstida. For å sikre stabil og dyktig arbeidskraft gjekk verket inn for å støtte privat bustadbygging ved til dømes å tilrettelege tomtar. I slutten av 1930 åra var det ein del privat byggeverksemd.

I 1956 la verket ut eit bustadfelt på Ivarplassen på Sande med 43 bueiningar. To år etter var bygging i gang på alle tomtane.

I Kvelve bygde verket fleire einebustader og selde dei ferdige husa.

På Langeneset, som i dag er det største bustadfeltet kom bygging i gang først etter at det vart gjenomslag for riksvegen på Kjelkenes i 1960. Då Sande II vart regulert i 1977, var det kommunen som hadde teke over ansvaret for bustadbygginga.

I dag bur dei fleste svelgarane i private bustader av høg standard, og mest alle eigedommane har både hage og garasje. Staden har vakse fram til å verte ein fin og triveleg bygdeby.


Til toppen

Frå utkant til kommunesenter

Bremanger vart skild ut frå Kinn og vart eigen kommune frå 1866 med Kalvåg som kommunesenter. Rundt 100 år seinare, i 1965, vart Davik sørside innlemma i Bremanger kommune, Svelgen vart då det naturlege kommunesenteret, og dei tilsette i kommuneadministrasjonen flytta til Svelgen. Dei fyrste åra fram til Rådhuset stod ferdig våren 1972, heldt dei kommunale kontora til i Hus 8 på Villabakken.

Frå utbygginga tok til i 1917 og fram til 1965, var det verket som stod for og la til rette all byggeverksemd i Svelgen. Dei bygde vegar til byggefelta, førte fram straum, vatn og kloakk og stod for alt vedlikehald fram til kommunen tok over ved kommunesamanslåinga.

Stadig fleire oppgåver er tillagt kommunen. Ved kommunesamanslåinga var det 8-9 tilsette i administrasjonen, i dag er det i alt rundt 50 tilsette ved dei kommunale kontora på rådhuset. Svelgen sjuke- og aldersheim stod ferdig i 1979 med plass til 42 eldre og pleietrengande.

(Svelgen sjuke- og aldersheim har seinare skifta navn til Svelgen bu- og servicesenter.)


Til toppen

Vegar og transport

Då anleggstida tok til 1917 var det knapt det ein kunne kalle veg i Svelgen. Krav om veg Ålfoten-Svelgen-Kjelkenes vart sett fram alt i 1919, men det skulle gå vel 50 år før dette vart ein realitet. All transport gjekk tidlegare med båt.

Rundt 1960 tok det til å skje noko. Då vart vegen mellom Svelgen og Kjelkenes opna. I oktober 1965 var vegen sørover til Haukå ferdig, og med ferje over Bjørnset vart Svelgen endeleg knytt til riksvegnettet. Hausten 1972 opna vegen Svelgen-Isane, og med ferjesamband til Stårheim vart staden no kopla til vegnettet nordover. I 1986 vart det bygd veg til Dyrstad, og dermed var og nordsida av fjorden knytt til vegnettet. Ferjefritt samband sørover fekk bygda fyrst i mai 1987 då Norddalsfjordbrua vart opna for trafikk.

Telefon

Rise telefonstasjon, seinare Svelgen, kom i gang i 1916. Dette var eit stort framsteg for staden. Tiedemann Rise var styrar alt frå fyrst av, ei stilling han hadde fram til kring 1950 då dottera Oddny tok over. Telefonstasjonen vart lagt ned då Televerket bygde automatsentral ved Risevågen i 1964.

Post

Peder B. Rise vart tilsett som postopnar på Rise i 1916 med ei årsløn på 300,-. Han hadde kontor heime i bustaden sin fram til 1925. Då vart postkontoret flytt til Stasjonskaia, og i 1949 flytt det til det nye lager- og kontorbygget på verket. I 1961 flytta posten til Samfunnshuset i 1971 til Rådhuset og ti år seinare til Granden. I november 1992 flytta posten inn i det nye tilbygget til Firda Billag


Til toppen

Handelsverksemd

Folket i Nordgulen reiste i tidlegare tider til Kalvåg eller Kjelkenes for å handle. Ei lita provisorisk forretning gjorde teneste fyrste anleggstida. Hendrik Frimannslund, Kjelkenes, var den fyrste som sette opp forretningsbygg i Svelgen. Knut K. Kjelkenes dreiv utsal frå båt ved ein kaipir på Riseøyra til han fekk bygd forretning omlag på den staden Rådhuset står i dag.

I 1923 tok tilsette ved AS Bremanger Kraftselskab til med Svelgen Kjøpelag. Lageret deira gjekk seinare over til Svelgen Handelslag som opna forretning i eige bygg ved Svelgselva i 1928. Etter krigen vart det bygd nytt forretningsbygg på Riseøyra. Dette bygget er utvida fleire gonger og er i dag største forretninga i Svelgen. Det var fleire som driv bakarverksemd den fyrste anleggstida. I 1933 tok Rolv Sande over etter ein onkel og i 1938 flytta han inn i nytt forretningsbygg der det var både bakeri, utsal og bustader. Verksemda er enno i drift. Etter kvart som folketalet i bygda auka er fleire spesialforretningar komne til.

I 1993 fekk Svelgen eit nytt kjøpesenter, då fleire forretnings- og næringsdrivande gjekk saman om Rise Næringsbygg.

Fotnote: Bakeriet til familien Sande er ikkje lenger i drift. Sidan denne historia vart skriven har ein også prøvd med konditori i lokala. Dette vart dessverre også nedlagt før jula 2000 etter kort tids drift.


Til toppen

Kyrkja

I tidlegare tider reiste folk i Gulen den lange vegen til kyrkja på Grotle og seinare til Frøyakyrkja. Kyrkja i Midtgulen var ferdig i 1904, og sjølv om folketalet her auka, sokna Svelgen til denne kyrkja i over 50 år.

Det var eit strekt ynskjer i bygda om eige kyrkjebygg, og det vart samla inn midlar.

I 1946 vart det bygd eit klokketårn på Skuleberget, og Svelgen kapell vart seinare reist ved sida av tårnet. Kapellet var vigsla av biskop Ragnvald Indrebø den 9. oktober 1960.

Ved kommunesamanslåinga i 1965 var dei to kyrkjene i Midtgulen sokn lagde til Davik prestegjeld. Svelgen har i alle år nytta kyrkjegarden i Midtgulen. Arbeidet med den planlagde gravplassen for Svelgen starta opp på Rise i 1994 og vart vigsla i desember 1995.

Skule

Nordgulen skulekrins hadde i eldre tid ikkje skulehus. Skulen flytta frå gard til gard, men var mest på Eikeland. Då anleggstida tok til, og fleire familiar flytta til bygda, var det naturleg å legge skulen til Svelgen.

Ei 12 mannsbrakke på Øyra vart nytta som skulehus frå 1919 og fram til 1922 då skulehuset på Naustneset stod ferdig. Realskule med støtte frå verket, kom i gang i 1943 og heldt fram til 1973, då den nye skuleordninga med 9 årig grunnskule tok over.

Hausten 1959 var eit nytt og moderne skulebygg på Risebøen teke i bruk. Her var det både gymsal og symjehall. Symjehallen var ei gåve frå Christiania Spigerverk

Borna frå Midtgulen kring vart overflytta til Svelgen i 1961 og Nesbø/Dyrstad krins fylgde etter i 1966. I 1965 vart skulen utvida og ti år seinare vart ungdomsskulen bygd.

Midt i 70 åra var barnetalet ved Svelgen skule på det høgaste med omlag 380 selevar. I dag er elevtalet rundt 150.

Fotnote: Skulebygget på Naustneset frå 1922 er framleis i bruk. Mellom anna til ungdomsklubb fire gongar i veka (med det dekkjande namnet "REALEN"), eldretreff, kursverksemd og møtestad for lag og organisasjonar.


Til toppen

Lag og organisasjonar

Det har vore eit aktivt lagsarbeid i Svelgen, med mange lag og organisasjonar. Svelgen Turn- og idrettsforening (STIF) vart skipa i 1920 som det fyrste idrettslaget i kommunen. STIF har hevda seg godt både lokale og nasjonalt i friidrett, svømming og volleyball. Det er det største laget i bygda og har alltid vore ein pådrivar i lokalsamfunnet.

Kvinneforeningar som husmorlag, sanitets- og misjonsforeningar kom i gang i 30 åra og det har arbeidd aktivt i bygdemiljøet.

Det var til dømes Svelgen Husmorlag som fekk bygd den fyrste barnehagen i kommunen.

I anleggstida i 1918 herja spanskesykja. Det var ikkje sjukehus mellom Bergen og Ålesund, så sjukestova vart då oppsett i ein fart. Den var også bustad for sjukesøster i mange år. Lege og tannlege hadde kontor der fram til rådhuset stod ferdig.

Røde Kors foreninga kjøpte huset og pussa det opp på dugnad. Dei har no trivelege klubblokale der. Svelgen Røde Kors vart skipa i 1958 og har vore eit aktivt lag med mange medlemmer.

Det vart skipa songlag alt i 1927, og med unnatak av nokre opphald innimellom har det vore god aktivitet i koret. Svelgen hornmusikk starta opp i 30 åra, og var aktive i periodar fram til Svelgen skulemusikk starta i 1964.

Elles kan nemnast bridgeklubb, Lions Club, kunstlag, handikaplag, husflidslag, skyttarlag, revylag, båtforening, jeger- og fiskeforening og pensjonistlag.


Til toppen

Møtelokale

Nordgulen skulekrins hadde i eldre tid ikkje skulehus. Skulen flytta frå gard til gard, men var mest på Eikeland. Då anleggstida tok til, og fleire familiar flytta til bygda, var det naturleg å legge skulen til Svelgen.

Einaste møtelokalet ein hadde den fyrste åra etter anleggstida tok til, var matsalen i ei 4 mannsbrakke. Arbeidet med å få reist eit "Folkets Hus" tok til tidleg, men finansieringa var vanskeleg. Det vart m.a. skipa eit lutlag, og med ein kapital på kr. 20 000,-vart huset reist i Vågen der Svelgen barnehagen ligg i dag.

Folkets Hus vart innvigd sommaren 1920, og som det einaste møtelokalet i Svelgen, var det fram til 1961 nytta til alle slags tilskipingar som basar bryllaup og liknande. Det var kino kvar søndag og onsdag. Under krigen tok tyskarane det i bruk til innkvartering og spelte propagandafilmar på spesielle kveldar. Huset vart rive i 1974.

Christiania Spigerverk stod for bygginga av Svelgen samfunnshus. Det var organisert som eit lutlag, og lutane vart overdregne til alle lag og organisasjonar i Svelgen. Privatpersonar teikna seg også for lutar. Svelgen Samfunnshus vart bygd og teke i bruk 13. September 1961. Ei byste av direktør Gunnar Schelderup er plassert ved hovudinngangen til huset.

Gamleskulen på Naustneset er nyleg pussa opp og er tilhaldsstaden for den aktive ungdomssklubben "Realen". Huset vert og mykje nytta av lag og organisasjonar til kurs og møteverksemd. Etter nær 20 års planlegging og mykje diskusjon, vedtok kommunestyret på nyåret 1993 å bygge idrettshall i Svelgen til ein kostnad å over 11 millionar kroner. For å finansiere bygget garanterte idrettlaget STIF for ein dugnadsinnsats på vel 1 million kroner. Bygdefolket med idrettslaget i spissen, viste ein fantastisk innsatsvilje og nådde målet og vel så det. Difor var også heile bygda invitert til festen då det fine Idrettshuset vart offisielt opna 19. desember 1993.

Den aller første samlingsstaden i Svelgen var ein danseflake bygd på Naustneset i 1918. Flaken vart riven i 1920 då den kom i vegen for skulehuset (Realen). Same året vart Folkets Hus ferdig og teke i bruk.

Fotnote: Svelgen Barnehage er no flytta bort i skulebygget etter ei omfattande ombygging. Ein er i gang med å rive den gamle barnehagen der det no skal verte uteområde for barna.


Til toppen

Elkem er alt for Svelgen

Vi er no komne til veis ende av lokalhistoria til Svelgen. Det er vanskeleg å tenkje seg korleis bygda her og distriktet rundt Svelgen hadde vore i dag dersom ikkje kraftutbygginga og industrireisinga hadde teke til etter århundreskiftet. Svelgen er no kommunesenter i Bremanger og ein triveleg liten tettstad med gode kommunikasjonar og eit godt utbygd servicetilbod. Svelgen er typisk for det som vert kalla ein einsidig industristad for så å seie alle arbeidsplassar er knytta til eller er avhengige av aktiviteten på verket. Difor er samfunnet her svært sårbart for svingingar ved denne verksemda. Det er også vanskeleg å tenkje seg ei framtid i Svelgen utan Elkem Bremanger.