Arkiv Des 2008

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
STIF

Barnetrim 31.12.2008

  

  Det vert barnetrim fredag 02.01.09 kl.16.45.

 

  Vel møtt!


Påminning:

SPIK ADEL PÅ SAMFUNNSHUSET 30.12.2008

Bremangerbandet Spik Adel spelar opp til dans på Svelgen Samfunnshus 30. desember. Bandet treng neppe nærare omtale og er velkjent for dei fleste. "Spik adel" er eit lokalt ord for det beste av den beste delen av treet, som gjev material til vern mot storm og blest.

Kort sagt :"Spik adel" er  trevirket som har så sterk indre kraft at det held seg like godt medan tiåra rullar nådelaust av garde Ut frå denne idéen har Bremanger-gruppa Spik Adel fylt opp eit musikalsk rom med sterk og vedvarande rock'n roll frå 70', 80'og 90' talet, med røter i folk, blues og moderne country. Som leiestjerner har bandet artistar som Richard Thompson, Uncle Tupelo, The Band og Le Roi Brothers.
Med årelang erfaring og vedvarande kjærleik til den musikken dei framfører, leverer Spik Adel dei edle varene med "trøkk", overtyding og eleganse. Les meir på gruppa si
heimeside !

Innfører nekt av behandling av enkeltpasienter 29.12.2008

Natt til andre juledag vart ein lege og to ambulansesjåførar angripne av ein pasient ved Svelgen legekontor.Legen fekk slag i hovudet, ambulansesjåførane søkte dekning, medan pasienten knuste ambulansen og bilen til legen. Legevaktansvarleg Kan Shanker er sjokkert over hendinga, og seier dette vil føre til at dei no ikkje vil rykke ut til pasientar som har vore valdelege, utan at dei har politifolk med seg. Men dette vil også gå utover andre pasientar, seier legen.

 - Vi ynskjer ikkje at det skulle ende slik, men når det skjer ting på ein slik grusom måte som her så kan vi ikkje anna enn å innføre ein del slike strenge tiltak. Det var lensmann Hans Rune Strandos som kom legen og ambulansesjåførane til unnsetning i jula. Og Shanker meiner det kunne gått mykje verre om Strandos ikkje hadde vore der. Men legen fortel at lensmannen hadde fri. Eigentleg var det vakthavande i Florø som skulle rykke ut.

- I Bremanger er det eit stort problem at vi ikkje har politivakt på kveldstid. Dei må kome frå Florø, og avstanden er stor. Men heldigvis har lensmann Hans Rune Strandos vore utruleg flink til å hjelpe til sjølv om han ikkje har vakt.

 

Shanker er fast bestemt på å gjennomføre nekt av behandling av enkelte pasientar.

- Vi innfører dette uansett kva kommunen eller andre, som Helsetilsynet seier. Ved den minste mistanke om ubereknelege folk skal politiet vere på plass før legen, seier Shanker til NRK.

Bil utfor vegen i Ålfotdalen 29.12.2008

Ein bil hamna utfor vegen i Ålfotdalen på Rv 614 i Bremanger i eitt-tida søndag.

Det var tre personar, to vaksne og eit barn i bilen.

Så langt politiet kjenner til kom ingen av dei til skade i uhellet.

Det skal ha vore svært glatt på staden då uhellet skjedde.


Heim til jobb 29.12.2008

"At Bremanger Hamn og Næring KF blir aktiv for å få ungdommane tilbake til Bremanger Kommune etter utdanninga er svært positiv. Det er jo allereide brukt opp masse penger av denne institusjonen til dette formål utan at det har ført til noko nemneverdig resultat.

  Bremanger Hamn og Næring KF inviterer til seminar "Heim til Jul". I mine auge er det feil slogan. Det skulle bytast ut med " Heim til JOBB!". Heim til Jul kjem ungdomma uansett.

Viss  Bremanger Hamn og Næring KF og andre ansvarlege i kommune hadde gjort noko mot den skeive likestillinga av kvinner - som tjener for eksempel i snittet 150.000 kroner mindre per år enn karane i Bremanger Kommune - hadde kanskje uttrykket "mannsdominert" mista noko av sin betydning, og fleire kvinner hadde kjeme tilbake etter utdanninga."

 

Med vennleg helsing

Regina Kettler


EEB sin kalendar 29.12.2008

Nyleg kom Elkem Energi Bremanger AS sin årskalendar med avlesingskort ut i postkassene til folket i Svelgen.

 

Dei som ikkje har motteke kalendaren, eller ynskjer eit ekstra eksemplar, kan hente den i resepsjonen på Elkem Bremanger på kvardagar mellom kl. 07 og 15.


Boka om Svelgen Turn- og Idrettsforening 28.12.2008

Om du i førjulsstria ikkje har hatt tida til å lese artiklane på Svelgen.no henta frå historieboka om Svelgen Turn- og Idrettsforening, vil du finne dei samla ved å klikke på "STIF-boka" t.v. i menyen på denne sida, eller ved å klikke her. Der vil du og finne bildepresentasjonane som vart laga i samband med at STIF vart 75 år i 2005, og Ingvald Ytrehus vart 70 år i 2008

 

Boka vil framleis vere å få kjøpe på "Bakarhuset kafè", samt at du også ut desember månad vil finne den på Svelgen Motorsenter (Statoil). Prisen er kr. 100.


Om dei aldersbestemte fotballaga som har teke medalje i KM 28.12.2008

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese noke utdrag frå STIF-boka om alle aldersbestemte lag i fotball som har teke medalje i krinsmeisterskapen utandørs. Småjentelaget i 1990 er dei einaste aldersbestemte fotballaget i STIF som har vunne KM. Laga som har blitt nr. 2 i KM var smågutelaget i 1973 og gutelaget i 1978, og nr. 3 i KM vart smågutelaga i 1976 og 1982, og lilleputtlaget i 1980. Klikk her for å lese om desse gode og lovande fotballaga til STIF.

 

Biletet nedanfor syner dei einaste krinsmeistane STIF har fått i aldersbestemt fotball, nemleg småjentene i 1990 med unge lovande Leo Cirotzki (20 år) som trenar. På biletet ser ein f.v. i bakerste rekke Leo Cirotzki, Monica Renate Larsen, Vivi Røyrvik, Astrid Johanne Vårdal, Cecilie Øvrebotten og Silje Myren. Midterste rekke f.v. Anne Hollekim, Vibeke Vårdal, Mariann Sigdestad, Therese Fanøy og Vibeke Fossheim. fremste rekke f.v. Siv Ryland, Marit Renate Midthjell, Trude Hessvik, Harde Furset og Heidi Kjøsnes.


Turtelduene vann Mollyturneringa 27.12.2008

Turtelduene, med Ingrid Leite Bueie som kaptein, vann årets Molleyturnering. I finalen slo dei "Kråkevik med venner" v/ Herborg Eikeland. I bronsefinalen møttast "Klaskarane" og "Klaskarane junior", men i skrivande stund kjenner ein ikkje resultatet av den kampen.

Oppsett "Mollyturnering" 27.12.2008

Det er i år sju påmelde lag til Mollyturneringa, som tek til i Svelgen Idrettshus i dag kl. 12. Arrangørane ved Frank Hatleset ber deltakande lag om å møte opp i god tid. I følge tidsskjemaet vil finalen bli spelt ca. kl. 14.10. Om du klikkar her kan du sjå oppsettet, og kva for lag med kapteinar som deltek.

Hugs å lese av straummålaren 27.12.2008

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Ved januaravlesinga skal også næringsverksemder melde inn målardata. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

                                        

EEB sin kalendar kom nyleg ut i postkassene til folket i Svelgen, og EEB oppmodar om at ein nyttar denne slik at ein hugsar på avlesingsdatoane m.m. I kalendaren finn ein også frankerte avlesingskort som kan nyttast. Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.

 

Avlesing av straummålarane til hushaldningskundane er kvartalsvise, og dei andre avlesingadatoane i 2009 er 1/4, 1/7 og 1/10.


- Derfor vil vi tilbake til Svelgen 27.12.2008

I dag deltok rundt 50 unge svelgarar på seminaret "Heim til jul". Les kva dei meiner må til for at fleire skal flytte heim att til heimbygda.

 

- For min del er det viktigast å vite at eg kan komme meg enkelt til stader der eg kan sjå teater, seier Isabel Jensen Grindheim (22). Ho bur for tida i Bergen og studerar for å bli allmennlærar. Dermed er det ikkje det å få jobb som er utfordringa. Faktisk vart det sagt før lunch på seminaret at det trengs nye lærarar i Svelgen, bygda Grindheim har vekse opp i.

 

Det var Bremanger Hamn og Næring KF som inviterte alle som har kome "heim til jul" til seminar om mogelegheitene for jobb og ei framtid i Svelgen. Både ordførar Kåre Olav Svarstad og rådmann Tom Joensen var der og snakka om livet i Bremanger. I tillegg stilte fleire bedrifter og fortalte om mogelegheitene for jobb hos dei.

  . Les saka i Firdaposten

 


Pasient skada lege i Svelgen 27.12.2008

En pasient gikk løs på og skada vakthavende lege og ambulansepersonell. Etterpå ødela han legens bil, ambulansebilen og gjorde skade på helsesenteret i Svelgen .

Hendelsen førte til store person- og materiell skader, opplyser kommunelege i Bremanger, Shanker.

- Denne hendelsen kommer til å føre til særdeles innskjerping av rutinene til legevakt for å ta vare på helsepersonell sin sikkerhet, sier Shanker som er rystet over hendelsen som skjedde klokka 18.30 på 1. juledag.

Han sier de vil komme til å vurdere politibistand i samtlige saker der pasienter har vist seg å være alkoholpåvirket eller voldelige.

- Kriterier for bruk av legevakten vil bli ytterligere innskjerpet etter dette, sier Shanker.

Politiet ønsker ikke å kommentere saken, men kan bekrefte at det har vært en episode i Svelgen.

Les meir i Aftenposten


Svelgen.no vil ønske alle lesarar og støttespelarar ei god og fredeleg jul og eit godt nytt år!


GOD JUL FRA RØDE KORS 24.12.2008

SVELGEN RØDE KORS ønsker alle de som har støttet oss på forskjellige måter en RIKTIG GOD JUL OG ET GODT NYTT-ÅR

Juletrefest lørdag 27. desember 17.12.2008

Den tradisjonelle juletrefesten vert arrangert lørdag 27 desember. Festen, som er på Svelgen Samfunnshus, tek til kl. 16.00.

 

Inngangsbilletten er kr. 25,- pr. pers, eller kr. 100,- for familiebillett.

 

Arrangørane ønskjer velkomen til ei hyggeleg stund på samfunnshuset.


Erling Julin Olsen

Eldsjela og idrettsforbildet som gjekk bort under krigen 22.12.2008

Her følgjer eit utdrag frå STIF-boka: " Krigen sette også sine spor i foreininga. Laget sin beste idrettsmann siste åra før krigen, Erling Julin Olsen, omkom berre 23 år gamal under luftkamp over London i august 1941. Etter krigen reiste STIF og folket elles i Svelgen ein minnestein på grava til Olsen på Midtgulen kyrkjegard."

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese nokre utdrag frå  "STIF-boka"  vedrørande Erling Julin Olsen.  Klikk her  for å lese dette. Du kan sjå minnesteinen som vart reist på Midtgulen kyrkjegard ved å klikke her. 

  

Erling Julin Olsen var ein stor idrettsmann, som var eit forbilde for dei yngre i Svelgen. Olsen hadde bakkerekorden i "Knoltrebakken" med 26 meter. På biletet under ser ein Olsen i aksjon i hoppbakken .


Informasjon frå Svelgen Taxi 22.12.2008

Svelgen Taxi vil gjerne opplyse om at telefonen til sentralen vert vidarekopla til drosjesjåføren som har vakt. Det er difor viktig å holde linja og la det ringe, sjølv om ikkje telefonen vert teken med ein gong. Dei vil også gjere kundane merksame på at bilane av og til er utanom dekningsområde på begge sider av Svelgen. Om du ikkje får svar med det same, er det berre å prøve på nytt etter ei lita stund.

 

NB! Julafta vert det berre kjørt førehandstinga turar mellom klokka 1700 og 2200 i Svelgen.


Historia om herrelaget i fotball i Svelgen TIF 21.12.2008

Her følgjer eit utdrag frå "STIF-boka": " Etter at seniorherrelaget til STIF kom med i serien i 1963 lukkast dei ikkje heilt sportsleg, og ein sleit med å ta seg opp i divisjonane. I 1967 trakk STIF laget frå serien etter 4 serieomgangar, då ein hadde problem med å få med nok spelarar på kampane. Først i 1976 lukkast det å rykkje opp frå lågaste divisjon, då trenar Ragnfred Ommedal makta dette med eit lag som bestod av mange spelarar som han hadde trena sidan dei var unggutar. Laget vart då krinsmeister i 6. divisjon. I 1977 gjorde STIF det svært så godt i 5. divisjon, og med Ragnfred Ommedal som trenar makta laget å rykke opp til 4. divisjon (tilsvarar 3. divisjon 2000) på direkten. I ei kamprekke innanfor sesongane 1976 og 1977 spelte STIF heile 21 serie- og opprykkskampar på rad utan tap. I 4. divisjon i 1978 vart det for tøft og STIF rykte ned att i 5. divisjon. I 1981 rykte STIF, med Einar Gjerde som trenar, på nytt opp frå 5. divisjon. Men heller ikkje i 1982 makta STIF meir enn ein sesong i 4. divisjon. I dei 6 sesongane mellom 1983–1988 tok STIF tre 3. plassar og tre 4. plassar i 5. divisjon, og var ved fleire høve svært nære ved å bli nr. 2 og klare opprykk. I 1985 og 1987 vann STIF sitt A-lag fylkescupen Firda Cup. Etter sesongen 1989 mista STIF 6–7 sentrale spelarar, noko som førte til at STIF i to sesongar på rad rykte nedover i divisjonssystemet. Føre sesongen 1991 innførte Fotballforbundet eit nytt seriesystem, slik at t.d. gamle 5. divisjon vart heitande 4. divisjon. Før sesongen 1992 hadde STIF falle ned att til den lågaste divisjonen i fylket. I 1992 overtok Tom Joensen som spelande trenar, og i sesongane 1993 og 1994 førte han STIF frå 6. divisjon til 4. divisjon i 1995. I 1994 tok STIF sitt A-lag sin 2. og siste KM-tittel på 1900-talet. Framfor sesongen 1997 overtok Arne Petter Grindheim som spelande trenar og han førte STIF til opprykk til 3. divisjon. Leo Cirotzki overtok som trenar året etterpå i 3. divisjon og førte laget til ein flott 6. plass. 1998-sesongen var den 36. sesongen til STIF i seriesystemet og for hjelpetrenar Einar Gjerde (biletet ovanfor frå 1980) var det den 20. sesongen han var med som trenar for A-laget. Også i 1999 vart STIF nr. 6 i 3. divisjon med Cirotzki som trenar. Denne plasseringa i 1999 førte til at STIF i 2000 for første gong var kvalifisert for spel i NM-cupen for seniorar. Desse to 6. plassane i 3. divisjon er STIF sine beste prestasjonar innanfor seniorfotballen."

 

Fargebiletet ovanfor frå 1995, syner trenar Tom Joensen (t.v.), i lag med Øyvind Grindheim. Sistnemnde har suverent flest seniorkampar for STIF, og etter at STIF-boka vart utgjeva har han igjen passert Edvin Førde som mestscorande for A-laget.

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese nokre utdrag frå  "STIF-boka" vedrørande STIF sitt A-lag i fotball i gamle 4. divisjon i 1981 og i 3. divisjon 1998. Klikk her  for å lese dette. I "STIF-boka" kan ein lese om alle fotballaga , også dei yngre, fram til og med 1999.

  

Biletet nedanfor syner STIF sitt herrelag i 3. divisjon i 1999. Namna finn ein i STIF-boka.


"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og Bakarhuset kafè

Alf Zachariassen - den fyrste aktive idrettsmannen i Svelgen 20.12.2008

Her følgjer eit utdrag frå  "STIF-boka": "Alf Zachariassen (biletet frå 1928) var ein av hovudmennene bak stiftinga av Svelgen TIF. Zachariassen, eller ”Zachen” som han også vart kalla, hadde drive med friidrett i Bergen før han kom til Svelgen i 1928. Han deltok også for Florø TIF den første tida han budde i Svelgen. Såleis vart han den første aktive idrettsutøvaren som budde i Svelgen. Zachariassen vann også STIF sitt første KM-gull uansett idrettsgrein då han i 1931 vann diskos. Same året sette han også ein klubbrekord på 100 m, som mange generasjonar av STIF sine gode sprintarar seinare kjempa for å slå. Fram til krigen var ”Zachen” klubben sin fremste friidrettsutøvar, og frå stiftinga og fram til og med 1952 var han både trenar og viktigaste administrator for friidretten i STIF. STIF sin fremste idrettsutøvar gjennom alle år, Svein Frøyen, vart trena av "Zachen".  Zachariassen fekk ei rekkje utmerkingar for sin innsats for friidretten."

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå  "STIF-boka"  vedrørande Alf Zachariassen sin innsats på friidrettsbana før stiftinga av STIF.   Klikk her  for å lese dette.

 

Her følgjer eit nytt utdrag frå STIF-boka: "I 1951 deltok for første gong damer på eit idrettsstemne utanfor Svelgen, då dametroppen deltok på krinsturnstemnet. I 1954 kom det første gjennombrotet for dei yngre jentene då jentetroppen i turn deltok på barnekrinsturnstemnet. Same året deltok friidrettsjenta Sissel Rylandsholm på eit stemne, og ho vart dermed den første jenta som deltok i ein individuell idrettskonkurranse utanfor Svelgen. Men det var ikkje noko stort miljø for jenteidrett i Svelgen før ut på 60-talet."

 

 

 

Vert arrangert for 23. gong på rad:

Molleyturnering 3. juledag/27. desember 19.12.2008

 

Ta initiativ, få med slekt, vener, kjende og meld på volleyballag.

  

Påmelding Frank Midtbø Tlf 57793700 / 91666879

Frank Hatleset Tlf 57795549 /95911067

 

Påmeldingsfrist 27/12 Kl 1000

25 kroner per pers

NB hugs 2 damer på kvart lag

    

Klikk her  og les kva som står i "STIF-boka" om den aller første Molleyturneringa i 1986.


JULEKAFE PÅ KEIPENSTOVA! 19.12.2008

Keipenstova vert no pynta til jul og måndag 22.desember serverar vi julekaker og julekaffi. Det vert også open kafe  måndag den 29.desember.

STIF-boka i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè

Turn - den namngjevande og populære idretten som forsvann 19.12.2008

Då Svelgen Turn- og Idrettsforening vart stifta 8. september 1930, var det turn og friidrett ein satsa på å få i gang. Ein av dei fire som vert rekna som initiativtakarar til stiftinga av STIF, Lauritz Midtbø (t.h. på biletet), hadde drive med turn i Florø der han vaks opp. Det var Midtbø som drog i gang turninga, og han var i mange år både gruppeformann og trenar i turn. Turn var i mange år ein popuær idrett/ treningsform i STIF, for begge kjønn, og for born og vaksne. STIF deltok på krinsturnstemna rundt om i fylket med store troppar, og gjorde troppsoppvisningar med stil. Men også apparatturn stod på programmet i periodar.

 

Men etterkvart kom mangelen på instruktørar til syne, samt konkurranse frå mange nye og popuære idrettar. Etter at jenteturninga fall frå som siste turnaktivitet i 1979, låg Turngruppa nokre år som passiv gruppe under Hovudstyret. Nedlegging av gruppa var tema på fleire årsmøte tidleg på 80-talet, men gruppa overlevde nokre år pga. av at ho var så sentral i tidlegare tider, samt at turn var ein del av namnet til foreininga. Men på årsmøtet i november 1984 vart gruppa lagd ned.

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese innleiiande tekst til kapittelet i  "STIF-boka" om Turngruppa, samt at du kan lese om kva som skjedde i Turngruppa i stiftingsåret 1930. Klikk her for å lese dette.

  

På biletet ovanfor, frå 1947, ser ein turninga i STIF si fremste eldsjel, Lauritz Midtbø, t.h. på biletet. T.v. ser ein sonen Gunnar Midtbø, som mange kjenner som vaktmeister i Svelgen Idrettshus.

  

På biletet nedanfor ser ein STIF sin dametropp på krinsturnstemnet i Høyanger i 1965. Namna på damene finn ein i STIF-boka.


Kjartan Olafsson om aktiv sjukmelding:

Frå Elkem Bremanger til nasjonalt prosjekt 18.12.2008

Tidlegare bedriftslege ved Elkem Bremanger i Svelgen, Kjartan Olafsson er intervjua av NAV Sogn og Fjordane om det banebrytande arbeidet med aktiv sjukmelding og Gult Kort-prosjektet i Florø:

 Det er mange som får ein ide eller to gjennom livet, men så var det dette med å få resultat… Olafsson kan vise til lokale forsøk som fører til endringar i oppfølging av sjukmeldte nasjonalt. Ikkje berre ein gong, men to.


Kraftlinesaka:

Eid vil ha transformering i Svelgen 18.12.2008

Formannskapet i Eid går inn for å støtte innspelet frå Bremanger kommune i kraftlinesaka.
 
 
Bremanger går inn for at det vert transformering i Svelgen og at det vert utgreidd eit nytt luftlinealternativ med fjordkryssing ved Ottesen.

Formannskapet har elles ingen særlege merknader til tilleggsutgreiinga, men viser til tidlegare uttalar frå Eid kommune, som står ved lag. Dette melder Fjordabladet.


Bremanger minst likestilt i heile fylket 17.12.2008

Statistisk sentralbyrå sin årlege likestillingsindeks er klar, og Bremanger kommune kjem svært dårleg ut. Bremanger og Selje er dei to desidert minst likestilte kommunane i Sogn og Fjordane.

Selje kjem på tredje sisteplass på landsbasis, av 431 kommunar. Bremanger er på ein 358. plass. Flora kommune er litt under middels, på 231. plass.

Kvinnene tener dårlegare trass betre utdanning.

Hovudgrunnane til at Bremanger scorar så lågt på likestillingsindeksen, er at kvinnene tener mykje mindre enn mennene, at det er færre kvinner enn menn i kommunen, og at det er færre kvinner i arbeid.

Medan ei kvinne i gjennomsnitt tener 207 700 kroner årleg i Bremanger, tener mennene i gjennomsnitt 353 600 kroner. Dette trass i at kvinnene er betre utdanna enn bremangermennene. Berre ti prosent av mennene i kommunen har høgare utdanning, mot 15,2 prosent av kvinnene. Dette melder Firdaposten.


STIF-boka i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè

Dei første spenstfantoma trena av Ingvald Ytrehus 17.12.2008

På slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet fekk friidrettstrenar Ingvald Ytrehus fram to utøvarar fødde i 1968, som gjorde det svært godt på nasjonalt nivå i høgdehopp. Desse to var Arild Langedal og Kjell Langseth, som kvar sine to år var den beste og nest beste i landet i høgde. I Donald Duck-meisterskapen, som var eit uoffiselt nordisk og seinare norsk meisterskap for 11-14-åringar, vart det høvesvis sølv og bronse til Arild Langedal i 1979 og 1980, og i 1981 og 1982 vart det sølv og gull til Kjell Langseth. Arild Langedal vart begge åra slegen av ein konkurrent frå eit anna nordisk land.

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å nokre utdrag frå  "STIF-boka" vedrørande konkurransane i Donald Duck-meisterskapen.  Klikk her for å lese dette.

   

Biletet nedanfor, frå 1982, syner 14-åringane Arild Langedal (t.v.) og Kjell Langseth.


Juletrefest lørdag 27. desember 17.12.2008

Den tradisjonelle juletrefesten vert arrangert lørdag 27 desember. Festen, som er på Svelgen Samfunnshus, tek til kl. 16.00.

 

Inngangsbilletten er kr. 25,- pr. pers, eller kr. 100,- for familiebillett.

 

Arrangørane ønskjer velkomen til ei hyggeleg stund på samfunnshuset.


Møte i går:

Kommunestyret sa ja til eigedomsskatt 17.12.2008

Kommunestyret i Bremanger vedtok i går å innføre eigedomsskatt også for private husstandar. Vedtaket vart gjort med stort fleirtal, men utan røystene til Høgre og FrP.

Espen Gulliksen meiner det er feigt å seie nei til eigedomsskatt i den situasjonen Bremanger kommune er i no. 

– Med mindre dokke kjem med eitt reelt alternativ må eg kalle dette for både feigt, frekt og ansvarsfråskriving.

 

Arbeiderpartiet fekk medhald frå Venstre, KrF og SV at kommunen i røynda ikkje har ikkje noko val.

– Skal vi ha skjønnsmidlar i 2009 må vi vise vilje til å innføre denne skatten. Det er ein usosial skatt som vi i utgangspunktet er imot, men sett opp imot kutta vi kan spare kommunen for så er han kanskje ikkje så usosial likevel, sa Gulliksen, og peika på at kommunen må finne inndekning for 30 millionar dei neste tre åra.

 

Jorunn Frøyen frå Høgre meinte Gulliksen brukte fantasital i sin argumentasjon og at det viktigaste no var å vinne kampen mot DnB Nor framfor å tyne lokalbefolkninga:

Vi har masse minstepensjonistar som sit på større hus som no truleg må ut med ein tusenlapp i månaden. Det er mykje pengar for mange, argumenterte Frøyen, og reiste seg mot eigedomsskatten, saman med Høgre-benken og representantane frå Frp.

 

Les heile saka i Firdaposten.


Oppdatering av innsamlinga til Svelgen Samfunnshus 16.12.2008

Tore Myklebust (500,-), Ragna Eikeland (200,-), Møyfrid Hestetræet (200,-), Gunnar Midtbø (500,-), Fridtjof Frøyen (500,-), Roald Dyrstad (200,-), Bjørg Sørpoll (300,-) Bjørg Rita Håøy (500,-) Aage Kvendseth (500,-), Giri Thangarajah (500,-), Trond Valberg (200,-) Rolleif Hansen (300,-) , Henrik Frøyen (300,-), Hans Didriksen (300,-), Bjarne Ripe (500,-), Åse Eikeset (200,-), Lars Arvid Rebni (500,-), Anita Hessvik (400,-). Anne Karin Eidsvik (500,-) Arne Lothe (200,-), Johannes Frøyen (250,-), Odd Hatleset (250,-), Kirsten Frøyen (300,-) Hilmar Engan (300,-), Ingmar Vårdal (200,-) Irene Naustdal (200,-) Steinar Svarstad (300,-) Torunn Frimannslund (400,-) Kåre Andersen (300,-), Jorunn Årøen (200,-) Anne Lise Gilleshammer (200,-) Svein Sandvik (200,-), Wenche Leirmo (300,-), Finn Steinset (200,-), Oddvar Førde (300,-), Steinar Solvang (300,-), Leif Leonard Myklebust  (400,-), Oddbjørn Eimind (500,-), Arnar Kjelkenes (500,-), Bygg- og Reinholdsservice (1000,-), Jorunn Myklebust (1000,-), Ståle Kjempenes (1500,-).

Ukjende gjevarar: 200,-, 300,-, 1000,-

Totalt er det kome inn 24.195,- kroner til innsamlinga

Minner om kontonummer 3776.03.19962 Svelgen Samfunnshus.

 

Tidlegare gjevarar (frå oppdatering 1. desember):

Astri Berle (200,-), Bjørg og Anders Rossvoll (200,-), Bjørg Damstuen (200,-), Ingrid Gulestøl (200,-), Wenche Lind (200,-), Asle Førde (200,-), Anne Karin Vårdal (300,-), Berit og Eivind Gulestøl (200,-) Sissel Sundal (200,-) Per Eikeland (200,-), Tor Zachariassen (100,-) Kjartan Myklebust (200,-), Ruth Winther (200,-), Kåre Kjelkenes (200,-), Lillian Myren (200,-), Jarle Frøyen (400,-) Anne Turid Ljungren (200,-) Jon Mulelid (200,-), Gunnar Mundal (300,-), Therese Heggelund (300,-) Sonja Flugre (200,-) Agnes Håøy (200,-) Asbjørn Svartstad (200,-) Ove Jon Hessvik (500,-),   Per Lars Sande (500,-), Steinar Atle Eriksen (500,-) Stig Gjerde (200,-) John Steinar Fløtre (500,-), Wenche Winther (300,-)   pr. 27. november.

Ukjende gjevarar; 200,-, 500,-, 200,-, 100,-, 1400,-, 500,-, 200,-.

 

 

 

 

Lista blir oppdatert i midten av desember.


"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè

Frå Svelgen TIF til eliteserien i fotball 16.12.2008

STIF har opp gjennom åra hatt tre spelarar som har nådd spel i eliteserien i fotball. Desse er Roger Føleide, Arild Førde og Marit Renate Midthjell. Felles for dei alle var at dei viste stor treningsiver for både eigentreningar og fellestreningar, var allsidige idrettsutøvarar i yngre år, hadde trenarar i STIF som følgde dei over mange år, hadde gode haldingar, dei var talentfulle, og dei gjekk rett inn på laga sine i nest høgste divisjon og var med å spele laga opp i øvste divisjon i løpet av rimeleg kort tid.

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese nokre utdrag frå  "STIF-boka" og mimre litt om dei tre fotballspelarane sin innsats.  Klikk her for å lese dette. I STIF-boka finn du mykje meir info om desse tre, enn det ein finn i dette vedlegget.

                               

 Bileta nedanfor syner f.v. Roger Føleide, Marit Renate Midthjell og Arild Førde.                      


Påminning møte i juletrefestkomiteen 16.12.2008

Det blir møte i juletrefestkomiteen tirsdag kl. 1800 i landskapet på ungdomsskulen. Dei innkalte er mødrene til 2. klassingane og fedrene til 3. klassingane.

Omnsstans fram til mars 2009 16.12.2008

Nedgang i mellom anna bilsalet gjer at Elkem må stoppe ovn 2 i Svelgen fram til mars 2009. – I første omgang er det ikkje snakk om permitteringar, men eksportmarknaden er svært usikker, seier Robin Ephithite.

Metallprisen er i fritt fall. Elkem taper spesielt mykje på sviktande aluminiumssal, men også legert ferrosilisium til jernstøperi er mindre etterpurt på grunn av svikt i mellom anna bilsalet. Det er truleg derfor at Elkem Bremanger er nødd å stanse ovn 2, og selje krafta på marknaden i staden. I andre delar av konsernet har fleire hundre tilsette blitt permittert.

- Vi er heldige som slepp å permittere folk, men marknaden er så usikker at det vanskelig å seie korleis det blir i 2009. Stansen på ovnen er foreløpig sett til 7. mars. I mellomtida vil dei tilsette ta ut ein del ferie, og dei får utvikle kompetansen sin og utbetre rutinar og metodar på verket, seier verkssjef på støperiet, Robin Ephithite.

- Vi har kundar over heile verda og leverer til 61 ulike land. Men 30 til 40% av leveransane går til bilindustrien, og det er særlig der salet sviktar. Det er framleis bra etterspurnad etter vindmøller og produkter til landbruket, så vi håper dette vil kompensere litt.

Verkssjefen Ephithite seier at fagforeininga med klubbleiar Bjørnar Førde har vore grundig fortløpande informert om den økonomiske utviklinga, slik at meldinga om ovnstans ikkje kom brått på dei tilsette. Les heile saka i Firdaposten.

"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè

Svein Frøyen - Svelgen TIF sin fremste idrettutøvar 15.12.2008

Svein Frøyen er utan tvil den idrettsutøvaren som har oppnådd beste resultat som medlem av Svelgen TIF. I NM i 10-kamp i friidrett for seniorar i 1950 og 1951, vann Frøyen høvesvis bronse og sølv i hard konkurrranse med svært gode utøvarar. I 1949 leia han NM i 10 kamp halveges, men måtte bryte pga skade. I følgje årsmeldinga til Friidrettskrinsen for 1952 gjekk Frøyen utan tvil glipp av ein tur til dei Olympiske Leikane (OL) i Helsingfors i 1952 pga. skader tidlegare den sesongen. I løpet av seks sesongar vann Frøyen heile 18 gull i krinsmeisterksapen for seniorar her i fylket. Ein kombinasjon av mange skadar og sin fars bråe bortgang gjorde at han slutta å trene og konkurrere seriøst før han fylde 26 år.

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå  "STIF-boka" vedrørande nokre av høgdepunkta i karriera til Svein Frøyen. Klikk her for å lese dette.

 

På biletet under ser ein Svein Frøyen (t.h.) under sigerseremonien under NM i 10 kamp i Trondheim, der han vann ein imponerande sølvmedalje.


Leir Olav vann Fjord1 konkurranse 15.12.2008

Leif Olav Myklebust (5 1/2 år) frå Svelgen vann Fjord1-konkurransen om å bygge den finaste legoferja.

Det kom inn mange flotte og kreative bilder av fartøy, og engasjementet har vore stort.

Vinnaren er den 5 1/2 år gamle sonen til Hilde Ommedal og Bjørgulf Myklebust, Leif Olav Myklebust frå Svelgen. Han fekk overrekt gavekort på reise til Bergen med ekspressbåt, overnatting og inngang til Vil Vite senteret.  Vi gratulerer!!


Kleppa opnar for meir skjønsmidlar 15.12.2008

Spørsmål fra Venstres stortingsgruppe v/Lars Sponheim - Regnskapsføring av morarenter

 

Jeg viser til brev av 3.12.2008 fra Venstres stortingsgruppe v/ parlamentarisk leder Lars Sponheim.

 

I brevet bes departementet om å omgjøre beslutningen om at Terra-kommunene må bokføre ekstra kostnader knyttet til morarente-krav fra DnB NOR i 2008, slik at disse først eventuelt bokføres som et krav/kortsiktig gjeld når de rettslige forhold mellom banken og kommunene er avklart.

 

Departementets vurdering er at det følger av gjeldende regelverk at regnskapsføringen må ta utgangspunkt i den inngåtte avtalen med banken og at morarentene må regnskapsføres etter hvert som de løper, inntil kravet bortfaller ved et forlik eller en rettskraftig dom. Regnskapsføring av morarentene innebærer en budsjettmessig merbelastning for kommunene. Det foreligger ikke adgang til å gjøre unntak fra dette.

 

Jeg har forståelse for at kommunene er i en krevende situasjon. Jeg er samtidig opptatt av at kommunene tar høyde for at de eventuelt ikke når frem med sine krav, og at resultatet vil kunne bli at de vil være forpliktet til å betale morarentene.

 

Jeg vil imidlertid presisere at departementets vurderinger ikke er basert på stillingtaken til den aktuelle tvisten. Jeg er opptatt av å sikre at kommunene skal være i stand til å gi innbyggerne sine et forsvarlig tjenestetilbud og at tapene på finansplasseringene ikke må gå ut over de grunnleggende tjenestene til barn, syke og andre innbyggere. Fylkesmennene må fortsatt ha en tett dialog med kommunene og påse at kommunene opprettholder et forsvarlig tjenestenivå.

Jeg vil følge situasjonen nøye, og ha en god dialog med fylkesmennene om dette. Av hensynet til innbyggerne og et forsvarlig tjenestenivå vil departementet om nødvendig vurdere behovet for ytterligere skjønnsmidler til enkelte av kommunene.

Magnhild Meltveit Kleppa


"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og på "Bakarhuset kafè"

"Sokkedansen", "Supporterklubben" og "STIF-klubben" 12.12.2008

For mange i Svelgen vekkjer nok dei ovanfor nemnde namna minner frå "ei svunnen tid". "Sokkedansen" var populær blant ungdomen i Svelgen på slutten av 60-talet, "Supporterklubben" hadde mange medlemar som støtta fotballen i Svelgen på slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet, medan "STIF-klubben" var den første tilhaldsstaden for ungdom i Svelgen då den vart starta opp i 1981.

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå  "STIF-boka" og mimre om dei ovanfor nemnde aktivitetane.  Klikk her for å lese dette.

 

På det øvste av dei to bilda nedanfor, ser du "Supporterklubben" på tur til kamp i Vik i 1978. Etter to opprykk på to sesongar var det fotballfeber i Svelgen. På biletet ser ein f.v. Aina Alfredsen og Fredrik Varpe, og med supporterklubben sin capsar f.v. Marianne Torgersen, Elin Torgersen og Eva Sagengen. I sjåførsetet skimtar ein Asbjørn Sande.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Biletet under syner delar av "STIF-klubben", slik den framstod i 1987, som var siste året den eksisterte. Det var Fotballgruppa som dreiv "STIF-klubben", som også vart brukt som klubblokale for Fotballgruppa.


Innsamling Svelgen Samfunnshus 12.12.2008

Vi minner om kontonummeret for innsamlinga til Svelgen Samfunnshus: 3776.03.19962

Volleyballjenter 12.12.2008

Etter forespørsel er det no lagt namn på jentene på volleyballlaget frå 86/87-sesongen. Sjå saka som vart lagt ut på Svelgen.no 10/12.

Tirsdag 16.12.08. Svelgen Idrettshus.

Fotballfest for alderbestemte klassar.. 10.12.2008

 

       Les meir på fotballen si heimeside  her

                                                               

                                                                            


Julekonsert laurdag kl. 1700 12.12.2008

Den tradisjonsrike julekonserten med Svelgen skulemusikk og Svelgen Songlag i Svelgen kapell vert i år lørdag 13. desember kl. 17. Andakt v/Tore Myklebust.
"Kollekt" ved utgangen til inntekt for skulemusikken og songlaget.

Kveldsstemning frå Svelgen 12.12.2008

Vil berre sei kor stolt eg er over disse ungdomane i svømming og friidrett,gratulerer med innsatsen.Sender et bilde fra bygda og vestover 10. desember..
 
 
 Hilsen Asbjørn Sande

Luciabesøk på Keipenstova torsdag 12.12.2008

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Magni Lothe


BUTIKKANE I SVELGEN

ÅPNINGSTIDER I

JULE- OG NYTTÅRSHELGA

 

 

 

                                      COOP’EN           CENTRUM         S.M.DYRSTAD

 

Fredag        12. des.      0900-1800                    1000-1800                    0730-1630             Lørdag        13. des.      0900-1600                    1000-1600                    0900-1400

Mandag      15. des.       0900-1800                    1000-1800                    0730-1630

Tirsdag       16. des.       0900-1800                    1000-1800                    0730-1630

Onsdag       17. des.       0900-1800                    1000-1800                    0730-1630

Torsdag      18. des.       0900-1800                    1000-1800                    0730-1630

Fredag        19. des.       0900-1800                    1000-1800                    0730-1630

Lørdag        20. des.       0900-1800                    1000-1600                    0900-1400

Søndag        21. des.       1400-1800                    Stengt                   Stengt

Mandag       22. des.       0900-2000                    1000-1800                    0730-1630

Tirsdag        23. des.       0900-2000                    1000-1800                    0730-1630

Julaften        24. des.       0900-1200                    0900-1200                    0900-1200

Lørdag         27. des.       0900-1600                    1000-1400                    0900-1400

Mandag        29. des.       0900-1800                    1200-1600                    0900-1630

Tirsdag         30. des.       0900-1800                    1200-1600                    0900-1630

Nyttårsaften  31. des.      0900-1200                    0900-1200                    0900-1200

Fredag            02. jan.       1300-1800                    1000-1630                    0730-1630

 

 

Vi ønsker alle våre kunder God Jul og et Godt Nytt År!

 


Fotballdiplom til Asbjørn Svarstad og Stig Gjerde 10.12.2008

Under  leiarmøtet i Sogn og Fjordane Fotballkrins nyleg vart to av eldsjelene i Fotballgruppa i STIF tildelt Fotballkrinsen sin ”Blå diplom” for lang og tru teneste i klubbfotballen. Dei to frå STIF som vart tildelt diplomen var Stig Gjerde og Asbjørn Svarstad, som begge byrja som fotballtrenarar på 70-talet. Sidan har dei i fleire periodar lagt ned mykje godt arbeid for Fotballgruppa i STIF.

  

Om du  klikkar her  kan du lese om Gjerde sin innsats, og  her kan du lese om Svarstad sin innsats for Fotballgruppa. Kven i STIF som tidlegare har motteke diplomen kan du sjå her.  

 

På biletet under, frå A-laget til STIF i 1983, ser ein Asbjørn Svarstad t.v. og Stig Gjerde t.h. Dei andre på bilete er fra nr. 2 f.v. Arild Førde (Sogndal frå 1984), Jon Ivar Eikeland og Roald Nigardsøy (som og har motteke Fotballkrinsen sin "Blå diplom").


STIF-boka kan og bringast til Florø 10.12.2008

Forutan at STIF-boka no er i sal hos "Bakarhuset kafè" og på Svelgen Motorsenter (Statoil) for kr. 100, kan vi også sørge for bringing til Florø. Det einaste ein då skal betale er kr. 100 (ikkje frakt) pr. bok. Bruk følgande epostadresse: post.snr@svelgen.no     så avtaler ein kor boka kan hentast.

 

 

Biletet nedanfor er henta frå STIF-boka, og syner trenar Hans Rune Strandos med volleyballjentene til STIF i sesongen 1986/1987. Bak f.v. Anne-Petrin Kjerpeseth, Hege Iren Myklebust, Sønnøve Cirotzki, Wenche Berle, Torill Kolseth og Karianne Myren. Framme f.v. Kariann Førde, Hans Rune Strandos og Monica Myklebust.

 


STIF-boka no i sal for kr. 100 på Bakarhuset kafè og Statoil

Det fyrste symjebassenget innandørs i S. og Fj. 10.12.2008

Hausten 1959 opna symjebassenget ved Svelgen skule, og Svelgen hadde dermed fått det aller første innandørs symjebassenget i Sogn og Fjordane. Det var eigarane av smelteverket, Christiania Spigerverket, som i hovudsak stod bak utbygginga. I følgje Åge Skåtun, som var Spigerverket sin byggeleiar på verket i Svelgen, var adm. direktør Gunnar Schjelderup ved Spigerverket sitt hovudkontor i Oslo ein sterk pådrivar for å få bygd symjebasseng i Svelgen.

     

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå  "STIF-boka" om korleis det gjekk til at symjebassenget vart bygd, og du kan også lese om opninga av Svelgen skule med gymsal- og symjebasseng hausten 1959. Neste haust er det altså 50 år sidan Svelgen skule vart teken i bruk. Klikk her for å lese dette.

     

Biletet nedanfor syner symje- og gymnastikkavdelinga ved Svelgen skule fotografert i august 1959. Over taket på det nybygde bygget skimtar ein taket på Folkets Hus, det gamle forsamlingshuset i Svelgen.


Juleførebuing på Svelgen Oppvekst 10.12.2008

 

 

JULEFØREBUINGA PÅ SVELGEN OPPVEKST ER NATURLEG NOK I FULL GANG! HER SER VI 1. KLASSE SOM HAR LAGA JULETRE. GÅ INN PÅ HEIMESIDA OG SJÅ MANGE FINE BILDER!


To desembermøter for kommunestyret i Bremanger i år 10.12.2008

Det vert halde møte i kommunestyret den 16.12.08 i kommunestyresalen på Rådhuset, Svelgen, frå kl. 09.00.
 I tillegg vil det verte avvikla eit ekstra kommunestyremøte den 22.12.08 kl. 09.00 for handsaming av økonomiplan, budsjett og gebyr pga omarbeida økonomiplan og budsjett.
Sakliste med meir finn du på Bremanger kommune sine heimesider.

Torsdag den 11.desember kl 11 kjem  barn frå Svelgen Barnehage til Keipenstova med lys og sang!

Spik Adel på Samfunnshuset 30. desember 30.12.2008

Bremangerbandet Spik Adel spelar opp til dans på Svelgen Samfunnshus 30. desember. Bandet treng neppe nærare omtale og er velkjent for dei fleste. "Spik adel" er eit lokalt ord for det beste av den beste delen av treet, som gjev material til vern mot storm og blest.

Kort sagt :"Spik adel" er  trevirket som har så sterk indre kraft at det held seg like godt medan tiåra rullar nådelaust av garde Ut frå denne idéen har Bremanger-gruppa Spik Adel fylt opp eit musikalsk rom med sterk og vedvarande rock'n roll frå 70', 80'og 90' talet, med røter i folk, blues og moderne country. Som leiestjerner har bandet artistar som Richard Thompson, Uncle Tupelo, The Band og Le Roi Brothers.
Med årelang erfaring og vedvarande kjærleik til den musikken dei framfører, leverer Spik Adel dei edle varene med "trøkk", overtyding og eleganse. Les meir på gruppa si heimeside!

Ynskjer oversikt over kommande arrangement 2009 10.12.2008

 

Bremanger kulturkontor ynskjer å utarbeide ein plakat med oversikt over arrangement i 2009. I det høvet bed vi om at lag og organisasjonar sender inn oversikt over arrangement som de ynskjer å gjennomføre i det komande året. Vi har bruk for å vite tid og stad for arrangementet, sameleis kva type arrangement det er snakk om. I denne samanheng tenkjer vi på større arrangement som er open for ålmenta. Vi bed om at dette blir sendt på e-post til: mi@bremanger.kommune.no

Frist: 15. januar 2009.

 

Kulturkontoret

Margun Indrehus


NVE tilrår utbygging av Sætredalen kraftverk 09.12.2008

 

Stian Holm inn i Høgre-verv 09.12.2008

Stian Holm vart i helga innvalt i arbeidsutvalet til Sogn og Fjordane Unge Høgre.Jacob Nødseth frå Florø vart attvalt som leiar, melder Firda.no

SVØMMESTEVNE I VOLDA.

Gode Svelgen-prestasjonar under julelauget 09.12.2008

 
Svelgensvømmerne gjorde det godt under det årlege julelauget i Volda no i helga. Det var eit rekordstort stevne med ialt 245 deltakere. Det var svømmere fra Volda, Florø, Førde, Eid, Ørsta, Ålesund, Brattvåg, Norodd, Herd, Molde og Kristiansund som deltok.
Det er eit koseligt stevne for store og små. Stevnet begynner alltid med utdeling av julesleiva. Det blir spilt julemusikk medan utdelinga pågår og alle stiller seg rundt bassengat. Så fullt har det aldri vert før.
Fra Svelgen deltok Marcus Teigene, Jan Lukas Førde, Torstein Ask, Matias Gulestøl, Vegard Strandos, Nora Teigene, Rikka Kjelkenes, Anika Oostembrink, Katrine Ask, Elisabet Mundal og Rebekka F. Blix.
 
Det vart sett mange nye og flotte personlege rekorder. Desse fekk medaljer for sine prestasjoner:
Rikka Kjelkenes : 2 bronse
Torstein Ask      : 7 gull
Markus Teigene : 1 gull, 1 sølv, 1 bronse
Nora Teigene     : 1 sølv, 1 bronse
Matias Gulastøl : 10 gull
I tillegg fekk vi to bronser på stafettlaget til gutane. Dei som deltok var Markis, Torstein, Jan-Lukas og Matias. Her også vart det nye rekordar. 
 
Matias Gulestøl blant landets ti beste 
Matias Gulestøl (bildet) presterer spesielt godt på distansene fri og rygg. Med sine resultater denne helga ligger han blant dei 10 beste i sin årsklasse i landet. Han er no klar for å delta i ÅMØ. Årsklassemønstring som blir delt opp i 5 landsdeler. Nord- Midt- Vest- Sør og Øst. Vest dekker sogn-og fjordane, hordaland og rogaland. For å kvalifisrere seg må svømmerne komme blant dei 18 beste etter å ha fullført øvelsene. 400fri, 200medley,200rygg,200bryst og 100 butterfly.Pr.i dag ligg han på ein 6.plass. ÅMØ går av stabelen i slutten av mai 2009.

Sumde godt i Volda 08.12.2008

Matias Gulestøl var ein av Svelgen-symjarane som gjorde det svært godt i Volda i helga.

 

      Les meir på svømmegruppa si side her


Årsmøte i Svelgen Turn og Idrettsforening 04.12.2008

 

  Vert halde på Svelgen Hotell, tirsdag 09.12.2008, kl.18.00.

   Saklista finn du på STIF si side  her


Då STIF vart norgesmeister i volleyball 04.12.2008

I 1979 vart STIF norgesmeistar i volleyball for gutar 16 år på Elverum. Det var ein stor prestasjon trenar Arne Loftheim, hjelpetrenar/kaptein Helge Robert Midtbø, og dei andre Svelgen-gutane stod for. Du kan lese meir om denne prestasjonen ved å klikke her. Utdraget er henta frå STIF-boka. Om du ynskjer å lese innleiande tekst til volleyballdelen i STIF-boka kan du klikke her. 

 

Bildete syner gutelaget, som gjorde det heilt store i 1979 og gjekk til topps i Norgesmeisterskapen for 16- åringar på Elverum. Bak f.v. Magnar Sande, Jarle Øverland, Svein Førde, Bo Bell, Bjørn Atle Midttun og Arne Loftheim (trenar). Framme f.v. Arild Førde, Narve Solheim, Helge Robert Midtbø og Reidar Hansen.


Kjell Conradi:

- Soga vår om Svelgen vekker mange minner 04.12.2008

Boka "Soga vår om Svelgen" kan kjøpast hos "han Svein" (Centrum Manufaktur) eller i Sparebanken Sogn og Fjordane i Svelgen. Prisen er som i fjor kr 200,-.  No er det ganske nøyaktig eitt år sidan vi lanserte boka, men den kan brukast som julegåve også dette året. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå gamle svelgarar som har kjøpt boka, då stor sett per telefon, men her er utdrag frå ein e-post frå Kjell (Nielsen) Conradi, som kjøpte boka i okt i år.  Kåre Kjelkenes og Eli Tideman har sendt over eit mail fra Kjell (Nielsen) Conradi, som fortel om boka og barneåra i Svelgen. Han skriv:

Nå har jeg lest boka - med stor glede. Boka vekker en mengde minner, navn,
 hendelser og personer. Jeg liker den personlige formen boka har.
 For meg er det spesielle at jeg bodde i Svelgen i de viktige åra fra jeg var
 8 til 14 år. Familien min flyttet mye i min oppvekst,  og det var spesielt
 ille å flytte til Bærum i 1962, til 5 parallelklasser på realskolen der, og
 Bærumsungdommer som hatet nynorsk og alt fra byga.  Jeg er veldig
 knytta til nynorsken.  Edvard Hauge må ha vore ein viktig kulturberar i Svelgen!
 Forteljingane i boka vekker mange minner

 Vi 3 brørne hadde mange skader, armbrot, sår, hjerneristing, og det var
 fleire turar til Florø sjukehus til røntgen og anna, med ulike skyssbåter i
 mange slags ver. Eg minnes sjøsjuke!
 Eg minnes  og ein tur til Sandane med Vantit (1961?). Etter at idrettsbana
 kom i stand vart det meir system over fri-idretten, og det var ein gjeng som
 reiste til Krinsmeisterskap i Sandane. Det var dårlig ver i Frøysjøen, og eg
 veit ikkje om nokon vann premier.
 Ein fin sumardag var familien min ute (vi hadde og tresnekke), mor mi skulle
 med hurtigruta til Bergen klatra opp taustigen, og kofferten vart heisa opp
 i ein jernkrok
 Så er det alle minna frå gamleskulen, fisketurar langs fjorden, speiderturar
 med Stig  og Lars Olav, skulemusikk som vart nedlagt etter 1 år, og taket
 som blåste av nyskulen den fyrste vinteren.
 Tida i Svelgen har gjeve meg kjennskap til eit småsamfunn i tida i etter
 krigen, til naturkrefter og til korleis folk har budd i Noreg  mellom fjell
 og fjordar, med sjøen som transportveg.
 Eg har i mitt vaksne liv budd mange år i Seljord  i Vest-Telemark, og nå bur
 eg i Øystre Slidre, med veg over fjellet som er både nattestengt og
 vinterstengt
 Helsing Kjell
"


Bremanger Venstre:

- Regjeringa må hjelpe Terrakommunane 04.12.2008

Hausten 2007 fekk Vik og Bremanger ein dritpakke med resultat av rotne og innfløkte pengeplasseringar av kommunane sine frie inntekter, kjøpte og selde gjennom Terra Securities.

 

Som lokalpolitikar har vi gjennom året lojalt jobba med kuttforslag i kvar vår kommune etter dei signal og retningar som Fylkesmannen har gjeve oss, for å få ekstra skjønnsmidlar som hjelp til ein skakkjørt kommuneøkonomi.   Balanse i forhold til KOSTRA har vore målet.

 

Vi ser at desse tiltaka rammar innbyggjarane, og at ein politisk   ikkje er i rute med   program og lovnader, men møter likevel ei kriseforståing hos folk flest. Når vi no opplever at  tommeskruen blir stramma enno meir til med ytterlegare innsparingar i millionklassen, blir situasjonen håplaus. Når vi skal   prøve å finne inndekking, kjem det verkeleg til å gå ut over   velferda til folk flest på ein slik måte at lovpålagde tenester vil verte i grenseland av det forsvarlege.

 

I ettertid ser ein at Terra-skandalen var eit forvarsel om det som har vorte ei global finanskrise,

med krisepakkar til bankar, næringsliv og naboland, samt uro for stigande arbeidsløyse. Vi registrerer daglege debattar med Regjering og Stortingspolitikarar som er opptekne med folk flest si framtid gjennom krisa.   Kva då med innbyggjarane i i Terrakommunane? Skal dei rammast dobbelt hardt? Desse kommunane vil lite, eller ikkje, kunne nytte seg av av ekstra tiltakspakkar som regjeringa signaliserer skal dempe krisa.   Tvert om blir kommunane tvinga til skjerpa tiltak som eigedomsskatt, nedlegging av nærtenester og liknande.

 

Vi tykkjer det no må vere på sin plass at Regjeringa tek Terra-kommunane sine ekstraproblem opp til vurdering   med tanke på den allmenne velferda i desse kommunane til liks med dei andre kommunane i landet..


Viser til etablering av Elkem Solar:

Sponheim ber departement omgjere beslutning 03.12.2008

 

Parlamentarisk  leiar i Venstre Lars Sponheim ber i eit brev til kommunaldepartementet om at Bremanger kommune, blant andre, må få større handlefridom i spørsmålet om morarenter før det vert teke endeleg avgjerd. Vi gjerngir brevet vi har mottek på mail i sin heilheit:

Det vises til brev fra departementet til fylkesmennene i Nordland, Rogaland, Sogn og Fjordane og Vest-Agder av 27.11.08 hvor det fastslås at de såkalte Terra-kommunene må regnskapsføre utgifter etter hvert som de løper, også når det gjelder de skyhøye morarenter som DnB Nor har varslet i forbindelse med det banken anser som mislighold av lån eller rentebytteavtale.

 

Det er ingen tvil om at de aktuelle kommunene selv har mye skyld for den situasjonene de er kommet opp i, men til syvende og sist gjelder det å finne fram til en hensiktsmessig løsning som gjør at tjenestetilbudet til kommunens egne borgere ikke svekkes unødvendig dramatisk. Dersom kommunene må utgiftsføre de varslede morarentene før de rettslige forhold mellom kommunene og DnB Nor er avklart, vil dette medføre betydelig økte utfordringer for de aktuelle kommuner. Som det framgår av Dagens Næringsliv i dag vil dette medføre økte utgifter for Narvik kommune på 15 millioner kroner. For Bremanger kommune er dette anslått til 18 mill. kroner, eller tilsvarende 27 årsverk i kommunen.

 

Ut over reduksjon i tjenestetilbudet til for eksempel helse/omsorg og skole kan ”tekniske” ekstrakostnader medføre betydelig vidtrekkende konsekvenser for enkelte av kommunene. Bremanger kommune er for eksempel i en dialog med Elkem om lokalisering av en mulig ny solcelle-fabrikk i Svelgen som kan innebære 250 nye arbeidsplasser. I tillegg til at kommunene vil måtte øke skatte- og avgiftstrykket neste år, vil et ekstraordinært kutt i tjenestetilbudet kunne være et avgjørende moment i kommunens disfavør når det gjelder framtidig lokalisering av næringsvirksomhet.

 

I tillegg kommer en ikke liten problemstilling knyttet til det faktum at staten er en betydelig eier i DnB Nor, og dermed indirekte kan komme til å tjene på morarente-kravet mot Terra-kommunene.

 

Det er bra at departementet har gitt de tre kommunene Vik, Hattfjelldal og Bremanger bedre tid til å dekke inn underskuddet og ekstraordinære skjønnsmidler i 2009, men med de nye kravene til utgiftsføring av morarenter er man på mange måter like langt.

 

Jeg ber på denne bakgrunn departementet omgjøre beslutningen om at Terra-kommunene må bokføre ekstra kostnader knyttet til morarente-krav fra DNB Nor i 2008, men at disse først eventuelt bokføres som et krav/kortsiktig gjeld når de rettslige forhold mellom banken og kommunene er avklart.

 

Med vennlig hilsen

Venstres Stortingsgruppe

 

Lars Sponheim

Parlamentarisk leder"


- Glad for søksmålet 02.12.2008

DnB NOR går til retten og krev at Bremanger betalar bortimot 300 millionar og Vik vel 150 millionar kroner til banken. Likevel er Vik-ordførar Marta Finden Halset og Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad glade for søksmålet.

 

 

Men Vik-ordførar Marta Finden Halset blir ikkje slått av bana av søksmålet.

- Nei, vi er glade for at vi endeleg skal få denne saka rettsleg belyst. Vi hadde sjølvsagt rekna med ein dialog, men når det ikkje skjedde, er det godt at rettsapparatet no kan avgjere dette. Eg håpar at dette er starten på slutten på denne historia.

- Men dersom DnB NOR vinn fram med søksmålet sitt, kva då?

 

- Det er ei problemstilling eg ikkje vil gje meg inn på no. Men eg meiner vi har ei god sak, og det er berre gjennom ei rettssak vi kan få avslutta saka. Dersom vi vinn fram er krisetida over for Vik.

Kollegaen til Vik-ordføraren, Kåre Olav Svarstad i Bremanger, deler fullt ut synspunkta til Marta Finden Halset, melder NRK Sogn og Fjordane.


STIF-boka i sal for kr. 100 på Statoil i desember 02.12.2008

Forutan at STIF-boka er i sal på "Bakarhuset kafè", er den i desember i sal på Svelgen Motorsenter (Statoil).

 

”Bakarhuset kafe” sel og boka over disk. Dei har ope onsdagar og fredagar kl. 10.30-13.30, og du finn dei i lokala til ”Keipenstova” (inngang rett over vegen frå Coop i Samfunnshusbygget).

Ny pris for boka er kr. 100, medan den kosta 395 kr då den vart utgjeva mot slutten av 2003.

 

 

Det er og mogeleg å få STIF-boka tilsendt. Om det, og anna info om boka, finn du ved å klikke her.


Svelgen Stadion ut på anbod 02.12.2008

Oppgradering av Svelgen Stadion er no lagt ut på anbod. Arbeidet gjeld o ppgradering fra gras til kunstgress, samt legge nytt dekke på friidrettsbana. Dette melder Doffin.


Innsamling til Svelgen Samfunnshus 01.12.2008

 

 

Astri Berle (200,-), Bjørg og Anders Rossvoll (200,-), Bjørg Damstuen (200,-), Ingrid Gulestøl (200,-), Wenche Lind (200,-), Asle Førde (200,-), Anne Karin Vårdal (300,-), Berit og Eivind Gulestøl (200,-) Sissel Sundal (200,-) Per Eikeland (200,-), Tor Zachariassen (100,-) Kjartan Myklebust (200,-), Ruth Winther (200,-), Kåre Kjelkenes (200,-), Lillian Myren (200,-), Jarle Frøyen (400,-) Anne Turid Ljungren (200,-) Jon Mulelid (200,-), Gunnar Mundal (300,-), Therese Heggelund (300,-) Sonja Flugre (200,-) Agnes Håøy (200,-) Asbjørn Svartstad (200,-) Ove Jon Hessvik (500,-),   Per Lars Sande (500,-), Steinar Atle Eriksen (500,-) Stig Gjerde (200,-) John Steinar Fløtre (500,-), Wenche Winther (300,-)   pr. 27. november.

Ukjende gjevarar; 200,-, 500,-, 200,-, 100,-, 1400,-, 500,-, 200,-.

 

 

Minner om kontonummer 3776.03.19962 Svelgen Samfunnshus.

 

Lista blir oppdatert i midten av desember.     


Med handelslagsbestyrar Midttun som trenar og eldsjel for symjesporten

Då Svelgen TIF erobra symje-Norge. 01.12.2008

Fredag i forrige veke skreiv avisa Firda at UM-gullet Hans Kristian Andersen frå Florø vann i forrige veke vart det første UM-gullet til Sogn og Fjordane nokon sinne. Dagen etter dementerte avisa denne opplysninga, og viste til boka "Heia STIF!", der det gjekk fram at Geir Nybø (biletet) frå Svelgen allereie i åra 1971 og 1972 vann tilsaman 3 gullmedaljar.

 

Her følgjer eit utdrag frå  "Heia STIF!": "Landsfinalen i UM vart rekna som eit uoffisielt Norgesmeisterskap for ungdom i alderen 11–14 år. I denne konkurransen hevda STIF seg svært godt i denne perioden. Best gjorde Geir Nybø det, då han i åra 1970–1973 tok heile 3 gull og 2 sølv i landsfinalen i UM. I åra Asbjørn Midttun var trenar tok STIF 3 gull-, 8 sølv-, og 2 bronsemedaljar i landsfinalen. I 1976 og 1977 tok STIF sine to siste medaljar i landsfinalen, med ein sølv- og ein bronsemedalje. I alt 7 utøvarar frå STIF tok ein eller fleire medaljar i UM landsfinalen, og desse var forutan Nybø: Lars Atle Leirvaag, Thor Åge Midttun, Idar Eikeland, Kirsti Årøen, Helge Robert Midtbø, og Arne Helle. I åra mellom 1969 og 1990 var det berre tre landsfinalen som gjekk utan minst ein representant frå STIF, noko som tydeleg viste at Svømmegruppa hadde dyktige trenarar og utøvarar over lengre tid."

   

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese litt om korleis det gjekk til at ein i 1971 og 1972 gjorde det så godt i Svømmegruppa i STIF. Forutan Nybø sine gullmedaljar i UM, samt fleire andre medaljar i UM,  tok Idar Eikeland bronse i junior-NM, og Eikeland og Thor Åge Midttun deltok på juniorlandslaget. Og desse prestasjonane vert ikkje mindre når ein tenker på at dei trena i det vesle symjebassenget ved Svelgen skule. Hovudmannen bak desse prestasjonane var eldsjela Asbjørn Midttun. Klikk her for å lese utdraga frå 1971 og 1972 henta frå STIF-boka.

    

Biletet nedanfor syner STIF sin symjetrenar i åra 1965-1975, Asbjørn Midttun (t.h.), med stafettlaget til Sogn og Fjordane under landsfinalen i UM i 1971. Laget som tok bronse, bestod av eit reint lag frå Svelgen TIF. Ovanfrå og ned ser ein: Idar Eikeland, Thor Åge Midttun, Geir Nybø og Jon-Åge Senneset. Mange av Svelgen.no sine lesarar vil nok hugse Asbjørn Midttun som styrar på Svelgen Handelslag i mange år. Midttun kom til Svelgen i 1965. Han var svært god i friidrett, og vart i 1957 nr. 3 i A-NM i høgde, medan han i 1958 vart nr. 2 i den same meisterskapen. I 1958 deltok han også i ein landskamp i friidrett for Norge mot Romania i Oslo. Midttun sin pers. i høgde stamma frå NM i 1957, då han hoppa i 1,90 meter med saksestil.


Årets julegåve – Bremanger bygdebok Band I – II – III - IV

Her er årets julegåve til dei som har det meste, men som enno ikkje har skaffa seg Bremanger bygdebok. Har du barn, barnebarn slekt eller vener som du trur kan ha interesse av boka så kan du få kjøpt den på Bremanger servicekontor tlf 57796300 eller bestille pr mail post@bremanger.kommune.no . Kvart band kostar kr 600. Kjøper du alle fire banda under eitt får du den for kr 2000.

 

Vi pakkar og sender boka mot eit frakt/pakketillegg på kr 100,- som er det same anten du kjøper eitt eller alle fire banda. Kjøper du den over disk på servicekontoret må den betalast kontant. Boka kom ut for to år sidan i desse dagar og har selt svært godt.

 

Bremanger bygdebok av Albert Joleik - Utgjeve i 1969

Denne boka deler vi ut gratis til alle som ynskjer å ha den. Kjøper du ei eller fleire av dei nye bygdebøkene så kan du få bygdeboka av Albert Joleik i tillegg. Har du bygdebøkene, men ynskjer Albert Joleik si bok så sender vi den gratis mot eit frakt/pakketillegg på kr 100.

 

Kulturkontoret

MI


Liv og Erling toppar Sp-lista 01.12.2008

Partileiar og samferdsleminister Liv Signe Navarsete frå Lærdal vart nominert på 1. plass på Senterpartiet i Sogn og Fjordane si liste for Stortingsvalet 2009. På 2. plass kom stortingsrepresentant Erling Sande frå Davik.

Vi minner om  

Julekonserten førstkommande laurdag

 

med amerikansk vri!

Bremanger Musikklag stiller med band band og vokalistar,

 

 

 

Bremangerhallen fredag 05.12 kl. 1930

Svelgen samfunnshus laurdag 06.12 kl 1600

Billettpris:

vaksen kr. 180,-

frå 6 – 16 år: kr. 70,- (under 6 år gratis)

                                         .                                              

 

Vi presenterar kjente og kjære julesongar

som: Jingle bells, It`s Christmas time, Julekveld i Skogen,  m. fleire

Få god julestemning saman med oss!


Klarer ikkje innfri krav om morarenter 01.12.2008

Bremangerordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) innser at kommunen ikkje har mogelegheit til å innfri kravet om å betale morarenter på lånet i DnB. - Dette klarer vi rett og slett ikkje, seier ordføraren.
Kravet om at Terra-kommunane skal bokføre morarentene på låna dei har i DnB etter investeringane som vart gjort gjennom Terra Securities gjer at Svarstad ikkje ser noko løysing på dei økonomiske vanskane.

I budsjettet for 2009 har Bremanger kommune redusert drifta med over ti millionar kroner, og då var 15 millionar kroner i skjønsmidlar lagt inn. Alt etter rentenivået det komande året vil kravet om bokføring av morarentene gjer at Bremanger vil få eit underskot på mellom 15 og 20 millionar kroner neste år.

- Vi må legge det verst tenkeleg utfallet inn i våre budsjett og får heller ikkje lov til å budsjettere med inntekter vi veit vil komme, blant anna frå buet etter Terra Securities, seier ordføraren.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende måndag 1. desember.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars