Svelgen.no

22.05.2001
Ordførar Einar Kjerpeseth FORNØGD ORDFØRAR
  • Eg vil arbeide for å få løyving til ferdigstilling av fastlandssambandet på neste års statsbudsjett som ei ekstraløyving, seier ordførar Einar Kjerpseth til Svelgen.no. Har er komen heim frå møtet på Leikanger, og fortel at det ikkje var mindre enn 12 delegasjonar tilstades for å fremje sine samferdsle-saker. - Raudeberg-Måløy er prioritert først og dernest er det Bremanger-sambandet, seier ein godt fornøgd ordførar.

Som vi skreiv i går reiste både ordførar Einar Kjerpeseth og styreleiar Ragnar Hagen i Kystvegutvikling AS til Leikanger for å få framskunda 2. etappe av fastlandssambandet.

Spekulasjonane i avisene om at den nye trasèen vil fordyre og forseinke prosessen, gjorde at ordføraren ikkje gjorde dette til noko stor sak i forkant av møtet i Hovudutvalet for Regional Utvikling (HRU) i dag.

  • Hovudpoenget er å få tak i pengane. Det er ikkje lenger Stortinget som fordeler pengane, men dei gir ei pott som det er opp til Fylkestinget å fordele. Partia som er representert i HRU vil prioritere fastlandssambandet på 2. plass, og det betyr løyving til prosjektet når Fylkestinget har møte 12. Juni, seier ordførar Einar Kjerpeseth til Svelgen.no.

MEIR MILJØVENLEG TRASÈ

Slik det ser ut no blir det først 2005, men Kjerpeseth sitt mål er løyving i 2002.

- Når det gjeld den nye trasèen peika vi på at det er eit meir miljøvenleg val med mindre dieselforbruk, mellom anna. Men vegsjefen utgreier begge alternativa, så får ein gjere eit val utifrå det, seier Kjerpeseth.

Målet for Kjerpeseth er å få fortsatt arbeidet med dei maskinene og det mannskapet dei har på plass no.

- Eg syns vi fekk svært gode tilbakemeldinga i dag, og er svært glad for den prioriteringa HRU gjorde. Det einaste partiet som ikkje er representert her er FrP, men kva dei meiner får vi først vite på tinget i juni, seier Kjerpeseth. Han legg ikkje skjul på at han vil nytte valkampen aktivt for å få støtte frå dei forskjellige partia.

- I dette spelet er det ikkje vits å kvile. Her må vi stå på til alt er i hamn, avsluttar ein forkjøla Bremanger-ordførar.



Les meir: FAKTA OM FASTLANDSSAMBANDET