Dans med Two Some på Bremanger fjordhotell kommende lørdag 25.Juni
Her et opptak fra bandet til Venche Vartdal Leite Broad Line
der hun er vokalist:
https://youtu.be/m2pHOsENfB4
Stenger hovudvegen natt til fredag 17. juni 16.06.2022
Fylkesveg 614 vert stengd mellom Breivika og Svelgen, frå torsdag 16. juni kl. 22.30 til kl. 05.30 fredag morgon.
Årsaka til stenginga er omlegging av trafikken i samband med asfaltering av vegen. Utrykkingskøyretøy kan passere.
Jonsokfeiring på Nesbø torsdag 16.06.2022
Torsdag 23. juni blir det jonsokfeiring ved skulehuset på Nesbø igjen! Det blir basar og åresal med fine gevinstar. Grautsal frå kl. 16.00 og båltenning kl. 19.00. Alle er hjarteleg velkomne!
Fagforbundet utfordrar/oppfordrar til å gi 14.06.2022
Styret i Fagforbundet i Bremanger har i dag løyvd 5000,- kroner til å få transportert utstyr til den nybygde helsestasjonen i Somalia som tek i mot fødande. Dei oppmodar andre lag/organisasjonar/verksemder - og privatpersonar - til å støtte prosjektet. Intitiativet kjem frå Abdullahi Osman som bur i Svelgen og jobbar som norsklærar i Kinn kommune. Kanskje du las intervjuet med han i Firdaposten?
Dans med Drengane Band
Endelig til Svelgen...dette blir ein kveld med musikk fra 70--80 tallet,,,
C.C.R---Eagles--lynard skynard--Status Quo--og mange fleire kjendte og kjære hits
fremført med glimt i auga og høg allsangfaktor...Drengane er eit gitarbasert
5 manns orkester som har base i Nordhordaland, og som reiser rundt på Vestlandet og leverer gode øyeblikk for eit større og større publikum..
og denne gangen er det Bremanger Fjordhotell som skal få ein knall kveld.