Svelgen.no | Sport | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
På jakt etter gode STIF- historiar 20.09.2001 Kort om boka og STIF: Svelgen TIF jobbar med ei historiebok som omhandlar laget si historie på 1900- tallet, frå starten 8. september 1930 og fram t.o.m. 1999. Denne boka omhandlar mellom anna Hovudstyret sitt arbeid, arbeidet med dei ulike idrettsanlegga i Svelgen og aktiviteten i dei 16 særgruppene som har eksistert i laget. STIF har først og fremst vore eit idrettslag som har prøvd å halde folket i Svelgen i fysisk form og har gjennom aktiviteten skapt eit trygt miljø der både unge og eldre har kome saman til sosialt samvær. Men laget har også hevda seg godt sportsleg både på fylkes- og landsnivå. Utøvarane i 8 av dei 10 særgruppene som har delteke i kampen om krinsmeisterskap har gått til topps i eit KM. Vidare har 4 av særgruppene sine utøvarar teke medaljar i Norgesmeisterskap, her av har 3 av desse gruppene hatt utøvarar som har vunne NM. Vidare har laget fått fram utøvarar som har representert norske landslag, nokre som medlemar av STIF, andre etter at dei har flytta for å representere andre klubbar. STIF har hatt mange fantastiske eldsjeler og laget har også stått som arrangør av fleire store stemner i ulike idrettsgreiner opp gjennom åra. Første gong det vart diskutert å gi ut ei slik historiebok var i forkant av 50- årsjubilèumet i 1980 og sidan har det stort sett vore sagt at boka skal vere klar til "neste jul". Difor er ein no litt forsiktig med å love kor tid boka kan bli ferdig. Men i 2005 fyller STIF 75 år og innan den tid bør det vere realistisk at boka kjem ut. Jakta på historiar: Til denne boka er ein no på jakt etter historiar som kan krydre dei sportslege fakta og resultata. Ein tenker då på artige, dramatiske, spesielle osv. historiar/forteljingar frå trening, reise, konkurransar, dugnad e.l. Forutan medlemar av STIF, håpar ein at utøvarar frå andre idrettslag, som har møtt STIF til kamp eller konkurranse, kan kome med sine historiar om STIF og våre utøvarar. Historiar frå 90- talet er like aktuelle som historiar frå før krigen. Om det viser seg at nokre av historiane "går for mykje på person" kan ein nytte desse utan å bruke namn. Her følgjer nokre dømer på historiar ein alt har fått tak i:
Dei som har nye historiar å kome med kan sende dei til Frank Ryland 6723 SVELGEN eller mail: f-ryl@online.no Berre mailar merka med "STIF- historie" blir åpna. Det beste er om ein skriv dei ned, men sjølvsagt kan ein og ta kontakt på telefon. Nokre tilfeldig utvalde bilder frå STIF si historie:
SVØMMETRENING 10.09.2001 Svømmetreningene starter opp igjen i dag, mandag 10.09.2001 Treningstidene blir som følger: Mandag, onsdag og fredag T.o.m. 4.klasse: 17.00 17.00 F.o.m. 5.klasse: 18.30 18.30 17.00 Vi ønsker nye og gamle svømmere velkommen!!! Med vennlig hilsen Svømmegruppen i STIF. ![]() 18.09 Gaular-Svelgen 2 - 4 14.09 Svelgen-Hyllestad 6 - 3 12.09 Svelgen - Fure/Dale 2 1 - 3 28.08 Tempo FK - Svelgen 1 - 0 21.08 Svelgen - Anga 1 - 0 14.08 Askvoll/Holmedal 2 - Svelgen 4 - 0 20.06 Svelgen - Gaular 3 - 0 15.06 Hyllestad - Svelgen 6 - 0 22.05 Svelgen - Tempo FK 1 - 4 15.05 Anga - Svelgen 0 - 4 08.05 Svelgen - Askv./Holmedal 2 5 - 0 24.04 Fure/Dale 2 - Svelgen 3 - 6 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tabellen sist oppdatert 20.09.2001 - Fleire resultat (og oppdatert tabell) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Marit Renate Midthjell til cupfinalen også i år? 16.08.2001 ![]() I toppserien for damer ligg Arna Bjørnar på 2. plass på tabellen med 8 sigrar og 2 uavgjort, og er dermed ikkje tapt denne sesongen verken i cup eller serie. Marit spelte fast på vårsesongen, men har den seinare tid vore mest innbyttar. Ho er og den tredje som har spelt for STIF som har spelt i eliteserien i fotball. Dei to andre er Roger Føleide og Arild Førde. Marit debuterte i eliteserien i 1997 med å score å score 2 mål då ho kom inn som innbyttar 25. min før slutt. Marit er og den einaste fotballspelaren frå STIF som har spelt landskampar med det norske flagget på brystet. Dette gjorde ho medan ho spelte for STIF i 1993. Då spelte ho 5 landskampar for det norske U-16 landslaget under ei turnering i Nederland I 1998 vart Marit teken ut på landslagssamling for det norske U-21 landslaget, men dagen etter innkallinga rauk korsbandet i kneet. Etter dette har Marit vore mykje skada og har bl.a. vore gjennom 2 operasjonar i kneet. Bildet: Arna-Bjørnar-spillerne Anne Bugge-Paulsen, Marit Renate Midthjell og Linda Netland tar seg en pust i bakken under trening på Nymark, ved foten av Ulriken. (Foto: Peter Tubaas/Fortuna Media) ![]() Kampfakta mot Askvoll/Holmedal 2 14/8:
Askvoll/Holmedal 2 - Svelgen 4 - 0 ( 2 - 0) STIF sitt lag: Kjell Morten Langedal (Roy Vegard Sørgulen siste 25 min), Stian Blom (Torleif Frimannslund siste 45 min), Torgeir Vårdal, Stian Bakkemo, Arild Myklebust, Frank Hatleset, Ronald Førde, Geir Myklebust, Thor Vidar Blix, Thor Kristian Sortevik, (Andrè Gjerde siste 45 min) og Torbjørn Didriksen (Eirik Fotland siste 55 min). Svelgen tapte i går 4-0 (2-0) på bortebane mot Askvoll/Holmedal 2. Frank Hatleset meiner det var utruleg dårleg innsats frå Svelgen-laget. - Det var uvant med grus men A/H 2 vann ein fortent siger. Vi får prøve å reise kjerringa på fredag, seier han optimistisk. - STIF stilte med sitt beste lag for året og burde i utgangspunktet då slå unggutane til A/H 2. Men kanskje tenkte STIF- spelarane slik dei og... Men det er heilt klart ein nedtur å spele på grus, når ein heile sommaren har trent på ei svært god grasbane. Men ein må sjå det positive i dette. Vi har i heile sommar hatt mykje folk på treningane og har det moro med fotball. Håpar dette held fram og at også framover blir "kø" for å bli med på bortekampane. At det er fotballaktivitet i bygda og at ein trivst med denne er det viktigaste for STIF, seier oppmann Frank Ryland i ein kommentar. GODE SVELGEN-GUTAR! 07.06.2001 Under Hornindalsleikane i friidrett i helga vann tok Svelgen-ungdomen godt føre seg. Kim Leirvik (13) vann både 60 meter, 800 meter og kulekonkurransen. Tor Inge Øvrebotten (13) tok gull i høgde. Jørgen Bjørkedal (11) vann lengdekonkurransen og vart nr. 2 i finalen på 60 meter der han hadde lik tid som vinnaren. Dei tre hadde mange konkurrantar i alle øvingane dei var med i, fortel Firdaposten som var på plass med journalist. Firda Avis Cup: Svelgen-Skavøypoll 2-2 (3-5 etter straffekonk) ![]() Stillinga ved pause var 2-2. I andre omgang var Svelgen det beste laget, spelte fin fotball og hadde fleire gode sjansar til å gå i leiinga. Dette må seiast å være årsbeste for STIF, til tross for eit noko surt tap. Firda Avis Cup 28.05.2001 Svelgen sitt 6. divisjonslag i fotball har trekt 4. divisjonslaget Skavøypoll i 1. runde i Firda Avis Cup. Kampen går på Svelgen Stadion onsdag 6. juni. Sidan det er to divisjonar i skilnad på laga, får Svelgen byrje kampen med to straffer. Svelgen har tradisjonar i Firda Avis Cup og vann den første cupen som vart arrangert i 1985, og vann også i 1987. På bildet under ser du vinnarlaget til STIF som slo Heia 4 - 2. Heia som hadde dagens landslagstrenar, Harald Aabrekk som spelande trenar. I finalen scora Arne Petter Grindheim tre og Dag Eikeland eit mål.
Bilde fra 1985: Svelgen tapte mot Tempo FK 22.05.2001 Tempo var hakket bedre enn Svelgen i dette toppoppgjeret i 6. divisjon og fekk med seg alle poenga tilbake til Florø. Det er av sine eigne ein skal ha det: Svelgarane Arve Trædal og Jan Ove Grindheim scora 3 mål for Tempo. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |