Arkiv 2009

KEIPENSTOVA.

Svelgen Pensjonistlag  si eiga heimeside: Her vil vi skrive om aktuelle saker - slik som møter, turar, festar og andre aktivitetar. Så har vi ei side  med foto og minner frå Svelgen og omegn.  Det vil også bli orientert om saker som vedkjem seniordansarane, styrketreninga for pensjonistar, og oversikt over bøker som er tilgjengeleg på Keipenstova.

 

 


VERTSKAP KEIPENSTOVA -Ny liste 22.08.2009 / ALG

I det nye året ser lista over vertskap slik ut framover mot sommaren:

 

 

1.Hildur og Arne Andersen og Else H. Fossedal

2.  Sigrun og Bjarne Ripe og Karen Solheim

 3. Margot og Kåre Nødset og Olaug Heimtun

4.   Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik

 5. Ragnhild Senneset og Reidun Føleide

 6 Annfrid Førde – Anfinn Førde - Lillian Nilsen

 7.  Åse Eikeseth og Marta Navekvien

 8. Edith Fuglemo, Halvor Nesbø og  Magni Nesbø 

 9. Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre

 10. Ester og Kjærulf Ryland – Ester Hatleseth

 11 Olga Arsnes, Åse Kjelkenes og Gudrun Yttrehus

 12 Asbjørg Førde og Alf Førde og Lillian Myren

 13 Lise og Johannes Frøyen og Møyfrid Hestetræet ( - skjærtorsdag)

 14 Gudrun og Arvid Frøyen og Kirsten Frøyen  (- 2.påskedag)

 15 Ragna og Rolf Svarstad og Anna Svarstad

 16 Oddvar Førde – Edith Fotland og Anne Lise Gilleshammer

 17  Åse Frøyen og Edith Langedal – Konrad Ryland

  18 Bjørg Damstuen – Karen Sande - Odd Birkelid

  19  Gunvor Hansen, Rolleif Hansen og Jorunn Årøen ( - kristi hfdag)

  20 Eva og Per Ytrehus og Kirsten Høynes 


ROMJUL - KEIPENSTOVA. 28.12.2009 / ALG

Eva er vertinne på Keipenstova i romjula.

 


ROMJULSTREFF PÅ KEIPENSTOVA! 26.12.2009 / ALG

Vi møtest måndag 28. på Keipenstova. og syng og går kring juletreet!

Vertskap er Eva og Per og dei serverar kaffi, småkaker og frukt.

 



PENSJONISTANE OG UNGDOMEN! 17.12.2009 / ALG

Etter avisoppslaga i Firdaposten tok ein representant frå ungdomen i Svelgen kontakt med Pensjonistlaget for å gjere greie for sitt syn på saka.
Vi vart då samde om at vi skulle møtast slik at vi kunne drøfte saka. Pensjonistlaget inviterte alle som hadde lyst å komme oss i tale til Keipenstova
onsdag.
Det var svært godt frammøte 4 frå Pensjonistlaget, 2 frå politiet og 16 ungdomar. Det vart servert kaffi, gløgg og peparkaker.
Møtet vart halde i ein uformell tone og alle fekk kome med sine synspunkt. Dei to frå Pensjonistlaget som bur i sentrum sa at dei opplevde støyen av bilkøyringa
om kveld og natt som svært plagsam. Dei unge sa at dei kjende seg ikkje igjen i det avisa skreiv og ga utrykk for at dei ikkje likte å bli stempla som uansvarlege
bilkøyrarar.  Frå politiet si side minte dei om trafikkreglane og sa at kanskje det var lurt at dei unge passa litt på kvarandre.
 
Det var mange som hadde ordet og fekk legge fram sitt syn.
Det vart konkludert med at det er veldig bra at vi kan snakkast saman på ein god måte - og vi vart samde om å halde kontakta.
 
 
Møtet vart avslutta og vi ønskte kvarandre ei god og fredfylt julehelg.

JULEFROKOST 11.12.2009 / ALG

JULEFROKOST - COOPEN OG PENSJONISTLAGET!

Laurdag samlar vi oss til julefrokost på Keipenstova. Dørene opnar kl.10 og vi vil ta i mot gjestar til kl.13.

Coopentilsette ordnar med mat og alt tilbehør og vi pensjonistane koker kaffi og serverar.

Alle er velkomne!


SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA! 30.11.2009 / ALG

 

Måndag den 7.desember kl 12 er det sangtime på Keipenstova med tonefølgje og  forsangarar!

Alle kan synge med , vi syng frå boka, kjendt og kjært,  og så  prøver vi oss også på nokre julesanger!

 

Keipenstova er no pynta til advent med nydelege oppsatser (laga av Olga), lys i vindauga og lilla duker og servietter.

 

Velkommen til ein triveleg måndagsføremiddag!

 


FØRJULSTREFF PÅ SVELGEN HOTELL 03.12.2009 / ALG

SVELGEN PENSJONISTLAG – FØRJULSTREFF.

Svelgen Pensjonistlag har hatt eit aktivt år. Lokalet vårt, Keipenstova. har vore open to dagar kvar veke med jamt godt besøk.Der har vi gymnastikk kvar torsdag, sangtime ein gong kvar månad. Av andre aktivitetar kan vi nemne data-kurs og boklån. Gamle bilete har blitt nøye studert, ein har funne ut kven, kvar og når . På Keipenstova har vi hatt dei fleste møta våre.Trekkspillklubben har hatt øvingslokale der, og seniordansarene har hatt pauserom der.

Det siste møtet vårt, 25.november, gjorde vi til førjulstreff. Då fann vi fram festkleda og inntok Svelgen Hotell. Meir enn 80 av medlemene våre var påmelde, og no samla vi oss rundt dei vakkert dekka borda. Leiar Anne Lise Gilleshammer helsa velkomen og orienterte om aktuelle lagssaker. Arne Andersen gav oss « Ord for dagen».Han peika på kor viktig kommunikasjon mellom menneska er, og at den viktigaste kommunikasjonskjelda vår er ordet. Slik lyrikaren Tor Jonsson sa det:

"Men hugse det bør vi, eit ord er eit under»

Neste programpost var Svelgen Trekkspillklubb. Dei stilte mannsterk opp, og underheldt med song og gladmusikk.. Til allsongen stilte Alf og Harald Førde med trekkspill og gitar som dei plar gjere.

Så kom hotellet sin gode juletallerken på bordet. Kanskje vart praten noko lågare medan vi naut duften og smaken av julematen. Og så følgde kaffi og «verdens beste».

Tre av styremedlemene var utfordra til underhaldnings-stafett med muntre historier eller liknande. Der tok nok «ankermannen» Åge Tansøy, som Oddvar Torsheim, prisen.. Så var det seniordansarene som fekk dansegolvet til disposisjon. Det er ein glede å sjå og høyre, lettføtt og rytmisk og smilande blide.

Så stilte Trekkspillklubben opp igjen, dansegolvet vart flittig nytta av danseglade pensjonistar resten av kvelden.

K.F.


JULEVASK 22.11.2009 / ALG

Keipenstova treng ein julevask!

Fredag 27.november kl. 11.møter vi opp med godt humør og vaskeglede.

Dei som har høve til å vere med kan skrive namnet sitt på liste på Keipenstova.

Helsing Anne Lise


FØRJULSTREFFET 25.NOVEMBER 21.11.2009 / ALG

Påminning.

Det er mange som har meldt seg på til førjulstreff på Hotellet - ca 85 personer, men det er plass til fleire.

Pensjonister som ikkje er medlemmer er også velkomne !

Påmelding på Keipenstova  eller til Anne Lise eller Kirsten.


STYREMØTE 17.11.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held styremøte torsdag 19.november kl 13 på Keipenstova.

Saker:

Godkjenning av innkalling og sakliste

Referat og meldingar

Laurdagskafe i desember Coopen og Pensjonistlaget - (1 laurdag)

Røde Kors Besøksteneste - bruke Keipenstova ein laurdag i desember

10.klasse -v/Svelgen Skule bruk av Keipenstova til å skaffe inntekt (etter nyåret)

Evaluering av "Dansegalla"

Årsmøte 2010.

Drøfting av utleigereglar.

Julereingjering av Keipenstova.

Basar 2010 - nye tiltak.

Saker som kan komme til.

 

Anne Lise Gilleshammer

-leiar-

 

 

 


FØRJULSTREFFET 05.11.2009 / ALG

Det er no høve til å melde seg på Svelgen Pensjonistlag sitt førjulstreff på Svelgen hotell. Påmeldingslista ligg på Keipenstova - eller du du kan ringe Anne Lise 41418231 eller Kirsten 91368632. Nye og gamle medlemmer er hjerteleg velkomne.

Sjå svelgen.no - hovudside.


SVELGEN PENSJONISTLAG 16.11.2009 / ALG

 

Førjulstreff på Svelgen Hotell onsdag 25.11.

kl 18.00 (NB merk tida!)

Program:

Velkomsthelsing

Ord for dagen v/Arne Andersen

Allsang

Underhaldning: Sang, musikk, alvorlege og muntre historier, seniordans

Hotellet sin gode juletallerken

Kaffi og "Verdens Beste".

Lyntotteri

 

Trekkspillklubben spelar til underhaldning og dans.

Pris 200 kroner

Påmelding på Keipenstova eller til Anne Lise - 41418231 eller Kirsten - 91368632.

Påmeldingsfrist 23.11.

 


TOALETTET PÅ KEIPENSTOVA 02.11.2009 / ALG

No er toalettet på Keipenstova klart til å ta i bruk. Oddvar Førde har jobba mykje i lag med Kjærulf Ryland for å få alt i orden. TUSEN TAKK for strevet! 

 Vil også takke Nigardsøy for vasken og speilet og Bygg og reinhald for dørlåsen. Dei som har hjelpt til med det elektriske skal også ha takk - og ikkje minst dei som tok lodd slik at vi fekk penger til prosjektet vårt.

TAKK!


ELDRESENTER PÅ EID 02.11.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag er invitert til medlemsmøte på Eid onsdag 4.november for å fortelle om Keipenstova. Anne Lise og Kirsten reiser.

 

Dersom det går slik styret i Eid Pensjonistlag har planlagt så skal dei dele lokaler med "Frivillighetssentralen" som held til sentralt i Eidsgata. Leiar i pensjonistlaget Astrid Henden saman med nokre andre frå styret var på besøk hos oss i vinter for å sjå på lokala våre.


SANGTIMEN! 29.10.2009 / ALG

HUSK SANGTIMEN PÅ KEIPENSTOVA MÅNDAG 2.NOVEMBER!

Det er første måndag i november - og sangtimen startar kl. 12.00.

Musikk og forsangarar stiller opp - noko som vi er svært takksame for!

Minn kvarandre om at det er denne måndagen vi skal synge i lag.


PENSJONISTMØTE PÅ KEIPENSTOVA

ONSDAG 28.OKTOBER KL. 17!


Haustkonferanse på Skei. 16.10.2009 / ALG

Sogn og Fjordane Pensjonistlag arrangerer haustkonferanse på Skei 27. og 28.oktober.

Saker er:

1."Samhandlingsreforma"( kanskje kjem Bjarne Håkon Hansen) Jan Helge Dale

2. Relasjonsbygging - Jostein Midtbø og Åge Avedal frå 4H

3. Vegtrafikk og 65+ - Statens vegvesen v/ Geir Bolstad og Svein O. Salt

 og Åshild Kjelsnes

Kulturelle godbitar blir det også.

 

Frå Svelgen Pensjonistlag reiser Anne Lise Gilleshammer, Gunvor Hansen, Lillian Myren og  Eva Ytrehus. Per Ytrehus deltek som styremedlem i fylkesstyret.

 

OBS! Vi kjem heim til medlemsmøtet som skal vere onsdag 28.oktober kl.17 på Keipenstova.


ODDGEIR BRUASET PÅ KEIPENSTOVA. 02.10.2009 / ALG

Måndag 19.oktober kjem Oddgeir Bruaset  ("Der ingen skulle tru at nokon kunne bu") til Svelgen.

Det er Pensjonistlaget og Folkeakademiet som arrangerer i lag.

Vi opnar dørene som vanleg klokka 10 på K eipenstova og vi  sel kaffi vafler/sveler.

Bruaset startar med foredrag sitt kl.11.

Vi er nødd til å ta litt inngangspenger for å dekke utgiftene.

 



DANSEGALLA! 15.10.2009 / ALG

Det er god påmelding til dansegalla!

Hovedkomiteen skal ha møte i dag - torsdag.

 


Ord for dagen - 30.09.09 30.09.2009 / ALG

OKTOBERSTEMNING

Av Aage Tansøy

 

Det ramla eit rifleskot. kaldt og kvass

I morgonkald nordleg bris

Det rullar i rasande, redde kast

Krasar avstad utan ro og rast

Og døyvest i dimblå dis.

 

Skogen dreg pusten og sukkar stilt

Når støyen har rulla vekk

I brunene lyser det, raudt og milt

Koparraud morgonsol - vakkert vilt

Med gråt frå ein sutlebekk.

 

Krunhjorten kavar i fallen stas

Og sprikjer med grovvokst klau

Augo står store som svarte glas

Brestande vilt i våte gras

Med blod på dei falne lauv.

 

Rykande kaffi ved einsamt bål

Rifle ved bjørkelegg

Blodige nevar ved knivblangt stål

Supande kaffi, sit gamle Pål

Og trfst, bakom gråkvitt skjegg.

 

 


Dansegalla i Svelgen! 25.09.2009 / ALG

Påmelding til DANSEGALLA i Svelgen kan skje på Keipenstova. Påmeldingsbok ligg framme på opningsdagane. Plakater vert no sett opp rundt om i kommunen.

MEDLEMSMØTE 22.09.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held møte i Trudvang på Kjelkenes  onsdag 30,september kl.1700

 

Program:

Velkommen og allsang

Ord for dagen v/ Aage Tansøy

Referat

Sang og spel ved underhaldningsgruppa, Harald, Alf, Esther og Margareth

Kommunalsjef Randi Ytrehus orienterer om "Strategiplan for pleie og omsorgtenestene"

 Kaffi og mat

Diverse lagssaker bl.a orientering om Dansegalla på Samfunnshuset 24.oktober

Utlodning

Avslutning.

 

Vi køyrer med eigne biler. Dei som treng skyss må ordne seg med kjende og naboar - eller seie i frå på Keipenstova.

 

Velkommen til septembermøte på Kjelkenes!

 

Styret

 


Arbeid på Keipenstova 23.09.2009 / ALG

 

Vi har fått beskjed om måndag  ca kl. 1300 kjem karane som skal sage hol i veggen til det nye toalettet vårt.

Keipenstova opnar som vanleg kl10.00, men det kan hende vi må stenge litt tidligare, men det blir i allfall ope til kl 13.00.

Vertskap er Åse Eikeseth og Marta Navekvien.

 

 


Strategisk plan for pleie og omsorg 26.09.2009 / ALG

Til Bremanger kommune

Frå Svelgen Pensjonistlag

 

STRATEGISK PLAN FOR PLEIE- OG OMSORGSSEKTOREN.

 

 (utkast til høyringsuttale)

Svelgen Pensjonistlag  har gått gjennom planen. Vi har følgjande merknader: .

  Sjukeheimen i Svelgen ligg på ei av dei finaste tomtane som fins i bygda. Det var Sanitetsforeninga som kjøpte grunnen til”Sjuke-og aldersheim”, som det heitte då,   frå bruket til Åshild Kjelkenes.

 

Svelgen Pensjonistlag vil ikkje akseptere at denne bygningen/ tomta vert teken i bruk til noko anna enn til   bustad/heim for dei som treng pleie og omsorg.

 

Vi kjenner til at. Samhandlingsreformen.er venta å tre i kraft i 2012. Skal reforma lukkast er det nødvendig med kommunesamarbeid    slik at små kommuner må gå saman om   å bygge ut ”helsesentra” (mellomsjukehus). At denne reforma vert sett ut i livet etter planen kan gjere det enklare for oss å akseptere at det ikkje blir sjukeheim, men omsorgssenter med heildøgns omsorg i Svelgen (HDO), men vil likevel presisere at det er svært uheldig at det i framtida ikkje skal veresjukeheim i kommunesenteret Svelgen

 

Etter som vi forstår ”Samhandlingsreforma” skal   det etablerast   helsesenter/mellomsjukehus i alle regionar. Vi reknar då med at Bremanger vil gå saman med Flora. .

Fleire av våre medlemmer meinar at slik det er no, er det problem   å få korttidsplass og ev. rehabilitering etter sjukehusopphald. Vi håpar at dette vil betre seg når Samhandlingsreforma trer i kraft. Svelgen Pensjonistlag bed om at kommunen   tek kontakt med aktuelle nabokommuner for å legge grunnlag for samarbeid.

 

 

Svelgen Pensjonistlag vil at det må leggast stor vekt på førebyggande tiltak – og då tenkjer vi også på tiltak for friske heimebuande pensjonistar. Likeeins må det i alt planarbeid leggast til grunn ”universiell utforming”. Det betyr at det skal planleggast for alle -   både funksjonsfriske og funksjonshemma. Ergoterapeut må vere med planarbeidet.

 

Førebyggande tiltak   kan vere å etablere eldresenter i alle deler av kommunen. Kommunen må støtte økonomisk, men det er viktig at dei eldre sjølve er aktivt med i drifta. Det må leggast til rette for gode sykkel-og gangvegar og   turstiar der det er framkommelig og trygt å ferdast for folk med gåstolar og   rullestol.. Andre   tiltak er å legge til rette for   kulturelle opplevingar som passar for vaksne.

 

Folkehelsekoordinator kan vere bra i det forebyggande arbeidet. Det er viktig med gode og gjennomtenkte   arbeidsbeskrivelsar og at det blir etablert gode samarbeidsrutinar med lækjarar, helsesøstre og anna sosial- og helsepersonell og ikkje minst med innbyggarane.

 

-

 

Sjukeheimen i Svelgen er i svært dårleg forfatning   sjølv om den er berre 30 år gamal. Det trengs ei fornying snarleg og Svelgen Pensjonistlag ser det som svært positivt at planen legg opp til planlegging og oppstart i 2010. Men vi vil peike på at dersom arbeidet med omsorgssenter i Svelgen kome i gang så fort,   må det takast i bruk areal på Naustneset som kommunen sjølv eig.   Det er alt   bygd fleire omsorgsbustader i dette området, og desse må bli ein del av ”omsorgsenterområdet” og dermed få del i    tiltak som nattevakt, sosiale og kulturelle aktivitetar   og ikkje minst at dei som bur der er trygge i eit større fellesskap.

……

 Når det blir planlagt for omsorgssenter reknar vi med at det må bli   fleire typar buformer:

Omsorgsbustader i bukollektiv som høver til demenete og eldre med samansette og omfattande hjelpebehov,

Omsorgsbustadar i bufellesskap  som er eit butilbod til langtidssjuke som treng pleie. Avlastning- og rehabiliteringsplassar.

Sjølvstendige omsorgsbustadar til langtidssjuke som treng pleie og til dei som har store avstandar til ”pleie-og omsorgssentralane”. Funksjonshemma.

 

I planen heilter det at ”Omsorgssentera skal utformast slik at dei legg til rette for kulturaktiviteter, arbeidsaktivitetar, areal for rehabilitering, habilitering og fysisk aktivitet. Omsorgssentra skal ha gode fellesareal ute og inne, og tilretteleggast slik at ein inviterar til aktivt og sosialt samvær, besøk av pårørande, frivillige organisasjoner m.m”

 

Svelgen Pensjonistlag er glad for at dette er vektlagd i planen. Det er viktig å ha eit stort fellesareal der alle kan samlast og at der er plass til f.eks   teatergruppe, sangkor, skulemusikk, seniordansarar   og der det kan   arrangerast julefestar, 17.maifest og fødselsdager. I tilknytning til dette arealet må det vere eit kjøkken .

 

Det er også viktig at bustadane vert bygd så nær kvarandre at det er lettvint for hjelpepersonale og at tida ikkje blir brukt opp til å flytte seg mellom brukarane.

Sjølv om tenestene blir lagt om frå sjukeheim til omsorgssenter vil det bli mange tilsette både på dag og natt. Det må tilrettelaggast for kontor/arbeidsplassar/kantine og for høveleg lagerplass..

.

Frå fleire av pensjonistane er det   motteke ”bekymringsmeldingar” når det gjeld kostnadane med å bu i omsorgbustad i høve til å bu på institusjon. Det bør utarbeidast ei oversikt som er lett å forstå.

 

Brukaren i sentrum er eit godt mål og vi håpar at det blir lagt til rette for at de blir nok ressursar til at brukarane kan få eit godt og individretta tilbod. i framtida.

 

Svelgen 26.september 2009

 

 

SVELGEN PENSJONISTLAG

 

Anne Lise Gilleshammer

-leiar-

 

 

 

 

 


Datakurs 21.09.2009 / ALG

DATAKURS PÅ KEIPENSTOVA.

Mange har spurt om det blir datakurs i haust. Har snakka med Bell som seier at det ikkje kan bli før noko seinare - i allfall ikkje før etter haustferien.


HAUSTTUREN AVLYST! 18.09.2009 / ALG

Den planlagde haustturen til Geiranger er avlyst!

Grunnen er for få påmelde. Vi prøver oss med ny tur til våren. Kanskje det blir nordover, men det kan også bli sørover. Vi har fått tips om at Gulen og Skjerjehamn kan vere eit turmål. Vi får sjå.


Dansegalla - 1.varsel 16.09.2009 / ALG

Laurdag den 24.oktober  må merkast av i kalenderen -  for då er det nemleg

 

DANSEGALLA PÅ SAMFUNNSHUSET !

 

Vi kjem attende med alle opplysningar seinare. Plakatane er snart ferdige for utsending til alle deler av kommunen!


TRIM!

No er det tid for trim igjen - torsdag kl. 12 på Keipenstova. Lise Frøyen er instruktør.


STYREMØTE 12.09.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held styremøte torsdag 17.september kl.13.30 på Keipenstova.

Saker:

Høyringsuttale "Strategiplan for pleie- og omsorgstenestene i Bremanger"

Program til medlemsmøte på Trudvang 30.september

Oddgeir Bruaset - foredrag på Keipenstova (truleg 19.okt)

Plan og budsjett for opprustning av toalett.

Drøfting av "lyddemping"

 

Etter møtet blir det samling av nemnda som skal ta seg av Dansegalla - tilstellinga som skal vere 24.okt.

Nemnda: Anne lise Gilleshammer, Olga Aarsnes, Per Ytrehus, Gunvor Hansen, Åse Eikeseth og Rolf Svarstad.,


HAUSTTUR 12.09.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag arrangerer hausttur til Geiranger. Til no er det  berre påmelde 12 personar til turen, men vi vil ha påmeldingslista  liggande framme endå nokre dager.

TREKNINGSLISTE

                       

1 Handduk                                Johan Sollid

Strikketråd                                Karen Kleiven

Løper                                        Jonas Førde

Strikka strømpebukse                Helene Sørbotten

Termos                                     Rolf Stave        

Tøfler                                        Helene Sørb otten

2 hekla servietter                        Rolf stave

Lommtetøfler                             PerYtrehus

Handklæ                                   Oda Grov Ryland

 Små handklæ                           Ørjan Helle

Rosa pledd                                Edith Langedal

2 stk lysestaker                           Reidun og Arne O Varpe

Hekla duk                                 Eva og Per Ytrehus

Barnelue                                    Malen og Sigurd Solvang

Løper                                        Fam Ingrid _Bueie

2 hekla servietter                         Ingeborg Solberg Halse

Duk                                          Geir Ask

Lilla pledd                                 Henrik Ytrehus Førde

Hobbysett                                 Johanne S. Hestetræet

Lommetøfler                              Elianne gulestøl

Strikka skjerf                            Bjørg N. Nybø

Heimebaka flatbrød                     Fam jon Bakke

Svart pledd                               Joakim Ryland Steinholm

Akvarell                                    Henrik Førde

2 pynteputetrekk                         Bjørg og Anders Rosvoll

Badehandklæ                            Edith og Johannes Mulehamn

Barnelue                                    Synnøve Marie Rebni

Terasselykt                                Fam. Olav Ommedal

Hekla duk                                 Håkon Esp Ulvmoen

Ingrid Gulestøl                              Ryggsekk/vest  

Shampo mm                              Møyfrid Hestetræet

Badehandklæ                            22001 Ask

Salatskål                                   Liv Haukenes

Dynetrekk                                 Karen Solheim

Løper                                        Tryggve Sortevik

Genser                                      Ingrid j. Lofnes

Tova korg                                 Aurora E. Fotland

Cape                                         Halvor Hodne

Genser                                      Karen solheim

Servietthalder                            Gudrun Yttrehus

Lappeteppe                               Audun Langedal

Tova/strikke nisse                       Bente Støvik

Dukke m/ klede                           Jonas Myklebust

Hekla dobbelt sengeteppe           Edith Langedal

                       


BASAREN!

Minner om basaren torsdag 10.september på Keipenstova - vanleg opningstid.

Kaffi, vafler/sveler og kaker.

Vi startar åresalget kl.11.30.

Trekning av hovedlotteriet ca kl 13.30.

Inntekta går til innreiing av HC-toalett på Keipenstova.


SANGTIMEN! 04.09.2009 / ALG

Det er første måndagen i månaden og då skal det vere sangtime på Keipenstova.

Vi startar kl.12.00!

Har du ein "ønskjesong" kan du kontakte Margareth eller Harald .


LODDSALG. 04.09.2009 / ALG

Basaren.

Det vert høve til å ta lodd på Coopen fredag, laurdag og måndag!


HAUSTTUR. 02.09.2009 / ALG

Hustturen i år går til via Hellesylt  med turistferja til Geiranger. Der  er  det lunsj/middag på Union Hotell.

Vidare går turen til Dalsnipa , Grotli, Gamle Strynefjellsveg og heim via Stryn.

Vi kjem attende med nærare opplysningar om innlagd program etc.Turen kostar 750 kroner


Basar! 02.09.2009 / ALG

BASAR PÅ KEIPENSTOVA

torsdag 10.september.

Vi startar opp med åresalg kl.11.30. Kaffi og vafler/sveler vert servert frå kl.10.00. Det vil  bli høve til å ta lodd på hovedgevinstane fram til trekning i ca. 13.30.

Inntekta dette året skal gå til innreiing av HC-toalett.

Vi har mange flotte gevinstar:

Nydeleg hekla sengeteppe til dobbelseng

Dukke med garderobe som er heilt fantastisk

Deilig mjukt og fint lappeteppe

Heimestrikka gensarar

Juleduk

Fine hekla dukar

Tova korg - strikkasokkar - handklær - løparar - pledd mm.

Vi har også fine åregevinstar - noko er handarbeid  og andre fine/nyttige ting. Vi reknar med å selge to rundar med årar.

 

Fredag, laurdag og måndag er det høve til å ta lodd på Coopen.


SENIORDANSEN. 20.08.2009 / ALG

Seniordansen startar opp 25.august.

Same stad og same tid - Storsalen (inngang Keipenstova) tirsdag kl. 17.00!

 


PENSJONISTMØTE! 13.08.2009 / ALG

  Svelgen Pensjonistlag held møte torsdag 27.august kl. 1700 

 NB! merk dato.

  

Stad: Rugsund Handelstad

Det vert satsa på å reise med rutebussen kl.15.35 frå Svelgen til Davik og ekstrabuss vidare.

Program:

Vanlege lagssaker

Ord for dagen v/ Arnar Kjelkenes

"Historia om handelstaden" v/ Harald Skaar

Sang og musikk v/ underhaldingsgruppa (Harald, Alf, Margareth og Ester)

Stortingsvalet 2009 v/ ordførar Kåre Olav Svarstad

Kyrkjevalet 2009 v/ Knut Arne Vadøy

Varm mat og kaffi/kaker

Orientering om haustprogrammet

Høyringsutkast til pleie og omsorgsplan

Utlodning

Heimreis med ekstrabuss.

 

Vel møtt!

 


AUGUSTMØTET!

Styret har gjort vedtak om at møtedatoen skal endrast til 27.august (torsdag)

Dette pga at kultursamlinga på Samfunnshuset er lagt til onsdag den 26.

Møtet blir halde på Rugsund Handelstad og vi kjem attende til reisemåte og program seinare.


STYREMØTE 01.08.2009 / ALG

Det vert halde styremøte på Keipenstova måndag 3.august kl13.30.

Saker:

Diverse meldingssaker

Medlemsmøte 26.august

Dagstur i september

Basaren

Dansegalla - ev. val av arrangementkomite

Saker som kan kome til


AUGUSTMØTET! 15.07.2009 / ALG

I år vert det ikkje møte i Botnane i august. Dette er bestemt i samråd med pensjonistane i området.

 

Det har vore fleire gode forslag til kva som kan gjerast for å erstatte dei populære møta i Botnane, men no er det slik at den same onsdagen skal det arrangerast KULTURSAMLING I SVELGEN SAMFUNNSHUS. Dette er ei tilstelling som er ein del av Kulturminneåret 2009.

 

Kanskje kan vi få til ein kombinasjon med møte på Keipenstova og deretter deltaking på Kultursamlinga i Storsalen.

 

Vi kjem attende til saka seinare!

Fortsatt GOD SOMMER!


FEIRING AV 70 ÅRSDAG! 10.07.2009 / ALG

Laurdag feirar Lillian Nilsen 70 årsdag på Keipenstova.

Vi gratulerer den spreke dama med dagen!


SANGTIMEN! 03.07.2009 / ALG

Den første måndagen i månaden brukar vi å ha sangtime kl1200. Førstkomande blir det sang utan tonefølgje - for musikkantane våre ferierer :).

 

Men vi vil synge likevel - med stødige forsangarar skal dette gå bra.

 

Velkommen til sangtimen måndag kl.1200 på Keipenstova!

 

Vertskap er Ragna, Rolf og Anna Svarstad.


FRUKT OG GRØNT! 29.06.2009 / ALG

Keipenstova har også i år fått tildelt midlar til innkjøp av frukt og grønt frå "VARDAR for folkehelse" - Sogn og Fjordane fylkeskommune. I fjor fekk vi 2500 kroner og i år er summen auka til 3000 kroner.

Det vil seie at vi kan bruke gjennomsnittleg 60 kroner i veka til gratis frukt på Keipenstova.


KEIPENSTOVA 24.06.2009 / ALG

Keipenstova held ope heile sommaren med vanleg opningstid - måndag og torsdag frå kl. 10 til 14.

Dei som vil kan kjøpe lodd i lotteriet vårtt. Inntekta skal gå til opprustning av lokala - først og fremst til nytt toalettrom.


"AKTUELLE BILDER" 24.06.2009 / ALG

Det er lagt ut ein del bilder frå pensjonistturen onsdag 17.juni.


10.KLASSE SYNER LYSBILDER 19.06.2009 / ALG

  MÅNDAG PÅ KEIPENSTOVA!

Ungdomane som fekk låne Keipenstova til laurdagskafe vil takke pensjonistane ved å vise bilder frå turen til Polen/Tyskland.

Tid: måndag 22.juni kl.1200

Stad: Keipenstova

 


PENSJONISTLAGET PÅ TUR, 14.06.2009 / ALG

ELDALEN - BALESTRAND - HØYANGER - dagstur 17.juni!

Turen strater kl. 0800 frå Svelgen. Første stopp er Eldalen - der får vi kaffi og får sjå på kunsthandtverk.

Neste stopp er lunsj på det fantastiske Kviknes Hotell i Balestrand. Hotelldirektør Sigurd Kvikne vil møte oss og orientere om hotellet og bygda.

Så er det Høyanger - der stiller varaordførar  Monika Oppedal, og ho vil fortelle oss om Høyanger og det blir vel også ein tur på Industrimuseet. Leiar for Pensjonistlaget , Lilly Slinde, har invitert til kaffi på Eldresenteret. Det skal bli interessant å sjå korleis dei har det!

Det er nokre få plassar ledige - og det er berre å melde seg på!

Konrad 57793336 - Anne Lise 57793553/41418231 - eller kom til Keipenstova måndag og skriv deg på lista.

Dette blir ein kjekk tur.


PENSJONISTMØTE 25.05.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte onsdag 3.juni kl.1700

på Keipenstova.

Program:

Velkommen

Opningssang: La oss leve for hverandre

Ord for dagen v/ Margareth  Hjalte

Referat

Brannsjef Magne Igland: Brannførebyggande tiltak

Musikk av tangent- og knappespelande pensjonistar

Allsang

Underhaldningsgruppa

Grauten vert spela inn

Rømmegraut

Kaffi.

Påmelding til dagstur

Allsang

Loddsalg

Avslutning.

Velkommen til møte!

Styret.


VERTSKAP PÅ KEIPENSTOVA 24.05.2009 / ALG

Vertskap på Keipenstova framover sommaren:

Veke:

22. Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre

23. Ester og Kjærulf Ryland og Jonna Halse

24. Olga Aarsnes, Åse Kjelkenes og Gudrun Yttrehus

25. Asbjørg  og Alf Førde og Ester Hatleseth

26. Lise og Johannes Frøyen og Magni Nesbø

27. Gudrun og Arvid Frøyen og Kirsten Frøyen

28. Ragna og Rolf Svarstad og Anna Svarstad

29. Annfrid og Anfinn Førde og Lillian Nilsen


Styremøte Svelgen Pensjonistlag 21.05.2009 / ALG

Det er kalla inn til styremøte på Keipenstova måndag 25.mai kl.13.30.

Saker:

Skriv og meldingar

Referat

Medlemsmøte 3.juni - planlegging

Drøfting av pleie- og omsorgsplanen - forprosjektet

Ny toalettløysing - Keipenstova.

Ny dagstur

Saker som kan komme til.

alg


TUREN TIL SOGNDAL AVLYST 20.05.2009 / ALG

PENSJONISTTUREN TIL SOGNDAL ER AVLYST!

Det er mange av oss pensjonistane som ønskjer å vere med i gravferda til den tidlegare leiaren vår - Fridtjof Frøyen. Gravferda skal vere tysdag, og turen er difor avlyst.

alg


17.mai på Keipenstova! 16.05.2009 / ALG

17.mai er det skulemusikken som er vertskap på Keipenstova. Dei serverar kaffi, kaker og brus.

 


Mai-møtet er utsett. 13.05.2009 / ALG

PENSJONISTMØTE 3.juni !

Sidan vi skal ha ein lang tur til Sogndal tirsdag 26.mai har styret bestemt at pensjonistmøtet vert utsett med ei veke - til 3.juni.

Vi kjem attende med opplysning om program!


PENSJONISTTUR TIL SOGN! 04.05.2009 / ALG

Sogn og Fjordane Pensjonistlag arrangerar sommertreff for alle pensjonistlag i heile fylket den 26.mai.

Det har tidligare vore arrangert slike treff i Florø og i Måløy. Dette året er det i Sogndal - nærare bestemt på Kaupanger.

 

Program:Leikanger Mannskor,Olav Stedje, kåseri av Jon Olav Fretheim og omvisning på Dei Heibergske samlingar. Det vert servert varm mat fram til kl. 13. Inngangsbillett inkl. varm mat kostar 275 kroner.

Det vert buss frå Svelgen kl0800 og vi er tilbake i Svelgen ca 2100. Utgiftene til buss blir truleg kring 250 kroner.

Det er påmeldt 35 personar!  Liste for påmelding er på Keipenstova.

alg

 

 


PENSJONISTMØTE PÅ KEIPENSTOVA 22.04.2009

Svelgen Pensjonistlag har møte 29.april kl. 1700 på Keipenstova.

Program:

Sang og musikk

Ord for dagen

Sjølvmelding og skatt v/ John Fløtre

Påmelding til dagsturen til Sogn

Påmelding til tur til Bolkesjø

Loddsalg

Mat og kaffi og sosialt samvær.

Velkommen!


DUGNADSARBEID 16.04.2009 / ALG

Det nye styret for Samfunnshuset er i full gang med å pusse opp huset. Pensjonistlaget er spurt om å delta i dugnadsarbeid - og dei som kan tenkje seg å ta eit tak må melde seg til Bjørg Didriksen.

Vi har sagt ja til å pusse vindu  både i 1. og 2. etasje  og dei som vil stille opp til dette må melde seg til Anne Lise . Dette må gjerast før 1.mai, men endeleg dato er ikkje bestemt. Det vil bli sett opp plakat på Keipenstova.


STYREMØTE MÅNDAG 20.APRIL 16.04.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag har styremøte på Keipenstova måndag 20.april kl. 16

 

Sakliste:

Referat - skriv og meldingar

Orientering frå fylkesårsmøtet v/Per Y

Innkjøp av kopimaskin

Sal av brukt oppvaskmaskin

Utleige av Keipenstova til SKAF - i høve permitteringar

Utleigereglar for Keipenstova - drøftingssak

Pensjonistmøte 29.april - program mm

Gjennomgang til Samfunnshuset

Andre saker som kan kome til.


BUSTADFELT I NEDRE LANGENESET 14.04.2009 / ALG

Saka skal opp til handsaming i Formannskapet 15.april.

Som svar på Pensjonistlaget sine merkander vert det skrive i saka:

"Svelgen Pensjonistlag meiner det er vanskeleg å sjå at Lov om tilgjenge for alle (universiell utforming) er lagt til grunn for planarbeidet i Langeneset. Dei peikar m.a. på lang veg til busshaldeplass, manglande gang-sykkelveg/fortau, og at bygging for livsløpsstandard kan bli vanskeleg å løyse. Det er eit mål for kommunen og dei eldre om å kunne hu heime så lenge som råd.

Vurdering: Planleggjing for tilgjenge for alle må sjåast i eit større perspektiv enn berre det aktuelle bustadfeltet. Svelgen har bustader og regulerte tomtar med nær tilknytning til sentrum. Desse vil vere betre eigna og lettare å tilretteleggje for eldre og rørslehemma enn bustadområda i Langeneset og Sande som ligg fleire km frå sentrum.

For å tilrettelegge for at eldre kan bu heime er det mange faktorar som må leggast tilrette, som ma butilhøve og tenestetilbod. Godt vedlikehald av offentlege vegar er også ein viktig faktor. Dette gjer vegane betre framkommeleg, og er eit viktig tiltak også for barn og syklande.

Kravet om universell utforming må vurderast m.a. i høve til kva som er teknisk og økonomisk mogeleg å gjennomføre, jfr. lova sin §9. Bustadfeltet i Langeneset er planlagt i høve lovverket på området. Vegtilkomsten er såleis planlagt i samsvar med vegnormalane. Det er ikkje så store trafikkmengder at det er krav om fortau eller gang-/sykkelveg i det nye bustadfeltet eller Strandvegen. Terrengtilhøva er også slik at dette vil vere plasskrevjande og dyrt. Ein viser elles til vurdering av utbetring av Strandvegen i planen. Planleggjing av tomtane for livsløpsstandard skjer i samband med tomteeigar si planleggjing av den einskilde tomta. Slik tilretteleggjing vil vere mogleg å få til i det nye byggefeltet, sjølv om nokre av tomtane er høvesvis bratte"


NESTLEIAREN 70 ÅR! 08.04.2009 / ALG

Nestleiaren vår - Per Ytrehus - fyller 70 år!

Pensjonistlaget gratulerer.


Oppstart av datakurs på Keipenstova. 19.03.2009 / ALG

Den 24.mars startar det nytt datakurs på Keipenstova med Willy Bell som lærar.

PENSJONISTMØTE 25.MARS 19.03.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held møte på Keipenstova onsdag 25.mars kl.17.00

Program:

Velkommen - opning

Allsang

Ord for dagen v/ Kirsten Frøyen

Kultursjef Espen Frøysland - fortel om kulturminneåret

Sang og Musikk

Mat og kaffi

Orientering om sommartreffet 26.mai (påmelding på aprilmøte)

Påmelding til femdagers tur til Bolkesjø 17.august - Konrad Ryland orienterer.

Åresalg.

Avslutning.


SAMFUNNSHUSBASAREN 19.03.2009 / ALG

Dei driftige damene, Astri, Dina-Lise og Berit, arrangerar basar i regi av Svelgen Samfunnshus al.

Inntektene skal gå til opprustning av huset som trengs sårt. Pensjonistlaget er med som gjevar av gevinst, og loddskrivarar på Coopen - og vi er i tillegg bedne om å levere 4 kaker. Elles har fleire flinke pensjonistdamer strikka fine ting til basaren.

 

BASAREN ER LAURDAG 28.MARS!


PROBLEM MED Å FA LAGT INN BILETE 19.03.2009 / ALG

Det går ikkje alltid som ein tenkjer. Vi har problem med å få lagt inn bilder, men har håp om at det skal ordne seg!


NYTT DATAKURS! 12.03.2009 / ALG

Det blir starta opp eit nytt datakurs for pensjonistar med Willy Bell som lærar. Dei fem som gjekk det første kurset for "vettskremte" nybegynnarar har berre godord å kome med. Diplom har dei også fått!

Det har alt meldt seg på to - det er plass til fire kanskje fem. Kurset kostar ikkje noko bortsett frå ein liten sum til materiell!

Påmelding til Anne Lise Gilleshammer tlf. 57793553/41418131 eller på tavle på Keipenstova.


Torsdag 12.mars på Keipenstova 11.03.2009 / ALG

 

Torsdag 12.mars får vi besøk frå Eid Pensjonistlag. Det er leiaren Astrid Henden og 3 andre som kjem for å sjå på Keipenstova. Dei arbeider med å få til noko liknande i Eid sentrum.

 

Elles har vi som vanleg trim kl. 12. Vertskap er Jorunn og Gunvor.

 

Vel møtt!


Mot nytt byggefelt på Langeneset 09.03.2009 / IEH

I styremøte til 5.mars vart det planlagde byggefeltet på Langeneset drøfta.

Styret i meiner at det er vanskeleg å sjå at dette byggefeltet er tenkt til alle, og at den nye lova om tilgjenge for alle er lagt til grunn.

Vi vil peike på følgjande:

  • Lang veg til busshaldeplass
  • Bratt terreng - uråd å få til gang/sykkel- og rullestolvegar som kan binde feltet saman med andre felt
  • Strandvegen er einaste tilkomstveg - vegen er smal og gjev ikkje plass til fortau som rullestolbrukarar kan nytte
  • Eldre- og funksjonshemma vil vere heilt avhengig av å nytte drosje for å komme seg til   butikkar og ikkje minst delta i det sosiale livet.
  • Utan at vi veit sikkert korleis det blir lagt til rette for tomtane, kan det også tenkjast at det blir vanskeleg å få til "livsløpstandard" 

Svelgen Pensjonistlag minner om at det blir stadig fleire eldre i Svelgen-området, og at det eit ønskje både frå kommunen og frå dei eldre sjølve at dei kan bu i eigen heim så lenge det er råd. Fleire eigedomar i Svelgen er slik at pensjonistar og funksjonshemma må flytte fordi utforminga av tomt ikkje er tilrettelagt for eit heilt livsløp.

Vi bed dykk om å ta omsyn til at det må planleggast for alle - ikkje berre dei som kan køyre bil.

Svelgen, 9.mars 2008

SVELGEN PENSJONISTLAG

ÅRSMØTE 2009 09.03.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag hadde årsmøte 25.februar 2009 på Svelgen Hotell.

Det var 56 medlemmar tilstades. Møtet vart leia av lagsleiar Anne Lise Gilleshammer

Møtet starta med å minnast to av medlemene våre som var gått bort: Magne Myklebust og Dagfrid Øverland.

 

Årsmeldinga vart lesen av sekretær Kirsten Frøyen. Nytt av året var eit eige avsnitt om Keipenstova som vart starta opp i meldingsåret. Årsmøtet sa seg samd i at Keipenstova har vore til glede og nytte for brukarane. Der kan vi treffe gamle og nye vener, vi opplever felleskap, trivsel og samhald.

 

Årsrekneskapen vart gått gjennom av kasserar Gunvor Hansen og vert samrøystes vedteken.

Driftsplan og budsjett for 2009 vart godkjendt. Styremedlem i fylkesstyret Bertel Meek hadde ordet og orienterte om aktuelle saker frå Pensjonistforbundet og Fylkesstyret.

 

Val 2009 - etter valet har styret slik samnsetjing: Leiar Anne Lise Gilleshammer, nestleiar Per Ytrehus, sekretær Kirsten Frøyen, kasserar Gunvor Hansen, styremedlemmer Oddvar Førde, Lillian Myren og Anne Lise Grinde. Varamedlemmer: Arne Lothe, Åge Tansøy og Anfinn Førde.

Revisorer: Åse Eikeseth og Liv Ytrehus. Representant til Svelgen Samfunnshus al: Anne Lise Gilleshammer og Kirsten Frøyen. Valkomite: Ragna Svarstad, Gerd Ryland og Marta Navekvien.

 

Etter at den formelle delen var avslutta, var det årsmøtefest. God mat vart servert av Hotellet, Marguritas underheldt med sang og musikk, Seniordansarane synte nye dansar og Trekkspillklubben spelte til underhaldning og dans.

 

 


TURAR FOR PENSJONISTANE 08.03.2009 / ALG

Svelgen Pensjonistlag har planer om 3 turar frå mai til septemer 2009.

26. mai går turen til Vesterland i Sogndal, der fylkeslaget skipar til sommertreff 2009.

Styret vurderar det slik at denne turen kan gjennomførast på 1 dag. Vi vil kome attende til programmet når vi får fleire detaljar frå fylkeslaget.

 

Så er det 5-dagers tur til Bolkesjø med Konrad og Gerd som reiseleiarar frå Svelgen Turen er arrangert i lag med LHL i Bremanger. Avreise er 17.august  Reisa, går med turbuss frå Firda Billag .Det blir truleg  3 overnattingar på Bolkesjø Hotel, 1 overnatting på Rica hamar Hotel. Program vert lagt ut seinare. Påmelding på mars-møte.

 

Seinsommerturen går truleg til Stranda, Valldal og Tafjord i byrjinga av september. Vi kjem attende til program seinare.


FIRDAPOSTEN SKRIV I DAG: 07.03.2009 / ALG

"Keipenstova på nett!

Svelgen Pensjonistlag har no fått si eiga heimeside - Keipenstova. Nettsida inneheld info om aktuelle saker, som møte, turar, festar og andre aktivitetar, og foto og minne frå Svelgen og omland. I redaksjonen sit mellom andre Anne Lise Gilleshammer, Eli Tideman, Willy Bell og Bjarne Ripe"

 

Vi kan vel kanskje ikkje ta så hardt i at vi kallar oss redaksjon, men  personane som Firdaposten nemner har fått passord til å skrive og legge inn bilder på sida vår.

 


STYREMØTE. 03.03.2009 / ALG

Svelgen pensjonistlag har styremøte på Keipenstova torsdag 5.mars kl.13.30

Sakliste:

Turar (Konrad er kalla inn til denne saka)

Referat og meldingar

Søknad om midlar (tilskot)

Innkjøp av ny oppvaskmaskin

Innkjøp av scanner til fotoprosjekt

Utleigereglar for Keipenstova

Marsmøtet - program og matkomite

Drøftingssak: Nytt høgtaleranlegg/teleslynge samarbeid med Seniordanselaget

Ev. saker til fylkesårsmøtet

Orientering om den økonomiske stoda

Saker som kan kome til.


NYE MEDARBEIDARAR TIL SIDA VÅR 23.02.2009 / ALG

Eli Tideman har sagt seg villig til å vere med å legge inn bilder på heimesida vår.

Dersom det er fleire som kan tenke seg å gjere ein jobb,  så send ei melding til anne.lise@gilleshammer.no

 Vi har registrert to nye medarbeidarar: Willy Bell og Bjarne Ripe.

Styremøtet torsdag skal handsame innkjøp av scanner og då er vi i gang med "Gamle bilder"

 

Når det gjeld "Nye bilder" treng vi nokon som kan fotografere frå tilstelningar, turar etc.

Oppfordring : du som likar å fotografere - meld deg!


Keipenstova - styret for Pensjonistlaget 21.02.2009 / ALG

 

 

I februar 2009 feira Svelgen Pensjonistlag 1 årsdagen for Keipenstova. Det var samla omlag 70 pensjonistar - og det var taler, sang (laga av Margareth Hjalte) og servering av bursdagskake. Her er styret samla ved inngangen - Lillian Myren, Gunvor Hansen, Oddvar Førde, Kirsten Frøyen, Anne Lise Gilleshammer, Per Ytrehus og Arne Lothe, Anne Lise Grinde var ikkje tilstades. Foto:Annbjørg Hauge


ÅRSMØTE! 21.02.2009 / ALG

Påmining om årsmøte

SVELGEN PENSJONISTLAG!

Onsdag 25.februar er det årsmøte på Svelgen Hotell kl 17.

Etter årsmøtet er det middag og sosialt samvær med god underhaldning.

Dei som ikkje har meldt seg på til festen, kan gjere det direkte til Hotellet!

Velkommen til årsmøte og velkommen til fest!


Arkivoversikt
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 ]