Arkiv 2011

KEIPENSTOVA

Svelgen Pensjonistlag si eiga heimeside: Her vil vi skrive om aktuelle saker - slik som møter, turar, festar og andre aktivitetar. Så har vi ei side  med foto og minner frå Svelgen og omegn.  Det vil også bli orientert om saker som vedkjem seniordansarane, styrketreninga for pensjonistar, og oversikt over bøker som er tilgjengeleg på Keipenstova.

 

 


ROMJUL UTAN FJERNSYN. 28.12.2011 / ALG

For mange av oss som ikkje har parabol har fjernsynet vore ute sidan "Dagmar" starta opp for fullt.

 

Senderstatus for RiksTV i dag kl. 13.10 for Svelgen 2/SvelgenTvo: " Feilretting pågår. Årsak strømbrudd"


 

 

God jul til pensjonistane!


FØRJUL PÅ KEIPENSTOVA. 17.12.2011 / ALG

Keipenstova er open som vanleg måndag og torsdag. Vertskap er Marta og Åse.

Kanskje dei overrasker med noko ekstra på torsdagen - når vi møtes for å ønskje kvarandre god jul.

 

 

 

 

 


Gange rundt juletreet torsdag 15. desember 14.12.2011 / IEH

Torsdag 15.desember er det gang kring juletreet på Keipenstova.

Det er ikkje noko plikt å gå kring treet, men det er fint at mange syng med !

 

I tillegg til kaffi vert det servert gløgg og pepperkaker. Ta gjerne med sanghefte.


SYNG MED OSS!

Måndag 12.desember er det sangtime på Keipenstova.

 Harald & Co har funne fram julesongar og litt andre songar . Vi startar kl.12 som vanleg.

Alle er velkomne.


Julefrokost. 01.12.2011 / ALG

 

 

LAURDAG 10.DESEMBER BYR COOPEN OG PENSJONISTLAGET PÅ JULEFROKOST !

 

Stad: Keipenstova

Tid: - 11 - ca 13

Alle er velkomne til å smake på julematen.

. 


Arrangement i adventstida:

 

30.november er det julebord på Svelgen Hotell kl.1800

06.desember tek vi inn juletreet

10. desember er julefrokost på Keipenstova frå kl. 1100 til 1400 - Coop spander maten :)

12. desember er det "Sangtime" på Keipenstova frå kl. 1200 til 1300

12. desember samarbeider vi med Svelgen Songlag - "Sang på gaten" og julegløgg/peparkaker kl. 1800

15.desember prøver vi oss med gang kring juletreet og julesanger.

 

 

Vidare fram til jul er det "julekafe" og  vanleg opningstid på Keipenstova  - siste dag før jul blir torsdag den 22.desember "bittelisjejulafta" og då blir det med litt ekstra godsaker.

 


Bilder frå pensjonistlaget sitt julebord 04.12.2011 / IEH

 

 

 


Keipenstova. 02.12.2011 / ALG

Fredag 02.desember er Keipenstova utleigd til Lidvard Haukenes.

JULEBORD FOR PENSJONISTANE. 27.11.2011 / ALG

 

 

JULEBORD PÅ SVELGEN HOTELL ONSDAG   30. NOVEMBER KL.1800 (Merk tida)

 

Program:

Velkomsthelsing

Allsang

Ord for dagen v/ Eli Tideman

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Juletallerken

Kaffi og kake

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Lynlotteri

Trekkspillklubben spelar til underhaldning og dans.

Det er no 92 påmelde, men det kan vere plass til nokre til.

Tlf. 41418231 - Anne Lise.

 

 


JULEBORD. 02.11.2011 / ALG

JULEBORD 

ONSDAG 30.NOVEMBER KL  1800.

Svelgen Pensjonistlag arrangerer også i år julebord på Svelgen Hotell.

Vi kjem attende til program for kvelden seinare. Juletallerken med kaffi og kake kostar 250 kroner.

Påmelding på Keipenstova - eller ring Anne Lise tlf.57793553 eller 41418231.

 


SYNG MED OSS! 02.11.2011 / ALG

  Det er sangtime 2.måndag i månaden. I november blir det den 14. Alle er velkomne!

FROKOST PÅ KEIPENSTOVA. 02.11.2011 / ALG

Laurdag 10.desember er det gratis julefrokost på Keipenstova for bygdafolket.

Det er Coopen som spanderer maten - og pensjonistane koker kaffi, serverar og ryddar.


SPAREBANKEN ORIENTERER. 27.10.2011 / ALG

I dag - torsdag  kl. 1200  kjem representanter frå Sparebanken til Keipenstova for å orientere pensjonistane om omlegging av banktenestene i Svelgen. Dei spanderer kringle til dei frammøtte.

STYREMØTE. 24.10.2011 / ALG

Det vert halde styremøte i Svelgen Pensjonistlag i dag måndag kl. 1300. Stad Keipenstova.

 

Saker:

1. Skriv og meldingar

2. Teleslynge - installering

3. Diverse innkjøp til Keipenstova

4. Aktivitetar

5. Evaluering av fellesmøte i Ålfoten

6. Evaluering av Samfunnshusfesten

7. Julebord - program mm

8. Medlemsmøte i oktober

9. Reklame etc på Keipenstova

10 Saker som kan komme til.

 

Anne Lise Gilleshammer

-leiar-


STYRKETRENING. 18.10.2011 / ALG

Det er no 2 grupper a 6 pensjonistar som går på styrketrening hjå Asle Førde. Det kan startast opp ei gruppe til - dersom det blir 5 - 6 som melder seg.  Denne siste gruppa kan få plass torsdager frå kl. 14.30 til kl. 15.30.

Det kostar 500 kroner pr. halvår.

Påmelding kan skje til Anne Lise tlf. 41418231


MEDLEMSMØTE. 17.10.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova

onsdag 26.oktober kl.1700.

 

Program:

Opning - velkommen

Allsang

Ord for dagen v/Møyfrid Hestetræet

Allsang

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Trafikksikkerhet i haustmørket v/Lensmannen

Utdeling av refleks

Allsang

Mat og kaffi

Orientering om lagsaker

Påmelding til JULEBORDET!

Allsang

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Åresalg

Allsang - og takk for laget !


SANGTIME. 06.10.2011 / ALG

SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA!

Måndag 10.oktober er det igjen sangtime på Keipenstova.

Forsangarar og musikkanter er er klar med gamle og nye sangar.

Vi starter kl. 12.

Alle er velkomne!


PENSJONISTSAMLINGA I ÅLFOTEN. 29.09.2011 / ALG

Flotte pensjonistar frå alle deler av kommunen var samla i Ålfottunet i går kveld. Folk i frå bygda hadde laga deilig gryterett m/ tilbehør og kaffi med masse kaker - samt "lappar" som 4H hadde laga.

Takk til leiar Bjarne Lunde og alle dei gode hjelparane hans!

 

Den tidligare presten vår Mathias snakka om heimen og om kor viktig det er å vere ein del av eit trygt og godt fellesskap.

 

Trekkspelarar og sangarar frå Bremanger og Svelgen underheldt med sang og musikk - noko var nytt , men det var også gamle "svisker" som kalla fram minner frå unge dagar. Harald Førde leiar gruppa - og dei set oss alle i god stemning.

 

Vi fekk også helse på Karl Vidar Førde - som er påtroppande ordførar.  Han fortalde litt om seg sjølv og han  synte bilder frå Ålfoten.

 

Det var Svelgen Pensjonistlag som stod for arrangementet denne gongen - kanskje blir det Kalvåg neste år.


Gullring funnen! 29.09.2011 / ALG

Er det nokon som mista gullring med stein på pensjonistsamlinga i Ålfoten i går?

Kontakt Anne Lise tlf. 41418231


PENSJONISTSAMLINGA I ÅLFOTEN. 18.09.2011 / ALG

 

   183 pensjonistar har meldt seg på til samlinga i Ålfoten! 

 

 

 

DET BLIR BUSS frå Svelgen.

 

 Avreise kl.1600 frå Firda Billag.


Svelgen Pensjonistlag

ARRANGERER FELLESMØTE 2011

For pensjonistlaga i Bremanger, Kalvåg og Svelgen

Stad: Ålfottunet

Tid: Onsdag 28. september kl. 1700.

Program:

·        Opning v/leiar i Svelgen Pensjonistlag – Anne Lise Gilleshammer

·        Ord for dagen

·        Kåseri av tidligare sokneprest i Davik – Mathias Austrheim

·        Ålfoten grendahus serverer middag m/kaffi

·        Leiar i Bremanger Pensjonistlag, Kjell Torvanger og leiar i Kalvåg Pensjonistlag, Edvin Ånnevik har ordet.

·        Lynlotteri

Det blir mykje song og musikk – ansvarleg for underhaldning og allsong er Harald Førde.        

Pensjonistar i heile kommunen er hjarteleg velkomne!  

Pris for middag og kaffi 200,- kroner.

BUSS KOSTAR CA 70 KRONER! pÅMELDING TIL BUSS PÅ KEIPENSTOVA

Påmelding til Ruth Hauge 57791294 – Edvin Ånnevik 57792146 – Anne Lise Gilleshammer 57793553 – eller på liste på Keipenstova innan 24. september.


50 år! 13.09.2011 / ALG

Kjære Samfunnshuset!

Gratulerer med 50 års-dagen!

Helsing Svelgen Pensjonistlag.


DANS

PÅ LOKALET

Svelgen Samfunnshus 50 år!

dANSEFEST I GOD GAMMAL STIL

Stad: Svelgen Samfunnshus

tid: 14. september kl. 20.00 til ca 24.00

·        spekemattallerken

·       godt utval av drikke

·       Seniordansarane

·       underhaldningsgruppa

·       Lynlotteri

Flott dansemusikk av trekkspillklubben!

“verdens beste” dansegolv.   billett kr. 20,-.

Arr.: Svelgen Trekkspillklubb, Pensjonistlaget og Seniordansarane.


FELLESMØTE I ÅLFOTEN. 13.09.2011 / ALG

SKAL VI LEIGE EIN BUSS TIL DEN 28.SEPT.?

Det har vore fleire spørsmål om vi skal leige buss til Ålfoten. Dersom det er stemning for det, kan vi gjere det. :)

 

Dersom vi leiger ein 50 seters buss kostar det 3500 kroner - ved full buss blir det 70 kroner pr.person!

Vi lagar til ei liste som vert lagt ut på Keipenstova torsdag slik at dei som ønskjer å køyre buss kan teikne seg på -  eller ringe til meg - tlf. 57793553 eller 41418231.

 

Anne Lise


VALGET, 11.09.2011 / ALG

Kva kan du gjere med røystesettelen til kommunevalet?

 

1. Du kan føre over inntil 5 kandidater frå andre lister - det skal skje der det er opplinja til dette på røystesetelen.

 

2. Du kan gje ei "personrøyst" til dei  du ønskjer skal få plass i kommunestyret. Dette gjer du ved å sette eit kryss i ruta som står føre namnet til kandidaten.

 

Stryking av kandidater vil ikkje telje i valoppgjeret.

 

GODT VAL!

 

 


MÅNDAG 12.SEPTEMBER. 06.09.2011 / ALG

VALGDAG OG SANGTIME!

Måndag 12.september er det val til kommunestyre og fylkesting på Rådhuset, og kyrkjeval på Samfunnshuset.

Alle pensjonister må gå til valurnene denne dagen!

 

Same dag er det sangtime på Keipenstova - der møtes vi etter å ha gjort borgarplikta vår!

Vanleg opningstid 10 - 14. Sangtimen startar kl. 12


KEIPENSTOVA-BASAREN. 05.09.2011 / ALG

Gevinstnr.

Gevinst:

Trekn.nr

Vinnar:

 

 

 

 

1

Teppe - hekla/ strikka

 

Fam. Harlem, Kalvåg

2

Lappe teppe

 

Irmelin Andersen

3

Dukke med klær

 

Linda Førde

4

Mariusgenser voksen

 

Susanne Larsen Kvamme

5

Selbuvotter

 

Åse Kjelkenes

6

Hekla blå serviett

 

Asbjørn Indrehus

7

Strikka sjal - burgunder

 

Fam. Randi og Svein Førde

8

Forklæ

 

Bjørg Ingrid Damstuen

9

Sengesett

 

Mats Dyrstad

10

Førstejhelpspakke

 

Fam. Per L. Sande

11

Brødkorg m/hekla serviett

 

22001 Ask (Dagfinn)

12

Måleri

 

Marie Igland

13

Grå strikka labber

 

Anne Lise Gilleshammer

14

Strikka sjal - rosa

 

Mina Susanne Kjerpeset

15

Strikka tøfler

 

Tinka (Aud Leirvik)

16

Toalettmappe

 

Arild Sande

17

Vinduslys

 

22001 Aslk (Dagfinn)

18

2 hekla servietter

 

Lucas Senneset

19

Termoskanne

 

Jon Bakke

20

Barneservice

 

Solveig og Tor Z

21

Grønne strikka labber

 

Anne Karin Vårdal

22

2 handklær

 

Meg og Asbjørn Sande

23

Strikka veske m/diverse utstyr

 

Kirsten Frøyen

24

Førstejhelpspakke

 

Asbjørg Førde

25

Adventstake m/lilla lys

 

Fam. Shanker

26

Finn Schøll - vase

 

Tor og Margrethe Hjalte

27

Mønsterstrikka labber

 

Margareth og Bjørn Hjalte

28

4 stk frokostbrikker

 

Rolf Stave

29

Badehandklæ

 

Eva og Per Ytrehus

30

Rødt langt sjal

 

Jan Vegar Frimannslund

31

2 dynetrekk

 

Fam. Shanker

32

Lite slumreteppe

 

Elsa Johanne og Arvid Hauge

33

Hekla løper

 

Fam. Per L. Sande

34

Termoskanne

 

Gerd Eikeset

35

Blomstervase

 

Lucas Senneset

36

Oppbevaringstaske

 

Sverre Furnes

37

Grå strikka labber

 

Elise Frøyen

38

Grønt sjal

 

Bjørg K. Rossvold

39

Brikker i lappeteknikk

 

Fam. Per L. Sande

40

Rød/svrt strikka labber

 

Jorunn Vedvik

41

Strikka barnegenser

 

Sigrunn og Bjarne Ripe

42

Krystallskål

 

Johannes Mulehamn

43

Ryggsekk

 

Anne Lise Mulehamn

44

2 sengesett

 

Karen Sande

45

Glasbolle

 

Madelen Sagmo

46

Orkide

 

Fam. Kjell Mundal

47

1 potteplante

 

Kari Kjørslevik


MEDLEMSMØTE. 17.08.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte i Trudvang på Kjelkenes.

Onsdag 31.august kl.1700.

Program:

Velkommen

Allsang

Ord for dagen v/ Per Ytrehus

Referat

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Val til kommunestyre og fylkesting - orientering av Hilde J. Midtbø

Val til sokneråd (kyrkjevalet) - orientering av Sigrid Solheim

Allsang

Mat og kaffi

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Orientering om fellesmøte i Ålfoten og andre arrangement

Åresal

Allsang

Avslutning.

 

Vertskap er pensjonistane i Sørgulen/Midtgulen-området.

 

 

 

 


LODDSKRIVARAR PÅ COOPEN. 29.08.2011 / ALG

 

Basaren skal vere måndag 5.september.

Torsdag, fredag og laurdag skal vi skrive lodd på Coopen slik:

 

Torsdag 1.september:

11 - 13  Sigrunn H. Ripe

13 - 15  Lillian Myren

15 - 17  Åse Eikeseth

Fredag 2.september:

11 - 13 Gunvor Hansen

13 - 15 Per Ytrehus

15 - 17 Ester Ryland

Laurdag 3.september:

11 - 13 Bjørg Damstuen

13 - 15 Kirsten Frøyen

Passer ikkje tid og stad, må de finne "vikar".


STYRKETRENINGFOR PENSJONISTAR. 18.08.2011 / ALG

Det er tid for trening igjen - oppstart torsdag 18.august.

Gruppe 1 kl. 15.30

Gruppe 2 kl. 16.30

 

Vel møtt!


STYREMØTE. 09.08.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held styremøte på Keipenstova torsdag 11.august kl. 13.30.

På saklista står m.a. "forslag til representant i Eldrerådet" medlemmane vert inviterte til å komme med forslag. Anne Lise Gilleshammer vil ikkje lenger vere med i Eldrerådet.


BLOMSTER OG LYS. 26.07.2011 / ALG

Måndag var det lys og blomster  ute på trappa og inne på Keipenstova. Klokka 12 var det eitt minutts stillhet .


SAMFUNNSHUSET 50 år.. 04.07.2011 / ALG

DANSEARRANGEMENT PÅ SAMFUNNSHUSET 14.SEPTEMBER.

Pensjonistlaget, Seniordansarane og Trekkspillklubben skal arrangere dansekveld  onsdag 14.september i samband med feiring av Samfunnshuset.

 

 Vi kjem tilbake om program, servering mm seinare.


Sommertreffet. 22.06.2011 / ALG

 FLOTT ARRANGEMENT PÅ EID!

 

Tilsaman 95 pensjonistar frå Bremanger kommune var  på sommertreffet i Operahuset på Eid.

 Det var ein fin dag , godt og variert program, deilig mat, fint ver og det heile var godt organisert.

Toralv Maurstad gjorde oss kjende med Peer Gynt - om løgn, svik, fantasier og egoisme - "vere seg sjølv nok". Tidligare rektor ved Eid v.g. skule Reidar Sørland fortalde om skulehistoria på Eid, unge dansarar dansa folkevisedans og nokre dansa meir moderne dans. Det var sang av sangkor og det var spelestykke frå den tid det var eksersis på Eid. Sang og pianospel var det også. Bødal sang  ma den nydelige salmen "Deg å få skoda" med tonefølge av Sigerland på piano.

 

Det fine veret gjorde at pensjonistane kunne vere ute på den fine uteplassen - og der var det mange gjensyn med gamle kjende.

 

Leiar i Fylkeslaget Gerd Brekke takka Eid Pensjonistlag og hovedkomiteen Marit Lefdal, Knut Hildenes og Astrid Henden for godt utførd jobb. Neste sommertreff blir i Sogn - truleg Balestrand.


VERTSKAP PÅ kEIPENSTOVA. 14.03.2011 / ALG

 

VERTSKAP FRÅ VEKE 24.

24 - Bjørg Damstuen, Karen Sande og Odd Birkelid

25 – Hildur og Arne Andersen og Else H. Fossedal

26 – Gunvor og Rolleif Hansen og Jorunn Årøen

27 – Eva og Per Ytrehus og Kirsten Høynes 

28–   Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre

29 – Ragna og Rolf Svarstad og Anna Svarstad

30 – Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik

 

  31 Oddvar Førde, Anne Lise Gilleshammer Margrete Volle 

 32 Åse Eikeseth, Marta Navekvien

 33 Edith Fuglemo, Magni og Halvor Nesbø

34 Sigrun og Bjarne Ripe og Elsa Johanne S. Hauge

 35 Margot og Kåre Nødseth og Olaug Heimtun   

36 Ester og Kjærulf Ryland og Ester Hatleseth

 37 Olga Aarsnes, Åse Kjelkenes og Liv Roland

38 Asbjørg og Alf Førde og Lillian Myren 

39 Lise og Johannes Frøyen og Møyfrid Hestetræet

40 Aase Frøyen, Edith Langedal og Konrad Ryland

41 Annfrid og Anfinn Førde og Lillian Nilsen

42  Gudrun og Arvid Frøyen og Kirsten Frøyen 

   

 

 


SOMMERTREFFET 2011. 17.05.2011 / ALG

Sommartreffet 2011 er eit samarbeid mellom Fylkeslaget og Eid Pensjonistlag.

Dato: 21.juni 2011

Stad: Operaen på Nordfjordeid

Program:

Frammøte kl.11

kl. 11 - 12.45 - Middag - kjøtkaker m/tilbehør

kl. 13 - 14.30 - Opning og ord for dagen v/Gerd Brekke- vidare program med Toralf Maurstad - D-kor -

                      allsang og danseoppvisning med ungdomar.

14.30 - 16.15 - Pause - kaffi og kaker

16.30 - 18.00 - Spelestykket "Elskhug og Eksis" - kåseri om skulehistoria på Eid v/Reidar Sørland,

                      musikk og song av Sigerland og Bødal. Operasjef Kari Pavlich fortel om operahuset.

                     

                      Avslutning v/ fylkesleiar Gerd Brekke.

                      Allsang.

 

 Alle påmelde har no fått plass, og vi reiser med privatbiler. Passasjerar betalar kr. 100 til sjåfør.

Det passar å ta ferje frå Isane kl. 10.30.

Dei som ikkje har fått billettar, vil få dei på ferja mot betaling til Gunvor :) - kr. 350 for mat og program.

 

Vel møtt til sommartreffet 2011!


Svelgen Pensjonistlag og omsorgssenter. 11.06.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag har no nær  160 medlemmer. Meiningane i medlemsmassa gjenspeglar vel omlag det same som folk elles meinar, og det er tre løysingar som er komne fram :

1. Nytt omsorgssenter på Naustneset

2. Nytt omsorgssenter ved fotballbana

3. Opprustning og påbygg - eksisterande bygg.

I tillegg kjem gruppa "veit ikkje"

 

Svelgen pensjonistlag har ikkje - og vil heller ikkje gjennomføre noko avstemming blant medlemmane.

Det som er viktig er at alle har respekt for kvarandre sine meiningar og held seg til sak. Så får kommunestyret avgjere saka tirsdag.

ALG

 

NB! For dei som lurer på kva Eldrerådet er - så er det eit lovpålagt råd, valgt av kommunestyret. Der er 6 medlemmar og alle deler av kommunen er representert.


PLASSERING AV OMSORGSSENTER. 10.06.2011 / ALG

Eldrerådet har gjort slikt vedtak:

 

"Eldrerådet bed om at planarbeidet for nytt omsorgssenter på Naustneset vert teken oppatt snarast.

Prosessen med ny plassering av omsorgssenteret har gått for fort, og vi meinar at det er nødvendig å vurdere andre løysingar."


OMSORGSSENTER VED FOTBALLBANA. 28.05.2011 / ALG

Kommunestyret har tidligare vedteke at omsorgssenteret framleis skal ligge på Naustneset.

 Det blir no "omkamp" og rådmannen har slikt framlegg til vedtak :

 

1. Omsorgssenteret i Svelgen vert plassert på kommunen sin tomt i Svelgen sentrum v/ legesenteret

2. Omregulering av tomta vert teken inn i vedteke reguleringsplanarbeid.

 

Saka skal opp i Formannskapet tirsdag.

 

Formannskapet  gjekk samrøystes inn for å plassere nytt omsorgssenter i sentrum ved fotballbana. Saka skal endelig handsamast i kommunestyret den 14.juni.


SOMMERTREFFET PÅ EID. 24.05.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag har fått 25 sikre plassar til arrangementet. Det er no 5 som står på venteliste.

Det vart lagt opp til at nokre av oss køyrer med eigen bil og tek med passasjerar. Bussleige for ein heil dag vart i dyraste laget når det er berre 25 personer å dele på.

Bjørg tek kontakt for å få skysskarar/damer.

 

Helsing Bjørg og Anne Lise


MEDLEMSMØTE ! 17.05.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova onsdag 25.mai.

Møtet startar kl. 1700.

 

Program:

Opning

Allsang - La oss leve for hverandre.

Ord for dagen ved Aage Tansøy

Underhaldningsgruppa spelar og syng.

Referat

Janna Vik Strandos orienterar om hjelpemidlar mm

Rømmegrauten vert spela inn

Orientering om turen til Skjerjehamn, om sommertreffet på Eid og fellesmøtet i Ålfoten

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Kaffi med litt å bite i.

Åresalg og trekning.

Allsang

Avslutning.

 

Velkomne til møte!


STEINBROTET PÅ DYRSTAD! 12.05.2011 / ALG

Bremanger Quarry AS inviterar pensjonistane til omvisning, orientering samt servering av kaffi og vafler laurdag 21.mai. Busstur til fjellet. Det vil komme plakat og fleire opplysningar seinare.

 


STYREMØTE SVELGEN PENSJONISTLAG. 08.05.2011 / ALG

Det vart halde styremøte på Keipenstova torsdag 12.mai kl 12.30.

Saker:

 

Godkjenning av innkalling og sakliste.

Referat

Sommertreffet på Nordfjordeid den 21.juni

Dagstur til Skjerjehamn 8.juni

Søknad om reisestøtte

Øk. oversikt v/Gunvor

Medlemsmøte i 25.mai

Orientering frå Eldrerådet

Innkjøp av kjøkkenhylle/skap

Basar 2011

Planene vidare - jfr årsplan 2011

 

Vel møtt.

 


DAGSTUR TIL SKJERJEHAMN 08.05.2011 / ALG

 

Turen er planlagd til den 8.juni som er ein onsdag.

 

Det blir lunsj i det flotte gjestgiveriet på Skjerjehamn og tidligare ordførar Olav Solheim vil vere med oss å fortelje historia til den gamle handelstaden.

Derifrå går turen vidare til "Tusenårsstaden" og det gamle Gulatinget. Vi reknar også med å sjå innom Eivindvik som er kommunesenter i Gulen kommune.

 

Reisemåte er ikkje heilt bestemt

 

Alt. I - rutebuss frå Svelgen om morgonen - ekspressbåt frå Florø til Skjerjehamn (stogg etter tinging) vidare må vi leige buss for å komme rundt i kommunen. Heimreis frå Sollibotn kl. 1800.

 

Alt. II - leige buss frå Firda Billag og køyre frå Svelgen til Ryssedalsvika og ferje over til Rutledal. Bussen køyrer oss rundt i  Gulen kommune og vi reiser same veg heim.

 

Påmelding på Keipenstova.

Eller tlf. til Bjørg Damstuen 47615127 - Anne Lise Gilleshammer 41418231

 

 


SANGTIME! 05.05.2011 / ALG

Måndag 9.mai er det sangtime - husk det og minn kvarandre om det!

Sangen startar kl. 1200 og det er underhaldningsgruppa som leiar sangen denne gangen også.

 

Alle er velkomne.


MELDING FRÅ ANNE LISE: 02.04.2011 / ALG

Hei!

Eg og ti andre pensjonistar til skal reise å leite etter våren. Blir borte til påske. Per Ytrehus styrer pensjonistlaget og Oddvar Førde styrer Keipenstova  - og har ekstranøklane. :)


VÅRTREFF! 28.03.2011 / ALG

  Det blir ikkje vanleg medlemsmøte i april, men torsdag den 28.april blir det vårtreff på Keipenstova.

Det blir litt ekstra å bite i, underhaldning og åresalg.


VÅRSAMLING PÅ KEIPENSTOVA! 26.04.2011 / ALG

Torsdag er det vårsamling på Keipenstova i staden for det vanlege pensjonistmøte som skulle vore onsdag.

Dette blir ei utvida torsdagssamling med bløtkake, lotteri og underhaldning.

Vertskap er Ester, Ester og Kjærulf.

Vel møtt!


PÅSKEVEKA. 27.03.2011 / ALG

I veke 16 er det ope berre måndag sidan det er skjærtorsdag og helg. I veke 17 er det ikkje ope måndag sidan det er 2.påskedag og helg.

 

Denne veka (13) er det Marta Navekvien og Åse Eikeseth som er vertskap.


FYLKESÅRSMØTE. 27.03.2011 / ALG

Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane held årsmøte 29. - 30. mars på Eikum Hotell i Luster kommune.

Utsendingar frå Svelgen Pensjonistlag er Anne Lise Gilleshammer og Gunvor Hansen.

Per Ytrehus er styremedlem i fylkespensjonistlaget og møter også.


PENSJONISTMØTE. 10.03.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova onsdag 23.mars kl. 1700 .

Program:

Opning

Allsang

Ord for dagen v/ Margareth Hjalte

Referat

Allsang

Underhaldning

Elektronisk val 2011 - kva er det? Ordføraren orienterer

Kaffi og mat

Pleie-og omsorgsbudsjettet - korleis blir midlane brukt v/ kommunalsjef Randi Ytrehus

Underhaldning

Allsang

Fylkesårsmøtet i Sogn 29.og 30.mars- aktuelle saker, val mm.

Andre lagssaker.

Loddsalg

Allsang

Avslutning.

Styret.

 

 

 

 


SANGTIME. 11.03.2011 / ALG

Den 14.mars er det sangtime på Keipenstova - sangen starter kl.1200. Forsangere er Margareth Hjalte og Ester Ryland, tonefølgje Harald og Alf Førde med gitar og trekkspel.

Alle er velkomne . Vertskap  denne  veka er Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik.


TELEFON PÅ KEIPENSTOVA. 02.03.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag  har kjøpt telefon til  Keipenstova - nr. er: 46808212.

 


MEDLEMSMØTE I MARS. 01.03.2011 / ALG

Medlemsmøtet i mars blir den 23. - ikkje den 30. pga av at fylkesårsmøtet skal vere 29. og 30. mars.


DATAKURS!

Det blir datakurs på Keipenstova dersom det melder seg nok deltakarar.

Kurset er for "vettskremte nybegynnere". Lærar er Willy Bell.


Årsplan for 2011. 24.02.2011 / ALG

Keipenstova open kvar måndag og torsdag frå kl 10 til 14.

Styrketrening f.t. 2 grupper på torsdager

Styremøte 17.januar

Medlemsmøte 26.januar på Keipenstova

Sjåførkurs 65+

Styremøte 17.februar

Årsmøte 23.februar på Samfunnshuset kl 1700

Årsmøtemiddag kl.1900

Datakurs

Fylkesårsmøte 23.mars   i Sogn

Medlemsmøte på Keipenstova 30.mars kl. 17

Aprilmøte går ut – utvida Keipenstove-samling torsdag 28.april kl.11

Medlemsmøte m/rømmegrøt på Keipenstova 25.mai

1 ev 2 dagers tur i mai

Ferie

Medlemsmøte i august i Trudvang 24.august

Basar 5.september på Keipenstova.

Fellesmøte med Bremanger og Kalvåg 28.september i Svelgen ev. Ålfoten

Hausttur 1 dag   i september.

Medlemsmøte oktober på Keipenstova 26. oktober

Førjulstreff Svelgen Hotell ev. Samfunnshuset 30. november.


SVELGEN PENSJONISTLAG - VAL 24.02.2011 / ALG

 

Leiar Anne Lise Gilleshammer – ikkje på val

Nestleiar Per Ytrehus – gjenval

Kasserar – Gunvor Hansen – ikkje på val

Sekretær – Kirsten Frøyen – gjenval

Styremedlemmer:

Lillian Myren – ikkje på val

Oddvar Førde – gjenval

Arne Lothe – ikkje på val

Varamedlemmer til styret:

Aage Tansøy – gjenval

Bjørg Damstuen – ikkje på val

Anfinn Førde – gjenval

Revisorer:

Åse Eikeseth

Liv Ytrehus

Valnemnd:

Gerd Ryland

Marta Navekvien

Lillian Nilsen – ny

Svelgen Samfunnshus: Anne Lise Gilleshammer og Kirsten Frøyen

SKAF – Dagfinn Ask.

Turleiar -(orientering)

Valnemnda.

Gerd Ryland – Ragna Svarstad – Marta Navekvien.


 

SVELGEN PENSJONISTLAG

ÅRSMELDING FOR 2010

Styret

Dette året har styret vore samansett slik:

Leiar.: Anne Lise Gilleshammer

Nestleiar: Per Ytrehus

Kasserar: Gunvor Hansen

Sekretær: Kirsten Frøyen

Styremedlemer: Oddvar Førde, Lillian Myren, Arne Lothe

Vararepresentantar til styret: Åge Tansøy, Anfinn Førde, Bjørg Damstuen

Andre tillitsvalde:

Revisorar: Åse Eikeset, Liv Ytrehus

Representant til Eldrerådet: Anne Lise Gilleshammer, vara: Per Ytrehus

Representantar til: Svelgen Samfunnshus: Anne Lise Gilleshammer, Kirsten Frøyen

Representant til S.K.A.F.:Dagfinn Ask.

Valkomite: Ragna Svarstad, Gerd Ryland, Marta Navekvien

Representant til Fylkeslaget, Sogn og Fjordane. Per Ytrehus (styremedlem)

Vi er pr.31.12.10 154 medlemer i la get vårt.

MØTE.

Gjennom året 2010 har det vore 9 medlemsmøte.

Av programinnslaga på disse, nemnar vi..

: 27.januar. Kultursjef Espen Frøysland let oss følgje i ord og bilete utbygginga av Nidarosdomen, frå kong Olav Haraldsson vart erklært heilag, og hans lekam vart lagt i skrin på høgalteret i ei av kyrkjene i Nidaros. Frøysland let oss følgje utbygginga med tilbygg og endringar, øydeleggjande brannar og gjenreisningar. Og vi fekk følgje prosessen heilt til i dag, no Nidarosdomen er praktkyrkja i Noreg.

På dette møtet hadde vi også besøk av fysioterapeut Asle Førde.Han lærte oss kor viktig det er med styrketrening , for å halde muskelmassen i form.

24.februar var det årsmøte. Det var lagt til Svelgen Hotell. Ein handsama vanlege årsmøtesaker , som årsmelding, reknskap og val. Nestleiar i fylkeslaget Gerd Brekke, møtte som utsending frå Fylkeslaget. Ho rosa Svelgen pensjonistlag for stor aktivitet og godt frammøte. Det er viktig at pensjonistane organiserer seg. Pensjonistlag er omsorg i nærmiljøet, hevda ho. Bremanger Kommune hadde 888 innbyggjarar over 67 år, og 274 er medlemer i Pensjonistlag, altså om lag 30%. Det er bra, men det er mogeleg å få fleiretil å organisere seg. Ho nemnde Årdal der meir enn 50% er med i Pensjonistlaga. Ho nemnde oppgåver pensjonistane bør arbeide for, f.eks. forebyggjande helsearbeid, det er like viktig som å reparere. Så ønskte ho Svelgen Pensjonistlag lukke til med vidare arbeid i organisasjonen.

    12. april . Denne månaden gjorde Pensjonistlaget ein liten vri på møteplanen. Marsmøtet vart endra til 12.april. Siste onsdag i mars kom i påskeveka, dessutan var mange av seniordansarane på sydenutflukt ved dei tider.. Og i pur optimisme kalla vi inn til « Vårsamling » og vona at den lange, kalde vinteren snart var slutt.. Underhaldningsgruppa stilte opp med musikk og sang og fekk heile forsamlinga med i vårkoret. Bløtkake var innkjøpt, og i følge møteprotokollen var det « litt sol og mykje vårstemning»,

28.april. Vanleg møte , siste onsdag i april. Melchior Leirmo gav oss «Ord for dagen» ,og han hadde valt nokre av dikta til Jan Magnus Bruheim.

Han orienterte også om arbeidet til Norges Blindeforbund. Lagleiar fortalte om utstyret som var innkjøpt til Keipenstova, bl.a. ny P.C., projektutstyr og lerret.

Noko av utstyret tok ordførar Kåre Olav Svarstad i bruk. Han viste lysbilete frå kommunen, eit flott utsyn frå fjell til fjære. Vi fekk så følgje Bremanger Musikklag i arbeid og utflukt. Og så til sist ein film frå Svelgen som Dag H. Nestegard hadde produsert.

26.mai var neste møte, det siste før sommarpausen. Margareth Hjalte hadde valt dikt med sommarstemning som ord for dagen. Ein forsterka matkomite hadde kokt rømmegraut til 60 personar. Trekkspillklubben sto for underhaldninga, og dei tok godt vare på forsommarstemninga. Eli Tidemann fekk ordet, ho har samla ei mengd bilete frå «gamle Svelgen», og tid- og stadfesta bileta. No fekk ho vise arbeidet med det nye projeckt-utstyret – og hausta stor applaus.

25.august var dei tre pensjonistlaga i kommunen – Bremanger, Kalvåg og Svelgen samla på Havly for fellesmøte. Vi var omlag 140 frammøtte frå dei tre pensjonistlaga. Medlemmar frå pensjonistlaga bidrog med underhaldning. Rådmann Tom Joensen peikte i sitt innlegg på kor viktig det er at dei forskjellige bygdelag i kommunen føler seg og fører seg som eitt rike. Kommunen har under 4000 innbyggarar, og det gjeld å samordne og samarbeide og få til vekst og trivsel. Han peika på vegsamband som er under utbygging og utbetring, arbeidsplasser i industri og fiske, reiseliv og kulturlivet. Samarbeidet mellom underhaldningsgruppa frå Svelgen og forsterkningane frå Bremanger var som alle kunne høyre, eit vellukka prosjekt.

29.september var neste medlemsmøte, og etter tradisjonen vart dette halde i Trudvang på Kjelkenes. Lagleiar Anne Lise gjorde greie for lagsaker. I ei ny stortingsmelding vart det peika på at alle offentlege bygningar og anlegg skal ha universell utforming. Dette var, sa lagleiar, også blitt tatt opp i Eldrerådet. I samband med utbygginga av omsorgssenteret må tilkomst for alle med rullestol, gåstol og liknande hjelpemiddel sikrast, slik at det er tilgjenge for alle. Kommunalsjef Randi Ytrehus orienterte om pleie- og omsorgstenesta i kommunen . I Svelgen er det no 39 institusjonsplassar, 38 plassar i Kalvåg og i tillegg kjem plassane på bukollektiva Haugetun og Klokkartunet. Kommunestyret gjorde vedtak i juni 2010 at nybygg i Svelgen skal plasserast på Naustneset. Kommunalsjefen viste også lysbilete av dei ymse framlegga, så vi fekk sjå korleis det nye bygget kunne bli.

27.oktober trassa kring 60 pensjonistar regn og vind – ein ekte Svelgen haustdag, og møtte opp på Keipenstova. Edith Fuglemo hadde ord for dagen med diktet «Hvem kaller du din neste». Hovedprogrammet denne kvelgen var utvandrarhistorie. Far til Olga Aarsnes hadde reist til Amerika i 1910, han hadde fotoapparat og teke mange bilete og Olga hadde teke godt vare på dei . Saman med Magni Lothe og Bjarne Ripe viste ho no fram biletskatten frå gamle Svelgen og Amerika .

Lagleiar opplyste om kva som var innkjøpt for basarpengane: Dukar, stablestolar, avlastningsbord og bokreol. Og ho minte om at bilførarkurset 65+ kunne kome i gang når det var nok påmelde.

24.november var det førjulstreff på Svelgen Hotell. Det var kring 90 påmelde til denne festkvelden. Det var 5.gangen vi arrangerte førjulstreff – så vi kan seie at dette er blitt ein tradisjon – ein fest med underhaldninggruppe, trekkspillklubb og seniordansarane. Stein Erik Hagen (storaksjonær i Orkla) var invitert, men kunne ikkje kome. Hotellets juletallerken smakte som vanleg godt.

Turar og andre aktiviteter.

2.juni drog Svelgen Pensjonistlag på dagstur til Selje og Stadtlandet. Turen gjekk via Isane til Stårheim med stopp på bakeriet på Bryggja, til Almenningsfjellet, Flatraket, Barmsund og til Selje. Vi besøkte Doktorgarden – med ei interssant kunst og kultursamling. Lunsj på Selje Hotell. Turen gjekk så over Sandvikeidet til Stadtlandet – der besøkte vi Ervik kapell som var bygd i 1970 til minne om St. Svithuns forlis i 1943. Turen gjekk så til Vestkapp – dessverre var det tåke, regn og vindkast. Berre dei tøffaste forlet bussen. Vi fekk med oss ei orientering om Olivin-produksjonen på Åheim – og der besøkte vi Jetmund-kyrkja som er ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. Siste stopp før ferja var på Kvilehytta.

22.juni var alle pensjonistlaga i Sogn og Fjordane innbedne til sommertreff i Førde. Pensjonistar frå heile fylket samla seg i Førde Kulturhus der Førde Pensjonistlag hadde førebudd eit fint program. Fylkesleiar Richard Eide opna programmet, og Førde-ordførar Nils Gjerland poengterte i sitt innlegg kor viktig det er med samarbeid, ikkje arbeide mot kvarandre, men vi må utvikle samhandel,og vi må samarbeide som vener. Men hovudprogrammet og trekkplasteret var den finske songaren Arja Saionnmaa. Ho hadde vore å underheldt på aldersinstitusjonar i Førde. Vi pensjonistmedlemmar fekk oppleve henne «live». Og det var ei oppleving. Frå første tone fekk ho forsamlinga med seg. Kjente tonar eller nye melodiar – det blei lydhør lytting eller festlig song der alle var med. Seniorkoret i Førde var med i nokre av nummera, og fekk pensjonistane ut på dansegolvet. Ein festleg føremiddag!

Svelgen Pensjonistlag stod som arrangør av 5 dagerstur til Gol, Pers Hotell frå 9. til 13.august. Dagane vart brukt til utflukter i nærmiljøet. Interessante turar med dyktig sjåfør og reiseledar som gjorde turane festleg. Vi nemner: Langedrag naturpark, Eventyrgarden Huso, Gol stavkirke, Halling-glass der vi fekk sjå glassblåsing. Det var 5 trivelege dager for dei ca. 40 deltakarane.

Ein ein ny aktivitet i meldingsåret er styrkeketreninga. Pensjonistlaget organiserer 2 grupper i Svelgen fysioterapi sine lokaler under rettleiing av Asle Førde.

Sangtimen er ein suksess takka vere flinke og entusiastiske musikanter og songarar.

6. september vart det halde basar på Keipenstova – fleire av medlemmane hadde laga nydelige handarbeid som mange hadde lyst å vinne og som gav god inntekt.

KEIPENSTOVA.

Keipenstova har helde fram i same spor som før. Det har vore godt frammøte dei faste dagane - måndag og torsdage - og vertskapsordninga har fungert godt. Trekkspillklubben låner lokala til øving kvar onsdag, og seniordansarene nyttar Keipenstova til pauserom kvar tirsdag. 17.mai hadde Skulemusikken kafe og 10.klassingane fekk nytte Keipenstova til kafe for å samle pengar til Fredsreise. Elles har Keipenstova vore utleigd til bursdagsfeiringar for medlemmane. Også dette året har vi fått husleigestøtte frå kommunen og midlar til å halde fram med fruktservering. I meldingsåret fekk Keipenstova sitt eige vesle bibliotek bygd opp av bokgåver. Det har vore godt utlån.

Svelgen-pensjonistane treng Keipenstova og håpar å få halde fram på same måten til nytte og glede for alle.

Svelgen 17.februar 2011.

Anne Lise Gilleshammer Per Ytrehus Kirsten Frøyen Gunvor Hansen

Lillian Myren Oddvar Førde Arne Lothe


ÅRSMØTE Svelgen Pensjonistlag 18.02.2011 / ALG

Husk årsmøtet i Storsalen på Samfunnshuset onsdag 23.februar kl. 1700.

 

Til årsmøtemiddag- og fest er det ca 90 som har meldt seg på. Siste dag for påmelding er måndag 21.februar - på Keipenstova eller til Anne Lise tlf.41418231.

 

 Koldtbord m/kaffi og bløtkake koster 200 kroner.


STYREMØTE PÅ KEIPENSTOVA 13.02.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held styremøte på Keipenstova torsdag 17.februar kl.13.30.

 

Sakliste:

Skriv og meldingar

Årsmøtesaker:

a) årsmelding 2010

b) rekneskap 2010

c) Budsjett 2011

d) årsplan 2011

e) orientering om valnemnda sitt arbeid

Årsmøtemiddagen og påfølgjande sosialt samvær.

 

Innkjøp av telefon til Keipenstova

Iverksetjing av støydemping på Keipenstova.

Saker som kan kome til.


ÅRSMØTE. 09.02.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag sitt årsmøte vert halde i Storsalen Svelgen Samfunnshus

onsdag 23.februar kl.1700.

 

Endeleg sakliste vert lagt ut seinare.

 

Etter årsmøte er det koldtbord. underhaldning og dans. Vi har ca. 80 påmelde til middagen pr. i dag, men vi reknar med at det blir fleire. Liste for påmelding ligg på Keipenstova. Eller du kan ringe Anne Lise 41418231.


SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA. 09.02.2011 / ALG

Måndag den 14. er det sangtime på Keipenstova frå kl. 1200.

Dette er også Valentindagen - så kanskje temaet blir kjærlighetsanger. :)


ÅRSMØTE - SENIORDANSEN. 09.02.2011 / ALG

  Tirsdag 7.februar held Svelgen Seniordans årsmøte på Keipenstova.

Olga S. Aarsnes vart gjenvald som leiar og Åse Eikeseth som kasserar. Danseleiarane er styringsgruppe - desse er: Ragna Svarstad, Anna Svarstad, Gerd Ryland, Anne Lise Gilleshammer, Olga Aarsnes, Magni Nesbø, Lillian Myren, Åse Eikeseth,  Ester Ryland og  Asbjørg Førde.

Revisor er Odd Birkelid.

Valnemnd: Margareth Hjalte, Annfrid Førde og Oddvar Førde.


PARKERING/TILKOMST KAPELLET. 02.02.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag

Skulevegen 10, 6723 Svelgen.

Bremanger kommune                                            Svelgen, 01.februar 2011

v/ Rådmann Tom Joensen

6721 SVELGEN.

SVELGEN KAPELL – PARKERING OG TILKOMST.

Vi vil atter ein gong ta opp denne saka. Både Eldrerådet og pensjonistlaget har påpeika kor vanskeleg det er for eldre og funksjonshemma å kunne delta i kyrkjelege handlingar i Svelgen. Vi minner om det skal vere tilgjenge for alle.

Situasjonen er ikkje blitt betre, men verre! Det  er ikkje lenger råd å parkere ved “telehuset” på kvardagar , og i tillegg   er   parkeringsplassar blitt borte i samband med omlegging av idrettsbana. Det kan heller ikkje parkerast i busslommen.

Som vi har sagt tidligare er vi kjend med at det skal byggast ny veg til Rise og at det då også blir større parkeringsplass.  Vi veit ikkje kor lang tid det kan ta før dette arbeidet kan ta til, men styret meiner    at det er nødvendig   å gjere nokre   midlertidige tiltak snarast. Det gjeld både  fjernparkering og nærparkering.

Med helsing

SVELGEN PENSJONISTLAG

Anne Lise Gilleshammer

- Leiar -


OPPFRISKINGSKURS 65+ 23.01.2011 / ALG

Vi startar opp nytt 65+-kurs onsdag 2.februar på Keipenstova. Kl. 1200.

 

Sjølv med mykje erfaring bak rattet vil ein ha stor nytte av kurset. Kurset er frivillig og det er ingen prøve eller fare for å miste lappen :)

 

Påmelding til:

Per Ytrehus 91392889

Anne Lise Gilleshammer 41418231

 

Vi bør vere 12 - 15 elevar for å kunne starte opp. Tilbodet gjeld for alle -  uavhengig av medlemskap i pensjonistlaget. Kurset kostar 950, men vi har ute søknad om sponsormidlar - slik at vi håpar at prisen blir 750.

NAF-medlemmer får refundert 300 kroner.

ABC trafikksenter i Måløy stiller med Sverre-Johnny Solheim som forelesar.

 

Arr. Svelgen Pensjonistlag.


INFORMASJON OM SAKSHANDSAMING FOR TENESTER I PLEIE OG OMSORG.

 

Fordi det har vore fokus på ”ventelister” eller manglande ventelister på sjukeheimsplassar finn underteikna det på sin plass å informere innbyggjarane i Bremanger kommune om korleis dette fungerer hjå oss.

 

Alle søknader om tenester frå PLO kjem til sakshandsamarteamet i kommunen. Sakshandsamarane handsamar sakene og legg desse fram for tildelingsnemnda. Nemnda er sett saman av våre 3 driftssjefar for PLO og underteikna. På bakgrunn av saksutgreiingane vert alle saker avgjort i tildelingsnemnda. Det er møter i nemnda om lag ein gong kvar veke.

 

Dersom ein person søkjer plass i institusjon, vert det gjennom saksutgreiinga vurdert kva helsehjelp denne personen har behov for. Dersom personen har behov for helsehjelp på vårt høgaste omsorgsnivå som er i institusjon, vert denne tildelt plass i institusjon. Dersom personen kan få naudsynt helsehjelp på eit lavare omsorgsnivå, vert det gjeve avslag på institusjonsplass og tilbod om det som vert vurdert å vere behov for. Dersom ein person har behov for institusjonsplass, men vi ikkje har ledig plass, er kommunen pliktig til å yte helsehjelp andre stader inntil det vert plass i institusjon. I nokre høve kan det også vere slik at det er i institusjon og berre der kommunen kan yte naudsynt helsehjelp.

 

Det er alltid behovet for helsehjelp som avgjer om ein person får plass i institusjon. Det er ikkje slik at vi har ventelister der ein rykk fram i køen etter kor lenge ein har venta på plass. Det er behovet for helsehjelp for den einskilde som avgjer kven som får tildelt plass når vi har ledig plass. Den med størt behov, vert prioritert til ei kvar tid. Dette gjeld også ved tildeling av omsorgsbustader.

 

TV 2 gjorde ei undersøking våren 2010 der dei ringte til norske kommunar og stilte spørsmål om kor mange som venta på sjukeheimsplass. For vår del svara underteikna at vi hadde gjennomsnittleg 3 personar som skulle hatt plass i sjukeheim i vår kommune.  

 

I strategisk plan for PLO, vedteken i 2010, er det vedteke å byggje ut tilbodet for heildøgnsomsorg i kommunen. Det treng vi, og det arbeider vi for å få på plass. Fram til no meiner vi at vi har fått til å yte helsehjelp til dei som har hatt bruk for det, og det vil vi også klare framover!

 

Eg vil ønskje dykk alle eit godt nytt år i Bremanger kommune!

 

 

Randi Ytrehus

-Kommunalsjef-


MEDLEMSMØTE. 23.01.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova

onsdag 26.januar kl.1700.

 

Program:

Opning

Allsang - "La oss leve for hverandre"

Ord For dagen v/Magni Lothe

Referat

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang.

Om høyreapparat og teleslynger v/ Jan Erik Strømmen

Mat og kaffi

Allsang

Diverse lagssaker (årsmøtet, skriv og meldingar )

Loddsal

Avslutning

Allsang


MINNEORD - EDITH FOTLAND 16.01.2011 / ALG

Edith døde 7.januar  berre 3 veker etter at ho feira 90 årsdagen sin på Keipenstova.

Edith var ein spesiell person – ho hadde stor energi og gjennomførde det ho hadde tenkt seg. Den siste tida hadde ho skrantande helse, men likevel gjekk ho turen til Svelgen sentrum fleire ganger for veka. Måndager og torsdager var det samling på Keipenstova, og der stilte ho opp og heldt oss andre med godt prat. Ho var eit levande Svelgen-leksikon, ho huska godt, og fortalde  om den første tida som barn på Novelandet, om flyttinga til Svelgen då ho var 7 år og ikkje minst om krigens år og dager. Etter konfirmasjon  måtte ho  som andre på den tida ut å gjere teneste – ho var både i Nordfjord, Høyanger og i Bergen. I Bergen trefte ho den staselege mannen sin -  Per Fotland. Ringen vart på ein måte slutta då dei busette seg i Svelgen og stifta famile her. Det var her Edith høyrde til.

Edith var glad i Svelgen og ho var glad i folk. Ho var velsigna med eit godt humør, men hadde ikkje blitt spart for sorg – to barn, Dagfinn og Per-Henning og   svigerdottera Marit har ho fulgt til grava - og mannen Per som døde for 14 år sidan.   Når ho snakka om dei gret ho, men ikkje lenge etter kunne ho kome på noko morosamt om dei –   då tørka ho tårene og lo. Det var ikkje langt mellom gråt og latter.

Ho var ei svært flink husmor – hadde orden og styr på sakene og var flink til å lage mat. Mykje hadde ho nok lært i teneste, men ho heldt alltid fram mora som sin læremeistar.   Heilt til det siste inviterte ho naboar og vener til kaffi og natronkaker.

I vertskapsordninga på Keipenstova stilte ho opp og rydda og ordna – lett på foten og med smil om munn. Ho sa mange ganger at Keipenstova var ein velsignelse for pensjonistane og ho kjøpte sofaputer og blomster for å gjere det triveleg. På dei faste medlemsmøta i Pensjonistlaget var Edith alltid på plass – ho høyrde ikkje så godt og synet vart også svekke, men det hindra henne ikkje. Den som har vore lengst aktiv medlem i Svelgen Pensjonistlag er nok Edith,  og på gamle bilder frå pensjonistturar ser vi ei smilande Edith i lag med sin Per.

Då Edith feira 90 årsdagen fekk vi vere med å hjelpe til på Keipenstova, det var ein fantastisk fest der det ikkje var spart på noko og Edith gjennomførte med glans.

Vi takkar Edith for det ho lærte oss om  alltid  å vere positiv, sjå det gode i medmenneska,   vere   raus og spreie varme og kjærleik.

Lillian, Margareth, Bjørg og Anne Lise.

 


SJÅFØRKURS 65+ 11.01.2011 / ALG

Sjåførkurs 65+ startar opp 2.februar på Keipenstova. Vi kjem attende med nærare opplysningar.


13.dag jul 05.01.2011 / ALG

Den 6. januar er det trettende dag jul. Dagen skal minne om mennene fra Østerland som kom til Betlehem. I bibelen kalles de kun for de "vise".


SANGTIME. 04.01.2011 / ALG

 

Den 10.januar er det 2.måndag i månaden og sangtime på Keipenstova kl.1200

Alle er velkomne.


STYREMØTE. 04.01.2011 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held styremøte på Keipenstova måndag 10.januar kl.13.30.

 

Sakliste:

Godkjenning av innkalling og sakliste

Referat

Planlegge medlemsmøte 26.januar

Årsmøte 2011

Innkjøp av diverse kjøkkenutstyr til Keipenstova

Oppstart 65+ sjåførkurs

Evaluering av utleigereglar for Keipenstova

Parkering ved Svelgen Kapell -

Universiell utforming - tilgjenge for alle

Saker som kan komme til.

 


NY LOGO! 03.01.2011 / ALG

Pensjonistforbundet har fått ny logo - det er fire hjerter som er fletta saman til ei "rose".

Den nye logoen og slagordet: trygghet, livskraft og initiativ vart vedteke på landsmøtet i 2010.

 

 


GODT NYTT ÅR! 03.01.2011 / ALG

GODT NYTT ÅR TIL PENSJONISTANE!

 


Arkivoversikt
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 ]