Arkiv 2012

KEIPENSTOVA.

Svelgen Pensjonistlag  si eiga heimeside: Her vil vi skrive om aktuelle saker - slik som møter, turar, festar og andre aktivitetar. Så har vi ei side  med foto og minner frå Svelgen og omegn.  Det vil også bli orientert om saker som vedkjem seniordansarane, styrketreninga for pensjonistar, og oversikt over bøker som er tilgjengeleg på Keipenstova.

 

 


 

VERTSKAP - vinter 2012/13.

Veke 45- Gudrun og Arvid Frøyen og Kirsten Frøyen 

Veke - 46 -Bjørg Damstuen, Karen Sande

Veke - 47 – Hildur og Arne Andersen og Else H. Fossedal

Veke - 48– –Anne Lise Gilleshammer Margrete Volle og Ketil Volle

Veke -49– – Eva og Per Ytrehus og Laila Teigene

Veke - 50–  Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre

Veke 51– Ragna og Rolf Svarstad og Anna Svarstad

Veke - 52– Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik

2013 -

Veke – 1 - Gunvor Hansen og Ragna Myklebust

Veke – 2 – Åse Eikeseth, Marta Navekvien

Veke 3 -, Magni og Halvor Nesbø og Lise Frøyen

Veke 4 – Sigrun og Bjarne Ripe og Elsa Johanne S. Hauge

Veke - 5 –Alvrunn og Oddvar Førde og Olaug Heimtun  

Veke - 6–Ester og Kjærulf Ryland og Ester Hatleset

-Veke - 7 – Olga Aarsnes, Åse Kjelkenes og Liv Roland

Veke – 8 -Asbjørg og Alf Førde og Lillian Myren 

Veke - 9– Aase Frøyen, Edith Langedal og Konrad Ryland

Veke – 10 Annfrid og Anfinn Førde og Lillian Nilsen

 


GLØGG OG PEPARKAKER. 12.12.2012 / ALG

Etter "Sang på gaten" er det samling på Keipenstova

måndag  den 17.desember.

Vi serverar gløgg og peparkaker medan vi venter på trekning

av Sanglaget sitt julelotteri.

Vi held ope fra kl. 17.30.

Damer frå Pensjonistlaget står for brygging og servering.

Alle er velkomne!



SYNG MED OSS. 06.12.2012 / ALG

  Sangtimen i desember blir den 17. kl. 1200.

SENIORDANSEN. 05.12.2012 / ALG

 

Siste dans i 2012 blir tirsdag den 11.desember.

Vi avslutter med pizza og brus.

Alle medlemmer er velkomne!


ADVENTSTID PÅ KEIPENSTOVA. 01.12.2012 / ALG

 

Det er ope på Keipenstova dei vanlege dagane  til og med torsdag den 20.desember.

Sangtimen blir måndag 17.desember. Då skal det syngjast julesanger - og dei som vil gå kring juletreet kan gjere det.

Om ettermiddagen den 17.desember - i 5 - 6 tida er det "Syng på gaten" v/ sangkoret og då er Keipenstova open for servering av gløgg og småkaker.

Julafta og nyttårsafta er det ikkje ope. Men torsdag den 27. held vi ope.

Det blir litt variasjon i serveringa fram mot jul. Vertskapen har ansvar for kva det blir.

Juletreet vert henta av Oddvar og Morten - og det vil vere på plass  den 10.desember.


JULEFROKOSTEN. 15.11.2012 / ALG

Coop`en avlyse r julefrokosten på Keipenstova i år.


JULEBORD. 05.11.2012 / ALG

 

 

Onsdag den 28. november er det julebord på Svelgen Hotell.

Vi starter kl. 1800.

 

Meny: Juletallerken, kake og kaffi. Valgfri drikke er ikkje med i prisen.

Program av ymse slag.

Sosialt samvær

Trekkspelklubben spelar lyarlåtar og dansemusikk.

Pris. 280 kroner.

Velkommen til førjulsfest.

Svelgen pensjonistlag.

 


COOP - FROKOST. 05.11.2012 / ALG

Det blir også i år julefrokost på Keipenstova.

Coop'en stiller med mat, og pensjonistane ordner med kaffikoking og servering.

Det er 2 aktuelle laurdager -  8. eller 15. desember ( 1.desember er det nisser, skulemusikken og julegrauten som står på plakaten)

Vi kjem attende til endeleg dato seinare.


MEDLEMSMØTE. 18.10.2012 / ALG

Svelgen Pensjonistlag har medlemsmøte på Keipenstova onsdag 31.oktober kl.1700.

Program:

Opning og allsang.

Ord for dagen v/Margareth Hjalte

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

 

Ordførar Karl Vidar Førde orienterer om aktuelle kommunale saker.

Kaffi og nonsmat.

Underhaldningsgruppa

Allsang

Lagssaker

Åresalg og trekning

Avslutning og allsang.

Velkommen - Velkommen gamle og nye medlemmer !


STYREMØTE. 14.10.2012 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held styremøte på Keipenstova torsdag den 18.oktober kl. 1300

SYNG MED OSS! 05.10.2012 / ALG

  Den 8.oktober er det andre måndagen i månaden. Då er det sangtime på Keipenstova - og vi startar kl. 1200.

Alle er velkomne !


"KRINGSLÅTT" til Keipenstova. 18.09.2012 / ALG

Det blir flott underhaldning på Keipenstova torsdag den 11.oktober kl.1200.

Det er fylkesmusikarane Helene Myklemyr Bolstad frå Jostedalen og John Oddvar Kandal som spelar trekkspel og fele som skal underhalde oss.

Arrangementet er eit samarbeid med Folkeakademiet og er sjølvsagt ope for all!

Sjå plakat på Keipenstova og ute på døra.

 

Alle er velkomne.


HULDA GARBORG 18.09.2012 / ALG

BOKKVELD PÅ KEIPENSTOVA.

1.oktober kl. 1800

Arrangementet er i samarbeid med Biblioteket.

Det står plakat på døra inn til Keipenstova - og programmet er omtala på svelgen.no.

Det vert kaffi og noko å bite i. Og i tillegg til omtalen av Hulda Garborg vert det vakkert felespel.

Arrangementet er ope for alle!

Velkommen.


KALVÅGTUREN. 24.09.2012 / ALG

 

Onsdag 26.september er det pensjonistmøte på Knutholmen.

Dagen blir slik:

Kvar og ein syter for å komme seg til Kjelkenes ferjekai.

Ferja går kl. 13.45

Til Smørhamn kl. 14.25

Buss kl. 14.30 (bussen blir betalt av loddpengane)

Til Knutholmen kl. 14.45 ca

Registrering og betaling 250 kroner pr. person

15.30 - tilbords

Velkommen

Allsang - La oss leve

Underhaldningsgruppa

Middag

Svein Inge Fosse fortel om utviklinga i Kalvåg

Allsang

Underhaldningsgruppa

Lynlotteri (til dekning av bussutg. mm)

Avslutning og allsang.

Buss kl. 1900 og ferje frå Smørhamn kl. 19.30.


SEPTEMBERMØTE. 11.09.2012 / ALG

Pensjonistmøte på Knutholmen.

 

Septembermøtet vert i år i Kalvåg - onsdag den 26.

 

Hovedprogrammet blir ein god middag på Knutholmen samt at Svein Inge Fosse fortel om utviklinga i Kalvåg.

 

Ein god middag vil koste 250 kroner pr. person.

 

Vi tek oss fram til Kjelkenes med eigne bilar - eller ordnar med å få sitte på med andre. Frå Smørhamn til Kalvåg vert det buss.

 

Underhaldningsgruppa stiller opp og det blir allsang og kanskje lotteri.

 

Det er lagt ut liste for påmelding på Keipenstova.

 

OBS!

Vi tek ferja som går kl. 13.45 frå Kjelkenes!

 

Påmelding kan også gjerast  pr. telefon til Anne Lise - 57793553 eller 41418231.


KEIPENSTOVABASAREN. 17.09.2012 / ALG

  Svelgen Pensjonistlag takkar for alle fine gevinstar! Vi takkar også så mykje til alle som har teke lodd.Vi har ikkje kontrollert oppteljinga, men 33.000 kroner er ganske nær
  1. Måleri – rødt hus 3501 – Henriette Frøyen

  2. Badehandduk og såpe 1703 – Gerd og Konrad Ryland

  3. Sofapute m/ fugl 5071 – Ester Ryland

  4. Salatbestikk – Hardanger 4734 – Sigrunn og Bjarne Ripe

  5. Sengesett – enkelt 765 - Vivvi Eikås , Flekke

  6. Karveskurd-tine 4012- Tor Hjalte

  7. Rosa og grått skjerf 1562 – Linnea Langeland

  8. Genser i Fanamønster 1999 – Signe-Lise Bjørkedal

  9. To hekla brikker 4558 – Hildegunn Ulvemoen

  10. Stålpanne 2040 – Liam Oddvar Førde

  11. Sofapute og løpar 4468 – Rita Mulehamn

  12. Toalettmappe 5120 – Kåre og Margot Nødseth

  13. Porselensdukke 4021 – Marta Navekvien

  14. Jentejakke 901 - Erik Smelvær Førde

  15. Dobbelt sengesett – lilla 101 – Gerd Ryland

  16. Hekla løpar 3451 - Synnøve og Asbjørn Sande

  17. Jentejakke 3632 – Aud og Guttorm Bjørnsen

  18. 2 lysglas 2856 – Fam. Shanker

  19. Lilla skjerf 5024 – Meg og Asbjørn Sande

  20. Kvit kaffiduk 2527 – Rita Mulehamn

  21. Rød sofapute 2585- Pernille K. Nødseth

  22. Kvite hansker 3467 – Aslaug Midtbø

  23. Blå barnegenser 1705 – Modulf Førde (Lillian)

  24. Veske – lappeteknikk 3075 – Aksel Myklebust

  25. 3 bokser krydder 3035 – Farfar og Charlotte (Zach?)

  26. Kjøkkentekstiler 3140 – Harald Førde

  27. Dobbeltsengesett m/roser 2573 – Liv og Ingvald Ytrehus

  28. Toalettveske 4553 – Ragna Eikeland

  29. Dobbelt vaffeljern 3696 – Fam. Idar Eikeland

  30. Hekla løper 572 - Ruth Birkelid

  31. Grønt skjerf 2193 – Gerd og Konrad Ryland

  32. Hårpleieprodukt 3116 – Helene Bjørkedal

  33. Villmarkskopp 3788 – Judith og Magne Langeland

  34. Middagsduk 4496 – Ronja, Rianna og Marcus

  35. Handsåper 4345 – Margrete Volle

  36. Kaffiboks m/kaffi 4484 – Liv Nybø

  37. Kjøkkenhandduk i lin 5217 – Fam. Varpe

  38. Blått måleri 4146 – Erna Kitty Dahl

  39. 2 brikker 3452 – Synnøve og Asbjørn Sande

  40. Dobbelt sengesett 4100 – Erik Midtbø

  41. Dukke m/klær og vogn 3743 – Bjørg Didriksen

  42. Stort lappeteppe 1014 – Bjørg Nigardsøy (Edith L.)

  43. Juleduk 4988 – Solveig Myren

  44. Stålpanne 4592 – Else og Åge Tansøy


BASAREN! 31.08.2012 / ALG

BASAR PÅ KEIPENSTOVA  17.SEPT.

Måndag 17.september vert det basar på Keipenstova. Vi startar med åresalg kl. 11 - og då blir det 2 eller 3 runder. Hovedtrekning ca 12.30.

Det vert høve til å kjøpe lodd på Coopen torsdag den 13., fredag 14 og laurdag 15. Elles ligg basarbøkene framme på Keipenstova når der er ope og sjølvsagt på basar-dagen.

Masse fine gevinstar!

Inntekta skal gå til Keipenstova. I år har vi lagt nytt golv,  og det tærte på kapitalen. Elles skal pengane gå til fornying av utstyr etc.

Styret.


UT PÅ TUR ............ 31.08.2012 / ALG

Gjengen som er på Savalen-tur har det heilt storarta - vert det meldt :)

I dag har dei vore på Aukrustsenteret og fleire sto no klar for å ga tur etter ein god lunsj. Der er betre ver enn her!


SYNG MED OSS. 31.08.2012 / ALG

 

Vi starter opp sangtimen den 10.september kl.12.00

Alle er velkomne  til Keipenstova til allsang i lag med Harald &Co.


SENIORDANSEN. 20.08.2012 / ALG

 

Tirsdag 21.august startar vi igjen med seniordans kl.1700 på Samfunnshuset.

Oppmøte på Keipenstova.

 

Velkommen!


MEDLEMSMØTE 14.08.2012 / ALG

DET VERT HALDE MEDLEMSMØTE I TRUDVANG onsdag 29.august.

Møtet starter som vanleg kl.1700.

Program:

Velkommen til Trudvang v/Per

Opning av møtet v/Anne Lise

Ord for dagen v/ Åse Kjelkenes

Allsang: La oss leve for hverandre

Referat v/Kirsten

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang.

Magne Langeland fortel om krigens dager og syner lysbilder

Bordvers

Kaffi og mat.

Diverse lagssaker

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Loddsalg

Avslutning.


STYREMØTE 14.08.2012 / ALG

Den 11.08.2012 20:03 skreiv Anne Lise Gilleshammer:

Det vert med dette kalla inn til styremøte på Keipenstova måndag 13.august kl.1300.

 

Sakliste:

 

Diverse skriv og meldingar.

Referat

Økonomisk oversikt

Bruk av reisestøtta.

Medlemsmøte – 29.august i Trudvang

Oppstart av sangtime 10.sept.

Basar 17.september – diverse gevinster og opplegg.

Innkjøp av støvsuger.

Septembermøte 26.september – kvar og korleis.

Høgtaleranlegget .

Orientering om Savalen-turen

Saker som kan komme til.

 

Vel møtt!


SAVALEN. 31.07.2012 / ALG

Påmeldingsfrist - tur til SAVALEN.

Det er pr. i dag 30 pensjonister frå Svelgen, Kalvåg, Bremanger, Davik og Olden som har meldt seg på turen.

Siste frist er sett til måndag 6.august!

Tlf. 47615127 - Bjørg.

Eller på Keipenstova.


MØYFRID. 16.07.2012 / ALG

MINNEORD – Møyfrid Hestetræet.

Møyfrid døde brått og uventa  2.juli 2012.

Svelgen Pensjonistlag har mista eit aktivt og pliktoppfyllande   medlem.

Ho var var nestleiar i laget frå 2003 og fram til 2006. I 2006 vart ho leiar i Svelgen Pensjonistlag. Dette vervet hadde ho berre 1 år - då ho måtte ta ein pause pga sjukdom. Ho var medlem av Bremanger Eldreråd   frå 1999 til 2007.

Møyfrid var fødd Myren og hadde slekta si frå ytre Bremanger.   Foreldra Petra og Johannes flytta til Svelgen - og her vart Møyfrid fødd den 08.11.31 og vart den eldste av 4 sysken. Svelgen var på den tid eit heilt anna samfunn enn det som vi ser i dag. Møyfrid kunne fortelje mykje om heimplassen sin og om livet som barn og ungdom i Svelgen. Då ho voks opp budde dei fleste arbeidarfamiliene i brakker,   og det einaste offentlige bygget var skulen på Naustneset. Elles var det «Folkets Hus» som var samlingstaden , og vart mykje brukt både til fest og anna. Som den eldste i flokken vart ho tidlig pålagd oppgåver – ho fortalde at ho rodde åleine til Sande for å hente mjølk alt før skulealder.

Si store kjærlighet møtte ho som 16-åring – då Hans Hestetræet var innom Svelgen med båten han arbeidde om bord i. Ho gløymde han aldri, sa ho – og då han på nytt kom til Svelgen nokre år seinare vart det alvor. Etter kvart flytte han til Svelgen, og dei bygde seg hus på ei av dei finaste tomtene på Langeneset. Dei fekk mange gode år i lag med dei fem borna, men etter at barna var vaksne og flytta ut vart Hans sjuk. Han budde i heimen og vart passa på og pleia av Møyfrid, men dei siste åra var han på sjukeheimen og døde der. Møyfrid var glad i familien sin, ingen av barna bur i Svelgen, men ho besøkte dei ofte.

Møyfrid var aktiv i pensjonistlaget – først som nestleiar og seinare som leiar. Ho var med å starta opp Seniordansen og verva mange medlemmar. Ho hadde ei god opplesar-stemme og i ein periode var opplesing av Møyfrid fast innslag på medlemsmøta – ho las ma frå Bjørn Faste B sine kåseri om oppvekst i Florø,   og seinare frå Sigrid Øvrebotten si bok om småbrukarkona. Elles tok ho gjerne på seg å ha «ord for dagen» på medlemsmøter.  Då laget starta opp Keipenstova var ho med å tok eit tak. Ho var med på «vertskapslista»   -   rydda og ordna og steikte sveler/vafler. Best av alt likte ho dei måndagane vi hadde sangtime. Som tidligare medlem av sangkoret likte ho å synge.

Men det som vi kjem til å huske Møyfrid mest for var det gode humøret. Ho var ein svært utadvendt person – fortalde sjølvopplevde historier og drog gjerne ein vits eller to – og hadde ein god og smittande latter. Det vart ofte sagt at det var ikkje kjedelig der Møyfrid var tilstades . Det var så kjekt å vere i lag med henne.

Vi saknar henne og sørgjer over at ho er borte. Takk for alt trufast arbeid !

Anne Lise Gilleshammer – leiar i Svelgen Pensjonistlag.


Avreise til Savalen. 01.07.2012 / ALG

Pga ferja frå ytre Bremanger vil vi endre avreise frå Svelgen slik at vi kan ta ferje frå Isane kl.10.35.

TUR TIL SAVALEN! 01.07.2012 / ALG


Med Svelgen Pensjonistlag på

Seinsommartur  til herlege Savalen

5-dagars tur til Savalen med avreise 30/8- 2012

“Hende alt som hende vil, her inne er verda den same” skreiv Arne Garborg om si tid på Savalen.

Eit opphald her gjev fred i sjela og ro i sinnet, mykje god mat og  dans og moro kvar kveld. Ver med  Svelgen Pensjonistlag  til nokre herlege dagar på Savalen!

Programmet nedanfor er retningsgjevande og   Savalen vil presentere oppdatert dag- for dagprogram ved ankomst. Hotellet har også ymse andre aktivitetar og overraskingar i løpet av opphaldet.

 

Dag 1, torsdag 30/8             Svelgen - Savalen

Vi startar frå Svelgen kl.08.00 og tek ferje frå Isane kl.08.45.   Vidare går turen via Strynefjellet til Bismo, der det vert lunsj om lag   kl. 12.30.     Etter lunsj køyrer vi  forbi Lom, Otta og Hjerkinn til Savalen. Her vert vi tekne mot av verten som serverer kaffi og kaker og orienterer om hotellet og om program under opphaldet.   Etterpå vert det ein litt sein middag og sosialt samvære.

 

Dag 2, fredag 31/8               Aukrustsenteret, halvdag

Etter ein god frukost (kl.09.30)går turen til Aukrustsenteret.  Her får vi ein rundtur i Kjell Aukrust si fantasifulle verd. Med forteljingane om Steijela, Sandeggbakken og knokkelkampane mellom Tynset og Alvdal har Kjell for alvor sett bygda på kartet. Blant tegningar, maleri, fortellingar og oppfinningar møter vi det frodige persongalleriet frå Flåklypa. Her er Solan og Ludvig i spissen – to ytterpunkt i Kjell sin personlegdom. I det stemningsfulle multivisjonsprogrammet i Flåklypasalen høyrer vi Kjell sjølv som les og fortel.

Vi er heime att på hotellet om lag kl.12.30 for ein god lunsj. Etterpå er tida til disposisjon (evt. aktivitetstilbod frå hotellet) fram til fellesmiddag om kvelden.

 

Dag 3, laurdag 01/9             Fridag   

Då er det tid for å prøve dei fine turstiane i området, eller kanskje satse på litt inndørs velvære i det herlege 32-graders   varme klorfrie bassenget ?

Elles vil hotellet presentere framlegg til aktivitesprogram. Det vert felleslunsj   på hotellet   og   om kvelden er det stort Østerdalsbord med stort utval av varme og kalde rettar. Etterpå er det tid for trimming av dansefoten..

Dag 4, søndag 02/9.             Heildagsutflukt til Røros

Vi reiser frå Savalen kl.10.00 (etter ein lang og god frukost)   på heildagsutflukt til Røros med lokalguide. Undervegs passerer vi Tolga, heimstaden til   Egil Storbekken og Os med Hummelfjell før vi kjem til gruvebyen Røros. Her er gruvedrifta nedlagd og andre næringar har teke over, men det meste av byen er som den var, og minna er mange. Vi vitjar den gamle smeltehytta for kopar som no er eit av dei flottaste musea i landet. Sjølvsagt er vi også innom Røroskjerka, ei av dei største kyrkjene i landet, før det vert tid til ei handlerunde. På Idrettsparken Hotell vert det servert lunsjtallerken og dessert og vi er attende på Savalen i 17.00-tida. Kanskje tid til ein liten strekk på senga før middag?

 

Dag. 5, måndag 03/9           Heimreisedag. Reiseruta går over Hjerkinn til Lom og over Sognefjellet til Skjolden, der det vert lunsj på Skjolden Hotell.   Vidare til Sogndal, Skei, Førde og Svelgen.

 

REISEFAKTA : Antal dagar : 5 Avreisedato : 30/8 2012 Returdato : 03/9 2012 Turpris v. min. 30 betalande : kr.5.950.- Tillegg for enkeltrom : kr.750.- Irekna i turprisen : ¨ Busstransport og bompengar ¨ Fullpensjon ¨ Innkvartering i dobbeltrom 4 netter på Savalen ¨ Utflukter, lokale guidar og inngangspengar i samsvar med program ¨ Savalen-program ¨ 1 fri reiseleiar Følgjande Savalen-program er også irekna i turprisen : Kaffi og heimebaka kaker ved ankomst Kaffi på senga kvar morgon (dersom du ønskjer det) Alkoholfri velkomstdrink Ettermiddagskaffi med heimebaka kaker kvar dag "Levende lys-aften" Østerdalsbord Syng med oss med husmusikarane Dans kvar kveld Felles vandretur med guide Felles vanngymnastikk Det er sjølvsagt vanskeleg å få tid til alt dette, men det vert opp til kvar enkelt gruppe kor mykje ein vil nytte seg av dette tilbodet.

 

 

 

 

 

 

 


                        


Nytt golv ! 29.06.2012 / ALG

Keipenstova har fått nytt golv !

Keipenstova er blitt "som ny" etter at det nye golvet vart lagt.

Oddvar, Alf og Kjærulf er dugnadsgjengen som har gjort arbeidet.. Det mangler golvlister, men dei kjem nok på plass tirsdag.

Stor takk til dei tre karane som har jobba på spreng i fineveirsdagane!

Huseigar Allan Dyrstad har lova ny inngangsdør - som skal ri utover iflg. brannforeskriftene.  Vi reknar med at den er på plass i løpet av sommaren.

 


Sommertreffet. 21.06.2012 / ALG

FIN TUR TIL BALESTRAND!

Vi var 41 pensjonistar som reiste til sommertreffet i Balestrand. Veret betra seg - slik at når vi nærma oss Sognefjorden vart det nydelig sommervær.

Det var uteservering av kaffi og wienerbrød rett før Vadheim.

På Kvikne Hotell var det god plass både til matservering og til møterom.

Først var det lunsj/middag - gode heimelaga kjøttkaker med tilbehør.

 I Kviknesalen var det underhaldning av høg klasse. Gjesteartisten for året var  bergensaren Ove Thue i lag med Per Bolstad på trekkspel og Elisabeth Vannebo på tuba. Elles var det diktlesing, pianospel, sangkor og kåseri. Inn i mellom vart det servert kaffi og marsipankake.

 Det var også ein "fritime" for å prate med gamle kjende - eller gå tur på "bryggebyen" for kanskje å shoppe litt - feks kjøpe seg "Aurlandssko"!

På heimturen var det stans på Joker-butikken i Vadheim der alle var innom for å "snope" litt.

 

Vi var heime litt seint, men til gjengjeld fekk vi oppleve denne nydelige midtsommerkvelden langs fjorden heim.

--"når liene grønkar som hagar og det lavar av blomar på strå - og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå--"

  


SISTE DANS! 12.06.2012 / ALG

Seniordansarane avsluttar sesongen med dans på Lasse`s i kveld.

Vi dansar frå kl.1700 til ca 1800, og  avsluttar med mat og drikke - samt litt underhaldning.


BALESTRAND. 31.05.2012 / ALG

Til pensjonistane sitt sommertreff i Balestrand 19.juni er det 45 påmelde.

Vi har ingen venteliste pr. i dag.

OBS!

Det er no 1 - ein - ledig plass !


MEDLEMSMØTE. 25.05.2012 / ALG

Onsdag 30.mai er det medlemsmøte på Keipenstova. Møtet tek til kl.1700.

 

Servering av rømmegraut.

Vi tek i bruk dei nye sangbøkene.

Program:

Velkommen

Allsang "La oss leve for hverandre"

Ord for dagen

Referat

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Rådmann Tom Joensen orienterer om kommunale saker og kommunalsjef Randi Ytrehus  fortel om  pleie-og omsorgsplanen.

Harald og Alf spelar inn grauten!

Orientering om diverse lagssaker.

Underhaldningsgruppa spelar og syng.

Allsang

Loddsalg.

Avslutning og allsang.

Velkommen til gamle og nye medlemmer!


TUR TIL BRIKSDALEN - SVELGEN PENSJONISTLAG. 02.05.2012 / ALG

Programmet er slik:

Avreise frå Firda billag kl. 0800

Ferje Isane - Stårheim kl. 0845

Ein liten stopp ved Hornindalsvatnet for kaffi og wienerbrød

Vidare til Stryn - Oldedalen - Briksdalen

Lunsj/middag på Briksdalsstova

Stopp i Olden - (handlerunde ?)

Vidare til Hornindal

Svormuseet

Kvivsveganlegget

Kaffi og kake på Raftevold Hotell.

Heimtur.

Pris 750 kroner.

 

Påmelding på Keipenstova eller til Bjørg 47615127 eller Anne Lise 41418231

 


Seniordansarane under folkefesten 17. mai 18.05.2012 / IEH


SVELGEN SENIORDANS. 20.05.2012 / ALG

Svelgen Seniordans har 35 medlemmer! På grunn av plassen på scena, kunne ikkje alle få danse 17.mai.

Seniordansarane dansar kvar tirsdag frå 17 til 19.30 på Samfunnshuset.

Leiar er Lillian Myren og kasserar er Margareth Hjalte.

Danseleiarar er: Ester Ryland, Ragna Svarstad, Olga Aarsnes, Asbjørg Førde, Lillian Myren, Åse Eikeseth, Magni Nesbø og Anne Lise Gilleshammer.

Til hausten blir det truleg arrangert "aspirantkurs" for nye dansarar på Keipenstova.


17.mai-toget! 16.05.2012 / ALG

Svelgen Pensjonistlag har fått fane.

Vi stiller i folketoget i lag med Sanitetslaget - som også har fane.

Oddvar Førde skal bere fana - og vi andre stiller opp. Dei som ikkje orkar å vere med heile ruta, kan gå berre eit lite stykke.

Norsk Pensjonistforbund sitt motto er :

TRYGGHET - LIVSKRAFT - INITIATIV.


SYNG MED OSS! 12.05.2012 / ALG

SYNG MED OSS!

 

Måndag 14.mai er det igjen sangtime på Keipenstova.

 

Vi starter som vanleg kl. 12.

 

Alle er velkomne!

 

OBS!

Den nye sangboka med 101 sanger fra den norske sangskatten skal takast i bruk for første gang!


VÅRREINGJERING! 07.05.2012 / ALG

Keipenstova treng ein omgang med vatn og såpe!

Onsdag 9.mai kl.1000 møtes vi for å gjere Keipenstova fin til våren og 17.mai.

Alle som hjelper til får varm lunsj/middag etter at arbeidet er fullført.

Still opp med godt humør og arbeidslyst!


Medlemsmøte. 17.04.2012 / ALG

SVELGEN PENSJONISTLAG

 

 

Det vert halde medlemsmøte på Keipenstova

Onsdag 25.april kl.1700  

 

PROGRAM:

Opning

Allsang : La oss leve for hverandre

Ord for dagen

Referat.

Underhaldninsgruppa spelar og syng

Allsang

Kåseri av kultursjef Espen Frøysland : Bergen – kunst/kultur og arkitektur.

Mat og kaffi.

Orientering om turer:

 ”Sommertreffet” – Dagstur til Indre Nordfjord – Hausttur til Savalen

Underhaldningsgruppa

Allsang

Diverse lagssaker.

Loddsalg og trekning

Allsang og avslutning.

 

Vel møtt!

 

 

 


TUR TIL INDRE NORDFJORD! 14.04.2012 / ALG

Svelgen Pensjonistlag arrangerar tur til Indre Nordfjord onsdag 9.mai.

Programmet ligg på Keipenstova i lag med liste for påmelding.


GOD PÅSKE! 04.04.2012 / ALG

Pensjonistlaget ønskjer alle sine medlemmer GOD PÅSKE!

Keipenstova har stengd påskedagane, første opningsdag er torsdag 12.april.

Seniordansen startar opp alt 3.påskedag - tirsdag 10.april.


SYNG MED OSS! 02.04.2012 / ALG

På grunn av påska vert sangtimen på Keipenstova utsett til måndag 16.april.

Vi starter som vanleg kl.1200.

 

Alle er velkomne!


Pensjonistferie. 14.03.2012 / ALG

Fleire pensjonister tek ferie no før påske. Nokre er reist til Thailand og fleire reiser til Lanzarote no fredag - mellom dei fleire frå styret.

 

I dei neste 2 vekene må saker som gjeld Keipenstova eller Pensjonistlaget rettast til nesteleiar Per Ytrehus.


PENSJONISTMØTE. 12.03.2012 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held møte på Keipenstova

onsdag 28.mars kl.1700.

Program: Sjå oppslag på Keipenstova seinare!


SYNG MED OSS! 08.03.2012 / ALG

Det blir sangtime måndag 12.mars på Keipenstova.

Denne gangen blir det ikkje musikk til, men nokre flinke "syngedamer" vil leie sangen.

Møt opp - rensk strupen - og syng med oss!


DAGSTUR TIL INDRE NORDFJORD. 08.03.2012 / ALG

Vi planlegg dagstur den 9.mai 2012.

Programmet er ikkje ferdig, men planen er at vi reiser til Olden og Briksdalen. Vi kan også ta ein svipptur til Hornindal. Der kan vi besøke Svor-museet og sjå korleis den nye Kvivsvegen blir.

Kanskje vi kjem på meir seinare :).

 

Det vil bli lagt ut liste på Keipenstova etter påske!

 

 

HAUSTTUR TIL SAVALEN!

Vi planlegg også ein firedagers tur til hausten. Det blir truleg til Savalen.

Helsing Bjørg og Anne Lise

 

 

 


KVINNEDAGEN 8.MARS! 08.03.2012 / ALG

Gratulerer med dagen!

Historie [ rediger ]

Idéen om en internasjonal kvinnedag ble lansert i begynnelsen av forrige århundre i sammenheng med kvinners kamp for stemmerett og kvinnelige fagforeningers kamp for rettigheter.

 Den tyske marxisten Clara Zetkin fikk gjennomslag for å innføre en internasjonal kvinnedag den 8. mars. Dagen skulle være en kampdag, i første omgang som et redskap i kampen for kvinnelig stemmerett. Det påfølgende år ble dagen markert i Sveits, Tyskland, Østerrike og Danmark: En million kvinner demonstrerte.

I Norge ble kvinnedagen markert første gang i 1915. Da avholdt Kvinneforbundet folkemøte for fred, og Alexandra Kollontai holdt tale i Oslo.

I forbindelse med markeringen av den internasjonale kvinnedagen samlet en stor mengde kvinner seg i  

Under andre verdenskrig fant kvinner hverandre i motstandsbevegelsen og i konsentrasjonsleirer og markerte dagen i all hemmelighet. Etter krigen var det så det nystartede «Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund», senere « Norsk Kvinneforbund», som holdt dagen i hevd gjennom mindre markeringer. Deres første offisielle markering etter krigen var i 1948. Den gang raste den kalde krigen og kvinnene som markerte dagen møtte mye motstand.

Den nye kvinnebevegelsen tok opp igjen tradisjonen med å markere 8. mars i 1972. Da tok en gruppe fra Kvinnefronten ved Universitetet i Oslo initiativ til en felles markering med de andre kvinneorganisasjonene. Siden ble dagen en viktig markeringsdag - landet over gikk små og store demonstrasjonstog, noen med en håndfull deltakere, andre med flere tusen. 8. mars 1978 gikk 20 000 kvinner og menn i tog i Norge. Markeringen av kvinnedagen var nede i en bølgedal på 1990-tallet. I de senere år har oppslutningen økt, og det avholdes mange arrangementer og markeringer i forbindelse med 8. mars. 8. marskomitéen i Oslo holder tradisjonen med demonstrasjonstog i hevd og markerer årlig dagen.



SOMMERTTREFFET! 02.03.2012 / ALG

Sommertreffet,med samling av alle pensjonistlag i fylket, blir i 2012 i

 

Balestrand på Kviknes Hotell 19.juni - oppstart kl.1300

 

Dersom det er stemning for å delta, må vi leige ein buss. Det bør då vere minst 35 personer.

Interesserte kan teikne seg på liste på Keipenstova f.o.m måndag. Programmet er ikkje heilt ferdig endå, men hovedatraksjonen i år er Ove Thue frå Bergen. Det blir kåseri av Johs.B. Thue, Ragnar Hove deklamerer frå Olav H. Hauge si dikting og Fred Støyva spelar piano.

 

Det er alt begynt å komme påmeldingar til fylkeslaget. Det er  dei laga som er "først til mølla" som får billettar, så vi bør vere tidleg ute.

Svelgen Pensjonistlag bestiller 35 billettar i år. I fjor bestilte vi 30 billettar, men det blei litt for lite.

 

Påmelding er begynt på Keipenstova!

 

Bjørg og Anne Lise,

 


ÅRSMØTE 2012. 02.03.2012 / ALG

  Onsdag 29.februar var det årsmøte på Samfunnshuset. Det var 60 frammøtte med stemmerett.

Sekretæren hadde laga ei årsmelding som fortalde stort og smått som hadde skjedd i meldingsåret. Den blei godkjend utan endring. Rekneskapen som kasseraren fører på data er oversiktig og godt forståelig og den einaste merknaden som kom var eit spørsmål om kr.0,10. Laget og Keipenstova har orden på økonomien og begge rekneskapa vart godkjende. Arbeidsplaner og budsjett vart lagd fram av styret. Lagsarbeidet og drifta av Keipenstova held fram som som før. Styret har lagt opp til at det skal leggast nytt golv på Keipenstova, og basarpengane dette året vil gå til dette.

 

Representant frå Fylkeslaget, Jostein Midtbø; orienterte oss om  Fylkeslaget og Pensjonistforbundet sine arbeidsoppgåver. Svelgen Pensjonistlag fekk mange lovord, han sa at Svelgen Pensjonistlag var eit av dei mest veldrevne i fylket og rosa laget for å delta i arrangement som ikkje berre kom oss sjølve tilgode. Pensjonistforbundet arbeider med å få lovfesta eldresamlingsplassar, men i Svelgen var det gjennomført utan. lovfesting.

 

Det vart ikkje endring i styresamansetninga. Dei som stod på val takka ja til to nye år.

 

Årsmøtefesten tok til ca kl.1900. Då var det i alt samla 90 personar.

Menyen var Biff Stroganoff med potetstappe og salat - bringa frå Hotellet. Kjempegod gryte og rikelig!

 

 10.klassingane var engasjerte som serveringshjelp, og det sette ein ekstra spiss på arrangementet. Kjekke, hjelpsame og blide ungdommar gledde alle pensjonisthjerter

 

. Underhaldningsgruppa i lag med Trekkspillklubben hadde øvd inn  2 nye sangar ;"Sommerfugl i vinterland" og "Nynorskens skog" og begge fall i smak - etter applausen å dømme. Leiaren helsa Trekkspillklubben som nettopp har fylt 30 år og overrekte ein fin blome.  Det var så kaffi og "stort kakebord"som det raskt vart gjort stort innhogg i. Seniordansarane imponerte med linedance og polka og ein shottis.  Lynlotteri er fast på  pensjonistfestane - og det vart delt ut mange gevinstar. Gjesten vår Jostein Midtbø hadde også ordet på festen. Tilslutt spelte Trekkspillklubben flott dansemusikk og det veit pensjonistane å sette pris på. God stemning !

 

 

 


EURO I MINIBANKEN. 24.02.2012 / ALG

Hei pensjonistar som skal på reis!

I minibanken i Svelgen kan vi no ta ut Euro! Så då slepp vi å passe på kva dager banken har skranketeneste.


SVELGEN PENSJONISTLAG 13.02.2012 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held

 
      ÅRSMØTE
 
 ONSDAG 29.FEBRUAR KL. 1700 PÅ SVELGEN SAMFUNNSHUS.
 
 Sakliste:
 
 Opning - allsang.
 
 Registrering
 Godkjenning av innkalling
 Godkjenning av sakliste
 Val av møteleiar, skrivar og 2 til å skrive under protokollen.
 Årsmelding 2011
 Rekneskap 2011
 Budsjett og arbeidsplan for 2012.
 Kontigent 2013
 Utsending frå fylkesstyret Jostein Midtbø får ordet.
 Val .
 Avslutning av årsmøtet og allsang.
 

ÅRSMØTEFEST! 13.02.2012 / ALG

Etter at sjølve årsmøtet er avslutta vert det årsmøtefest ca kl. 1900.

 

Program:

Velkomsthelsing

Allsang med tonefølgje

Varm mat : Biff stroganoff m/tilbehør

(10.klassingane står for servering og rydding)

Underhaldningsgruppa stiller med nye låtar og dei spelar og syng.

Allsang med tonefølgje

Kaffi og kake

Gjesten Jostein Midtø får ordet.

Seniordansarane prøvar seg på linedance, polka og reinlender.

Trekkspillklubben spelar lyarslåttar

Lynlotteri

Dansemusikk.

Mange har meldt seg på til festen, men der er plass til fleire!

Påmelding kan skje på Keipenstova eller til Anne Lise tlf. 41413281

VELKOMNE!


Styremøte. 14.02.2012 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held styremøte måndag 20.februar kl. 13.30 på Keipenstova.

 

Sakliste:

Skriv og meldingar

Kontigent 2013

Drøfting - årsmøtet og årsmøtefesten/ fordeling av arbeidsoppgåver

Årsmelding 2011 - tilråding til årsmøtet

Rekneskap 2011 - tilråding til årsmøtet

Budsjettforslag 2012 til årsmøtet

Arbeidsplan 2012 forslag til årsmøtet

Orientering frå valnemnda.

Saker som kan kome til

 

Anne Lise Gilleshammer

-leiar-

 

 


SYNG MED OSS!

Måndag 13. februar er det igjen allsang på Keipenstova frå kl.1200.

Underhaldningsgruppa spelar og syng i lag med oss.

Sola er då komen attende til Svelgen sentrum og det går mot vår igjen.

Alle er velkomne !


ÅRSMØTE 2012. 19.01.2012 / ALG

Styret har bestemt at det skal vere årsmøte 29.februar på Svelgen Samfunnshus i Storsalen.

Møtet tek til kl. 1700.

Vanlege årsmøtesaker.

Saker som medlemmane vil ta opp på årsmøtet må vere styret i hende seinast 2 veker før møtet.

 

 

Det blir påfølgjande årsmøtefest med varm mat, underhaldning og sosialt samvær.


STYRKETRENING. 21.01.2012 / ALG

  Det er no tre grupper med pensjonister som driv med styrketrening kvar torsdag. 

 

Gruppe I - 6 personer -   14.30 - 15.30

Gruppe II - 5 personer    15.30 - 16.30

Gruppe III - 6 personer   16.30 - 17.30

 

Gruppe II har ledig ein plass - påmelding til Anne Lise.


SENIORDANSARANE. 21.01.2012 / ALG

Seniordansarane skal ha årsmøte på Keipenstova tirsdag 24.januar kl. 1800. Vanlege årsmøtesaker.


TURGRUPPA. 21.01.2012 / ALG

Det vert lagt ut liste på Keipenstova for dei som ønskjer å vere med på tur. Turleiarane meinar at mandagane er ein fin dag for turgåing, med påfølgjande kaffistund på Keipenstova :).

Vi kjem attende til tidspunkt.


TURGRUPPE. 19.01.2012 / ALG

Vi starter opp turgruppe for pensjonister i Svelgen. Asbjørg og Annfrid har sagt ja til å vere turleiarar.

Det kjem snart oppslag om saka - og det blir nærare orientering på medlemsmøtet onsdag.


MEDLEMSMØTE. 17.01.2012 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte onsdag 25.januar på Keipenstova.

Tid: Kl. 1700.

Program:

Opning og velkomsthelsing

Allsang "La oss leve for hverandre"

Ord for dagen.

"Svelgen opp og fram" - Kåre Myklebust orienterer om tiltaket

Underhaldningsgruppa spelar og syng.

Referat.

Bordvers

Kaffi og mat.

Diverse lagssaker

Underhaldningsgruppa spelar og syng.

Åresalg .

Allsang

Avslutning - og vel heim.

Gamle og nye medlemmer er velkomne!


20.DAG JUL! 12.01.2012 / ALG

20. dag jul markerer siste juledagen. Då skal det etter gamalt vere slutt på julegjesteboda, og juleølet skulle drikkast opp.  Jula skal feiast ut med soplime eller bjørkeris.

 

 I kveld er det 20.afta og mange lagar då same maten som vert brukt julafta - på våre kanter vil det seie dampa lam- eller fåreribber (eller pinnekjøtt som det vert kalla no)


DEMONSTRASJON PÅ KEIPENSTOVA. 10.01.2012 / ALG

Anne Grethe Brandsøy demonstrerer diverse helseprodukt og informerer om behandlingstilbod på

 

Keipenstova onsdag 18.januar kl.1100.

Kaffi  og litt å bite i blir det også.

 

Alle er velkomne!


Svelgen Pensjonistlag - styremøte. 09.01.2012 / ALG

Det vert med dette kalla inn til styremøte måndag 16.januar kl. 13.30 på Keipenstova.

Saker:

Skriv og  29.februar

Referat

Januarmøtet 25.januar

Årsmøtet 29.februar

Keipenstova - utlån av utstyr til medlemmar

Datakurs?

Turgrupper?

Køyring av pensjonistar til/frå Keipenstova.

Saker som kan komme til.


SANGTIME! 06.01.2012 / ALG

Husk at måndag 9.januar er det sangtime på Keipenstova. Vi starter kl. 1200.

Alle er velkomne!


!3. dag. 06.01.2012 / ALG

 

I dag er det 13.dag jul - "helligtrekongersdag". Bildet syner dei tre vise (menn) på veg for å finne barnet i Betlehem.


2012 02.01.2012 / ALG

GODT NYTTÅR!

Keipenstova hadde i dag sin første opningsdag i året 2012. Vertskap denne veka er Sigrun, Bjarne og Elsa Johanne.

Huseigaren har oppmoda oss om å bruke mindre straum medan omn 5 er ute av drift. Så regelen er at vi skruar ned radiatorane til 1 når Keipenstova ikkje er i bruk, og skruar opp varmen opningsdagane, og elles når det er aktiviteter.

Måndag om ei veke er det sangtime frå kl. 1200.

 

Medlemsmøte i januar skal vere på Keipenstova onsdag 25.januar.


Arkivoversikt
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 ]