Arkiv 2014

KEIPENSTOVA.

Svelgen Pensjonistlag  si eiga heimeside: Her vil vi skrive om aktuelle saker - slik som møter, turar, festar og andre aktivitetar. Så har vi ei side  med foto og minner frå Svelgen og omegn.  Det vil også bli orientert om saker som vedkjem seniordansarane, styrketreninga for pensjonistar, og oversikt over bøker som er tilgjengeleg på Keipenstova.

 

 


Syng med oss. 02.12.2014 / Harald

Årets siste "Syng med oss på Keipenstova"  vert måndag den 08.desember.

Denne gongen skal det syngast berre gamle og kjente julesangar.

Tidspunktet er som vanleg kl. 1130.

Vel møtt.

 

 


Syng med oss. 05.11.2014 / Harald

Tradisjonen med "Syng med oss" på Keipenstova er fortsatt oppegåande.

Det vert høve til å være med å synge i lag med andre glade songarar på måndag den 10. november

Og vi startar som vanleg kl. 1130.

Vel møtt.


Juletallerken. 02.11.2014 / Harald

Som tidlegare år vil Svelgen Pensjonistlag  også i år ivitere til juletallerken  i november.

Og som tidlegare vært det på Svelgen Hotell.  Dato er onsdag 26.november og tidspunkt er kl. 1800.

Litt underholdning vert det ,og lynlotteri. Svelgen Trekkspelklubb vil sørge for musikken slik at det vert mogleg å få seg ein svingom på dansegolvet.

Pris pr.kuvert er kr. 250.00 . Dette betalast i resepsjonen ved ankomst.

Påmeldingsfrist er sett til 20.november.

Liste for påmelding er lagt ut på Keipenstova.

Vel møtt.

 


Medlemsmøte 16.10.2014 / Harald

Oktober-møte   2014.

Svelgen pensjonistlag held medlemsmøte onsdag 29.oktober på Keipenstova.

Vi startar som vanleg kl.1700.

PROGRAM:

Opning v /leiar

Allsang "La oss leve for hverandre"

Ord for dagen v/Elsa Johanne Hauge

Referat v/ Margareth Hjalte

Allsang

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Tema for dagens gjest er : Innvandrarar og asylsøkjarar i Bremanger / Svelgen.

Forelesar er representant for dette ansvarsområdet i Bremanger Kommune.

Allsang

Matøkt

Trekkspelmusikk av pensjonistar som er med i Svelgen trekkspelklubb.

Allsang

Leiaren vil så orientere om aktuelle saker.

Åresalg

Allsang og avslutning.

Velkomen til gamle og nye medlemmer!


Vertskap 14.10.2014 / Harald

      Verskap Keipenstova   Haust/Vinter 2014
Veke nr. Dato    
35     Eva og Per Ytrehus + Laila Teigene
36     Margareth og Bjørn Hjalte +Sonja Flugre
37     Magni og Arne Lothe + Aud Leirvik
38     Synøve og Asbjørn Sande + Arne Olav Varpe
39     Gunvor og Rolleif Hansen + Ragna Myklebust.
40     Liv Nybø og Solveig Myren
41     Lise Frøyen og Magni Nesbø.
42 13/16 okt   Grete og Petter Mulelid + Elsa Johanne Hauge.
43 20/23 okt.   Alvrunn og Oddvar Førde + Inger- Karin Førde
44 27/30 okt.   Ester og Kjærulv Ryland + Ester Hatleset
45 03/06 nov.   Olga Årsnes og Liv Ytrehus + Liv Roland
46 10/13/nov.   Asbjørg og Alf Førde + Lillian Myren
47 17/20 nov.   Aase Frøyen   og Edith Langedal + Konrad Ryland
48 24/27 nov.   Synnøve Rebni og Audhild Frimannslund + Roar Hatlenes
49 01/04 des.   Annfrid og Anfinn Førde + Lillian Nilsen
50 08/11 des.   Bjørg Damstuen og Karen Sande
51 15/18 des.   Hildur og Arne Andersen + Else Fossedal.
52 22 . Des.   Margrete og Kjetil Volle + Annelise Gilleshammer
      Reserve : Åse Eikeseth

Syngmed oss 09.10.2014 / Harald

Måndag 13.oktober er det atter ein gong "Syng med oss" på Keipenstova. Alle som er glad i og synge  er hjerteleg velkomne til å synge med oss. Vi startar som vanleg kl. 1130.

Vel møtt.


Vinnarar basar. 23.09.2014 / Harald

                 Gevinster                      Vinnarar.                       Gåve frå.

1          Frotte handkle                               Margrethe Pedersen                                                                                                          

2          Panne og ildfast skål                      Alf Rylandsholm                         Elkem

3          Middag for to på Knutholmen         Lillian Myren                          Fosse

4          Kaffe-sett, 6 kopper                      Ragna og Rolf Svarstad

5          Pute                                               Hedvig Mulehamn                    Fagmøbler Florø

6          3 liters panne                              Kjell Daniel  Ytrehus 

7          Verktøysett                                  Solveig og Per-Jan Myren          Ytrehus Sag

8          Asjett og skåler, rødt/hvitt            Olga Årsnes.

9          Strikka tøfler                                  Elsa Johanne og Arvid Myren

10      Løper med serviett og lys                Per Olav Frøyen

11      Handuk , såpe og div.                        Laila og Kåre Teigene                    R. Nigardsøy

12      Sengesett                                         Ester Ryland

13      Sokker grønne/hvite                          Asbjørn Sande

14      2 badehanduka                                 Madelen og Dennis Sagmo

15      Hårføner                                             Linn Myren Teigene

16      Dukke                                                  Adrian Teigene                              Best

17      Kaketine med form.                           Kjersti Sæle                            Coop Svelgen

18      Pizza                                                    Anja Hatleseth                      Svelgen Hotel

19      Knivsett                                           Lykke Oline Ytrehus Sundal

20      Tursekk                                                 Asbjørn Sande   

21      2 stk.badehanduker                              Kåre Nødset

22      Sokker   svarte/hvite                             Else Fossedal

23      Fuglekasse                                     Ida Vågene                                Bakarhuset

24      Blomstervase                                  Paula Lofsnes

25      Sjørøverskute                              Lise og Johannes Frøyen

26      Panne                                            Ida Vågene                                              Asle Førde

27      Veske                                             Paula Lofsnes.     

28      Strikkasjerf                                   Rita Mulehamn

29      Strikkasjerf                                    Leif Kjøsnes

30      Selbuvotter                                 Ester og Odd Hatleseth

31      Filekniv                                          Therese Myren Teigene

32      Spray for brannslukking.             Wencke og Melchior   Leirmo             G.K Solheim.

33      Sengesett                                       Arnar Kjelkenes                                

34      Hårartikler                                           Fam. Jarle Frøyen                            Labello

35      Sokker grå/hvite                              Dagrun Briksdal

36      Strikkasjerf                                      Synnøve Sande

37      Turartikler.                                      Steinar Vågene.                                    Ferstad

38      Pute                                                Ingeleiv Rylandsholm.                      Fagmøblar Florø

39      Ryggsekk                                       Fam. Jon Bakke.                             Sparebanken.

40      Løpere                                          Gudrun og Arvid Frøyen.                     

41      Tøfler, strikket                            Ingeleiv Rylandsholm.                        

42      Hårprodukt                                        Perdis Auren

43      Strikkasjerf                                       Liv Nybø.

44      Heklet duk med brikker                Elsa Johanne og Arvid Hauge.

45      Handduker                                     Solveig Myren

46      Strikkasjerf                                       Else Ask                                                

47      Strikka genser                                  Moniqe Solvang.

48      1 kubikk sand/singel.              Mona og Magne Kjerpeseth              Maskinen3penør

49      Strikkasjerf                                  Jan Erik Strømmen

50      Blomst                                      Liv og Ingvald Ytrehus

51      Gavekort                                Lillian Nilsen.                            Bremanger Fotterapi.

52      Sengesett                                   Ragna Eikeland.

53      Dukke A                                   Terje Vold

54      Dukke B                                    Karen Sande

55      Lang heklet løper                     Erna Kitty Dahl

56      Lappeteppe                               Arnar Kjelkenes.

57      Lyng                                              Eli Tidemann

58      Saks                                            Fam.Ove Nybø.                                   S.M Dyrstad.

59      Kakefat.                             Marius og Bestemor Bjørg.           Flora/Bremanger Hørsellag

60      Klokke.                            Fam. Magne Eikeseth.                   Flora/Bremanger Hørsellag.

61      Juleduk                            Ragna Myklebust.


Oppslag 07.09.2014 / Harald

Obs Obs Obs!!

Fysioterapeut Asle Førde kjem innom Keipenstova   torsdag den 11.sept.

Han vil gjerne gje ei orientering om «sviktande balanse» og råd for det.

Så ta ein tur innom «Stova» og kjøp ein kopp kaffi og vaffel (svele) og få med samstundes råd av terapeuten.

Han byrjar kl. 11.00

Vel møtt.


Basar !! 09.07.2014 / Harald

Det er tid for å minne om den årlege basaren på Keipenstova.

Datoen er sett til  torsdag den 18.september 2014 og vi startar ca. kl.1100.

Inntektene vil gå til fullfinansiering av oppgraderinga på toalettrom,og evt. til vedlikehald/ fornying av innbu og utstyr.

Loddbøker vert lagt ut på Keipenstova frå 14.juli.

Gevinstar vert tekne imot med stor takksemd.

Styret i S.P.F  v/ Harald


Syng med oss!! 04.09.2014 / Harald

Vi fortset med "Syng med Oss" på Keipenstova den 8. september .

 Håpar mange tek turen inniom "Stova"  og vert med å synge dei gode gamle songane.

Vi tek til som vanleg kl 1130.

Vel møtt.


Pensjonistane på tur til Liatoppen 05.09.2014 / IEH


Medlemsmøte 18.08.2014 / Harald

Svelgen Pensjonistlag startar medlemsmøte haustsesongen 2014 som vanleg i Trudvang på Kjelkenes.

Tid : Onsdag den 27. august kl. 1700.

 

Program:

Opning v/leiar

Allsang : La oss leve for hverandre.

Ord for dagen ved /nestleiar.

Referat ved sekretær

Underholdningsgruppa spelar og syng.

Allsang.

Orientering av "stoda på Elkem" v/ klubbleiar Knut Sande.

Kaffi og mat.

Allsang

Underholdningsgruppa spelar og syng.

Åresalg

Allsang / avslutning.

Vel møtt til gamle og nye medlemmar.


Syng med oss 08.08.2014 / Harald

 

Vi startar opp haustsesongen   2014 av    «Syng med oss » måndag den 11. august .

 Alle som er glade i å synge gode gamle songar er hjerteleg velkomne   .

Vi byrjar   som vanleg klokka 11.30

KEIPENSTOVA - VERTSKAP. 23.06.2014 / ALG

Veke - 23 Lise Frøyen og Magni Nesbø


Veke- 24 Grete og Petter Mulelid og Elsa Johanne S.Hauge (ikkje 2.pinsedag)

Veke– 25 Alvrunn og Oddvar Førde og Inger Førde

Veke – 26 Ester og Kjærulf Ryland og Ester Hatleset

-Veke - 27 Olga Aarsnes, Jan Eirik Strømmen og Liv Roland

Veke – 28 Asbjørg og Alf Førde og Lillian Myren 

Veke - 29 Aase Frøyen, Edith Langedal og Konrad Ryland

Veke – 30 Synnøve Rebni , Audhild Frimannslund og Roar Hatlenes

Veke - 31 Gudrun og Arvid Frøyen og Åse Eikeseth

Veke - 32 -Bjørg Damstuen, Karen Sande

Veke – 33 – Hildur og Arne Andersen og Else H. Fossedal

Veke - 34 –Anne Lise Gilleshammer Margrete og Ketil Volle

Veke - 35 Eva og Per Ytrehus og Laila Teigene

Veke - 36–  Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre

Veke - 37 Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik

Veke - 38 Synøve og Asbjørn Sande og Arne Olav Varpe

Veke – 39 Gunvor og Rolleif Hansen og Ragna Myklebust

Veke – 40 Liv Nybø og Solveig Myren


(Annfrid, Anfinn og Lillian i veke 43)




Seniordansen 08.06.2014 / ALG

Den 10.juni er det avslutning for seniordansen . Det er lagt opp til ein liten fest med kake og kaffi. Dansarane er invitert til Ryland den 17. Juni for å vere i lag med dei andre laga i kommunen. Dei som vil vere med må melde seg på den 10. 

Pensjonistlaget på tur i dag 04.06.2014 / IEH


Mai-møte 2014 18.05.2014 / Harald

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova onsdag 28.mai kl 1700.

Dette er siste møte før vi tek "sumarferie"

Vi held på tradisjonen med servering av rømmegraut og spekemat.

 

Program:

Opning v/leiar Per Ytrehus.

Allsang: La oss leve for kvarandre.

Ord for dagen v/Ragna Myklebust.

Referatsaker v/Margareth Hjalte.

Allsang .

Gjestetalar på møtet er Noralv Pedersen. Han er bl.anna kjend for boka " Når far treng meg",

som set fokus på pårørande i eldreomsorga.

Grauten vært spela inn.

Matpause.

Allsang.

Orientering av aktuelle saker v/leiar.

Åresalg.

Allsang og avslutning.

Vel møtt til gamle og nye medlemmar.


Syng med oss. 07.05.2014 / Harald

Syng med oss på Keipenstova vært ei veke seinare enn planlagt.

Så alle som har lyst å være med å synge gode gamle sangar må  komme på Keipenstova måndag den 19.mai.

Og vi startar som vanleg kl. 1130.

Vel møtt !!

Harald.


Jubileumsfesten. 03.05.2014 / Harald

Jubilemsfesten på samfunnshuset den 30.april vart ein strålende suksess. Ikkje minst takka være niandeklassen ved Svelgen Oppvekst og dei av foreldra som var med og hjelpte til med serveringa . Ei stor takk til dokke!!!

Vil også takke alle som bidrog med kaker til kaffien,over 20 i talet. Nydelege kaker som alle sette pris på.

Tusen takk !!  Takk også til alle som var med og hjelpte til med både pynting og rydding, stor takk til alle!!!

 

For styret i Pensjonistlaget Harald Førde.


Nye brukarar av "Keipenstova-sida" 17.04.2014 / ALG

Leiar Per Ytrehus og nestleiar Harald Førde er nye brukarar av denne sida!

Jubileumsfest. 10.04.2014 / ALG

Pr. idag (10.april). er det litt  lite påmeldte til jubileumsfesten den 30.april.

Men fortvil ikkje !! Sjøl om påmeldingsfristen var sett til i dag ,er det enno tid til å melde seg på.  

Siste frist er no endra til tysdag etter påske. Den 23.april må  talet påmelde sendast til Ragnhlld Svarstad , som skal levere maten. Så ,etternølarar !!!  Meld dokke på !!! Det vært ein flott fest.!!

Helsing styret. .


Syng med oss 10.04.2014 / ALG

Syng med oss på Keipenstova !!

 

Måndag den 14.april . Vi startar som vanleg kl. 11.30

 

Alle er hjarteleg velkomne til å være med å synge .

 

Vel møtt..



Invitasjon

Svelgen Pensjonistlag rundar 40 år,   og vi inviterar gamle-og nye medlemer til jubileumsfest i Svelgen Samfunnshus

onsdag 30. april 2014 kl 1730.


Det vert variert program med sang, musikkinnslag og taler m.m.

Servering av varmrett, kaffi og kaker.


Det vert også høve til ein svingom for dei som likar det, til musikk av Svelgen Trekkspelklubb.


Pris per person er kr.250,-


Bindande påmelding til Svelgen Pensjonistlag v/kasserar Arne Lothe, Erleveien 27,

6723 Svelgen,

innan 10.april 2014.

Telf. 57793273 Mobil 40525331

Det vert også høve til å melde seg på onsdag 26.mars i samband med medlemsmøte.


Medlemsmøte 11.03.2014 / ALG

Tid     :      Onsdag 26.mars 2014.

Stad  :       Keipenstova   klokka 1700.

 

Program :

 

Opning v/ leiar.

Ord for dagen .

Allsang   ( La oss leve for hverandre).

Underholdningsgruppa spelar og syng.

Referatsaker. v/ sekretær .

Dagens tema  v/ Oddbjørn Helgås.

Allsang

Underholdningsgruppa.spelar og syng.

Matøkt med  smørbrød og kaffi.

Sang og spel ved underholdningsgruppa.

Åresalg og trekking av gevinstar.

Avlutning og allsang.

 

Gamle og nye medlemar er hjarteleg velkomne.

 SVELGEN PENSJONISTLAG


Svelgen Pensjonistlag


ÅRSMELDING 2013



Styret har vore samansett slik i meldingsåret:


Leiar: Anne Lise Gilleshammer

Nestleiar: Per Ytrehus

Kasserar: Gunvor Hansen

Sekretær: Margareth Hjalte

Styremedlemmer: Lillian Myren, Arne Lothe, Aage Tansøy

Vararepresentantar til styret: Bjørg Damstuen, Elsa Johanne Sande Hauge og Anfinn Førde,

1.vararepresentant Bjørg Damstuen har vore kalla inn til alle møter.


Andre tillitsvalde:

Revisor: Åse Eikeseth og Liv Ytrehus

Representant til Eldrerådet: Medlem Aage Tansøy og varamedlem Gunvor Hansen

Representantar til Svelgen Samfunnshus: Anne Lise Gilleshammer og Margareth Hjalte

Representant til SKAF: Dagfinn Ask

Valnemnd: Marta Navekvien, Lillian Nilsen og Magni Lothe

Turansvarleg: Bjørg Damstuen og Anne Lise Gilleshammer


Medlemstal:

Pr. 31.12.2013 var det 150 medlemmer i laget vårt,

Styremøter: Det har vore halde 4 styremøter.

Medlemsmøter: Det har vore halde 7 medlemsmøter inkludert formiddagssamling og årsmøte.



Representasjon.


Årsmøte – Sogn og Fjordane Pensjonistforbund 19.mars på Quality Hotell i Florø

Aage Tansøy og Margareth Hjalte var utsendingar for laget. Aage Tansøy vart valgd til å vere med i resolusjonsnemnda.

Regional samling på Førde Hotell 05.april

Anne Lise Gilleshammer, Margareth Hjalte og Gunvor Hansen deltok. Det vart orientert om forbundssaker og Helse-og sosialutvalet hadde laga eit skriv som vart drøfta. Vi fekk ei grundig orientering om retningslinjene for momskompensasjon for laga som er organisert i Brønnøysundregisteret.

Sommermøte 25.juni i Førdehuset.

Sogn og Fjordane Pensjonistforbund sitt sommermøte vart halde på Førdehuset 25.juni – det var 23 frå vårt lag. Det vart servert god mat og det var fin underhaldning. Tidligare NRK-mann Henning Rivedal kåserte.

Haustkonferanse 24. og 25. september på Skei Hotell

Anne Lise Gilleshammer og Gunvor Hansen deltok. Tema for konferansen var erfaringar og utfordringar ved Samhandlingsreforma, hjelpemidlar for høyrselhemma og førarkort for eldre.




Møter i meldingsåret.




Medlemsmøte 30.januar 2013 på Keipenstova.

Det var ca 60 pensjonistar på møtet – ute var det plaskregn og vind. Lagleiar Anne Lise Gilleshammer opna møtet og ønskte velkommen – tradisjonen tru song vi «La oss leve for hverandre». Magni Lothe hadde ord for dagen – og ho hadde festa seg ved at det var 100 år sidan kvinnene fekk alminnelig stemmerett og at det var 200 år sidan Ivar Aasen og Camilla Collett vart fødd. Underhaldningsgruppa spela og song og sette oss i godt humør. Neste post på programmet var redaktør i Firdaposten – Svend Arne Vee som fortalde om avisarbeidet, Firdaposten er den mest lesne avisa i Svelgen og det var tydelig at tilhøyrarane likte å høyre på redaktøren.


Årsmøte 20.februar 2013 på Keipenstova.

Det var 41 medlemmer som deltok på årsmøtet, men langt fleire var med på den påfølgjande årsmøtefesten som var på Svelgen Hotell. Lagleiar ønskte velkommen og det vart ei kort minnestund over dei som har gått bort sidan sist vi hadde årsmøte. Årsmelding, rekneskap og budsjett/arbeidsplan vart vedteke samrøystes. Odd Birkelid gav ros til styret sitt arbeid gjennom året noko som vart applaudert av årsmøtedeltakarane. Sekretær Kirsten Frøyen og styremedlem Oddvar Førde gjekk ut av styret . Dagleg leiar på Fylkeskontoret Laila Hage var gjest på årsmøtet. Deretter var det festleg samkome på Svelgen Hotell.


Formiddagstreff og sangtime 08. april på Keipenstova.

Det var ikkje medlemsmøte i mars av ymse grunnar, men det vart halde eit formiddagstreff i samband med sangtimen den 8.mars. Det vart då orientert om turar og aktivitetar fram til ferien.


Medlemsmøte 24.april på Keipenstova.

April er vårmøte. Leiaren opna møtet og las diktet «Hvem er din neste». Elsa Johanne Sande Hauge hadde ord for dagen. Underhaldningsgruppa stilte som vanleg opp, Gjest på dette møtet var Kåre Myklebust – han orienterte om arrangementa kring opning av Bortnetunellen som skulle vere på opningsdagen 16.mai og seinare eit arrangement for heile kommunen 1,juni som skulle vere i Svelgen.


Medlemsmøte 29.mai på Keipenstova.

Maimøtet vart halde på Keipenstova – det var nydelig ver og mange pensjonistar var samla til møte. Rømmegrauten smakte og det var god stemning i lokalet. Magni Nesbø hadde ord for dagen og las diktet «Skru på varmen». Underhaldningsgruppa var på plass og gledde oss atter ein gang med sang og musikk. Per Helge Eikeland, Frank Husevåg og Randi Ytrehus orienterte om den nye sjukeheimen både munnleg og med teikningar og kart.


Medlemsmøte 28.august i Trudvang.

Tradisjonen tru vart augustmøte halde på Kjelkenes. Her var også full sal. Per Ytrehus hadde ord for dagen og han snakka om Stortingsvalet som snart skulle vere. Elles var underhaldningsgruppa på plass. Ordførar Karl Vidar Førde snakka også om Stortingsvalget og orienterte om korleis det skulle avviklast i kommunen vår. Lensmann Hans Rune Strandos var også ein av gjestane – han orienterte om dei nye reglane om førarkort for eldre. Han sa også at vi måtte hugse på at vi budde i verdas beste land , fylke og kommune.






Fellesmøte 16.oktober i Bremangerhallen.

Det var Bremanger Pensjonistlag som var arrangør for fellesmøtet – og Kjell Torvanger leia møtet.

Hillbjørg Grotle hadde ord for dagen – ho las Davids salme 8 og avslutta med diktet «Vikja vår»

Det var eit rikhaldig program med sang og musikk og seniordans. Talar/kåsør var Roar Førde og lokalleiarane i Svelgen og Kalvåg fekk også ordet . På menyen stod rømmegraut m/tilbehør og kaffi og kaker. Grendalaget i Dalen var teknisk arrangør for møtet. Veldig bra arrangement.


Førjulsmøte 27.november på Svelgen Hotell.

Det er etterkvart blitt ein fast regel å ha novembermøte på Svelgen Hotell med juletallerken og kake. Leiaren opna møtet og hadde også ord for dagen. Ho las to legender – om adventslysa og om julelys. Julematen var god og stemninga var god. Underhaldningsgruppa hadde fått forsterkning med Tor Hjalte på mandolin. Det var lynlotteri og Trekkspillklubben spelte til underhaldning og dans. Ein triveleg førjulskveld.



Turar og andre aktivitetar .



Dagstur 5.juni til Sunnmøre.

Turen starta tidleg og for mange var dette første turen gjennom den nye Bortnetunellen. Vi reiste vidare til Oldeide og tok ferje til Måløy. Deretter var det Åheim, Rovde og til Lauvstad og ferje til Volda. Derfra gjekk turen til Rekkedal Gjestehus. Ein spesiell plass mellom Sunnmørsfjella, god orientering av vertsfolket og god mat. Sverre Bjørdal var guide på tilbaketuren til Volda der vi var inne i den spesielle Voldakyrkja og fekk omvisning. Tilbake gjekk turen gjennom den nye, flotte Kvivstunellen og heim via Grodås og Nordfjordeid.


«Høgt og lågt» arrangementet – 17.august.

Pensjonistlaget hadde ansvar for hesteskokastingkonkurransen.


Seinsumar – tur frå 5. til 9.september til Wadahl Høyfjellshotell.

Det var 31 pensjonistar med på turen, som starta frå Svelgen og gjekk vidare til Stryn – med ein kort kaffi/wienerbrødpause ved Hornindalsvatnet. Lunsj på Hjelle . Turen gjekk over Strynefjellet og vi var vel framme på Wadahl Hotell i 18 – tida. Dagen etter var vi til Lillehammer via Skeidkampen. Vi stoppa ved Aulestad og i Lillehammer var vi såg på OL-anlegga og nokre var på Maihaugen. Laurdag var det guida tur på «Peer Gynt sæterveg» og retur til Kvam som stod på programmet – der besøkte vi gravstaden til den lokale Per Gynt og Fredsparken vi fekk også eit glimt av dei store ødeleggelsane som flaumen hadde gjort i bygda. Søndagen var «fridag» og ga plass for å gå tur. Og så var det det flotte utendørsteateret ved Gålåvatnet som vart avslutninga på dagen. Måndag var det heimreis – lunsj på Grotli og ein fantastisk flott tur tilbake over gamle Strynefjellsveg.



Basar den 19.september på Keipenstova.

Mange fine gevinstar også dette året. Loddsalget starta tidleg på Keipenstova og fortsette på Coopen dei tre siste dagane før basaren. Det var innkjøpt ei stor marsipankake i tillegg til den vanlege menyen og mykje folk var møtt fram. Det var åresalg og skriving i basarbøkene og god stemning på Keipenstova. Inntekta er tenkt brukt til fornying av toalettrommet.




TV-aksjonen for 2013 - søndag 27.oktober

Pensjonistlaga var oppmoda om å vere bøssebærarar - og mange pensjonistar tok jobben. Nasjonalforeninga for folkehelse stod for aksjonen og tema var «Ingen tid å miste - forskning og behandling av demens»


Temakveld om demens på Keipestova 25.november

Det var «Demensteamet i Bremanger» som stod for arrangemente, og det var mange tilhøyrarar- Dei synte film og orienterte. Nyttig informasjon om ein sjukdom som vil råke mange enten som pårørande eller som pasient.


Adventstid og jul på Keipenstova.

Keipenstova vart pynta til advent også i år. Det vart innkjøpt ein del nye stjerner og lykter for at det skulle vere lyst og fint både inne og ute. Juletreet vart pynta kring 10.desember – menyen vart justert slik at det også vart servert pepperkaker og jule- og vørterbrød, I romjula var det gang kring juletreet.


Faste aktivitetar gjennom året:

Keipenstova held ope alle måndager og torsdager.

Det har også i meldingsåret vore ei gruppe pensjonistar som har delteke på styrketreninga i lokala til fysioterapeuten.

Det har vore sangtime den 2.måndagen i kvar månad med musikk og forsang

Utlån av brukte bøker held seg oppe.

Underhaldningsgruppa – Harald, Alf, Ester og Margareth har gjennom heile året gledd oss med sang og musikk på møter og sangtimar.


Keipenstova.

Det har vore svært godt frammøte på Keipenstova gjennom heile året. Vertskapsordninga fungerer godt. Det har vore nokre utskiftingar i året på grunn av alder eller helse, men det har kjeme nye til. Pris på kaffi og vafle/svele har også dette året vore 20 kroner samla, og rekneskapen syner at vi kjem godt ut av det. Dette året har ikkje vore prega av store innkjøp eller dugnadsløft. Seniordansarane tok vårreingjeringa i år.

Kvar onsdag har Trekkspillklubben øving på Keipenstova.

Seniordansarane brukar lokala til oppmøterom og til pauserom om tirsdagane.

Hørselforeninga brukar Keipenstova 2 gonger i året til «Likemannshjelp»

17.mai har Skulemusikken kafe på Keipenstova.

Elles vert Keipenstova utleigd til selskap og bursdagsfeiringar til medlemmane.

Husleigestøtte frå kommunen er den same som ved oppstart 50.000 kroner i året.

Det vart søkt Helsedirektoret om støtte til fornyingsarbeid, men søknaden vart avslegen med grunngjeving om for lite midlar.


Svelgen Pensjonistlag er stolte av samlingsplassen vår – Keipenstova! Tiltaket er godt likt av pensjonistane og har eit godt omdømme. Vi vil halde fram som før til glede og nytte for oss alle.


Svelgen, 17.februar 2014.



Anne Lise Gilleshammer Per Ytrehus Gunvor Hansen Margareth Hjalte



Lillian Myren Arne Lothe Aage Tansøy


VERTSKAP - vår/sommer 2014.


Veke - 13 Gudrun og Arvid Frøyen og Kari Kjørslevik 

Veke - 14 -Bjørg Damstuen, Karen Sande

Veke – 15 – Hildur og Arne Andersen og Else H. Fossedal

Veke - 16 –Anne Lise Gilleshammer Margrete og Ketil Volle (Ikkje skjærtorsdag)

Veke - 17 Eva og Per Ytrehus og Laila Teigene (Ikkje 2.påskedag)

Veke - 18–  Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre (Ikkje 1.mai)

Veke - 19 Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik

Veke - 20 Synøve og Asbjørn Sande og Arne Olav Varpe

Veke – 21 Gunvor og Rolleif Hansen og Ragna Myklebust

Veke – 22 Åse Eikeseth og Marta Navekvien


Veke - 23 Lise Frøyen og Magni Nesbø


Veke- 24   Elsa Johanne S.Hauge og Grete og Petter Mulelid

Veke– 25 Alvrunn og Oddvar Førde og Inger Førde

Veke – 26 Ester og Kjærulf Ryland og Ester Hatleset

-Veke - 27 Olga Aarsnes, Åse Kjelkenes og Liv Roland

Veke – 28 Asbjørg og Alf Førde og Lillian Myren 

Veke - 29 Aase Frøyen, Edith Langedal og Konrad Ryland

Veke – 30 Synnøve Rebni , Audhild Frimannslund og Roar Hatlenes

Veke – 31 Annfrid og Anfinn Førde og Lillian Nilsen






Per Ytrehus ny leiar i pensjonistlaget 28.02.2014 / IEH

Gunvor og Anne Lise har sin siste dag i arbeid for Svelgen Pensjonistlaget. Per og Margareth er hhv leiar og sekretær fra i onsdag 26. februar.


SENIORDANSEN 17.03.2014 / ALG

I morgon , tirsdag 18.mars må seniordansarane danse på Keipenstova. Grunnen er at kulturskulen skal bruke scena.

SENIORDANSEN 07.03.2014 / ALG

Hei alle seniordansarar!

 

Husk at tirsdag den 11.mars er det fellesdans med Naustdal og Florø Seniordanselag. Viser til tidligare utdelt skriv om oppmøte kl.1600, men gjestane kjem kl.15.30 og då vert det høve til ei lita kaffistund før dansen tek til.

 

Husk at vi skal ha blåskjorta på oss -  ikkje gløym bandet!

 

Komite er: Lillian, Olga, Anne Lise, Annfrid, Marta, Ester H, Karen . Laila og Bjørg stiller også opp.


Sangtime 06.03.2014 / ALG

Sangtime på Keipenstova. !!!

Måndag den 10. mars.

Det vert songe gamle og kjære songar

Alle er velkomne til å synge med

Vi startar som vanleg kl.11.30


Årsmøtefesten. 23.02.2014 / ALG

God oppslutning om årsmøtefesten - over 100 pensjonister påmelde ! Absolutt siste frist er i morgon - måndag!

STYREMØTE. 13.02.2014 / ALG

Det skal vere styremøte måndag 17.februar kl.1300 på Keipenstova.

Saker som skal handsamast er årsmelding 2013, rekneskap 2013, arbeidsplan/budsjett 2014.

Årsmøtefesten.

Forfall må meldast til Anne Lise - tlf. 41418231


Sangtime på Keipenstova 06.02.2014 / ALG

SYNG MED OSS!




Måndag 10.februar er det sangtime på Keipenstova . Vi starter kl. 11.30.



Alle er velkomne!


Samfunnshusbasaren. 04.02.2014 / ALG

Svelgen Pensjonistlag er bedne om å skaffe 5 kaker til basaren som skal vere laurdag.

Ta kontakt med Anne Lise tlf. 41418231 om du vil vere så snill å bake ei kake :)

Vi har kjøpt gevinst - 1 stk dyne.            Desse har no sagt ja til å bake kake : Gerd Ryland, Lise frøyen, Åse eikeseth, Aase Frøyen og Anne Lise Gilleshammer.


Årsmøte 2014 01.02.2014 / ALG

Svelgen Pensjonistlag

held

ÅRSMØTE 2014


på Samfunnshuset – Storsalen onsdag 26.februar kl. 1700.


Sakliste:

Opning – allsang

Godkjenning av innkalling

Godkjenning av sakliste

Val av møteleiar, skrivar og 2 til å skrive under møteboka

Årsmelding 2013

Rekneskap 2013

Arbeidsplan og budsjett 2014

Kontigent 2015

Eventuelle framlegg

Val

Avslutning.

 Framlegg til årsmøtet må vere styret i hende seinast 12.februar.


Vel møtt!




ÅRSMØTEFEST 2014.


I år vert årsmøtefesten på Samfunnshuset – Storsalen.


Mat frå Hotellet – kaffi og kake!

Underhaldning av ymse slag:

Trekkspillklubben

Seniordansarane

Sang

Tale/kåseri.

Sosialt samvær.







Årsmøte 28.01.2014 / ALG

Svelgen Pensjonistlag hed årsmøte den 26.februar kl. 1700  Samfunnshuset - Storsalen. Vanlige årsmøtesaker.

Årsmøte - Svelgen Seniordans. 27.01.2014 / ALG

Tirsdag 28.januar kl. 1800 på Keipenstova.

Sakliste:

Godkjenning av innkalling til årsmøtet

Godkjenning av sakliste

Val av møteleiar og møtesekretær

Årsmelding 2013

Rekneskap 2013

Arbeidsplan og budsjett for 2014

Valg

Avslutning.


Pensjonistmøte. 17.01.2014 / ALG

SVELGEN PENSJONISTLAG




MEDLEMSMØTE

KEIPENSTOVA


ONSDAG 29.JANUAR KL. 1700



Program:

Opning v/leiar

Allsang - «La oss leve for hverandre.....»

Ord for dagen

Referat v/sekretær

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Kultursjef Espen Frøysland -

«Kulturminner – kva huskar vi og kva veit vi»

Matøkt

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Påmelding til Årsmøtefesten i Storsalen

Orientering om lagssaker

Åresalg

Avslutning og allsang.


Velkommen!




SYNG MED OSS. 12.01.2014 / ALG

SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA.

Velkommen til sangtime på Keipenstova måndag 13.januar 2014.

Vi startar kl. 11.30.


Svelgen Seniordans 06.01.2014 / ALG

Det vert halde årsmøte  på Keipenstova tirsdag 28.januar kl. 1800.  

Vanlege årsmøtesaker.

Lillian Myren

-styreleiar-


2014 02.01.2014 / ALG

GODT NYTTÅR!

Keipenstova er open alle måndagar og torsdagar frå 10 til 1400.

Måndag 13.januar er det "Syng med oss" frå kl. 11.30

Onsdag 29.januar er det medlemsmøte på Keipenstova

Årsmøte 2014 skal vere onsdag 26.februar .


Arkivoversikt
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 ]