Arkiv 2013

KEIPENSTOVA.

Svelgen Pensjonistlag  si eiga heimeside: Her vil vi skrive om aktuelle saker - slik som møter, turar, festar og andre aktivitetar. Så har vi ei side  med foto og minner frå Svelgen og omegn.  Det vil også bli orientert om saker som vedkjem seniordansarane, styrketreninga for pensjonistar, og oversikt over bøker som er tilgjengeleg på Keipenstova.

 

 


KEIPENSTOVA RESTEN AV ÅRET. 14.12.2013 / ALG

Keipenstova er open slik fram til nyttår:

 

Måndag 16. og torsdag 19.desember. Vertskap er Eva og Per Ytrehus og Laila  Teigene.

Lissjejulafta - den 23.desember held vi ope frå kl.11 til 13 - då blir det kaffi og kaker.

Vertskap den dagen er Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre.

I romjula held vi ope den 30.januar frå kl. 11 til 13.

Vertskap er Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik.

Hjertelig velkomne til Keipenstova!


STYREMØTE. 14.12.2013 / ALG

Det vert halde styremøte torsdag 19.desember på Keipenstova - kl. 12.30.

 

Saker:

 

Diverse skriv og meldingar

Årsmøte 2014 - fastsetjing av tid og stad.

Valnemnda sitt oppdrag

Svelgen Pensjonistlag sitt 40 årsjubileum i 2014

65 + opplæring - oppstarting av kurs

Toalettet på Keipenstova - oppgradering

Januarmøte - innhald

Saker som kan kome til.

 

Forfall må meldast til Anne Lise tlf. 41418231.


Fint juletre! 05.12.2013 / ALG

Det er Morten Johansen som har sponsa oss med eit fint juletre! Tusen takk. Takk også til Ulvemoen som har funne det finaste treet til oss pensjonistar.

SYNG MED OSS! 03.12.2013 / ALG





ADVENT- SANGTIME!



Måndag 9.desember er det sangtime på Keipenstova. Vi startar kl. 11.30!



Alle er hjertelig velkomnetil å synge julesongar og andre songar. Juletreet er ferdigpynta - så kanskje blir det gang kring treet!


Som vanleg er det sang og musikk ved Alf, Harald, Margareth og Ester.



Alle er velkomne!





TEMAKVELD OM DEMENS. 21.11.2013 / ALG

Demensteamet i Bremanger inviterer til temakveld om demens.

 

Stad: KEIPENSTOVA

Tid:   Måndag 25.november kl. 17.30

 

Alle er velkomne seier Linda Førde!

 

Dette er noko som vi alle - unge og eldre - kan ha nytte av å vite meir om.

 

Pensjonistlaget serverar kaffi og litt å bite i.


Førjulstreff 28.10.2013 / Eivind


FESTLEG SAMVÆR 28.10.2013 / ALG

Svelgen Pensjonistlag inviterer til førjulstreff

på Svelgen Hotell

onsdag 27.november kl. 1800.

Program:

Velkomsthelsing

Allsang

Ord for dagen

Juletallerken

Kaffi og bløtkake

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Lynlotteri

Svelgen trekkspelklubb spelar til underhaldning og dans.

 

Påmeldingsliste ligg på Keipenstova - ev ring Anne Lise tlf 57793553 eller 41418231.

Velkommen!  Velkommen!

 

 


Syng med oss. 07.11.2013 / ALG

Måndag 11.11 er det allsang på Keipenstova. Alf Førde spelar trekkspel, Harald Førde spelar gitar og er forsangar i lag med Ester Ryland og Margareth Hjalte. Alle er velkomne! Vi starter kl 11.30 - kaffi og vafle/svele vert å få kjøpt. Vertskap er Annfrid og Anfnn Førde og Lillian Nilsen.

Vertskap vinter 2013/2014 04.11.2013 / ALG

 

VERTSKAP - vinter2013/2014

 

Veke 39 Sigrun og Bjarne Ripe og Elsa Johanne S.Hauge

Veke– 40 Alvrunn og Oddvar Førde og Inger Førde

Veke –41 Ester og Kjærulf Ryland og Ester Hatleset

-Veke - 42 Olga Aarsnes, Åse Kjelkenes og Liv Roland

Veke – 43 Asbjørg og Alf Førde og Lillian Myren 

Veke - 44 Aase Frøyen, Edith Langedal og Konrad Ryland

Veke – 45 -feil i lista , måndag ok. Torsdag Anne lise - Gunvor - Ester - Lise.

 

Veke – 46 Annfrid og Anfinn Førde og Lillian Nilsen

Veke - 47 Gudrun og Arvid Frøyen og   Kari Kjørslevik

Veke - 48 -Bjørg Damstuen, Karen Sande

Veke – 49 – Hildur og Arne Andersen og Else H. Fossedal (desember)

Veke - 50–Anne Lise Gilleshammer Margrete Volle og Ketil Volle

Veke - 51 Eva og Per Ytrehus og Laila Teigene

Veke - 52–  Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre (ikkje torsdag)

Veke - 1 Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik (januar)

Veke – 2 - Gunvor Hansen og Ragna Myklebust

Veke – 3 Åse Eikeseth, Marta Navekvien

Veke 4 Lise Frøyen, Magni og Halvor Nesbø

 

 


Seniordansarane i Naustdal. 24.10.2013 / ALG

Onsdag var seniordansarane gjestar hjå Naustdal seniordans. Tilsaman var vi ca 40 dansarar samla i Fosshalla. Kjekt å kome saman.Det vart dansa alle slags dansar - for oss svelgarar var det" Sangen til bygda" som var ny - elles dansa vi mest kjende og kjære dansar som alle var kjende med frå før. I pausen vart det servert lekre smørbrød og deilige bløtkaker - så vi følte at vi blei gjort stas på.                                                                       Leiaren vår, Lillian Myren, takka for oss og inviterte naustedølene til Svelgen ein gong på nyåret.

 

 

 

 


SENIORDANSEN 21.10.2013 / ALG

Det blir ikkje seniordans tirsdag 22.oktober.

Svelgen Seniordans er invitert til Naustdal onsdag og skal danse saman med seniordansarane der.


BREMANGERTUREN. 18.10.2013 / ALG

Svelgen pensjonistlag hadde ein flott tur til Bremanger onsdag. Fint ver og 

Silje var dyktig sjåfør som førte oss trygt fram og tilbake.

 

Det var eit flott program som Bremanger pensjonistlag hadde sett saman. Tidligare ordførar Roar Førde var hovedtalar og noværande ordførar Karl Vidar Førde hadde også ordet. 

Mykje sang og musikk skapte god stemning - Grethe Berntsen sang "Gabriellas sang" og for mange var det det toppen .

Deilig rømmegrøt og kaffi kaker smakte godt.

Seniordansarane frå Bremanger med nokre svelgarar synte gode takter

 

Ei vellukka pensjonistsamling - takk til dokke i Bremanger med Kjell Torvanger i spissen!



STYREMØTE 07.10.2013 / ALG

 

SVELGEN PENSJONISTLAG.

 

 

 

 

 

INNKALLING TIL STYREMØTE.

 

 

 

Det vert med dette kalla inn til styremøte onsdag 09. Oktober kl. 1600

på Keipenstova.

 

 

Sakliste

 

  1. Skriv og meldingar

  2. Møteplanen ut året

  3. Søknad om tilskot til Helsedirektoratet

  4. Referat frå Haustkonferansen

  5. Kulturtilbod

  6. Fellesmøte i Bremangerhallen

  7. Orientering om nytt kontigentsystem

  8. Saker som kan komme til

 

 

 

Anne Lise Gilleshammer

-leiar -

 

 

 

Forfall må meldast til Anne Lise tlf. 41418231

 

 


PLANER FOR HAUSTEN 2013 02.09.2013 / ALG

Seinsommartur til Gudbrandsdalen - 5. - 9. september (avreise Svelgen 08.50)

"Syng med oss" på Keipenstova - 9.september frå kl. 11.30 (VALGDAG.

loddsalg på coopen - 16. - 17. Og 18. September

Basar på Keipenstova 19.september - åresalget startar kl. 1100

 

Haustkonferanse på Skei - Sogn og fj. pensjonistlag - 24. og 25. september

Styremøte - dato ikkje fastsett

Det blir ikkje vanleg medlemsmøte i september - (kanskje eit dagmøte)

"Syng med oss" - på Keipenstova 14.oktober frå kl. 11.30

Fellesmøte med Bremanger og Kalvåg pensjonistlag - 16.oktober(kjem attende til programmet)

"Syng med oss" 11.november frå kl. 11.30

Styremøte - dato ikkje fastsett

Julemøte - Svelgen Hotell 27.november

"Syng med oss" - 9.desember frå kl. 11.30

Førjulstid på Keipenstova

 

Keipenstova er open alle måndager og torsdagar frå kl. 10 til 14


GEVINSTLISTE 2013 23.09.2013 / ALG

 

GEVINSTLISTE

Basar 2013.

1 Strikka lappeteppe 1399 Gerd Eikeset

2 Stålpanne 3 l 2495 Magna Sigdestad

3 Langpanne med lokk 417 Kirsten Frøyen

4 Blå handklæ 4455 Margot og Kåre N.

5 Grått sjal 1369 Familien Annfrid

6 Lykt med lys 4333 Kirsten Frøyen

7 Pute med eple 176 Oda og farfar K.R.

8 Sokka rød/kvit 4584 Sigrun og Bjarne Ripe

9 Posesamlar 4078 Ragna Eikeland

10 Hårpleieprodukt 1173 Gerd Eikeset

11 Kvite badehandduker 475 Gerd Ryland

12 Grønsakhakker 2309 Harald Myrvang

13 Måleri 4465 Margot og Kåre Nødseth

14 Rosa/grått teppe 4416 Margrethe og Ketil Volle

15 Stolteppe 946 Åse Kjelkenes

16 Vannkoker 1762 Edvin Førde

17 Rosa badehandkle 2091 Ruth Birkelid

18 2 hekla brikker 67 Sara Hatleset

19 Ildfast form 3357 Anders Steinset Svarstad

20 Kjøkkenutstyr 430 Hildur og Arne Andersen

21 Knivholder 1737 Wenche og Melchior Leirmo

22 Korg med vaskeklutar 330 Marta og Jon Mulelid

23 Lilla sjal 207 Erna Kitty

24 Grå sokkar 4073 Ragna Eikeland

25 Barnegenser 3290 Mats Dyrstad

26 Pute med tulipan 2979 Ingrid Gulestøl

27 Stålpanne med skaft 1252 Marta Mulelid

28 Turkis handklær 3539 Liv og Ingvald Ytrehus

29 Stor lykt 3643 Kari Kjørslevik

30 Lilla Sokkar 3990 Hildegunn B. Ulvemoen

31 Kjøkkensett – duk mm 3569 Marius og Bestemor Rosvoll

32 Langpanne m/lokk 75 Ester Hatleset

33 Hudpleieprodukt 4172 Synnøve og Asbjørn Sande

34 Sengesett 1331 Aud Målfrid N Leirvik

35 Lykt m/telys 3256 Lillian Nilsen

36 Lilla/svart sjal 310 Steinar Vågene

37 Blå/kvit handklæ 2751 Mina Myren

38 Blå veske 4054 Elise Eikeland

39 Turkis/svart sjal 4439 Håkon Dale Rebni

40 Stålpanne 5 l 745 Bjørg Ingrid Damstuen

41 Rosa/grått teppe 49 Marta Bjørg Mulelid

42 Hekla bordløpar 3640 Kari Kjørslevik

43 Dukke m/klær 791 Bendik A. Nødset

44 Rund hekla duk 3504 Simen Vågene

45 Hjerteteppe 1311 Dagfinn Ask

46 Gåvekort 400 kroner 2435 Beate og Roger

Samla inntekt - basarbok og åresalg vart 30.675 kroner

Svelgen Pensjonistlag takkar alle som var med å støtta basaren vår - med fine gevinstar og ved kjøp av lodd. Styret skal drøfte bruken av pengane, men det blir vel truleg brukt på fornying av toalettrommet.


Gevinstar til basaren torsdag 19.september 01.09.2013 / ALG


LODDSKRIVING PÅ COOPEN 04.09.2013 / ALG

Måndag den 16., tirsdag 17. og onsdag 18.september frå kl. 11 til 16.30 vert det loddskriving på Coopen

 

LODDSKRIVARAR:

 

Måndag - Liv Nybø - Anne Katrine Nødseth - Aud Leirvik 

Tirsdag: Hildur Andersen - Arne Lothe - Asbjørg Førde 

Onsdag: Margareth Hjalte - Gunvor Hansen - Lillian Myren

 

Delt opp i bolkar slik:

11 - 13 / 13 - 15/ 15 - 16.30

 

 

 


Medlemsmøte. 19.08.2013 / ALG

MEDLEMSMØTE

Tid: Onsdag 28.august kl. 1700

Stad: Trudvang – Kjelkenes

 

Program: Opning v/ leiar Allsang: La oss leve for hverandre Ord for dagen v/nestleiar Referat v/ sekretær Underhaldningsgruppa spelar og syng Allsang Val 2013 – v/ordførar Karl Vidar Førde Nye førarkortreglar – orientering v/ lensmann Hans Rune Strandos . Kaffi og mat.  Underhaldningsgruppa spelar og syng .Allsang .Leiaren orienterer om aktuelle lagssaker .Åresalg .Avslutning og allsang.                                Gamle og nye medlemmer er hjertelig velkommen


Medlemsmøte. 11.08.2013 / ALG

Onsdag 28.august er det medlemsmøte i Trudvang  på Kjelkenes.

Plakat vil komme opp over helga.


Hausttur 2013 01.07.2013 / ALG

WADAHL HØYFJELLSHOTELL

ØNSKJER SVELGEN-PENSJONISTANE VELKOMMEN

 

Med Svelgen Pensjonistlag til Wadahl Høyfjellshotel 5/9- 9/9 2013 Ein tur med sosialt fellesskap, god mat, god avslapping i haustfjellet i fine fargar! Avreise med buss frå Svelgen og turen går over Strynefjellet forbi Otta . Lunsj undervegs Ved Harpefoss set vi kursen til fjells 933 m.o.h. og finn Wadahl Høyfjellshotell Her ventar ein god 3-retters middag og sosialt samvær. Kanskje ein liten dans utpå kvelden? Neste dag nyt vi ein god frukost og ein frisk spasertur i den klåre fjellufta.

 

Aktuelle utflukter: * Bytur til Lillehammer, – handletur i gågata ev. besøk på Maihaugen , OL-anlegga eller Aulestad * Rundtur om Peer Gynt sæterveg *Rondane rundt – om Ringebu – Venabygdsfjellet, Atna og Otta.

Om kveldane er det kulturinnslag f. eks «Musikalske minner frå en nær fortid» - kåseri, sang og allsang Lysbildeforedrag og fortellinger frå Gudbrandsdalen Kåseri om Peer Gynt Folkemusikk v/Øystien Rudi.

Dansemusikk kvar kveld

 

Pris pr. prs. ved 30 betalande kr. 6100.- Tillegg for enkeltrom kr. 680.- Irekna pris, Turbuss frå Firda Billag Ferje Overnatting i doble rom 4 netter Heilpensjon frå middag 1. dag til frokost 5. dag 2 lunsjar, dag 1 og 5 Pris med med atterhald dersom endringar i program

 

Påmelding på Keipenstova eller til Bjørg tlf 476 15 127

 

Reiseselskapet vil ha svar snarast - så no har vi sett påmeldingsfrist til 5.august!


Kalvåg 5.juli 03.07.2013 / ALG

NRK kjem til Kalvåg 5.juli med Sommeråpent.

Teikning av det nye omsorgssenteret 19.06.2013 / IEH


BASAREN. 16.06.2013 / ALG

LODDSALGET TIL KEIPENSTOVA-BASAREN ER STARTA OPP.

NY TUR! 09.06.2013 / ALG

SOMMERTREFF FOR PENSJONISTER!

Sommertreffet for pensjonistar frå heile fylket skal i år vere i Førde den   25.juni på Førdehuset. Program nedanfor.

Svelgen Pensjonistlag har fleire ledige plasser til samlinga. Program og påmeldingslister ligg på Keipenstova eller ring 47615127 eller 41418231.

Vi legg opp til å køyre med privatbilar - passasjerar betaler honnørbusstakst til sjåføren. Treffet med program, middag og kaffi/kaker kostar 350 kroner.


PROGRAM FOR SOMMERTREFFET. 13.06.2013 / ALG

Middag og kaffi vert servert i festsalen m.m. mellom kl. 11.00-12.30

Del 1: Store kinosalen kl. 13.00-14.30

·       Program

·        Opning av Sommartreffet 2013

Jostein Midtbø, fylkesleiar

·        Ord for dagen

Sogn og Fjordane teater

 

·        Velkommen til Førdehuset og Førde kommune

Olve Grotle, ordførar i Førde

 

·        Helsing frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Åshild Kjelsnes, fylkesordførar

 

·        Allsong: ”Mellom bakkar og berg”

Tonefylgje med fylkesmusikkar Øyvind Lyslo

 

·        Gjesteartisten 2013 – Arne M. Sølvberg

Saman med Fylkesmusikkar Øyvind Lyslo på gitar

 

·        Minikåseri om gamalosten

Forfattar Henning Rivedal

Friminutt med kaffe og kaker i festsalen m.m. mellom kl. 14.30-16.15

Del 2: Store kinosalen kl. 16.30-18.00

·        Elevar ved Frøysland skule på Haukedalen

Tema: Eventyr.   Rektor Lilly Grøneng

 

·        Glimt frå Sogn og Fjordane si historie

v/historikar Hege Roll-Hansen, medforfattar av fylkessoga.

 

·        Førde seniorkor

Dirigent Jorunn Bakke Nydal og fylkesmusikkar Øyvind Lyslo

 

·        Avslutning av Sommartreffet 2013

Jostein Midtbø, fylkesleiar, komitemedlem Kjellaug Grimsbø, Ruth Agnes Gjelsvik og Thor Eriksen.    Laila Hage, dagleg leiar

 

·        Allsong: ”Vestland, Vestland”

Tonefylgje ved Jorunn Bakke Nydal og Øyvind Lyslo



STYREMØTE. 06.06.2013 / ALG

Styremøte - SVELGEN PENSJONISTLAG.

Det er kalla inn til styremøte på Keipenstova måndag 10.juni kl.10.30.

Styret har fått innkalling på epost.


Pensjonistlaget på tur til Sunnmøre 06.06.2013 / IEH

I går var Svelgen Pensjonistlag på rundreise på Sunnmøre. Magni Lothe har sendt oss desse bildene:


Svelgen Seniordans feira 10 år 28.05.2013 / IEH

Svelgen Seniordans har i dag feira 10 årsjubileum med fest på Keipenstova og dansing i storsalen saman med dansarar frå Kalvåg, Bremanger og Kolset. Her ser vi den spreke Svelgen-gjengen:

 


MØRETUREN! 23.05.2013 / ALG

PROGRAM FOR TUREN!

Avreise frå Svelgen kl. 08.15

Til Sørdalen og gjenneom Bortnetunellen - som er 4.8 km

Til Bortne med fantastisk utsikt mot Hornelen (nord-Europas høgaste sjøklippe)

Vi køyrer forbi Lofnes og Leirgulen og vidare over brua til Rugsundøy.

Då kjem vi snart til Gloføyke - som var vår 1000 års-stad - Hornelen ser vi også herifrå, men frå ei anna side.

For å komme på rette sida av Skatestraumen, må vi ein tur gjennom den undersjøiske tunellen . Vegen vidare går til Oldeide    - der vi teke ferje til Måløy. I Måløy kan vi ikkje stoppe, men det gjer vi når vi kjem til Bryggja - der skal vi kjøpe gode wienerbrød som vi skal ha til kaffien på ein rasteplass på Maurstadeidet.

Då er vi komne til Sunnmøre og Åheim - på vegen mot Fiskå ser vi nordsida av Stadt og havet utanfor. Så er det Syvden og Rovde - då ser vi over til Gurskøya, men vi køyrer langs Rovdefjorden og inn i Voldsfjorden til ferjeplassen på Lauvstad. Ferje til Volda går 12.20 og tek ca 20 min.

Middagen ventar på Rekkedal gjestehus og vi køyrer via Ørsta og mot Sæbø.

Lunsj/middag kl. 13.30 og omvisning på den spesielle gamle garden.

Vi skal tilbake til Volda, og då køyrer vi over Krøvelseidet. Der møter vi Sverre Bjørdal (tidligare skogmeistar i Bremanger kommune) - han vil vere med oss på bussen og fortelje om Volda - kanskje det blir litt omvisning også.

Etter det er det på vegen igjen mot Austefjorden og gjennom den nye flotte Kvivstunellen som er i overkant av 6 km lang. Plutselig så er vi Hornindal!

Vi stopper enten på Grodås eller køyrer vidare til Nordfjordeid og tek ein god stopp der - slik at vi kan kjøpe oss is, kaffi eller det vi har lyst på.

Ferja frå Stårheim - i sju/åtte-tida  ! 


MAI-MØTE! 14.05.2013 / ALG

Svelgen pensjonistlag held medlemsmøte onsdag 29.mai på Keipenstova.

Vi startar kl.1700.

Dette er siste møte før vi tek sommerferie og vi har som vanleg rømmegraut på menyen.

Opning v /leiar

Allsang "La oss leve for hverandre"

Ord for dagen v/ Magni Nesbø

Referat v/ Margareth Hjalte

Allsang

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Orientering om det nye Svelgen omsorgssenter. Dei som møter er leiar for kommunen si plan - og byggenemnd Per Helge Eikeland, avdelingingeniør Frank Husevåg og kommunalsjef Randi Ytrehus.

Grauten vert spela inn!

Matpause

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Orientering om Møreturen/ Sommertreffet og haustturen.

Andre lagssaker

Åresalg

Allsang og avslutning.

Velkomen til gamle og nye medlemmer!

 


VERDENS AKTIVITETSDAG 10.MAI 01.05.2013 / ALG

Verdens aktivitetsdag , 10.mai, eller "Move for Health Day" rettar merksemda mot helsegevinstane ved fysisk aktivitet - og aktivitetar som forebygging av livsstilsjukdomar.

 

Svelgen Pensjonistlag arrangerer tur til Risevann (via gravplassen) denne dagen. Mat og kaffi tek vi med - eller serverar  på Keipenstova i tilfelle ruskever.

 For å få ei oversikt over kor mange som vil vere med, har vi lagt ut ei liste på Keipenstova.

Spørsmål kan rettast til arrangementsansvarleg -  Margareth Hjalte - telefon  98898631


DAGSTUR GJENNOM NYE TUNELLER! 30.04.2013 / ALG

PENSJONISTTUR 5.JUNI!

På siste medlemsmøte vart det lagt ut påmeldingsliste for dagsturen -. Det var mange som hadde lyst å vere med - håper vi får ein 50-seters buss. , vi tek i mot fleire påmeldingar på reserveplass.

Turen skal gå gjennom nye Bortnetunellen til  Oldeide og ferje til Måløy. Vidare innover til Bryggja og over til Vannylven vi køyrer på sørsida av Rovdefjorden og til Lauvstad. Ferje til Volda      - så skal vi ha god lunsj/middag i Bondalen på den gamle garden Rekkedal. Kanskje køyrer vi Vatnesvingane tilbake til Austefjorden - eller via Volda.

Vi skal gjenneom den nye flotte Kvivstunellen og så er vi på kjende vegar langs Hornindalsvatnet.

Dette er programmet i store trekk - men det blir også litt pauser og orienteringar underveis.

Samla pris er 750 kroner.


Vårreingjering. 28.04.2013 / ALG

Keipenstova har fått sin årlige vårreingjering. Så no er det klart til å ta i mot kafegjester 17.mai. I år var det berre nokre få driftige damer som stilte opp. Tusen takk for jobben!

Det nye styret 19.04.2013 / IEH


PENSJONISTMØTE. 17.04.2013 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova onsdag 24.april.

Vi starter som vanleg kl.1700.

Program:

Opning

Allsang: La oss leve for hverandre

Ord for dagen

Referat frå årsmøtet

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Dagens gjester får ordet

Mat og kaffi

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Diverse lagssaker

Åresalg og trekning

Allsang og avslutning.



STYREMØTE. 10.04.2013 / ALG

STYREMØTE - SVELGEN PENSJONISTLAG.

Torsdag 18. april vert det halde styremøte på Keipenstova kl.1300.

Saker:

1.Skriv og meldingar

2. Medlemsmøte 24.april

3. Sommertreffet 2013

4. Dagstur 2013

5. Datamaskin

6. Fellesmøte med Bremanger og Kalvåg

7. Verdens Aktivitetsdag

8. Momskompensasjon 2012

9. Saker som kan komme til

Anne Lise Gilleshammer


SANGTIME! 04.04.2013 / ALG

Minner om at det er sangtime måndag 8.april!

Ny starttid er 11.30 - halv tolv.

Det blir påmelding til sommertreffet 2013 - som skal vere i Førde dette året.

 

Alle er velkomne til å synge i lag!


MØTER og TURER. 07.03.2013 / ALG

Som det vart opplyst på årsmøtet vert det ikkje medlemsmøte i mars!

 

Sangtimen som skulle vore 11.mars fell også bort, men måndag 8.april vert det sangtime og eit lite føremiddagsmøte. Denne dagen vert det lagt ut påmeldingsliste for SOMMERTREFF 2013 i Førde - dato for sommeretreffet er 25.juni

 

 Det blir også orientert om dagsturen til Bulandet som skal vere 5.juni.

 

Første ordinære medlemsmøte skal vere 24.april  -  maimøtet blir 29.mai.

 

Leiar er bortreist fram til påske. Spørsmål om Keipenstova og anna kan rettast til Per Ytrehus eller Gunvor Hansen,

 

 

 


NYE STYREMEDLEMMER! 27.02.2013 / ALG

Onsdag 20.februar var det årsmøte i Svelgen Pensjonistlag.

 

Årsmeldinga vart vedteken slik den låg føre frå styret - den ligg no på denne sida - etter bildet av styret.

 

Den mangeårige sekretæren vår - Kirsten Frøyen  - hadde sagt frå seg attval. Ny i hennar stad vart Margareth Hjalte.

Styremedlem (og påliteleg vaktmeister på Keipenstova) Oddvar Førde stilte heller ikkje på, og nytt styremedlem vart Aage Ole Tansøy - han har vore 1.varamedlem til styret og vore innkalt til alle møter.

Bjørg Damstuen rykka opp til 1.vararepresentant og i hennar stad vart Elsa Johanne S. Hauge valgd

Nestleiar Per Ytrehus vart gjenvald. Dei andre i styret stod ikkje på val dette året.

 

Styret i 2013:

Anne Lise Gilleshammer - leiar

Per Ytrehus - nestleiar

Margareth Hjalte - sekretær

Gunvor Hansen - kasserer

Lillian Myren - styremedlem

Arne Loth - styremedlem

Aage Ole Tansøy - styremedlem

Vara:

Bjørg Damstuen

Elsa Johanne S. Hauge

Anfinn Førde


Styret i arbeid før årsmøtet i 2013 01.02.2013 / IEH


ÅRSMELDING 2012 02.03.2013 / ALG

 

Svelgen Pensjonistlag

ÅRSMELDING 2012.

Styret:

Styret vore samansett slik i meldingsåret:

Leiar: Anne Lise Gilleshammer

Nestleiar: Per Ytrehus

Kasserar: Gunvor Hansen

Sekretær: Kirsten Frøyen

Styremedlemmer: Oddvar Førde, Lillian Myren og Arne Lothe

Vararepresentanter til styret: Aage Tansøy, Bjørg Damstuen og Anfinn Førde

1.vararepresentant har vore kalla inn til alle møter.

Andre tillitsvalde:

Revisorar: Åse Eikeseth og Liv Ytrehus.

Representant til Eldrerådet: Medlem Aage Tansøy og varamedlem Gunvor Hansen.

Representantar til Svelgen Samfunnhus: Anne Lise Gilleshammer og Kirsten Frøyen.

Representant til SKAF: Dagfinn Ask

Valnemnd: Marta Navekvien, Lillian Nilsen og Magni Lothe

Turansvarleg: Bjørg Damstuen og Anne Lise Gilleshammer

Pr. 31.12.2012 er det 154 medlemmer i laget vår. Gjennom året 2012 har det vore 5 styremøter og 9 medlemsmøter (årsmøtet irekna).

Møter og aktivitetar i meldingsåret:

Medlemsmøte 25.januar 2012 på Keipenstova.

Referatet fortel at det var eit utriveleg ver denne onsdagen i januar, men det hindra ikkje medlemmane. Det var fullt hus. Det var Magni Lothe som hadde ord for dagen – ho las først nokre humoristiske dikt av Inger Hagerup og avslutta med meir alvorlege ord : «Vær utålmodig menneske – Sett dine egne spor! Det gjelder vårt eget korte liv! Det gjelder vår jord!»

Kåre Myklebust fortalde om tiltaket «Svelgen opp og fram» - og inviterte til dugnad. Det var som vanleg god stemning med sang og musikk. På dette møtet vart det bestemt at vi skulle prøve med ei turgruppe.

Årsmøte 29.februar 2012 i Storsalen, Svelgen Samfunnshus.

Det var 62 medlemmer som deltok på årsmøtet, men langt fleire var med på den påfølgande årsmøtefesten. Lagleiar ønskte velkommen og det vart ei kort minnestund over dei som hadde gått bort sidan sist vi hadde årsmøte. Årsmelding, rekneskap og budsjett/arbeidsplan vart vedteke samrøystes. Valnemnda hadde gjort ein god jobb – alle som stod på val tok gjenval. Fylkesleiar Jostein Midtbø var tilstades på møtet – han helsa frå fylkeslaget og gav gode ord til Svelgen Pensjonistlag. På årsmøtefesten var det ialt 90 personar, god mat og trivelege 10.klassingar serverte.Underhaldningsgruppa stilte som vanleg opp og spreidde godt hmør. Det var kaffi og stort kakebord – og som vanleg var det eit lynlotteri for å spe på¨økonomien.Trekkspelklubben spelte både lyarlåtar og flott dansemusikk.

Medlemsmøte 28.mars 2012 på Keipenstova:

Nestleiar Per Ytrehus leia møtet. Jim Grinde stilte opp med trekkspelet og gav møtelyden tonefølgje til allsangen og spela også til underhaldning. Aage Tansøy hadde ord for dagen – og las frå diktsamlinga til Jakob Sande. Gjest på dette møtet var direktør på Verket - Gabriel Ossenkamp.

Han fortalde pensjonistane om drifta ved Verket og om planene framover. Han lova å kome attende for å orientere pensjonistane dersom det skjer noko nytt. Som vanleg var det kaffi og god mat.

Medlemsmøte 25. april på Keipenstova.

Aprilmøtet er vårmøte. Mange hadde møtt fram og Keipenstova var mest full. Denne gongen var det Harald Førde som hadde ord for dagen – og han tok føre seg Jimmy Øverdal si morosame forteljing om ei målerutstilling. Gjest på dette møtet var kultursjef Espen Frøysland – og tema var: Bergen – kunst/kultur og arkitektur. Det var synleggjort med bilder frå ymse tidsbolkar. Underhaldningsgruppa deltok som vanleg og det var kaffi, mat og sosialt samvær.

. Tur til Indre Nordfjord 23.mai 2012.

I alt var det 30 pensjonistar som som var med på turen. Det var ein nydelig forsommardag med 23 varmegrader i Stryn. Første stopp på turen var ved Hornindalsvatnet – der hadde vi kaffi/te og ferske wienerbrød. Det var stopp på Skogstad for dei som ville handle – eller berre sjå. Deretter gjekk turen til Briksdalen. Nydeleg lunsj/middag. Neste stopp var Grodås – der fekk vi omvisning på Svor museet av sjølvaste musemsdirektøren. Så var det kaffi og eplekake og vafler på Raftevold Hotell. Ein liten svipp for å sjå på den nye Kvivsvegen fekk vi også tid til.

Medlemsmøte 30.mai 2012

Maimøtet – er blitt rømmegrautmøtet. Dette var 4. gang det vart kokt «Keipenstove-graut» og den var av ypperleg kvalitet. Den blir betre og betre for kvart år. Ord for dagen var ved lagleiar – som las ei vårhelsing av Tor Jonson og eit utdrag av Johs. B. Thue si bok om Ingebjørg den fagre frå Balestrand.. Sidan sist hadde vi kjøpt inn nye sangbøker – og dei blei brukte for første gang på dette møtet Harald, Alf, Margareth og Ester underheldt, og dei hadde også musikk og forsang til allsangen. Dagens gjestar var rådmann Tom Joensen og kommunalsje Randi Ytrehus som orienterte om aktuelle kommunale saker. Harald og Alf Førde spela inn grauten som smakte godt.

Sommertur til Balestrand – 19.juni

Sommermøtet i 2012 var lagt til Sogn – Kviknes Hotell i Balestrand. Det var i alt 41 pensjonister som hadde meldt seg på til turen. Det vart ein liten kaffestopp før vi kom til Sogn og trefte fineveret. På Hotellet fekk vi god middag – kjøtkaker m/tilbehør. Kviknesalen som tek 450 personar var heilt full. God underhaldning og ein triveleg møteplass.

Medlemsmøte 29.august 2012

Første møtet etter sommerpausen var på Trudvang, det var pensjonistar frå Midtgulen og utover som var matnemnd. Ca 60 pensjonistar var samla i den fint pynta salen. Magne Langeland var «Dagens gjest» - han fortalde levande om den tida han segla med handelsflåten under krigen. Skipa han var med, gjekk i konvoi og frakta livsviktige varer til dei allierte landa. Etter at vi hadde fått kaffi og god mat, vart det synt film som synte tydelig kva for farefulle ferder over havet som Magne og andre var med på.

Keipenstova- basaren 17.september 2012

Mange fine gevinstar - 44 på boka og mange åregevinstar.

Pengane vart brukte til å kjøpe massasjestol og til å oppgradere lydanlegget på Keipenstova.

Litt utstyr til kjøkkenet vart også innkjøpt.

Samling på Knutholmen 26.september 2012.

Dette året vart det ikkje fellesmøte, men vi reiste til Kalvåg og hadde ei triveleg samling på Knutholmen. Vi inviterte Kalvåg-pensjonistane til å vere i lag med oss.

På Knutholmen vart vi godt i mottekne av Svein Inge Fosse. Dagens meny var «Skinnsteikt torsk m/tilbehør» og heimelaga karamellpudding. Fantastisk god mat! Det var sang og musikk – leia av vår fantastiske underhaldnigsgruppe. Fosse fortale om utviklinga i Kalvåg med spesiell vekt på bedrifta. Ei velluka samling og det var ein nydeleg hausthimmel – som vart filma av fleire.

Kulturkveld på Keipenstova – 1.oktober 2012.

Forfatter Arnhild Skre har skreve ein biografi om Hulda Garborg. Ho las frå boka og fortalde om arbeidet med å skrive den. Felespelaren Gro Marie Svidal spelte vakker musikk.

Kulturinnslag på måndagssamlinga 8.oktober 2012.

Duoen «Kringslått» med Helene Myklemyr Bolstad og Jon O. Kandal med trekkspel og fele underheldt oss på føremiddagen. Nydeleg! Kjempebra! Fantastisk! Det var tilbakemeldingane etter konserten.

Medlemsmøte 31.oktober 2012 på Keipenstova.

Som vanleg var det fullt hus – matnemnda hadde dekka med fine dukar og blomar. Margareth Hjalte hadde ord for dagen. Den faste underhaldningsgruppa stilte opp også denne gangen og dei hadde Vamp sin nydelige sang «Ein liten fuggel» på plakaten. Gjest var ordførar Karl Vidar Førde. Han hedra oss med å stille opp med ordførarkjedet – og fortalde om saker som det er arbeidd med i kommunen. Han fortalde også litt om barndomen sin i Førde i Ålfoten – der dei budde tre generasjonar i same huset. På dette møtet hadde vi god gammaldags nonsmat der alle smurde på maten sjølv. Mange godord om den vrien!

Førjulstreff/julebord på Svelgen Hotell 28.november 2012.

Som vanleg var det mange på julebordet vårt – 92 personar! Leiaren ønskte velkommen og Lillian Myren hadde ord for dagen. Ho las frå Arnfinn Berstad si diktsamling «Under stjernerapet» - diktet heiter «Julestria» og mange kjende seg nok igjen der. Vi fekk god juletallerken med tradisjonell julemat servert av kjekke Svelgen-ungdommer. Harald Førde las ei morosam historie om «Vi over seksti» - vi kjende oss vel litt igjen der også. Trekkspillklubben kom på scena og det var musikk både til å høyre på og til å danse etter.

Gløgg og peparkaker på Keipenstova i desember

Sanglaget arrangerte «Sang på gaten» og etterpå serverte vi Gløgg og peparkaker til alle som stakk innom. Det var også trekking av sanglaget sitt julelotteri og Sanglaget underheldt med julesangar.

Faste aktiviter gjennom året:

Keipenstova open alle måndagar og torsdager.

Ved utgangen av året var det grupper med på styrketreninga hjå fysioterapeuten.

Sangtimen 2.måndag i månaden med tonefølge og forsangarar,

Bokutlån av brukte bøker.

«Underhaldningsgruppa» Harald Førde, Alf Førde Ester Ryland og Margareth Hjalte har gjennom heile meldingsåret vore med oss på møter, festar og «Syng med oss» med underhaldning og som tonefølgje/ forsangarar. Desse fire er etterkvart blitt heilt uunnværlige for oss – dei er med å løfte tilstelningane våre, og det er vanskelig å tenke seg korleis det skulle vore uten dei. Stor takk!

DRIFT AV KEIPENSTOVA.

Keipenstova er open alle måndager og torsdagar.

Det har vore godt frammøte og vertskapsordninga fungerer godt.

20 kroner for kaffi og vaffelkake/svele dekker godt inn det som vert handla inn til føremålet.

Nytt i året er heilt nytt golv som har gjort stova lysare og triveligare, og lettare å halde rein. Oddvar Førde, Kjærulv Ryland og Alf Førde gjorde mykje av jobben. Karstein Leirvik var innleigd i tillegg.

Det vart innkjøpt ny god støvsuger.

I meldingsåret vart det og så kjøpt nytt lydanlagg som vart tilpassa teleslynga.

Massasjestolen er også komen på plass.

Trekkspillklubben (der dei fleste er medlem i Pensjonistlaget) bruker lokalet til øving kvar onsdag.

Seniordansarane som også er medlemmer i Pensjonistlaget brukar Keipenstova som samlingstad og pauserom kvar tirsdag.

17.mai er det Skulemusikkafe på Keipenstova.

I året har det også vore kulturarrangement

Keipenstova har også vore utleigd til medlemmane i samband med bursdagsfeiring og familiefestar.

Husleigestøtta frå kommunen er det same som ved oppstart 50.000 kroner i året.

Svelgen Pensjonistlag er stolte av Keipenstova, tiltaket er godt likt av pensjonistane og har eit godt omdømme. Vi vil halde fram som før til glede og nytte for oss alle.

Svelgen, 14.februar 2012.

Anne Lise Gilleshammer Per Ytrehus Kirsten Frøyen Gunvor Hansen

Lillian Myren Oddvar Førde Arne Lothe


Årsmøtefesten! 15.02.2013 / ALG

Underhaldning - God mat - Fin musikk - alt dette for 250 kroner og  sjølvvalgt gratis drikke til maten.

Det er enno tid å melde seg på  tlf. 41418231.


STYREMØTE. 11.02.2013 / ALG

Styret er kalla inn til styremøte på Keipenstova torsdag 14.februar kl. 1300.

for å handsame saker til årsmøtet.


ÅRSMØTE! 06.02.2013 / ALG

Svelgen Pensjonistlag sitt årsmøte blir 20.februar kl.1700 - nest siste onsdag i månaden.

Styret har bestemt at årsmøte skal haldast på Keipenstova.

Sakliste:

Opning

1. Godkjenning av innkalling

2. Godkjenning av sakliste

3. Val av møteleiar og skrivar

4. Val av 2 til å skrive under protokollen

5. Årsmelding 2012

6. Rekneskap 2012

7. Budsjett og arbeidsplan for 2013

8. Kontigent 2014

9. Valg

10. Avslutning

 

Årsmøtefesten skal vere på Svelgen Hotell.

Det er lagt ut liste på Keipenstova for å teikne seg på til årsmøtefesten!


MEDLEMSMØTE. 28.01.2013 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova onsdag den 30.januar. Møtet starter kl. 1700.

Program:

Opning v/leiar

Allsang: La oss leve for hverandre

Ord for dagen v/Magni Lothe

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Redaktør i  Firdaposten Svend Arne Vee orienterer om avisa i dag og planer.

Allsang

Kaffi og mat

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Allsang

Lagssaker

Påmelding til årsmøtefesten 20.februar

Åresalg

Allsang og avslutning.

Velkommen til nye og gamle medlemmer!


Kaldt på Keipenstova! 17.01.2013 / ALG

I dag var det kaldt på stova vår. Grunnen var at det ikkje vart levert varmtvatn frå Miljøvarme as. Huseigar Allan DYrstad beklager at han ikkje fekk varsel med ein gong, slik at han kunne koble over til elektrisk. Måndag blir det igjen godt og varmt på Keipenstova.

Bortnetunellen 11.01.2013 / ALG

Bremanger kommune opplyser at Bortne-tunellen opnar 16.mai!

Seniordansen - styremøte. 10.01.2013 / ALG

Det vert halde styremøte på Keipenstova måndag 14.januar etter sangtimen - Ca 13.30.

Saker:

Skriv og meldingar

Danseleiarliste for 1.halvår

Kaffikokar-liste

Vaskeliste.

Planlegging av årsmøte (som skal vere 22.januar) forslag til arbeidsplan 2013

Markering av 10 årsjubileum

Kurs

Verving

Saker som kan kome til.

 

Lillian Myren - leiar

 

 

 


SYNG MED OSS. 10.01.2013 / ALG

Måndag 14.januar er det sangtime på Keipenstova.  Vi startar som vanleg kl. 1200.

Alle er velkomne!


Seniordansen. 07.01.2013 / ALG

Tirsdag 8.januar startar seniordansen i 2013.

Same tid og same stad som før!

Vel møtt til nye og gamle dansarar.


SVELGEN PENSJONISTLAG. 04.01.2013 / ALG

Det vert halde styremøte på Keipenstova  10.januar kl.1300.

Sakliste.

Skriv og meldingar

Medlemsmøte i januar.

Årsmøte 2013.

Saker som kan komme til.


TAKK FOR KAFFISERVISE! 04.01.2013 / ALG

Takk til Synøve og Asbjørn Sande for blå/kvite stråmønstra koppesett!

 

Vi har prøvd lenge å supplere kaffisettet vårt, utan å lukkast - så dette var ei kjærkommen gåve. Dersom det er andre som har slike kopper som dei kan tenke seg å gje bort eller selge, vil vi gjerne ha fleire.

 


2013. 01.01.2013 / ALG

GODT NYTTÅR!

Arkivoversikt
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 ]